torsdag 16. juni 2022

It's gonna be May

Nok ein gong bestemmer eg meg for å ikkje legge ut fleire bileter og nok ein gong gjør eg det fordi eg synas det er så fint med bildedagbok. De aller fleste bileta som ligger her blir sletta frå mobilen, og da er forsåvidt dette som ei gratis lagringsteneste å rekne.

Middagsbesøk tidleg i mai med Eaton Mess i sola til dessert.
Utstillingsåpning på KODE, blomster i byn, kveldsmat på ny meksikansk favorittbule og kun ein unge - finfin fredag.
Hurra for 17.mai og fint vær! Og hurra for at det skya til når vi hadde kledd på oss og gått til toget!

Festspillene er alltid ei hektisk tid. Eg rakk å få med meg ein konsert i år. Det er vel også snittet de siste åra, med unntak av pandemien sjølvsagt. 

Publikumsprøve på DNS, med nydelig kveldssol gjennom treverket i parken på veg ned til bilen. 
Epletreet! Fullt av blomster!
Bursdagsfest med film og snop! Vi gjorde stua om til ein komfortsal for 10 eksklusive gjestar!
Det er langt mellom kvar jobbreise, så det er ekstra stas når det skjer! Geilo - here I Come!
Fabelaktig utsikt frå togvinduet! 
Vel framme på Geilo vart eg oppgradert til suite! Det var luksus! Her hadde eg suitekontor før og innimellom konferanse. Siste dagen av mai var langt over snittet god!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...