tirsdag 31. desember 2013

Takk for gode minner!


Siste dagen av 2013! Året vi trudde skulle vere plankekøyr frå dag ein! Det har det nesten vore også - ingen store hendelser eigentlig. I åra tidlegare har det vore baby, huskjøp eller bryllup. 2,2 og 1. I 2013 har mannen skifta jobb, og eg har fått fast stilling. Vi har pussa opp og oppgradert huset vårt.
Vi har vore på utallige turar i fjell og mark - både på beina, sykkel og litt på ski :) Det har vore eit fantastisk turår for oss! Vi gler oss alt til våren kjem og vi kan komme oss ut litt meir!
Tusen takk for alle gode minner 2013! Takk for at vi har familie, vennar, jobb og god helse. Hus, hage, bil som fungerar, ein fin og sær katt, hygglege naboar og postkasse like ved garasja vår (postkassa har blitt flytta nærmare oss iløpet av 2013, noko vi set VELDIG pris på!). Takk for at vi svømmer i rips, for at trampolina ikkje vart for ødelagt da den trilla ned frå hagen i april, og takk for at brannen som starta inni steikeomnen slokna av seg sjølv.

Velkommen 2014! Vi ser fram til å fylle det nye året med nye gode minner!

GODT NYTT ÅR!

mandag 30. desember 2013

Sjokoladeskei

NAM!
Eg og mannen har julekalender med gåver annankvar dag. Denne fikk eg på ein av mine dagar - ei treskei med masse mørk sjokolade som skulle smeltast i 2 dl H-mjølk. Du må tru det var HIMMELSK!! Eg har sett på desse i butikken og lurt på kva det var og kvifor det var så veldig dyrt. Men NAM NAM NAM! Anbefalast!!

søndag 29. desember 2013

Faddergåve

Lillesøster har verkleg blitt ein racer med småperler i haust, og kjem nesten dagleg heim med perlekunst frå barnehagen. Dette vart årets julegåve til fadderane hennes. Perlekunst i fargerike rammer (med flekker frå skitne barnehender) :)

Flinke lillesøster!

lørdag 28. desember 2013

Pepperkakestall

I desember lagde vi vårt eige Pepperkakehus. Planen var å lage ei kyrkje, men etter at de fann fram julekrybba i barnehagen til ungane ville storebror at vi skulle lage pepperkakestall med Jesusbarnet og alt som høyrer til.
Ein stor engel vart sjølvsagt laga. "Fordi Gud trengte ikkje å vere der sidan han sendte engelen sin i staden" seier Storebror. Engelen har eg pynta :) Natt til 18.desember dalte den ned i skjul, da knuste den litt mot golvet og knakk av berre lysene som eg hadde festa på vingene.
Inne i stallen ligger Jesusbarnet (ein raud seigmann) med hovudet på ei pute (ein svart nonstop). Utanfor er det eit fortrau med ein liten hest (eller eselet latar vi som om det er. Den som har bært Maria heile vegen til Betlehem.) som bader oppi ein haug med gras (grønne nonstop).
Josef er så stolt at han har stupt oppi krybba der Jesus ligger. Maria står ved sidan av og ser framleis gravid ut med ein orange nonstop på magen. Kven den raude seigmannen som henger fast på krybba er veit vi ikkje. Mest sannsynelg ein av de vise menn.

fredag 27. desember 2013

Mariusvest

Gåve til ein kjekkas!
Eg har alltid vore glad i Mariusmønsteret! I fjord strikka eg Mariuskjole til lillesøster, og eg var så heldig at svigerinna mi strikka Mariusgensar til meg. Ho strikka også Mariusdukketeppe til lillesøster, og i haust strikka eg Mariusvest til yngste son til broren min. Denne var enkel som startprosjekt på Mariusmønster - lite mønster, men nok til at ein kjenner det igjen. Også sjølvsagt de rette Mariusfargane da!
Denne fikk mitt yngste tantebarn til eittårsdagen. Den passar nok ikkje lenge, det gjør aldri klær til småttingar - men det var eit kosleg prosjekt å dille med medan eg lurte på om eg kanskje skulle prøve meg på noko til meg sjølv ein gong? Vi får sjå :)

