mandag 9. november 2020

Oktober part deux


Solnedgangstur på Lyderhorn med hyppige fotograferingsstopp på veg ned.
Ettermiddagssol inn vindauget når eg lagar middag. Når maten står på bordet kl.15:30 har sola gått ned bak nabohuset som ligger over oss.
Tur på nye stiar i Alvøskogen. Her vart det fortare mørkt enn eg hadde regna med, men eg hadde ein uværstur i Lyderhorn ferskt i minne der eg måtte gå ned i mørket - det var ikkje så gøy. Så denne gongen hadde eg lommelykt med meg. No i oktober blir det for fort mørkt til å rekke naturturar i dagslys etter arbeidstid. 
Nydleg haustbukett på døra frå sjefen. 

Firmaleilighethelgetur til Solfonn som ligger mellom Odda og Røldal. På laurdagen ville vi gå Seljestadjuvet, men der var vegen opp til starten av turen stengd. Vi gjekk oppover eit stykke, men var ikkje ein gong i nærleiken av startpunktet, så da snudde vi og gjekk tilbake til bilen.
Men ungane laga ein snømann, årets første! Vi fikk også klatre litt på store steinar som hadde rast ned.
Ein liten tur nedom Røldal for å sjå på Røldal stavkyrkje og handle med oss noko surdeigsbollar frå eit lite bakeri som vi kunne kose oss med til lunch.
Ein liten times fjelltur opp bak leiligheta for å jobbe oss opp litt appetitt til middag. Flott utsikt og så mange hytter overalt!
Leilighetskomplekset hadde badebasseng som vi bada i kvar dag. Stort sett hadde vi heile bassenget for oss sjølve. Også her var utsikta mot dalen og fjella så flott!
Middagspause i Odda som viste seg å inneholde fine fargar og eit ikkje-eksisterande smittesporingsfokus.
Heimover til Bergen var det så flott haustlys innimellom fjordane! Dessverre er det ein del tunnellar med mindre utsikt, men altså - 
plutseleg litt haustlys på fargane langs vegen! Så fint!
Vi stoppa ved Steinsdalsfossen der de hadde hengt opp denne lappen på toalettet. Knegg! :D
Vi har enn så lenge holdt oss unna mykje basseluskar, men lillesøster hadde ein dag på "heimekontor" saman med meg. Vi skulder på timesvis i eit litt kaldt basseng. Matte, te og ro fungerte som berre det! Mot basseluskar altså.
Vi lagde årets Pepperkakebybyggverk med inspirasjon frå Bergen 950: sentrale byggverk i Bergen. Her blir eine enden av Håkonshallen laga.
Eg var i byn to gongar i oktober. Fine haustfargar er det i alle fall. Og lite folk.
I oktober høyrte eg heile podcasten til Michelle Obama; The Michelle Obama Podcast medan eg gjekk turar i skog og langs veg. Podcasten var både lærerik og interessant - og Michelle er litt av ei dame! 
Vi hadde for lite deig til å lage tak på Håkonshallen, så vi juksa litt (mykje) og laga tak i papp med rett grønfarge.
Fleire turar opp Lyderhorn. Dette biletet er forøvrig tatt laurdag 31.oktober midt på dagen. Sola er lav.
Grunna strenge restriksjonar i Bergen for å hindre enda meir smitte vart Halloween-feiringa stekt redusert her. Heldigvis var begge ungane inviterte på Halloweenbursdagar. Heime lagde vi kun heksefingre og dett var dett. Litt pynt og ein pose med godekkel snop vart det også. Men det var rart å ikkje feire slik vi bruker. Kanskje i 2021?

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...