tirsdag 21. juni 2022

Første del av juni


Juni begynner der mai slutta - i suiten på Vestlia.
Geilokontor 2 av 4 var i fellesarealene på Vestlia. Geilokontor 1 av 4 var jo i suiten.
Skigardutsikt mot Ustedalsfjorden på vandring mellom hotell.
Geilokontor 3 av 4. Eg vart ikke oppgradert på Dr.Holms, meeeen...
....eg hadde heile bassenget for meg sjølv da eg tok badepause frå jobb!
 Geilokontor 4 av 4. Kanskje favoritten! Her passa eg på å ha teamsmøte slik at eg kunne dele herligheten!
Ein heil ettermiddag satt eg her og las. Det er ferie altså, sjølv om det berre var ein skarve fredag. 
Mann og barn kom til fjells for å henge. Vi sjekka inn på Vestlia igjen og hadde deilige pinsedager der!
Stopp på Vøringsfossen er blitt ein tradisjon på veg vestover.
Og Hardangerbrua. Alltid majestetisk!
The one and only prøvepublikum for ei scenegruppe eg kjenner godt. Eg betalte for plassen min med vafler til alle :) 
Nydelige blomster frå sjefen!
Bjørn Eidsvåg- konsert i regn! Men det gjorde ingenting med dobbeltregntøy.
Ein søndag i Musehagen på Høyden.
Og ein av månadens mange avslutninger. Ein er sjølvsagt foreldrekontakt og arrangerer - resultatet var betre enn utgangspunktet (om eg får seie det sjølv) :D
Dette er halve juni, og med så mange gode minner å minnast, deler eg månaden i to.

torsdag 16. juni 2022

It's gonna be May

Nok ein gong bestemmer eg meg for å ikkje legge ut fleire bileter og nok ein gong gjør eg det fordi eg synas det er så fint med bildedagbok. De aller fleste bileta som ligger her blir sletta frå mobilen, og da er forsåvidt dette som ei gratis lagringsteneste å rekne.

Middagsbesøk tidleg i mai med Eaton Mess i sola til dessert.
Utstillingsåpning på KODE, blomster i byn, kveldsmat på ny meksikansk favorittbule og kun ein unge - finfin fredag.
Hurra for 17.mai og fint vær! Og hurra for at det skya til når vi hadde kledd på oss og gått til toget!

Festspillene er alltid ei hektisk tid. Eg rakk å få med meg ein konsert i år. Det er vel også snittet de siste åra, med unntak av pandemien sjølvsagt. 

Publikumsprøve på DNS, med nydelig kveldssol gjennom treverket i parken på veg ned til bilen. 
Epletreet! Fullt av blomster!
Bursdagsfest med film og snop! Vi gjorde stua om til ein komfortsal for 10 eksklusive gjestar!
Det er langt mellom kvar jobbreise, så det er ekstra stas når det skjer! Geilo - here I Come!
Fabelaktig utsikt frå togvinduet! 
Vel framme på Geilo vart eg oppgradert til suite! Det var luksus! Her hadde eg suitekontor før og innimellom konferanse. Siste dagen av mai var langt over snittet god!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...