torsdag 30. juli 2015

Knott!

I Danmark fann eg knotten eg i månadar leita etter i samanheng med at eg malte dørene på skapet vi har i hallen! Sjå innlegget om det, og den gamle knotten, her.
På eit kjøpesenter vi gjekk innom på køyreturen nordover mot båten som skulle ta oss heim igjen snubla eg over ein butikk som hadde alt av nydlege ting - klær, kjøkkenutstyr, vaser, skåler - ahhhhh! Eg kunne gått av hengslene, men mannen var litt lei av å shoppe, og ungane var litt urolege, så eg fikk ikkje handla så masse som eg skulle ønske. Men noko fikk eg med meg, mellom anna denne:
- også i ein sånn flott boks da!
Også prisen! 25 DKR - det er jo gitt vekk! Det oser eksklusivitet, men koster slikk og ingenting. Det kan eg digge!
Helledussen kor lekkert! #seringenforskjell
I dag tok eg vekk den heimepynta knotten og skrudde på  den som eg DIGGAR og skulle ønske eg kunne ha som klokke. Sikkert ingen som legger merke til den, men den fungerer som berre det - og er griselekker!
Oooooog: LYKKE

mandag 27. juli 2015

Vin i solnedgang

Siste kveld på hytta! Vi har rydda alt, så i morgon etter frukost skal vi berre vaske oss ut før vi tar fatt på det som sikkert blir sommarens siste sprell 😊
Current view

Hyttepuls

Det kan vere det er det faktum at det ikkje er noko ein må gjøre. Ingen klesvask, skaprydding, brødbakst, veggmaling, dovask, sortering, sosiale ansvar. Det er berre hytte, fjell, skog, mann og barn.
 Masse tid til lange samtaler. Masse tid til å lese ute i finværet. Masse tid til svaret "ja, det kan vi gjøre no." Nok tid.
 Tid til å vente på at vatnet skal koke slik at ein kan vaske opp. Lat nok til å lage ein slik kveldsmat fordi ein ikkje gidder å vaske opp meir akkurat i dag.
Spise kveldsmat med denne utsikta er rett på alle måtar! Også raudvin med mannen til solnedgang. Godt vi har enda ein slik dag i morgon!

lørdag 25. juli 2015

- og enda var ikkje sommarferien over

I stadenfor å vere heime og klø i fingrane etter å kjøpe maling og nye kjøkkenstolar til det snart ferdigoppussa kjøkkenet vårt køyrte vi i dag til Utviksfjellet der mamma og pappa si hytte akkurat no står ledig.

Vi var her nokre fantastiske dagar i nærmare 30 varmegrader i fjor, så både vi og ungane har gode minner herfrå! I dag er det også sol! Vi har spist middag i solveggen, og to av fire måtte kle av seg fordi det var for varmt!

Solnedgangsbileter frå 2014. Tenkjer det blir minst like bra i kveld sjølv om vi nok må ha på meir klær.
5 minutter seinare

torsdag 23. juli 2015

Krabbespotting!

I dag var det meldt betre vær i vest enn her i Bergen, så etter frukost satte vi oss i bilen og køyrte til Øygarden.
 Vi har vore på denne stranda ein gong før og fiska krabber. Det er så mange krabber der at vi kaller det for "krabbeplassen", men det heiter Ormhillaren :)
 Det er best når det er fjære, og her er det ein slags dam som ikkje er i kontakt med havet når det er fjære. Varmare enn havet, og framleis fult av krabber!
 Vi åt lunch på piknikteppet vårt, og sjølv om det var sol var det godt med kakao - ikkje heilt 2014temperarturar!
 Det viste seg at krabbane var mest frampå mår vi hadde blåskjell på kroken!


 Det gøyaste var å lokke de store fram frå under steinane og la de spise, eller aller helst krangle om maten!
I heile tre timar var vi der, og når folke begynte å komme med grillar måtte vi gå; vi hadde ikkje pakka med oss middag. Tilbake i byn var det mindre sol, men framleis opplett, så mannen klipper plen og eg skal snart på joggetur. Ungane? De er happy, og da er alle happy!

tirsdag 21. juli 2015

Heime!

