søndag 31. januar 2016

Roleg søndag

Etter ein overhektisk laurdag med jobb og andre gøye ting er det endeleg søndag og vi har få planer. Storebror skal i bursdag, ellers står det berre brødbaking på agendaen.
Hjaremuffins bakte storebror sist helg for å ha de med på ein arrangement han var med på. Mmm - de var gode! Flink fyr!

lørdag 30. januar 2016

Godt levert

I haust var mannen oppringt av Godt levert og han bestilte matkasse "Ekspressmeny duo" som skulle passe fint for ein familie på to voksne og to barn.
Vi hadde frå før prøvd Adams matkasse, som vi var veldig imponert over. Med denne kassa vart vi ikkje like positivt overraska.
Det hadde nok sikkert noko med at dette var ei ekspresskasse, medan den vi hadde frå Adam var familiekasse. I Godt levert fikk vi ferigkokte poteter og ferdiglagde sausar. Det er sikkert fordi det skal gå fortare, men det gjør jo ikkje det når måltidet likevel tar 30 minutter å lage. Da rekker ein å koke skikkelige poteter. Lage ein god saus.
Ein anna ting eg ikkje likte med denne kassa var at de hadde pakka grønsakene inn i eigne posar. Det er heilt unødvendig plastforbruk. I Adam sin kasse låg dette laust oppi - det fungerer heilt fint. Likevel veit eg å sette pris på verdens søtaste chilli da!
Det er kjekt å prøve ny mat - nye oppskrifter! Her har storebror gått og henta brus og isbitar som vi serverte saman med nachosmiddag - nam! Den er faktisk den einaste oppskrifta vi har brukt igjen.
Mannen gløymte å avbestille, så etter nokre veker dukka det opp nok ei kasse. Denne gongen var ingrediensane litt betre, men fortsatt masse ferdigkoke pakkar og plast på grønsakene.
Den andre pakken vi fikk var Duo Original. Det tok like lang tid å lage som ekspresskassen, eg kan ikkje seie at det var så stor forskjell på desse to.
De er glade i sei i Godt levert. Vi fikk sei i pakkane begge gongane. Vi kan styre vår begeistring for denne fisken, men den er jo billig - så det er nok derfor den er med. Ellers sparer de jo ikkje penger på så veldig mykje anna - det er gode produkter. Men ikkje så bra som Adams matkasse! Terningkast 4 :)

fredag 29. januar 2016

Orkanberedskap

Sinte Tor er på veg mot Vestlandet, og var vi ikkje skremt i går blir vi det i alle fall i dag. Media roper fare,fare; så vi har alt bestemt at helga skal begynne litt tidlegare i dag.
Vi har i alle fall nok såpe og tannbørster om vi blir isolerte; haha! Eg leser ei katastrofe-bok for tida, så det er nesten så eg tenkjer på slike ting! Nesten... 😊
Sjølvsagt også hotellsåper - ein stad der eg veit kvar de er. Dette blir ein roleg innedag!

onsdag 27. januar 2016

Bli-fort-frisk-juice

Da eg var heime frå jobb på måndag miksa eg meg ein aldri så liten heksedrikk med berre good stuff for å hjelpe kroppen min med å kvitte seg med basseluskane som slo meg ut.
Alt var for så vidt restar, men også ting vi stort sett alltid har. Ein halv brokkoli, litt stangselleri, ei gulerot, ein bit ingefær og ei appelsin. Skrell appelsin og ingefær, og hiv alt i juicaren. Vidare tok eg oppi tre terningar med frossen spinat som eg miksa inn med ein stavmiksar. Og da vart det i underkant av 4 dl sunnhet:
Det smakte deilig appelsin, heilt sant! Og veldig sunt ;)
Eg er ikkje så veldig bevandra i vitaminenes verden, men her veit eg at det er tonnevis med C-vitamin og jern (c-vitamin hjelper kroppen med å ta opp jern), samt masse anna snadder som kroppen blir glad av. Eg vart frisk igjen iløpet av dagen, så den skada i alle fall ikkje :)

tirsdag 26. januar 2016

Danseskule!

