fredag 28. februar 2014

Aleinehelg

I går pakka mann og barn koffertane sine, og i skrivande stund er de i full fart på veg opp til sogn for besøke ungane sin tante og onkel, og mannen sin lillesøster og svoger. Eg skal vere heime aleine heile helga - for første gong på to heile år! Det å vere aleine er luksus, men de siste månadane har eg vore så mykje sjuk at eg meir enn nok har fått tilfredsstilt behovet for aleinetid. Eg hadde nok gleda meg meir til denne helga om eg hadde hatt to månadar med kvardagar bak meg.

Eg har tatt opp tre romkom (romantiske komediar) som eg skal sjå. Eg har handla inn egomat, og begynt på ei kosleg bok (eg blir gjerne mørkeredd når eg er aleine, så det er viktig at eg tullar meg sjølv inn i rosa skyer). Men eg skal ikkje berre liggje å vekselsvis sjå TV og lese; eg skal male. Innedørene våre er typiske dører anno 1968, og ikkje standard - så vi kan ikkje bytte de ut utan å måtte skifte karmar også. Eg skal male tre soveromsdører, og døra som går bak til kjellaren. 4i1 supermaling, to strøk og ferdig arbeid. Nye dørklinker er også kjøpt inn - dette blir bra! Vaske hus, vaske og brette klær og berre vere aleine.

Ungane skal på badeland i ettermiddag, på hyttetur på fjellet i morgon, og sjølvsagt vere med i fjøset. Det er ikkje vanskelig å skjønne kven som kjem til å ha ei best helg! Men stille og ryddig skal eg i alle fall ha det :)

torsdag 27. februar 2014

Perlevenner

Ungane er blitt eit skikkelig team! Storebror vil helst vere sjefen, så når lillesøster lar han vere det er de verdens beste venner! Saman (les:storebror) har de bestemt at han skal spare penger til lego som ungane de skal få kan leike med når de blir større, medan lillesøster skal bruke sine sparepenger som innskot på huset som de skal bygge saman. Han har spart penger i over eit halvt år, og har snart nok til noko LegoChima som han ønskjer seg. Han får meir glede av legoinnkjøpet enn lillesøster gjør av å spare til hus for å seie det slik :) Men lillesøster er heilt enig, og sparer på eigen sparebørse, så dette vil nok forandre seg!
Ein ettermiddag satt de å perla saman. Arbeidsfordelinga var klar; lillesøster sorterte fargar medan storebror perla. Slik satt de ein heil ettermiddag - nesten to timar!

Etterkvart begynte lillesøster på eit eige prosjekt innimellom sorteringa, og fikk perla eit hjarte samtidig. Snakkar vi multitasking? Ja.
Storebror perla eit julenissebilete til ein kamerat i barnehagen som hadde jobba med ein slik, men så hadde kanskje de ansatte tatt vekk juletingene, for plutselig var den vekke. Dette synas storebror var så trist at han perla ein heil nisse til han som han fikk i barnehagen dagen etter. Ein god venn!

onsdag 26. februar 2014

Vår i lufta!

I går var det 12 (!!!) deilige varmegrader i byen mellom de 7 fjell! Derfor booka eg meg av spinningtime på sats til fordel for å ta meg ÅRETS FØRSTE JOGGETUR UTE! Var det fantastisk? JA! Var det slitsomt? JA! Jogga eg for tett opp til middag slik at den nesten kom i retur? JA! Tok eg bilete for å skryte på facebook? JA!
Vår, vår, vår! Kom, kom, kom!
I dag nyter eg god gangsperre i lår, mage og nedre rygg! Elsker at jogging bruker andre muskler enn de eg bruker når eg hopper og gjør andre unyttige ting på ein stad inne på sats! No må eg kjøpe meg nye joggesko - de eg har brukt de siste to åra er nok klare for utskifting, og få støypt meg propper som ikkje detter utav øyrene når eg blir svett. Kun 187 dager til eg skal delta på halvmaraton. Game on!!

tirsdag 25. februar 2014

Klesbytte

Vips har storebror vokst frå alle ullklærna sine i str110-116, str.4-6 år. Frå ein vask til ein annan går de frå skapet hans til lillesøster sitt skap. Noko som fører til at ho har MASSE ull, mens han har to gensere igjen.