Oppskrifta fann eg her.




torsdag 26. desember 2013

Armbånd

Min lille skattekiste!
Etter at eg hadde strikka prinsessekroner fann eg ei nettside ser det stod korleis ein kunne lage perlearmbånd. Eg kjøpte inn ulike perler med tanke på mottakaren, strikk frå Søstrene Grene og satte i gang.
Eg er ikkje så veldig dillete - heller ikkje perfeksjonist - så eg trur nok at armbåndene kunne ha blitt jamnare. Men de er jo heimelaga - av meg - så da vart de litt heimelaga også :)
Sjølvsagt, med ein gong ein leggjer de i ein fin pose ser de litt eksklusive ut ;)
Kosleg med noko lite heimelaga å gje vekk i gåver til flotte svigerinner og flotte venninner!

onsdag 25. desember 2013

Prinsessekroner

Girlygirls!
Før eg fikk barn fann eg oppskrift på strikka kroner i eit blad. Den lille lappen vart klipt ut og tatt vare på, og eg har strikka fleire av desse til eigne barn. Tidleg i haust bestemte eg at eg skulle bruke litt av restegarnet eg har liggande, og strikke prinsessekroner til alle tantebarna og de små venninnene våre. 7 kroner seinare - alle i rosa, lille eller raud med åtte taggar.
7 små prinsesser mellom 6 og 2 år har fått slike under juletreet i går. Ein kveld på ei krone. Mykje gode tankar til jentene som skal bruke de - håper de falt i smak :)


tirsdag 24. desember 2013

GOD JUL!

Endelig er dagen her!
Nissen kom i natt og la igjen gåver til ungane som de får opne på morgonkvisten. Ellers er det fult av gåver til seks spente mennesker under treet! Medan vi voksne synas at dagen flyr avstad synas særleg storebror at det går usedvanleg treigt!
Vi skal ha oss ein tur i kyrkja. Vi skal la lukta av pinnekjøtt fylle huset! Storebror skal sjefe 100%& over riskremen! Vi skal høyre på julemusikken vår for 378 gong dette året og vi skal pynte oss KUN for å vere heime i vårt eige hus!
Fordi no er det ENDELIG jul!
Våre 7 slag i år, kakemenn, pepperkake, syltetøykaker, kransekake, jasminstenger og marsipanrullar, sjakkruter.

GOD JUL ALLE SAMAN!

mandag 23. desember 2013

Julesnop


Ein superenkel julesnop lagar du slik:

Hell gode og tørre ting i ein bolle. Eg brukte sjokoladepuff, sjokoladebjørneføtter (frukostblanding), minimarshmallows og knuste polkastenger. Smelt 200 g mørk sjokolade og 100 g nougat. Rør dette saman med småsakene og spre det heile utover ei smurt langpanne. La det stå kaldt til det er stivt og brekk av deler. Oppbevarast i kjøleskapet. Kjempegodt og superenkelt!

Til neste år vil eg prøve meg på dette!

søndag 22. desember 2013

Gløggoppdatering

Gløgg er JUL! Mine to favorittglass med gløgg har eg fått i Bergen. Den eine fikk eg overraskande i pausa på ein julekonsert eg var på med studentkoret "Sirenene" i 2002. Det andre fikk eg i taxikø i desember 2007. Gløgg smaker godt!!

Vi serverte gløgg til eit av julebesøkene vi hadde i desember, da i oppdatert versjon som eg fann i eit blad. Vi var kun fire voksne, og ungane våre drikker ikkje gløgg, så vi lagde kun halv oppskrift.

