Siste dag i huset "vårt" i Frankrike, og eg sitter på kjøkkenet og skriver takkebrev til husbyttarane våre. Vi er klare for temperaturar under 30 grader -
- noko vi får i det samme vi kjem heim! Vi er heldige og får ein dag med sol, slik at vi kunne stikke til nærmaste bergenske slott for å lese og bade. Det er fint å klare å vere litt i sola, og det var fint å kunne bade!Litt sol får vi også i Bremanger, saman med masse vind. Men framleis å å foretrekke framfor hetebølge. Alt er betre enn det.
Husbyttarane hadde lagt igjen fleire fine gåver til oss, og vi kombinerar dårleg samvit (for vi kjøpte ikkje velkommen-heim-gåver til de) med eit løfte om å gjøre det same neste gong vi bytter - for dette var veldig koselig!
Favorittdatteren er på veg heim, og eg følgjer ho tett på den laaaaange flyreisa til Europa.
Og eg står på Gardermoen og ventar idet ho landa, henta bagasjen sin; og omsider kjem ut gjennom dørene så eg endelig får sett ho, etter 4 veker vekke.
Siste hotellnatt i ferien, og siste natt i ferien - og kaffekopp i hotellsenga.
Smitta med noko fransk, vart den første arbeidsveka - og siste veka i juli - laber på energi, søvn og livsglede. Det kan ein jo oppnå ved å vere frisk også, men det blir ikkje betre av å vere sjuk. Men det var rolege dagar, og eg fikk tatt eit kunstterapikurs og eg drakk mengder med te og matcha. Ute var det 11 grader og regn heile veka, så det var som ei roleg oktoberveke - akkurat det eg drøymde om i 42 gradersvær i Frankrike. Så alt i alt - kunne ha vore langt verre!
Også er huset fullt av små sommerferieminner, slik som denne deilige lavendelsåpa eg kjøpte frå ein liten blomsterhandler i ein av de små byane vi besøkte.









Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!