Når ein har ein del H&M-klær vokser han med andre ord frå 80% av garderoben sin annankvart år. I år altså. Mykje er godt slitt (noko har ikkje ein gong vart i to år før vi har kasta det - fult av hull og flekker som ikkje forsvinner), men noko kan lillesøster arve. Som ein Angry Birds-genser som storebror argumenterer hardt for at framleis passar! Bomullssokkane som har ligge på vent sidan i haust er blitt for små, og alle trusene må kastast og nye kjøpt inn. Han har vokst mykje i det siste! Raser avgårde i høgden! Lillesøster begynner å vokse utav 2-4 år str, men sidan det jamt over renner inn frå naborommet er det ingen kleskrise på gong i det klesskapet enda!

Johooo - glade kvardag!

mandag 24. februar 2014

Skrivetrening

Lillesøster jobber intensivt med skrivetrening for tida! Det hottaste er å lage fargerike teikningar som ho bretter kunstferdig saman og putter i konvolutter for å gje vekk til vennane sine i barnehagen. Utpå konvolutten, eller inne i brevet, skriver ho mange bokstaver. Ho kan alle "våre", og ho lagar eigne som liknar på bokstaver. Ho er kjempeflink! I går hadde vi besøk av ein kamerat frå barnehagen og foreldra hans, og på sms i dag tidleg kunne mammaen hans fortelje meg at han hadde stått tidleg opp i dag for å teikne brev og leggje de i konvolutter - så dette brer om seg :)
Storebror jobber også med bokstaver - men på eit heilt anna nivå. Det er nok skrivetreninga hans som smitter litt av på lillesøster. Superflinke er de begge to!

søndag 23. februar 2014

Night

"Here there are no fathers, no brothers, no friends," a Kapo tells him. "Everyone lives and dies for himself alone."

Skal ein lese kun ei bok om jødene sin skjebne under 2.verdskrig er det denne. Elie Wiesel sin historie om kva som han gjekk igjennom i ulike konsentrasjonsleire er dessverre både gjenkjennelig gjennom andre verk ein har lest, men framleis like horribel, forferdelig og meiningslaus. Sidan Elie klarer å holde saman med faren sin mesteparten av tida blir også boka ei psykologisk testament på kva umennesklege tilstander gjør med oss. Elie var kun 16 år når han vart transportert til The Sighet gettos. Han er 17 år når krigen er over. Den siste setninga i boka - når han speglar seg for første gong på lenge - får det til å gå kaldt nedover ryggen på deg.
Elie Wiesel mottok Nobels Fredspris i 1986, og talen han holdt da var printa inn i den boka som eg kjøpte. Ein formidabel tale, verdt å lese den også! Han poengterer at vi ikkje må tru at jobben er gjort. Vi må ikkje tru at dette ikkje kjem til å skje igjen. Dette skjer kvar einaste dag - han seier at så lenge eitt barn har det vondt bør heile verda sjå mot det barnet og sjå til at det får det det trenger. Gjør vi det?