I dag da eg gjekk ut av soverommet kl.07:10 satt alt lillesøster i sofaen på stua og jubla "I dag skal jeg på danseskole!"
Dette har vi snakka om sidan november, og det er veldig lenge å vente! Ho har telt månadar og veker og dagar, og i dag var endelig dagen! Vi var på butikken på laurdag og kjøpte inn to dansedrakter og Frost-dansesko. De har ho gått med kvar dag sidan. Dette er stas!

mandag 25. januar 2016

Heimedag

Nesten som bestilt har influensaen som har herja kontoret de siste vekene nådd meg. Sidan eg kjente litt på det på fredag gjorde eg unna de mest tidspressa arbeidsoppgåvene da, noko som betyr at eg i dag kan vere heime utan å organisere noko som helst.
Morgonskyer sett frå kontoret mitt sist veke
I dag vart ungane levert med regtøy for første gong på lenge! Det er 10 varmegrader og regn, heilt greit det også!

søndag 24. januar 2016

Hjulskift

Etter anbefaling frå leiar av fylkeskommunen sitt utval for kultur, idrett og regional utvikling, Beate Husa, lånte eg meg ei bok på biblioteket - Vigdis Hjorth sin "Hjulskift". Husa nevnte den i eit framlegg på eit seminar i vinter, som ei bok som veldig godt skildra korleis det var å komme saman med nokon som har totalt ulik kulturell preferanse enn deg.
Kulturell kapital, kulturinteresse og smak er noko av det eg skriev om i masteroppgåva mi, og absolutt noko eg er innom både på jobb og privat kvar einaste veke. Eg likte forsåvidt boka litt, og fann fleire formuleringar der som eg sjølv kunne sagt og meint. Kulturkløfta var fint illustrert og eg likte utvikltinga som professoren går igjennom. Ein litt sånn "stikk fingrane i jorda og tenk igjennom alt. Ein gong til. Med nye briller."
Berre det å låne ei bok på biblioteket - det var gøyt etter gammalt! Vi låner masse til ungane der, men sjeldan noko til oss. Denne rakk eg også å lese ut før månaden var omme. Ikkje så spanande bok, alt sett under eitt, men med gode refleksjonar og interessante poeng.

lørdag 23. januar 2016

Farvel vintervær

Alt i går var det merkbart varmere ute. Det var liksom ein mild bris. Berre vind, ikkje sant? Vi har ikkje hatt vind på lenge! Men da vi gjekk ut i går morres kjente vi at det var noko i lufta - nesten som eit drag av vår. Det var pluss ein heil grad, og før eg var komt meg på jobb var vi på 3! Rundt lunchtider var eg i bilen igjen og da var det 5! Varme! Grader!
Vi har virkelig utnytta desse vekene med nydleg vintervær! Vi har vore masse ute, gått på ski, skøyter og aka. Det har blitt litt i meste laget for storebror, som da vi rett etter middag på torsdag gjekk ut i gangen for å kle på oss sutra "Ånei, nå eg jeg så lei av denne snøen! Vi er ute HELE TIDEN! Jeg vil vere inne og leke med lego!" Han fikk ikkje mykje gehør - ut skulle vi! Det var aking. Ikkje snømåking eller ugrasluking. Altså: ingen grunn til sure miner.
Haha, apropos akinga på torsdags ettermiddag - eg hadde kun eit rumpeakebrett som eg susa med i ein heil time. Det er core, mage, rygg og armar det! Oh my!! Gøyaste treninga ever! Humøret til storebror vart litt betre også. Ikkje bra, men litt betre. Han er generelt litt moody for tida. Som ein liten tenåring.
De nydlege vinterværbileta er frå torsdag de også. Ein gjeng frå jobben "greip dagen" og gjekk på tur i Alvøskogen etter lunch. Vi gjekk til Gullaksdalen, sjå her for å sjå bileter av denne perla når det er snøfritt og sol. Flott å få mulighet til å gå tur i arbeidstida! Gjett om vi set pris på det!

fredag 22. januar 2016

Promping kl.17:30!

I ettermiddag skal vi på premiere av prompeteater i Fyllingsdalen. Vi har hatt dette på planleggaren vår heile veka, "promping kl.17:30". Det blir nice!
Frå forsøkspublikum-teaterforestilling.
Vi har ikkje lest Jo Nesbø sine bøker enda, men eg håper storebror koser deg i dag, og at vi kan lese de snart - eg trur de er gode! Finfin fredagsaktivitet i alle fall! Teater er alltid på sin plass!

torsdag 21. januar 2016

Kveldsskøyting


Ake frå huset og ned til garasja!
I går prøvde vi å vere litt raske for å få med oss litt dagslys på den gjennomfryste vatnet ikkje så langt unna der vi bur. Dessverre stemte dette kun for for tre av oss, storebror ville IKKJE på skøyter! Etter ein god del tolmod frå mannen sin side (eg og lillesøster gjekk ut og akte i hagen medan vi venta på betre tider) kom han likevel.

