mandag 1. august 2016

Ullbryllupsdag

I dag, 1.august, er det 7 år sidan eg og mannen gifta oss! Og om ei drøy veke er det 14 år sidan vi traff kvarandre. Half n' halv altså!
Teikninga lagde lillesøster i mai, også fortalte ho at det var "deg og pappa da dere giftet dere". Fine er vi i alle fall!

I helga hadde vi eit døgn på Soltrand Hotell med mange timar i badeanlegget, nydleg treretters middag på kvelden og masse tid til berre oss to! Det er megaluksus - særleg på tampen av fire vekers familieferie!
 Frå rommet hadde vi utsikt ned mot bassengene. Heldigvis var det litt halvvegs lydtett i døra slik at vi ikkje vokna av ungane som var på plass der når bassenget opna klokka 07 søndags morgon ;)


Nydlege tepper overalt!
 Her kan ein sjå utandørsbassenget til venstre. Det er heilt magisk! Her var vi masse!! Varmt og herleg! Rommet vårt var øverst i den gule rekka.


 Søndags morgon starta med frukost slik alle frukoster burde vere! Hotellmat altså - det digger vi!
 Vi sjekka ut og hadde oss nesten to timar i bassengene før vi køyrte heim igjen. Solstrand ligger kun 45 minutter unna heime, noko som er supert sidan vi slepper å bruke så masse tid på å transportere oss. Med bryllupsdagen alt feira er i dag, den ekte dagen, kun vanleg kvardag. Den første denne hausten. Men vi har hatt ein deilig ferie og er klare!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...