"Than you, peolpe of Norway, for declaring on this singular occasion that our survival has meaning for mankind."

lørdag 22. februar 2014

Grove vaffler

Vi liker å lage grove vaffler til kveldsmat i ny og ne. Det tørre i røra tar eg alltid på ein slump. Kveitemjøl, kva-eg-no-enn-har-av-grovmjøl og havregryn. Av og til tar eg i litt kardemomme, men det er ikkje alltid den karakteristiske kardemommesmaken er det er har aller mest lyst på. Tre egg, to-tre mosa bananer (gjør vaflane søte utan bruk av sukker) og mjølk nok til at røra er slik den skal vere. Har eg tid lagar eg røra etter middag slik at den får satt seg. Dette merkar vi hovedsakleg på havregyn, som om eg steiker med ein gong er litt harde.
Denne gongen hadde eg nokre blåbær som eg la på de to siste vafflane. Godt nok, men ikkje verdt vaskejobben på jernet etterpå. Her prøvde eg meg på ein vaskevaffel, noko som fungerte utmerka!
Mange gode og sunne kveldsmatvafflar - nam nam!

fredag 21. februar 2014

Valentinesmatboks

No er det ei veke sidan Valentinesday - så da kan eg vise Valentinesmatboksane ungane fikk med seg i barnehagen sist fredag. De har smørelunch og frukt i barnehagen, så matboksane er kun til frukost. Lillesøster sin matboks over - skiver med smør, leverpostei og argurk (absolutt favorittpålegg de siste vekene!) toppa med ein hjarteagurk som eg festa med eit spyd i plast. Grønne druer og blåbær i det eine lille rommet og babyputer i det andre.
Storebror sin frukost var trekantpolarbrød med smør, leverpostei og agurk (aner vi ein viss herming?) og grove vafler med smør og kvitost. Grønne druer og blåbær i det eine lille rommet (nokon tredd på plastspyd slik at det var eit lite fruktspyd), og hjarteagurk i det andre.

I fjord bakte eg sukkerfrie muffins i hjartemuffinsformer som de fikk med. Valentines er vel den einaste dagen eg gjør litt utav frukostnista. De får alltid litt snacks, men sidan det kun er til eit måltid er det begrensa kor mykje mat eg vil sende med de. Eg trur de vart godt mette på dette! :) (med rim og alting;))

torsdag 20. februar 2014

Gufs får fortida

Eg trur alle nabolag hadde ei. Ei nabodame som var sur og grinete og som liksom luska bak gardina og berre venta på at ungane i gata skulle gjøre noko ho meinte de ikkje hadde lov til slik at ho kunne opne vindauget på vid gap og brøle "HEI! KVA ER DET DU TRUR DU HOLDER PÅ MED?"¤%/%))%¤&/"

Vi hadde ei slik. Ho var også mamma til ei jente og ein gut på alder med meg og lillebroren min. Derfor hadde vi kanskje ekstra mykje med ho å gjøre. Eg elsker å dra ho fram og fortelje historier om ho! Historier som tida har smurt ekstra godt på slik at nesten ikkje er sanne lenger; men gøye er de!

La oss kalle ho for Møyfrid. Eller Gretne Grete. Eller Rollaug.
Kva hadde Gert sagt om ho såg at eg lar ungane spele data midt på dagen???
Den siste veka har eg spotta ein ny pappa i barnehagen. Han kjem inn med sin lille son kl.08:00 presis, akkurat når eg er på veg ut etter å ha levert mine to. Han er heilt ny; og det kan ein sjå fordi han ikkje helser. Ellers helser vi (iallefall eg) på alle andre foreldre i garderoben. Eg kjente han igjen med det samme. Det er sonen til Betre (eller Møyfrid)! I går stirra eg på han så lenge at han faktisk helsa med eit lite "hei". Kan vere der var dråpen - for I DAG - var det Oddbjørg (eller Betre) som leverte barnebarnet sitt!

Ein skulle tru at eg var redd når eg møtte barndommens heks, men det vart eg faktisk ikkje. Eg vart heilt lattermild når eg såg ho - og eg trur ikkje ho kjente meg igjen. Eg smilte mitt gladaste morgonsmil og kvittra "God morgon (og her var eg millimeteren frå å seie navnet hennes!)" Ho smilte litt tilbake (ho KAN faktisk smile!) og svarte nesten like hyggleg "God morgon". Det kunne ikkje stoppe der, kunne det vel? Ho skulle til å kave seg ut med barnevogn, så eg sa "Eg kan holde oppe døra for deg eg". Ho trilla vogna over foten min, sa "takk" og "ha det", og eg svarte "Ha det bra!" og med det var augeblikket over.