Nam, nam! Det lukta så godt i heile huset! Appelsin, kanelstenger og nellik - det blir ikkje meir jul enn det!!
I dag rydder vi ut av huset! De siste vekene har eg laga fulle poser med for små klær, leiker som ikkje blir leikt med lengre, barnebøker som ingen ser i og anna rot som berre ligger rundt og blir flytta på. I dag hiver vi alt i bilen og leverer på ulike stader, klesinnsamling, elektrisk avfall, batteriavfall, leiker, glass og metall. Det føles GODT!!

lørdag 21. desember 2013

Pepperkakehus til Pepperkakebyen

Vi er i gang med baking til Pepperkakebyen - i november!
I år som i fjord bakte mannen og ungane eit byggverk til Pepperkakebyen i Bergen (som i år var verdens største!). Storebror hadde bestemt at de skulle lage Brannstasjon, og mannen hadde googla og funne ut at de skulle bake Brannstasjonen i Pontypandy. Brannman Sam sin arbeidsplass altså :)
Her limer vi. Det som er greit med det som skal til Pepperkakebyen er at ein kan jukse på monteringa - det er ingen som skal spise det likevel:) Inni har mannen satt gamle avkappa stolbein slik at brannstasjonen skulle holde betre.
Som i fjord var vi gnitne på snopen - men rause med melisglasuren! Vi lagde også eit skilt der det stod kven som hadde laga det. Eg synas det vart veldig fint - mannen er berre eit funn på arbeidsteikningar! For ein som ikkje har snøring på 3D-vurdering er dette veldig imponerande!
Når ein leverer til Pepperkakebyen får ein to gratisbilletter. Vi var der ein laurdag i desember og leita og leita og leita! Vi hadde nesten gitt opp da mannen fann igjen brannstasjonen oppi ein fjellandsby. Her gjekk toget rett forann, så det var ganske fint! Ser de brannstasjonen rett bak toget? Med ein brannmann i pepperkake på taket?
Like ved eit bolighus, ei kyrkje og ei borg. Ein liten landsby med ein knakandes flott brannstasjon!
Slik såg det ut frå vegen der vi kunne gå. Ikkje lett å sjå - men ein veldig stemningsfull del av Pepperkakebyen.

Neste år skal vi bygge båt. Da blir de satt på "vatnet" som er nærmare gangvegen i byen slik at vi lettare kan finne det etterpå!


fredag 20. desember 2013

Litt av ein morgon

Enkelte morgonar altså. Heldigvis er det langt mellom de. De morgonane der det meste går på tverke. Eg skulle ekstra tidleg opp i dag (til tross for ein del øl saman med venninner i går kveld), men vart vekt 30 minutter før klokka skulle ringe av lillesøster (som dei siste vekene kjem fast opp i senga til oss iløpet av natta) som datt utav senga og slo seg. HYL OG SKRIK OG EG VIL BAJE HA PAPPAAAAA!!! er den verste måten å vokne på trur eg! Billig triks å vifte med mobilen for å få ho til å slutte, men desperate times calls for desperate measures. Vi var med andre ord både påkledd og vokne 15 minutter før handverkaren skulle komme, men da ringte de i staden for å fortelje at de kom til å bli forsinka. Så mykje for den avtalen.
Come fly with me - lets fly lets fly away!
Da vekte vi storebror, og midt i ein god samtale med han på badet (om krig og arbeidsledighet. Vi leiker ikkje barneoppdragelse..;)) kom det eit dunk og eit hyl frå stua. Da hadde lillesøster gått på tryne ned frå stolen og fått ein skikkelig Donaldkul. Heldigvis var det ikkje noko som eit Hello Kitty-plaster ikkje kunne fikse med umiddelbar virkning. Eg la nisteboksane i sekkane samtidig som eg var på kjøkkenet med plaserarbeid, noko som førte til at storebror valgte å få dånedippen totalt fordi DET VILLE EG GJØRE! UÆÆÆÆÆÆÆÆ!!!! Defor lot eg han gå ut i boblejakke framfor regnjakke som han eigentlig trengte i pissregnet. Ein vel jo sine kampar.
Min favorittponny som lillesøster no har arva. Går det ann å bli skjønnare?
Bossbilen kom akkurat idet vi gjekk ut, så da måtte storebror stå å sjå på den og bli klissvåt i jakka si. Tydlegvis gjekk det ikkje ann å sjå noko frå inni garasja (JO DET GJØR DET!) Vel inne i bilen trudde eg først nokon hadde spydd, men så kjente eg igjen lukta. Kattedrit! KVEN HAR TRAKKA I PUSTE SIN BÆSJ? Joda, det var lillesøster. Godt innklistra i vinterskoene med djupe spor i sålane. Møkk og drit. Den som måtte stå i regnværet (med regnjakka, men likevel) å prøve å tørke av kattedritt med stein, hekk og gras var meg. På det tidspunktet satte eg pris på å få vere i fred.

