søndag 27. juli 2014

Hardanger

Som den 1/4 hardingen eg er synast eg Hardanger er ei perle på jord! Det synas nok de fleste andre også - men sidan dette er eit innlegg som er skrive på førehand (eg loggar av i feriane :)) leggjer eg ut nasjonalromantiske bileter frå Bergen.


Ok. Nok ferie no! Kom og hent meg heim!

lørdag 26. juli 2014

Heimesydd kjole

Heldige oss som har fleire kreative og flinke folk i familien vår! Svigerinna mi har heile vegen laga nydlege plagg til begge ungane våre, helst strikkaplagg med kvalitet ned til minste tråd! Til 4-årsdagen sin fikk lillesøster denne fantastiske kjolen laga av hekla topp, og kjolestoff frå svigerinna mi si datter's gamle sengesett frå da ho var barn. Heilt fantastisk fin!
Lillesøster vart kjempeglad - ho er vel den av oss som er mest interessert i klær - og blir oppriktig glad når ho får klær som ho liker. Denne falt umiddelbart i smak, og har vore brukt masse etterpå!
Igjen - tusen takk til tante i Florø! Og til V. som offra prinsessesengesettet sitt!

torsdag 24. juli 2014

onsdag 23. juli 2014

Sjokoladedraum


Ingenting er som ei virkelig god sjokoladekake! Mikser du to gode ting (og er du heilt crazy heller du vaniljesaus oppå!) blir det dobbelt så godt! MMMMMMM!
Lag ei skikkelig god brownieskake, og topp med heimelaga sjokolademoussé. Eller kjøpe ferdig og ferdig. Uansett vil det smake fortreffelig! Trust me!

PS. HAPPY BIRTHDAY MARTINA!!

mandag 21. juli 2014

Dyreparken

I dag er vi i Dyreparken i Kristiansand. Vi har jo dagleg omgang med (ville) dyr - her i form av pelsball ein stad der det ikkje er lov å ha pelsballer - så kjøkkenbordet.
Kan du se meg her blant alle prikkane?
Vi har andre forhåpninger for dagen i dag. Og det vi ikkje rekker i dag gjør vi i morgon! Så herlig med ferie!

søndag 20. juli 2014

Skriving

Det lønner seg å vere lillesøster nå storebror og foreldre jobbar med lydar og skriving. Ho kan alt skrive fleire bokstavar på bestilling frå oss - og kan skrive navnet sitt.

På biltur fikk ho sendt bak eit hefte med linjerte ark som eg hadde fått på ein konferanse ein gong. Ho satt heilt stille og jobba i nesten 30 minuttar før ho sendte dette fram til oss:
Fleire sider tettskrivne med bokstavar. "Eg skriver" Ja, jammen gjør du det! Dette er det flottaste brevet eg har sett på fleire år! Hatten av for konsentrasjonen og utholdenheten som er kreva for å lage dette!

lørdag 19. juli 2014

Nintendolykke

Nintendolykke er også delt lykke med bestekompisen!
Åjada! Nintendolykke! Vi er i publiserande stund på sommarferie, og skal eg ut på tur lagar eg lister over det eg må ha med. Som nummer ein eller to på den lista står nintendo. Den er ikkje min, men happy kids, happy mom. (Eller var det happy wife, happy life?)

Storebror fikk Nintendo DS jula 2012 saman med eitt spel, Super Mario. Sommaren i fjor, altså 2013, kjøpte eg eit piratspel til han. No i vår har han oppdaga at ein kan låne spel på biblioteket, og da har han lånt samme spel igjen og igjen - Super Mario Party.

Etter at mannen var ferdig med etterutdanninga hadde han nokre kvelder på dataen der han snubla over fleire flotte finn funn (fnis, funny). Deriblant 15 spel til Nintendo DS for den nette sum av kr.500,-! Det er eit røverkjøp! Storebror fikk vere med å hente de, og var blitt fortalt at vi skulle kjøpe Mario Party; noko han var overlykkleg for! Du kan tru han gjorde stora auger da han fikk sjå bunken med spel! Alle var 3-årsspel; og klare til bruk! Han har ikkje prøvd alle - langt ifrå!

