mandag 1. juli 2019

Juni i all slags vær

Juni starta med stor feiring av lillesøster som fyller 9 år i juli! Vi inviterte til prinsessebursdag og aldri har vi vel hatt så mange vakre prinsesser i huser vårt på ein gong! Prinsessekake er sjølvsagt eit must! Ein kjempefin formiddag som gjekk veldig fort!
 Festspillene gjorde byen spanande - men alt eg fikk med meg var "The Sandman" som vart vist i Grieghallen. Flaks for meg at det var ei fantastisk forestilling!
 Etter veker med sol var det godt med nokre dagar med regn! Det satte mange pris på - også naturen!
 Knallvarmen har komt og gått heile månaden. Her heiv vi oss rundt etter jobb og skule for å sikre oss bading og grillmat på stranda. Sommarluksus!
I midten av månaden reiste eg til Bodø på jobbtur. Eg har aldri vore så langt nord - eller nord i det heile tatt - så eg hadde det som plommen i egget og kjente på feriefølelse! Nytt å sjå over alt! Her er vi på veg ut på Kjerringøy.
På Kjerringøy besøkte vi handelsstedet som er der og fikk ei spanande omvisning inni hovedhuset. Det var knallsol og nesten vindstille de dagane eg var i Bodø - slik er det sikkert alltid vel eg å tru.
Utsikt mot hovedhuset frå butikken. Stranda ligger rett til høgre - og der prioriterte eg litt tid til å vasse i det krystallklare havet.

Midnattsoltur til Keiservarden. Her er klokka 01:00. Sola ligger over Lofoten i nord.
Med vindusplass på flyet er det mykje å gosje seg over på flyturen nordover! Men det var ganske vakkert å komme heim til Bergen og få dette synet innover byen og fjellene! For ein dal!
Vi flaug også inn over Storavatnet med Lyderhorn som bakvegg. Heilt vindstille og klar sikt - vakkert!
Eg fikk prøve glasskunst i eit kunstnerkollektiv! Så mange fargar og fasonger! Utruleg gøy! Timane flaug!

Ein finværssøndag på Aboretet. Det var Japandag, så vi fikk sjå og høyre masse - nesten som om vi var i Japan - berre litt! Lillesøster hadde i alle fall fortalt på skulen dagen etterpå at vi hadde vært i Japan i helga! Etter Japanturen spaserte vi rundt og gjekk innom Blondehuset for å kjøpe is.
Fleire avslutninger på rad høyrer juni til. Her har eg baka browniesmuffins med kaffekrem til avslutning på koret. Med biestrøssel på toppen, sjølvsagt!
Andre avslutningar blir også gjerne samla opp i juni - to pensjonistavslutninger og ein anna avslutning. Her på Elvis Presley-fest, med full Elvis-meny og kostymer! Her var forretten: Elvis sin favorittmat: sandwich med banan, peanøttsmør og bacon, steikt i smør! Det var godt altså! Veldig godt!
Været har vore skiftande, is og varmande te om kvarandre. Vi sover med åpent vindauge og nyter uansett den friske norske sommaren - medan vi enda kan. :)
Ein overskya søndag køyrte vi til Høyt og Lavt for å henge i trærne. Det var supergøy, vanvittig tungt (i alle fall når eg heilt missforstår kva eg skal gjøre) og frister til gjentagelse! I alle fall når musklane hadde kvilt seg litt!
Midtsommer vart feira i kveldssola den delen av hagen som vi kalla "Oslo" med øl og "bål". Dagen etter var det arbeidsdag, så denne feiringa var heilt perfekt! Vi henger sjeldan i Oslo, men det gjekk jo så fint! Kort veg heim etterpå også! ;)
Sommarferieplanane har vi tygd på i over eitt år. Vi byttar hus også i år, og har brukt tid på å rydde og vaske slik at alt er klart til ein ny familie. Vi utnytter presset til å rydde litt skikkelig, så da tar alt litt meir tid, men det er fint å få ut ting frå huset. Innimellom har eg fått lest denne boka etter anbefaling frå de vi byttar hus med - for å sette meg inn i den rette atmosfæren.
Juli begynner med arbeidsdager, men avslutter i USA. Snart reiser vi!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...