Vel framme på jobb viste det seg at ikkje heile verda har tulla seg inn i juleharmoni. Det er framleis nokon som vel å klage på utført arbeid. Også det rett før jul da! Huff :(

Godt det er juleferie no. Og fredag. Mannen må på noko skuleopplegg i ettermiddag, men når kvelden kjem skal det vere ro og fred og julefilm! DET trenger eg vi!

torsdag 19. desember 2013

Framtidsdraumar

Blir lillesøster ein type kunstnar er eg ikkje det spor overraska!
I går gjekk vi til barnehagen, og eg spør lillesøster

"Kva vil du bli når du blir stor?"

"Eg skal få puppar! Store puppar!"

Ah - min datter. Glamormodellen.

onsdag 18. desember 2013

Ein god dag på jobb

Bileter frå Fotballcuppen i helga. Storebror i fotballdrakt, store guten!
I jobben min treffer eg mange flotte mennesker! Av og til treffer eg mennesker som heile Noreg synas er flotte, og det er jo ekstra kjekt! I dag skal eg ha eit møte med ein slik ein. (Her må eg skyte inn at eg for eit halvt år sidan hadde møte med ein kar som tydlegvis er Noregskjent, men dårleg med navn og ansikt som eg er hugsa eg han ikkje. Han vart litt satt ut da eg spurte han "Åja, så du er eigentlig skodespelar?" og kollegaen min prøvde å skli ned under bordet, og eg begynte å lure på kva som var galt. Ja, han er ein av de største skodespelarane vi har, men - ja. Der dumma eg meg ut!)

Eg veit ikkje om heile Noreg synes han er flott i dag, men det var i alle fall fleire som synas det da han var på topp på 90-talet. Og da var eg SÅ FORELSKA i han! Eg hugsa eg høyrte på musikken hans og hadde plakatar av han på rommet. Han var i bladet "Topp" og på ungdomsprogrammene på TV. Åh hjerte!! Er eg nervøs før møtet? Nei - men det er jo rart! Eg håper eg framleis har gode tankar om han etter at møtet er over for å seie det slik ;)
Ei tolmodig lita sjel eit stykke ut i fotballkamp nummer tre.
Etter o'store kjendisfest på kontoret blir det ein anna fest - julebord! Og no tenkjer eg at eg burde ha hatt bileter som har noko med saken å gjere på dette innlegget, men eg har dessverre ikkje det.
Finaste!
I morgon skal eg også på "julebord" - den gongen saman med gode venninner i byn, det blir kjekt! Fredags morgon er eg nok trøtt! Heldigvis (eller uheldigvis) må eg vere påkledd og høffleg klokka 07:30. Da kjem det ein for å fikse noko på badet vårt.
Storebror fikk stå i mål i siste kampen - stas!
Og tenk da - kun få timar etterpå er det juleferie! Er det ikkje fantastisk!??!!

tirsdag 17. desember 2013

Ingen mor ingen jul?


