onsdag 28. november 2018

Opp og fram på Kvamskogen

Det er fint med litt ferie på hausten, og i mangel på det tok vi oss i langhelg i forbindelse med planleggingsdag og lånte oss ei hytte på Kvamskogen.
På fredagen gjekk vi rett opp bak hytta for å komme oss heile vegen opp på Solhellanuten. Vi hadde eit litt dårlig kart, så vi gjekk litt feil før vi møtte på erfarne vandrarar med kart, kompass og ein imponerande kunnskap om alle fjella rundt oss.

På toppen, 907 moh var det nesten vindstille og fantastisk utsikt i finværet! Med litt ekstra omveg i beina var det godt å spise lunch der oppe!
På veg ned måtte varme jakker hivast i sekken - for ein flott haustdag!
Dagen etter var det litt mindre sol, og litt meir vind - så vi tok ein flatare tur innover langs Kvennelvi og inn til Steinskvanndalsvatnet. Stien var variert, opp og ned, over ras, småelver og bratte fjellsider. Innerst ved vatnet var det fleire små løer og hytter - og ein fin rasteplass der vi åt lunchen vår i li frå vinden. Vi gjekk tilbake langs den andre sida av elva. Der var det stor grusveg og mange fleire turgåarar!
Haustturar i Kvamskogen gav absolutt meirsmak! For ein flott natur! Det er også gøy å komme seg opp på skikkelig høge fjell med utsikt mot enda høgare fjell!

tirsdag 20. november 2018

Oslo

I dag skulle eg eigentlig vore i Oslo, men forandring i planane gjør til at eg likevel er heime i Berge, Det er eigentlig heilt ok - det har vore nok reising i haust.
Favorittaugeblikk på veg til Oslo ein morgonkvist er når vi kjem over skylaget som innimellom ligger over vestlandet og opp til sola. Nokon gongar er dette det einaste eg ser av sola på nokon veker. Deilig! Morgonkaffe i sola, langt over Noregs land - det er fantastisk!
Bileta er frå tur tidlegare i haust der eg hadde lagt inn tid til å gjøre noko meir enn å berre jobbe. Eg spaserte langs strandpromenaden med fin utsikt mot Operaen. Enda har eg ikkje sett noko der - det vil eg gjøre noko med!
Nokon månader før Nasjonalmuseet stenger i de gamle lokalene sine rakk eg å oppleve utstillingane de har der. Det var heilt fullt av folk og masse flott å sjå på! Harald Sohlberg sin kunst i første etasje var absolutt verdt å sjå!


Ein liten kopp kaffe i svinnande haustlys like ved slottet. Litt lunk i lufta og lave søndagsskuldre.
På plakaten i Bergen denne veka er det business som vanleg og ein tur på DNS for å sjå "Arv og miljø". Den er eg spent på! Og på laurdag er det berre ein månad til julafta!! Det gledes!

onsdag 7. november 2018

November

No er det berre november igjen før jul! For meg er jula meir eller mindre i heile desember - og til og med litt inn i november. Enda har vi ikkje funnet fram julemusikk, men vi har kalendere klare, fleire juleplaner er i boks og litt julekribling! November er månaden mellom den hektiske oktober og julemånaden. Oktober var virkelig eit maraton i år, så no kjenner eg at lufta er litt ut av ballongen og eg er klar for ferie! Heldigvis er det planleggingsdag på fredag, og vi har ein aldri så liten ferietur på agendaen i helga. Ellers er det berre å hive seg rund. Sjølv om det er mindre hektisk er det framleis ting som må blir gjort.
I dag er det varmt og deilig ute. Dagen skal nytast med utetrening. Vi har kun ein liten time igjen med dagslys etter middag - den må vi utnytte.

fredag 2. november 2018

Helgeplaner

To av fire skal på bursdagfest i ettermiddag. Ein var på haustfest med jobben i går og trenger litt sofatid etter arbeidsdagen og ein skal være sjåfør.

På laurdag skal alle på kino. Også skal alle på ein eller anna måte vere deltakarar når årets Pepperkakebybyggverk blir ferdigstilt.

På søndag håper eg at vi skal beskjære nokon trær som tar sola frå oss litt tidlegare enn vi har lyst til. Akkurat no virker det som eit teoretisk problem, men når det blir varmt igjen veit eg at vi irriterar oss. Og da må jobben bli gjort.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...