Ho likar voksne. Tydlegvis. Og heilt sikkert det lille barnebarnet sitt. Livet har gått vidare.

onsdag 19. februar 2014

Bad og tak

 Det er ikkje noko stas. Å oversjå alle teikn på at ein kanskje ikkje burde reise på jobb fordi "eg kan da umogleg vere sjuk igjen?". Oversjå heilt til ein springer på do (sjølvsagt har eg kontor innerst i gangen, lengst unna do), tusler innom sjefen på vegen tilbake og seier med tårer i augene "Eg er sjuk IGJEN og må gå heim". Hadde eg vore ansatt i ei privat bedrift hadde eg fått sparken; dette er ikkje mykje produktivt! Eg klarte akkurat å komme meg heim før det gjekk gale, og har tilbrakt dagen på sofaen, med hyppige "pauser". Eg er litt betre, så i morgon prøver eg på nytt.
Kjempefine blomar på kjøkkenbordet vårt!
I ettermiddag vart storebror med ein kamerat på fotballtrening i sola medan mannen tok imot ikkje mindre enn fem ulike firmaer på befaring. Vi skal bytte tak i sommar, og skjekker no litt rundt for å samanlikne pris og anbefalingar. De fleste som har vore her i dag har sagt at de vil bytte så snart som mogleg før vi begynner å bruke uteplassen vår, så det blir kanskje gjort fortare enn vi trur :) I skarp kontrast til badoppussinga i fjord er dette KJEDELIGE greier å bruke penger på, men taket er frå da huset var nytt i 1968 og er modent for utskifting. Vi har heldigvis ein snill bank ;)

tirsdag 18. februar 2014

Regnbogerundstykker

Oppskrift til regnbogerundstykker fann eg i Kamille. Ein kan vel bruke kva som helst oppskrift som er god, også tilsette grønsakene - men da bør ein holde litt igjen på veskeinnholdet! Seks rundstykker med raspa gulerot, seks med raspa squash og seks med raspa, rå rødbete. Rødbeten behandla eg med forsiktighet etter å ha lest om sterke fargestoff. Eg brukte eingongshanskar medan eg jobba med de, men de spruta ut heile kjøkkenbenken - de er knallharde! Men veldig gode!
I alt 18 rundstykker - ganske så mykje jobb for ganske så lite mat :)
Men de vart veldig gode! Eg hadde også i litt grovhakka valnøtter - nam! Nokon vart spist saman med gulerotsuppe, medan nokon ligger i frysaren og blir tatt opp pø om pø når eg og mannen har lyst på noko godt til kveldsmat.


mandag 17. februar 2014

God måndags morgon!

Lillesøster lager eggerøre laurdags morgon.
I dag da eg leverte ungane i barnehagen fikk eg så hatten passa frå ein av de ansatte. "Nei, no! No må du slutte å trene eller spise det du spiser eller noko! Du ser ikkje bra ut! Du ser heilt sliten ut! Eg ser det i ansiktet ditt!" Eg vart heilt paff og satt ut, så alt eg klarte å få fram var "Neida". God måndags morgon til deg! Eg tenkjer som så at når du får høyre frå ein ansatt i barnehagen at du ser sliten ut, så GJØR du faktisk det! Det er som å høyre frå ein frisør at du har ein dårlig hårdag. De veit kva de snakkar om!

Dette høyres kanskje meir frekt og usympatisk ut enn det eigentlig var; det kjenner eg at eg må presisere. Det var faktisk dette ho sa, men ho er verdens flottaste dame, ho er nabo (og ei skikkelig nabokjerring som følgjer med på alt!) og vi har ein ganske laus tone. Likevel - eg ser tydlegvis ikkje så bra ut i dag.