I dag kom vi heim til Bergen, og har brukt dagen her på å rydde ut frå bilen. Heldigvis prioriterte vi å rydde huset før vi reiste, så alt var på stell; i alle fall før vi kom inn dørene :)

Nokre små glimt frå ferien med mobilbileter som får ligge her til eg får høve til å jobbe med fotoapparatbileta.
 Vi hadde bestilt lugar med havutsikt begge vegar. Båtane mellom Bergen og Hirtshals er nye og fine, og det er litt luksus med vindauge! Vi hadde utsikt inn mot kysten begge vegar. Gode senger hadde de også! Usmakleg dyrt, men roleg og fint!
 Vi køyrte direkte frå Hirtshals til Billund der vi hadde leigd hytte på Legoland din campingplass. Vi hadde to dagar i Legoland i mykje isklald vind og regn. Det positive er at det var veldig lite kø på karusellane, så vi fikk gjøre alt så mange gongar vi ville!
 Lilesøster kunne ikkje ta de to største berg- og dalbanene, så vi to gjorde andre ting saman innimellom. Stilige legobygg var det over alt!!
 Etter Billund reiste vi sørover til Flovt Strand der vi hadde leigd eit fantastisk feriehus for ei veke! Her nyter vi kvitvin og solnedgang frå terassen.
 Vi køyrte til Tyskland på grenseshopping ein dag.
 Eg og mannen er enige om at denne turen har det vore mest shopping ever! Men vi har kjøpt mykje bra da!
 Lillesøster var uheldig og fikk ei stor flis i foten som ho nekta å la oss ta ut! Vi ringte til legen, men de hadde stengt for dagen. Neste dag var ho skikkelig hoven, men først å ettermiddag fikk vi tatt den ut. Stae, stae unge!
 Til slutt hadde vi to netter på hotell i Ålborg. Vi åt herleg amerikansk middag på restaurant oppkalla etter eit av mine favorittTVshow of all times! Happy days!
 På måndag sjekka vi ut og køyrte 40 minutter austover til Løkken og stranda der. Ungane bada i bølgene, nydleg!

 Båten gjekk frå Hirtshals kl.19.30, og vi hadde tid til å sjå oss litt rundt før vi måtte sjekke inn. Hirtshals er ein roleg og sjarmerande by, og vi nøyt solstrålane sidan vi viste at heime var det regn.
 Vi sov som steinar på båten i natt, og etter frukostbuffet var vi heldige å få eit bord ved vindauget framme i båten. ReiseJuniorAlias er flott på tur!
 Vi var framme i regnfulle Bergen kl.12.30.
 Eg tømte veska mi - er det rart at eg ikkje fann noko oppi der på slutten? ?
Og som det hadde regna her da! Regnmålaren vår var full! Og ripsbæra var ikkje ein gong begynt å rødme...

søndag 19. juli 2015

Blomst


Å leve er ikke nok. Solskinn, frihet og en liten blomst må man ha.                     H.C.Andersen

lørdag 18. juli 2015

Barnehagebursdag

Lillesøster går i ein sukkerfri barnehage, så når vi lagar mat som ho skal ha med seg på bursdagsfeiring må det vere sukkerfritt. Det fine er at ungane er så vandt med det at vi trenger ikkje å minne de på det når de skal velgje kva de vil ha med seg. Slik har de lært seg å assosiere bursdagsmat (i barnehagen) med frukt, pølser i brød eller fiskekaker. Heilt supert!
Når ein skal feire ein femåring er det jo hjelp å få også! Lillesøster ville ha fruktspyd med jordbær, melon og druer. Vi fikk faktisk tak i norske jordbær, så de var ekstra gode!
Det positive med å ha eit fellesferiebarn er at alt ikkje kjem samtidig. Når storebror har bursdag er det klargjering av mat til skulen, bursdagsfest for venner og bursdagsfest for familie iløpet av få dagar. Når lillesøster har bursdag i juli er det først bursdagsfest for venner først, så etter ei veke, eller når det passar, avtaler vi bursdagsfest i barnehagen med fruktspyd, krone og stas, også er det den ekte bursdagen hennes i juli - noko som i år betyr at familie kjem ein gong i august. Halvanna månad i utstrekning - det er ikkje rart ho blir forvirra på når ho eigentlig har bursdag!