Heime har han lov å spele nintendo, nettbrett eller data mellom kl.19:00 og 19:30. På sommarferie får han spele litt meir, til og med i bilen når det begynner å røyne på. Stas! :)

fredag 18. juli 2014

Jenta på Klippen

Sommar er lesetid - og eg foretrekker lett litteratur. Også fordi eg blir litt sarkastisk på heile genren, og blir veldig klar for nokre av de litt "tyngre" bøkene eg har liggande.

"Jenta på klippen" er ei god sommarbok. Gamle familiehemmeligheter, triste skjebner, og ein litt overraskande slutt. Kan vi be om meir?

Ja. Ein god stol, sol og ro til å lese :)

torsdag 17. juli 2014

Gratulerer med dagen!

Gratulerer med dagen snille, morsomme, gode, tullete, fasinerande, vakre, omsorgsfulle, nydlege lillesøster!

Mamma, pappa, storebror og Puste er framleis like forelska i deg som vi var da vi såg deg for 4 år sidan; om ikkje meir. Vi elsker deg til månen og tilbake. Hundretusener av gongar.

onsdag 16. juli 2014

Hos tante og onkel i Jostedalen

Medan eg var på topptur var mann og barn hos lillesøster/svoger/tante/onkel i Jostedalen. Eg kom dit på søndagen eg også - også var vi der nokre dagar. Tante hadde nett klekka ut 10 kyllingar (eller nett og nett - no var de rundt 8 veker). Ein vart klemt ihjel i døra, så når vi var der var det 9 igjen. Og ein viktig regel å lukke opp døra FORSIKTIG! Storebror elska å vere inne hos kyllingane, og vi såg at de voks litt kvar dag!

 Flotte og høge fjell på begge sider at den smale dalen - heilt utruleg! Og veldig flott!
 Storebror var masse ute i fjøsen hos kyllingane. Her gjer han de brødskive. Etterkvart fann vi ut kven som var høner og kven som var haner - utifrå størrelsen på kammen på hovudet. Der var det stor forskjell!
 Tante holdt på å henge opp rugekasser. De begynner å lage egg når de er rundt 17-18 veker sa ho, men ho ville at alt skulle vere klart slik at de kunne øve seg. Planken til venstre skulle opp slik at de kunne gå opp sjølve.

 Storebror fikk vere med onkel å jobbe med traktor. Dette er restar frå orkanen som var romjula 2011, hogga ned og klargjort til vedsalg. Dette var kult å vere med på - og kult å sjå på! Vi er mektig imponerte!

 Mykje vatn desse dagane! Det hadde regna ein del, og det var mykje vatn i alle elver! Fossane bråka mykje! De som bur der høyrte det knapt, men vi som var på besøk høyrte på suset når vi var ute. Heldigvis var det fin temperatur, så vi var ute nesten heile tida.
Dagen før vi reiste fikk kyllingane gå ut for første gong. Det var veldig kjekt å vere med på! De vart først litt stille før de spankulerte rundt og kosa seg. Nokon ville nesten ikkje gå inn igjen! Tenk - neste gong vi er der kan vi spasere ut å hente inn egg! Det er luksus det!