Men slik blir det når det no nærmar seg to månadar sidan eg begynte med forskjølelse som vart både lungebetennelse, bronkitt og sist veke omgangssjuka - utan skikkelig "pause" mellom kvar. Slik ser ein ut når ein fredag tenkjer at "no er vi alle friske", for så like etterpå få telefon frå mannen som tvekroka prøver å køyre heim frå jobb før det går ille. Slik blir det når ein heile helga er slapp og kvalm (i rein redsel for å bli sjuk igjen og/eller sympatikvalme med mannen) og har to friske unger med normal energi.  Da ser ein ikkje tipp-topp ut måndags morgon. Måndags morgon som ein har tenkt på heile helga fordi sjukedagar kombinert med kurs og konferanser gjør at "TO DO"-lista mi er langt som eit vondt år, og eg veit ikkje heilt i kvar ende eg skal begynne. Og slik ser ein ut når ein har ei jente som heile helga har brukt nettene på å komme opp i senga igjen og igjen og igjen.

Slik ser ein ut når ein har små barn. Gjør ein ikkje?

søndag 16. februar 2014

Kjole frå nille

I haust/vinter gav nille ut eit lite oppskriftshefte med strikk til både små og store. Eg vart heilt forelska i hjartekjolen som eg handla inn garn til og satte i gang. Hopp så fram to månader. Da fullførte eg prosjektet :)
Oppskrifta ligger også på nettet. Her er fargen heilt feil, men fasongen kjem fram.
Sjølv om eg strikka den i str.4/6 år er det litt tettsittande på min 3.5-åring. Rundt armane har eg hekla (!) fastmasker - oh my! Eg heklar ikkje, eg kan det ikkje, men dette var kjapt å lære ved å sjå film på dropsdesign.no, og veldig gøy! Heklekanten gjorde seg! Lillesøster likte kjolen veldig godt medan eg strikka den, men no som den er ferdig seier ho at ho skal bruke den i bursdagen sin (som er i juli), og derfor henger den i skapet - nokså ubrukt.

No skal eg i gang med noko til meg sjølv! Redselsfullt spanande - får eg det til? Gidder eg å fullføre?

lørdag 15. februar 2014

Smashkake

Vi har det slik at den som har bursdag får velgje seg ei kake, også skal ektemake bake. Mannen fann denne oppskrifta som eg bakte til han sist helg. Det vanskligste var kanskje å få marengsen stiv - eller i alle fall vere redd for at den ikkje skulle bli stiv. Det vart den, og da var det meste av jobben gjort.
Marengs, sjokolade, vaniljekrem, krem og smash; var det nokon som sa smør på flesk? Eller omgangssjuke?
Søt som konfekt! Alle likte den, utanom lillesøster som framleis var litt utanfor etter omgangssjuka, og meg som fikk omgangssjuka to timer etter at eg hadde spist kake. SØTT SØTT SØTT!

Alt som kjem i retur kastar eg oppskrifta på. Det gjelder no denne kaka, oreoskake og biffsnadder.

Lets move on.

fredag 14. februar 2014

Trening!

I dag skal eg på trening igjen etter tre heile veker (og ein dag) med høgst ufrivillig treningspause. Ikkje berre har eg ikkje trena, eg har vore sjuk, spist lite, vore så masse i sofaen at den begynner å nuppe seg på "min" plass! (neida - den tåler såpass) Eg tenkjer muskelsvinn, men det er kanskje å ta litt vel hardt i. Men får å seie det slik; da eg var på massasje i begynnelsen av desember sa massøren "eg kjenner at du trener ein del spinning, du har stor muskelmasse i beina". I dag hadde ho vel sagt "eg kjenner at du er ein slapp og lat sofagris. Det er eit sant under at du har komt deg opp trappene hit i dag."