Dette var første gongen lillesøster skulle prøve seg på naturleg is. Ho var ein skøytekonge da vi var på kunstig frosset, og tilrettelagt is for nokre få veker sidan - dette  var annleis! Det var måkt på isen, men det var veldig ujamt.
Her har det alt blitt mørkt, men det er meg på kunstløp, lillesøster på hockey og mannen på lamgrenn :)
Det vart veldig fort mørkt sidan vi hadde brukt litt tid på å komme oss av gårde. Huff og huff - det var skummelt å skøyte rundt på det islagte vatnet. Det var heilt svart, og med fult av sprekker og ujamnheter. Lillesøster vart fort lei, storebror som aka istadenfor vart fort kald, og eg og mannen kunne styre vår begeistring for is og temperatur, så vi vart fort ferdige.
Da var det berre å ta av seg skøytene igjen, no har vi jo prøvd det, og ake tilbake til bilen. Vi utnytta ettermiddagen da - eg synas det! :)

onsdag 20. januar 2016

Treningsbytte!

Det er dumt å trene inne når vi kan vere ute i nydleg vintervær! Det er framleis iskaldt, men det er berre å kle på seg. I dag skal vi komme oss ut så snart middagen er oppspist for å kanskje få med oss litt dagslys. Det er jo det som er litt dumt, at det blir mørkt så tidleg enda. Men vi skal i alle fall vere ute så lenge vi kan. Resten av planane for vente. Det er meldt regn til helga, da kan vi vere inne.
Sidan det har vore så kaldt de siste vekene er det mange av vatna i Bergen som er fryst på, så vi skal ta med oss skøyter til eit av desse som ikkje er så langt unna huset vårt. Kanskje ikkje like bra treningsutbytte som eg hadde fått om eg hadde gått på saltimen på sats som eg nett no har avlyst, men eg får i alle fall trent smilemusklane mykje meir!

tirsdag 19. januar 2016

Spinning!

I går vart det litt vel mykje spinning etter min smak. Med ein gong ein kjem av hovedvegane her i Bergen er det så som så med brøytinga (eller - det er sikkert fint, men masse snø i vegen!) og med mykje opp og ned blir det spinning. Vi har antispinning på bilen, men det er likevel ikkje noko stas. Sklir rundt i rundkøyringer så bakenden får ein ekstra liten kick ut mot sida. Berre flaks at "alle" er forsiktige på vegen no, ellers hadde det blitt smell!
Eg var på spinning sjølv også i går. Spant meg veg til sats og tenkte at det nok ville gå finfint med trening, eg følte meg jo så fresh, til tross for ei overaktiv i helg i iskulde, lite søvn natt til i går, salat til lunch og wok til middag - køyr på! Det var ikkje så lurt. Av og til kjennes det som om treninga skader kroppen meir enn den bygger opp, så eg var fresh og fin på veg til trening og opptygd og utspytta da eg kom heim. Spinning altså. Ikkje ein måndagsfavoritt akkurat denne veka. Verken her eller der.

mandag 18. januar 2016

Denne helga altså!

Eg har berre eit ord å seie: Perfekt! Vi har hatt snø og sol både laurdag og søndag! Nydleg! Vi har gått kjempelangt på ski, så det kjennes neste som om vi har vore på treningshelg! Eller som at vi har hytte på fjellet!