tirsdag 15. juli 2014

Galdhøpiggen - frå Juvasshytta

Laurdag 5.juli gjekk eg, mamma og pappa opp på Galdhøpiggen (2469 moh) frå Juvasshytta (1841 moh).
 Vi var mange som gjekk frå Juvasshytta, mellom 100 og 150 vil eg tru. Her står vi og får utdelt seler som vi skal bruke når vi krysser breen. Turen er delt i tre; først fram til Styggebreen, så over den i tau, også siste delen opp mot toppen. De reknar rundt 3,5 timar opp.
 Her ser vi litt av vegen vi gjekk frå hytta. Galdhøpiggen er den toppen du skimtar til venstre for varden midt i biletet. Været var flott - enn så lenge.
I lengde gjekk vi 5,3 km kvar veg. Før vi kom til Styggebreen var det fleire snødekte områder vi gjekk over. Det var enten steinrøys eller snø; så de fleste gjekk etter kvarandre - og holdt godt auge med kvar vi satte beina. Det hadde vore dumt å vrikke foten akkurat her!
 Etter ein time var vi oppe ved Styggebreen. Der tok det tid å få klar alle tauene, så her vart det ei god pause. Nokon andre gjekk før oss - her kan ein sjå eit lag heilt øverst ved foten av fjellet, og eit som nett har starta. Vi gjekk samme veg.
 Tauene begynner å bli klare. Flotte Galdhøpiggen i sol i bakgrunnen!
 Tid for mat! Eg hadde baka enegribarer, og KvikkLunch er vel obligatorisk :)
Sidan eg hadde med det store speilreflekskameraet tok eg ingen bileter da vi gjekk over breen. Det tok ca.45 minutter før vi var over på andre sida. No var det blitt tåkete - og vi måtte gå samla også denne etappen. Vanlegvis slepper ein "fri" her, og kan gå som ein vil. På høgre side på biletet er det stort stup. Her blåste det også kraftig, med skikkelige kast som liksom heiv meg mot stupet. Det var fleire snødekte områder også her; ganske morken snø som ein tar eit steg i, for så å ski eit halvt tilbake. Eg fann ein breførar og la meg på hjul i hælane hans de siste 20 minuttane. Eg ville IKKJE gå meg vill! Denne delen vart ganske tøff sidan det blåste slik, rett i mot eller i sida slik at eg nesten datt mot stupet; i tillegg til våt snø. Men så plutselig dukka hytta opp frå tåka - og eg var oppe på toppen!!
 Her er toppen - og utsikta! Eg var ikkje skuffa over at eg ikkje såg noko; kom igjen! Eg var på nord-europa sitt høgaste fjell - korleis kan ein vere skuffa?? I ettertid har eg sett bileter i klarvær - og det er magisk, men eg skal nok tilbake :)
Her ser eg ned til hytta. Så tåkete var det. Eg hadde brukt 3 timar opp, innkludert pauser før og etter breen.
 Det blåste godt på toppen. Eg satte meg etterkvart ned og venta på at mamma og pappa skulle komme fram frå tåka. Etter at de var komt opp åt vi litt lunch, gjekk opp på toppen igjen, handla litt inne i hytta - også begynte folk å bevege seg nedover igjen. Vi heiv oss på - vi vart fort kalde! Det var kjempegøy å skli ned på snøen, og turen tilbake over Styggebreen gjekk radig! Vi brukte kun 2 timar på tilbakevegen.
Etter ein deilig dusj og tid til å ligge på senga å lese, gjekk vi ned i resturanten for å spise buffet med mykje nydleg tradisjonell norsk mat. Rømmegraut til forret og berre luksus! No var det skina opp igjen, og Galdhøpiggen kom fram.
 Frukt, ost og vanilje panna cotta til dessert. Vi vart stappmette og fornøyde!
 Utsikt over nokon av de flotte fjella i Jotunheimen. Heilt fantastisk!
Vi hadde to netter på Juvasshytta, så søndag reiste vi igjen. Eg skal absolutt gå denne turen på nytt, og da skal mann og barn vere med. Med sine 604 høgdemeter er det ikkje ein altfor tøff tur, men underlaget var utfordrande, og eg såg mange slitne unger og ungdommer på veg opp. Eg var SÅ GLAD for at eg gjekk utan barn, og KJEMPEGLAD for at eg har så spreke foreldre at de ville vere med! Dette var nemleg julegåva frå meg til dei i fjor. Spørs om eg klarer å toppe den i år! ;)

mandag 14. juli 2014

Kinn

I juni var vi i Florø for å få med oss Kinnaspelet og besøke familie. Kinnaspelet markerte i år 30 år - hatten av! Eg har sett Kinnaspelet mange gonger som barn og ungdom, og sist gong sidan 1998 i fjor saman med eigne barn og familie. Mannen var ikkje med i fjor, og storebror likte det så godt at han sa at "pappa må vere med til neste år". Gode ord blir lov, så i år reiste vi alle saman.

Vi tok ein av de tidlege båtane ut til øya i havgapet. Det første spelet begynner kl.13:00, og vi ville gå rundt øya først.
For eit fantastisk vær det var! Nokon stader blåste det friskt, medan andre stader var lune og varme. Køyr idyllisk bildeserie frå vestlandet:








Lunchpause med pannekakemaking på stormkjøkken og kaffe i KFUK/KFUM-kopp frå speidertida.


Majestetiske Kinnaklova.
Kinnaspelet i strålande sol og mykje kald vind. Vi satt godt oppe i det naturlege amfiet med formidabel utsikt over den gamle kyrkja frå mellom 1000- og 1100-talet. Jammen er vi heldige som får oppleve dette igjen og igjen!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...