Eg begynner forsiktig med 30 minutters spinning, men kanskje ikkje så forsiktig likevel. 30-20-10 er basert på ny forskning som viser at å trene maks intensitet over kort periode er like bra (og kanskje betre) enn å trene mindre belastning over lengre tid. Dette er ein av de tøffaste intervalltimane på sats. Her skal det gjøre vondt! Eg HATER desse timane, eg liker betre langkøyring, men de er effektive for å komme i gang igjen. Ønsk meg lykke til!

torsdag 13. februar 2014

NEI!

I det siste har det ljoma frå vår del av tomannsboligen 10 minutter utanfor Bergen sentrum:

NEEEIIIII!


Eg er sikker på at de høyrer det - alle de som står rundt den Blå Steinen og venter på nokon. At eit så lite menneske kan lage så mykje lyd! Og med meir pondus og krav om respekt enn de fleste eg omgås dagleg. 

Det er lillesøster som jobber med sine eigne grenser. Berre for vere sikker seier ho nei til det meste. Nei til å gå på do. Nei til å ha på bukse. Nei til å skru ned musikken. Nei til å settje seg ned ved middagsbordet. Nei til å le av vitsane til storebror og nei til å komme på fanget for ein kos (ALDRI skjedd før!). På tysdag ville ho ikkje spise pasta med laks fordi ho ville ha kylling. I går ville ho ikkje spise kylling fordi ho ville ha laks. Ho lo litt da eg påpeika mønsteret, men vart like fort sur igjen, mumla "taksjåmaten" og gjekk i stua og skrudde på Oddvar Torsheim sin "Nynorskens skog" på max volum. Storebror, veslevoksen som berre han kan vere, kikker mot stua og seier "Den musikken var da veldig høgt på." akkurat idet lillesøster kjem tilbake inn på kjøkkenet. Det lyner i augene hennes da ho ser på han og freser "No er det EG som snakker!", ho snur på hælane og tramper ut igjen i stua.

Den såkalla "trassalderen" er i full blomst, og den er ganske så annleis enn storebror sin. Kan eg seie det så enkelt at her er det meir irritasjon og sinne, medan det hos storebror var mest frustrasjon og sutring?
Til og med under besøk av ein av venninnene frå barnehagen vart det krise. Lillesøster ville ikkje dele NOKO SOM HELST, og ho ville kun leike med det venninna leika med. Ho grein i nesten to heile timar; og under heile besøket! Stakkars lille venninne og stakkars lillesøster! Dette er første gong eg har opplevd at ho har blitt så sur for at ho må dele. Lillesøster elsker å leike saman med nokon, så denne sida av ho var heilt uvandt for meg.

Heldigvis er ho også like variert i humøret som ein tenåring no medan trassen rir som verst. Like etter at ho har brølt NEI! kan ho skrattle og seie "Mamma, du er så tullete! Eg liker deg." Eit smil frå den kanten gjør at vi tåler dagesvis med eigne meiningar på ukurante tider. Ho er grådig søt den jenta!

onsdag 12. februar 2014

Nytt rom!