For 1 minutt unna huset vårt såg det slik ut på laurdag:
Heilt nydleg! Vi lagde løyper med tre bakker i ulike nivå, liten bakke, mellombakke og monsterbakke - og her susa vi rundt i timesvis! Lillesøster vart ferdig litt fortare enn oss, men da var det raskt å hente akebrettet heime. Vi ville vere lengst mogleg ute, så lenge det var lys i alle fall!
Vi bestemte oss på laurdag at vi skulle køyre til Alvøskogen å gå på ski på søndag. Storebror hadde turdag med skulen tidlegare i veka, så vi hadde nokre grillpølser som burde bli spist. Vi gjekk på ski frå Storavatnterminalen til Vassenden der det var sol og grue som vi kunne tenne bål i.
Kakao og bjørneteppe!
Vi fikk ein liten vekker på at vi faktisk har med oss forholdsvis små barn. Eg veit ikkje om vi gløymer det innimellom, men det hender på enkelte turar vi tar at eg tenkjer at no har vi strekt strikken for langt. Lillesøster var alt sliten etter ein aktiv dag i snøen på laurdag, og hadde tradisjonen tru hatt ei natt der ho har vore voken utan at vi viste om det. Storebror fann ho sovande på sofaen da han stod opp kl.08:00. Så ho var godt trøtt. Skiskoene var litt for små, så rundt halvvegs til grillplassen fikk ho nok og skreik så heile alle som var på fredleg skogstur fikk seg ein overraskelse. Sidan ho var blitt kald på beina dagen før også hadde vi med vintersko til ho som ho fikk skifte til. Men ho vart liksom ikkje varm igjen. Det var minus 11 grader, så kaldt at vi opplevde at den varme suppa vi hadde med oss ganske fort vart til slush. Da ho la seg ned i snøen og sa at ho ville sove var det faktisk litt ekkelt å vere den som har tatt ho med seg ut. Men vi fikk varmen i ho igjen, og da ho gjekk vedsidan av oss utan ski på beina tilbake til bilen var ho varm og glad igjen. Og ikkje minst verdens søtaste i bjørneteppe som eg hadde pakka med til bålkosen.
Her er utstikta frå grillplassen vår! Ved vatnet var det fleire svaner med svanebarn, heilt nydleg! Sett vekk ifrå at eg ei lita stund trudde at vi måtte køyre til Haukeland med ein unge med kroppstemperatur langt under den anbefalte - var dette heilt fantastisk!
Her er vi på veg tilbake. Tre av fire på ski, og ein liten bjørn på varme føtter. Eg og mannen hadde ganske tunge sekker, så dette var skikkelig trening! Nydleg var det i Alvøskogen! Og storebror som hadde store nok skisko har blitt knallgod å gå på ski i helga! I går susa han avgårde ned store bakker utan å dette, og han fikk også etter kvart god teknikk oppover! Han er skikkelig god på ski, eg er heilt imponert over kor fort han har tatt det! No følgjer vi med på finn.no for å finne store nok skisko til lillesøster også.
Nederst til venstre ser du snømannen vi lagde på fredags kveld. Da var snøen kram, og vi lagde ein kjempestor snømann som no heller meir og meir mot høgre. Hahah, den er veldig morsom og fin!

For ei flott helg! Det skal vere snø og sol de neste dagane også, men da får vi dessverre ikkje utnytta den så veldig. Ungane er masse ute på skulen og i barnehagen, så de får heldigvis kose seg i vinterværet!

søndag 17. januar 2016

Sjokoladebananbrød utan sukker

Brune og flekkete bananer er utgangspunkt for veldig mykje godt! Vi har slike bananer nesten kvar veke, og det vi lagar ofte med desse er bananisgrove vaffler og bananmilkshake. Sist søndag lagde eg sjokoladebananbrød for også å bruke nokon av de mange kokesjokoladeplatene mannen handla under priskrigen i desember. Bananbrødene er utan tilsatt sukker, men det er sjølvsagt litt sukker i sjokoladen.

 100 g smør
3 dl mjølk
6 dl kveitemjøl
6 ss bakepulver
3 bananer
100 g mørk sjokolade

Rør saman det tørre. Smelt smør og rør dette oppi saman med mjølk. Mos bananene og rør inn. Grovhakk sjokoladen og ha den i røra. Hell i ei brødform og steik i 180 grader til brødet (eller kaka om du vil) er gjennomsteikt.
I oppskrifta stod det 20 minutter i ovnen. Eg tok den ut og lot den stå opp-ned på ei rist. Da rant det masse utav, så eg satte den inn igjen i ovnen, skrudde opp på 200 grader og lot den stå i nesten 20 minutter til. Da var den steikt.
Dette smakar veldig mørk kakao, ikkje så søtt, så ungane likte det ikkje noko særleg. Mannen og eg derimot synas den var deilig! Og nesten enda betre etter som dagane gjekk. Den var veldig saftig heilt til siste bit var oppspist på fredag.

lørdag 16. januar 2016

Skøyter!

Det er laurdag! Det er sol! Og det er snø og is! Lets go!
Litt knall og fall!
Det har vore så kaldt de siste vekene at det er fleire vatn som er fryst på. I dag skal vi opp på Fløyen for å gå på skøyter på Skomakerdiket. Med snø og sol og berre lykke! Lunch, kakao og litt snop i sekken - dette blir ein bra dag! Seinare er det sjansar for at vi finner fram skiene, vi må jo berre utnytte at det er det perfekte vinterhelgværet i dag!
Skøytebileta er frå for to veker sidan da vi var på Slåtthaug kunstisbane. Her lånte lillesøster seg skøyter, men i dag skal ho få bruke nokon vi har liggande. På Slåtthaug var det første gongen ho prøvde seg på skøyter - og den ungen er eit naturtalent! Etter litt prøving susa ho avgårde, i rundt samme tempo som meg. Storebror var litt uheldig med sokker og ymse denne dagen, så han vart litt fortare ferdig enn oss andre. Vi var der saman med nokre venner, og hadde det kjempekjekt!
Full fart!
Mmmm - eg gler meg skikkelig til nok ein dag på skøyter i dag! Håper storebror er litt heldigare med sokk og skøyter i dag - vi skal i alle fall prøve å ta med skift - så vi kan vere på skøyter leeengee!