fredag 17. juli 2015

Bursdagsbarn

I dag feirer vi favorittfemåringen vår med raude pøler og hurrarop i Danmark! Denne dagen har ho venta på i månadsvis, og endelig har ho blitt fem år - ei heil hand! Denne jenta er fantastisk på alle måter!
Eg har meir avslappa planar for dagen enn for 5 år sidan. Ingen rier i dag, men forhåpentligvis eit bad :) Utan samanlikning forøvrig. Gratulerer med dagen lillesøster! Vi elsker deg hundretusen ganger!

torsdag 16. juli 2015

Solnedgang

Sjå denne flotte solnedgangen som var i slutten av juni! Du ser huset vårt til høgre, her står eg på verandaen vår og tar bilete. Magisk!

onsdag 15. juli 2015

Restesushi

Vi hadde igjen nokre restar etter at eg vann ein pakke med sushi-utstyr frå godfisk. Sushi er godt det altså, men eg synas det er minst dobbelt så masse ris som det trenger å vere, i tillegg til at det ikkje smaker så masse av fisken. No har eg ikkje spist så veldig mykje sushi, men dette er i alle fall utgangspunktet - så da eg ville bruke opp restane mekka eg mine eigne versjonar :)
Eg kokte opp sushiris og lagde nori slik at eg også fikk bruke opp sjøgrasarkene. Inni rullane la eg agurk, paprika, tørka aprikos og reker eller steikt, kald kylling. Riktig så godt, men framleis for mykje ris ;)
Restefat til kveldskosen. Saman med nori serverte eg chillisaus og soyasaus til dypping, restar av couscoussalat, sylta ingefær (NAM!), siste rest av aprikos og peanøtter. Mmmm!

tirsdag 14. juli 2015

Klippe sa kjerringa

Det går nesten frå ein dag til den neste. Frå dagen der eg synas at det lange håret er heilt i orden, til eg kjenner at NO MÅ DET VEKK!
Halvhjerta Elsaflette
Med nokre små hint av really-bad-hair-day, så er eg der. Det er da eg ringer til frisøren og ber om tidlegst mogleg time! "Eg har langt hår, og eg vil ha det kort!" Denne dagen kom i vår, men sidan vi skulle i bryllup i juni venta eg. Vi skal i eit anna bryllup i august, men eg orka berre ikkje å ha langt hår heile sommaren, så da får det berre vere. På bryllupet i juni hadde eg donut; klassisk og fint. I august får eg vere sommarleg på håret istadenfor!
Plutseleg fikk eg masse hår!
Eg har ein fast frisør (om ein kan kalle det for det når ein klipper seg kvart skuddår), og da eg satte meg ned i stolen kom eg på at ho var gravid sist eg var der. "Korleis går det med babyen din?" "??? Denne? Det går fint, men eg har fått ein til sidan du var her sist. Han som eg fikk da er tre år. Også har eg fått ei som no er 10 mnd." Da er det lenge sidan sist klipp altså!
Titt-titt!
No nyter eg kort hår! Synas ikkje de kvite hårstråa viser så godt no som eg ikkje har det i strikk heile tida - vinn-vinn!

mandag 13. juli 2015

Fuglekasser

Av noko resteplankar vi hadde liggande bygde storebror og mannen fuglekasser i vår! Ein til storebror og ein til lillesøster! De fikk sjølve velgje farge - frå restemaling vi har liggande - og ein kan jo lett sjå kva fargeskalaen er heime hos oss:
Vi har maling i blått, grønt og rosa også, men det vart dette. Hullene er spesiallaga for kjøttmeis, 3.2 cm i diameter.
På veg til å spikre de opp
Vi ville spikre de opp på eigendommen vår, men sidan vi ikkje har nokre trær vart det på baksida av garasja. Vi fulgte nøye med, og ikkje lenge etter såg vi at det var komt mange kjøttmeisar i hagen og over alt!
Mannen spotta til og med ein kjøttmeis som stod på taket til storebror sin kasse, men den gjekk ikkje inn. Vi har sjekka nokre gongar etterpå, men det ser ikkje ut som om vi har fått nye naboar i år. Kanskje er kassene for nært bakken?
Lillesøster legger stein oppå taket slik at det held seg nede.
Storebror særleg er litt lei for at det ikkje har flytta inn nokon, men vi vurderer om vi skal ta de med til skogs og heller spikre de opp der. Sjølv om det er mange fuglar rundt oss held de seg kanskje meir i skogen når de legger egg. Firestjerners fuglekasser ledige - vi får prøve ut ny lokasjon neste vår!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...