Det lønner seg alltid å vise "før"-bilete med rot, og "etter"-bilete med litt meir orden i sysakene; ikkje sant? :) Lillesøster har eit lite rom, og som storebroren ville ho ha ei høg seng med plass under. Det er også lurt med tanke på plassutnyttelse. Ikea-senga som ho arva av storebror er no solgt på finn.no, og mannen har satt saman ei ny seng frå jusk på rommet.
 Det var vanskelig å finne seng sidan vi ville ha den i kortsida av rommet, og rommet er kun 204 cm breitt. Denne senga er heller ikkje så høg, noko som er supert no medan ungane er små!
Under senga har lillesøster babytingene sine, og det er her de leikar hytte. Under storebror sin seng er det 25689 legodelar meir eller mindre bygd saman, så der går det ikkje ann å leike :) Hans seng, som er lik denne, fikk vi på "Gi vekk" på finn.no i 2011 og er opprinnleg frå ikea. Han har lyslister under senga si, det skal også lillesøster frå. Det blir jo ganske så mørkt under der!
Yndlingsteppet er gåve frå oldemor i Ålesund - varmt og godt!
Endelig god plass i senga! Håpet var at stor seng skulle gjøre slik at ho slutta å komme opp i vår seng på natta. Det var nettopp da storebror fikk slik seng at han slutta å vokne når han eigentlig skulle sove, så her håpte vi at historien skulle gjenta seg sjølv. Det fungerer ikkje heilt, men ho har gått frå å komme opp 6 gongar og over 32 heile timar til å komme opp ein gong om natta. Om innimellom sove gjennom heile. Så forbetring? JA!
Bokhylle er eit must hos oss! Dette er enklaste sort frå ikea, og mannen har skrudd fast ein plasthest på enden som bokstøtte. På andre sida står hylla heilt i senga slik at lillesøster kan nå bøkene sine utan å måtte klatre ned.

Skyene malte eg på veggane sommaren 2011, rett før begge ungane skulle bu der saman. Halve rommet har blå skyer, og andre halve har rosa. Desse er framleis kjempefine, så de blir ei god stund til :)

tirsdag 11. februar 2014

Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet


Sjukdom henger framleis i; og i så pass stor grad at eg er heime i dag også. Unødvendig å smitte to andre avdelinger i kommunen, i tillegg til min eigen; så ein dag ekstra heime håpar eg gjør nytten! Da har eg i alle fall tid til å lese ferdig "Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet"; ei bok eg fikk av ei venninne til jul. Akkurat denne venninna har mastergrad i Nordisk, og jobbar som norsklektor på ein vidaregåande skule i Åsane, så når ho først anbefalar ei bok er det ikkje tull ho kjem med! Eg elsker denne boka! Nesten 500 sider, men eg skulle ønske den var dobbelt så lang! Eg har prøvd å forklare for mannen kvifor eg liker den så godt, og tenkjer så masse på den, men klarer ikkje heilt å finne ordene.
Les gode og beskrivande ord her

Det meiningslause i det kvardagslege kanskje? Sjølv finner eg stor meining i mykje av det eg gjør, men etter at eg har begynt å lese denne boka føles handlingar meir meiningslause - noko som ein blir litt deppa av. Likevel liker eg den, og klarer ikkje heilt å leggje den frå meg! Samtidig som det blir meiningslaust blir det poetisk, og får ny meining. 

Eg har 100 sider igjen etter å ha lest mykje i helga og i går.  Det blir tungt å finne bok når eg er ferdig å lese denne!

mandag 10. februar 2014

Roleg dag

Ikkje uventa var det eg som vart smitta av lillesøster sin omgangssjuke. I dag har eg hatt ein roleg dag heime, men i morgon skal eg tilbake på jobb.Dette innlegget ser veldig rart ut, men no er eg på nettbrettet, og da blir det som det blir. Håper resten av familien held seg friske! Storebror digger lydbøker. For tida er det biblioteklånte Kumatpakkene som er best!:

søndag 9. februar 2014

Stort og stygt

Bok inne og litt sol ute - nice!
Eg har HØYRT masse om Olaug Nilssen, og særleg om "Få meg på, for faen" som fikk både den eine og den andre til å uttale seg. Eg har enda ikkje lest noko av ho, men så snubla eg igjen og igjen over gode anmeldelser av det nyaste ho har skrive. Eit bestillingsverk frå Det Norske Teateret i høve Kvinnerettsåret 2013 med urpremiere der i mars i fjord. "Stort og stygt"
Eg liker å lese drama. Veldig godt. Eg har lest det meste Jon Fosse har skrive (med innlagte pauser mellom replikkane. Som seg hør og bør når ein les Fosse). "Stort og stygt" var ingen unntak. Eg fossa igjennom den på ein time utan pause, og følte meg heilt tom etterpå. Eit godt drama - absolutt. Lesbar og sann. Vond og litt sår.
I det siste har teatersjef på Den Nasjonale Scene i Bergen fått kritikk av Jon Fosse for at ho ikkje har nok nynorsk på scena. Utan å kommentere hennes ganske så flate svar på kritikken håpar eg ho ser mot DNT i Oslo og kanskje set opp "Stort og stygt" på DNS. Nynorsk (om det er eit mål i seg sjølv), og speleverdig på eit nasjonalteater.

lørdag 8. februar 2014

Parmesanlaks

Er det noko vi har enormt mykje av i oppskriftspermen vår så er det laks og kyllingoppskrifter! Dette er Parmesanlaks med basilikumsaus, tagliatelle og squash. Oppskrifta er klipt ut av eitt eller anna blad ein eller anna gong, og lettare forenkla for å passe inn i vår kvardag.

Til oss fire bruker vi fire laksestykker som eg raspar ein del parmesan oppå. Salt og pepper om ein vil; eg brukar ikkje det her. Steik i omnen på 225 gr. i ca.10 minutter eller til laksen er steikt.

Kok tagliatelle og det siste minuttet leggjer du oppi strimler med 1/2 squash som du høvler med ein ostehøvel. Når alt er kokt heller du av kokevatnet og rører i ein boks med creme fraiche (gjerne lett) og to ss pesto. Server og spis med ekstra parmesan på toppen - snadder!

fredag 7. februar 2014

... og klare for takeoff igjen.

Etter ein veldig hyggleg venninnekveld i går hadde eg akkurat sagt ha det og lukka ytterdøra da eg høyrte grining frå lillesøster sitt rom. Eg gjekk inn, og lukta stod i mot meg - vi har fått besøk av sjølvaste omgangssjuka. NEI NEI NEI! Stakkars lille som hadde kasta opp overalt i søvne! Min første tanke var at her må vi kasta genser og putetrekk, i tillegg til å barbere venstre side av hovudet for å bli kvitt kveldsmaten; men det går jo ikkje! Ein heil time tok det å rydde opp. Også lukta da! Hjelpes! Lillesøster var forvirra, trøtt og veldig lei seg - sjølvsagt! Resten av natta har ho vore hyppig voken, men har ikkje kasta opp fleire gonger.
Mannen min fyller 33 år i dag, og gåva vart å vere heime med spysjuk datter. Eg har vore så mykje sjuk sidan jul at eg måtte på jobb for å gjennomføre viktige møter i dag. No kryssar vi fingrane for at det kun var den eine spyinga og at vi andre unngår det. I alle fall ein voksen. Vi har hatt omgangssjuka alle fire samtidig ein gong, januar 2011 - og det ønskjer vi IKKJE å gjenoppleve!

torsdag 6. februar 2014

Inn for landing!

I tillegg til lønn er det svært hyggleg å få blomar for å utføre jobben sin!
Etter tre arbeidsdagar i kursmodus var det absolutt naudsynt med ein kontordag i dag. Like hektisk som kurs- og fagdagar på hotell, men med mindre mat! Dette med maten skal eg ta igjen i kveld! Mannen skal på konsert med Kvelertak i byn, medan eg og ungane får besøk av venninne/forlover/fadderflottdame! I går bakte eg Regnbogerundstykker (NAM!), og når ungane har lagt seg blir det gulrotsuppe med chilli til damene i sofaen. Eg ser fram til avslapping og god mat i godt selskap!

Og i morgon er det fredag! Det blir sushi-lunch på jobb innimellom møtene, også er det heim for å feire enn veldig kjekk mann som blir 33 år! HURRA!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...