fredag 15. januar 2016

Bilkø

Ein av realitetane ved å bu i ein stor by er at det er veldig mange andre som bur der også, og mange av de gjør akkurat som du. Går på fjellet når det er fint vær. Handler på ettermiddagen. Fyller bensin. Tar buss. Køyrer på jobb.
Vi er på veg på jobb - heile gjengen!
På veg til jobb er det godstemning sjølv om det er kø. Det er i alle fall det i min bil. Da får eg ekstra tid til å høyre på radio, og det er null stress. På veg heim er det litt verre. Det er ikkje alltid det er ille - det kan vere fint med aleinetid i bilen, men ein vil jo komme seg heim. Det vil de andre også. Likevel opplever eg at det er folkeskikk og ikkje minst er det fletting etter boka. Kjem det ein ambulanse er det som om vegen deler seg i to, og ambulansen kan køyre forbi oss i full fart. Vi sitter der alle saman. Vi vil jo det samme.

Stort sett går det fint. I dag var det kø på veg til jobb. Det var flott, god musikk på radioen og sidan eg trudde eg skulle vere sjuk i dag hadde eg ein roleg arbeidsdag foran meg. Eg jobba jo som ein hest i går! Det var kø heim igjen også. I dag har det snødd MASSE, og da blir det litt kaos. Men det faktum at det er fredag kan ingenting ødelegge!

torsdag 14. januar 2016

Slapp torsdag

Midt i mellom for frisk til å vere heime og for sjuk til å vere på jobb har eg i dag jobba på spreng slik at om eg eventuelt blir sjuk(are) i morgon så er alle viktige mailar besvart og avgjørelser tatt. Det er greit med slike halvvegsdagar i førkant av det som kanskje blir sjukedagar. Fint å vere sjuk - i alle fall finare - når ein veit at ting er på stell på jobb.

Ja, også avlyste eg treninga i dag. Må da vere måte på. Lager meg straks ein ny porsjon med supershot og håpar den tar knekken på det som måtte vere!
Slik vil eg også schlække den i dag!

onsdag 13. januar 2016

Kontrastar


Etter eit døgn i flotte omgivelser med massevis av god mat, timar i basseng både ute og inne, pentøy og høge helar, masse vin og dansing - var det ein stor kontrast å komme heim til kvardagslivet igjen.
Det hadde nok ikkje vore det om alt var som vanleg heime, men det var det ikkje. Huset var rotete, lillesøster kom heim frå barnehagen med feber, og storebror hadde ein del ting på gang han også.
Mannen skulle i møte, så det var berre å brette opp armane og ta i eit tak eller førti.
Litt sånn dagen derpå. Litt sånn overstappmett. Litt sånn full i hovudet. Meir enn litt trøtt etter ein sein kveld og eit varmeapparat på full guffe på hotellrommet. Da var det fint å vere litt uthungra på tid med ungane, så det gjekk fint. Berre veldig stor kontrast!
I dag er ting på stell igjen. Huset vart rydda mellom slaga i går. Mannen er heime med lillesøster, og storebror har med seg det han trengte til turdagen i dag. Det går seg til!

tirsdag 12. januar 2016

Kaldt!

Det er så iskaldt, og det har det vore lenge! Vi er ikkje vande med 10 kuldegrader dag etter dag, men slik har det vore den siste veka, minst! Ute er det frost og is. Det er heilt klart når det er slik vær, det er som om ein kan sjå lenger.
2.juledag gjekk vi på tur i sola. Da var det kun 2-3 minusgrader, no som det er mellom 5 og 10 minusgrader har vi ikkje så lyst å gå ut. Sjå på pinnen på bilete! Det kvite er is! Heilt spesielt - dette trur eg ikkje at eg har sett før! Litt mjukt var det å ta på. Lillesøster smakte på det også, men det smakte ikkje godt!
Det var vore regn i Bergen i haust, og det såg vi ekstra godt da vi gjekk på tur med vinterdresser på. Dressane var knapt nok brukt, her har det gått i regnklær! Hahaha - no er de i alle fall brukt masse!

På toppen var det sol, og sjølv om der er kaldt kan vi kjenne at sola varmer litt - det er så deilig! Det er fint med skikkelig vinterkulde, det er jo ikkje ofte, så no blir det nice at regnet og de fire varmegradene kjem tilbake :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...