 I dag står det på forsida av BA "Ny doktorgradsstudie viser: Mor får for lite skryt for juleinnsatsen!" Eg blir alltid irritert når eg leser slike påståelege "sannheter" og blar sint opp på side 4 og 5 medan eg freser til kollegaene mine, "BA altså! Eg blir så irritert! De bygger opp under kvinners oppfattning av noko de heilt sikkert kan gjøre noko med, og tenkjer vi ikkje noko om akkurat dette så begynner vi å gjøre det no, for når forskninga viser det så MÅ DET JO VERE SANT!!!!"

Inne i avisa står med med feite typer UTEN MOR BLIR DET INGEN JUL
Eg himler med augene, bretter avisa og mumler "Eg skal berre raskt lese igjennom." Og kva skjer? Jo! Eg blir irritert fordi det er eg, kvinne og mor, som faktisk gjør de punktene som står i artikkelen. Berre høyr her: Julekortene, julebaksten, julegåvene, pyntinga, adventskalenderen og organiseringa av det sosiale samværet. Jadda - eg gjør alt! Det er det eg missliker ved slik forskning. De set negativ fokus på noko som i utgangspunktet (for meg) ikkje er noko problem! Eg forstå at for nokon er jula stress og strev og mas, men ikkje for meg. Likevel merker eg at eg blir provosert, og får lyst å ringe mannen å skjelle han ut etter noter, fordi eg gjør "alt"!

Men kva gjør mannen når kvinna gjør alt dette? Sitter han å ser på fotball på TV? Sover han? Det seier artikkelen ingenting om, men eg veit kva min mann gjør.

Når eg lagar julekortene på kvelden sitter han å jobber med skulearbeid. Når eg baker julekaker er han saman med ungane slik at eg får fred og ro på kjøkkenet. Når eg handler julegåver er han heime med ungane slik at eg får handle utan tenkje på noko anna enn akkurat det. (Og når eg kjem heim reiser han ut og handlar til sin familie, til meg og delar av ungane sine gåver) Når eg pynter i stua er han i kjellaren å rydder rommene til ungane før han støvsuger de. Når eg pakkar inn adventskalendergåvene er han saman med meg og pakker inn halvparten. Når eg organiserer der sosiale samværet sitter han der saman med meg og blir enig om kven vi skal invitere denne gongen.

Det er ikkje slik at kvinna og mora i vår familie gjør alt. Ja, eg har hovedansvaret for mykje, men eg gjør langt ifrå alt! Og hadde eg av ein eller anna grunn ikkje kunne gjort noko, så hadde det blitt jul likevel!

Dermed basta!

Dumme artikkel!:(

mandag 16. desember 2013

Fotballcupobservasjoner

Frå minifotballcup - lillesøster og yngste søskenbarnet hennes.
Laurdagen vår var dagen vi berre var saman vi fire. Vi handla inn siste rest av julegåver og mykje av julematen. Vi bakte pepperkakestall og rydda heime. Såg julefilm og pakka inn gåver.

Søndag vart annleis! Storebror skulle vere med på sin første forballcup - OH kor han gleda seg! Spent som ein gitarstreng, lettare å vippe av pinnen enn ei ku på ei høyspentlinje og elektrisk til de grader! Det var også min og lillesøster sin første fotballcupopplevelse, medan far i huset meir eller mindre deltok på alt av fotballrelaterte aktiviteter i alle vestlandsfylkene i årene 1989 - 2001.

Tre kampar, 17 minutter kvar kamp. 0-14, 1-22 og 0-18. Men så ER det jo ikkje viktig å vinne heller! Alle får jo medalje og applaus! Men likevel ---

Skrikinga frå curlingforeldre når ungane scora (jadda - eg hadde nok skrikt eg også om storebror hadde scora), navngjeving av "de beste" spelarane ("Bra Jonas! Bra Jonas! BRA JONAAAAAS! Hey! Christoffer! Ta ballen! Ta ballen Christoffer! Bra Jonas!!!" Tar du biletet?), maten som blir solgt til foreldre og barn (Nachos? Cola? Loff med smelta ost? Er ikkje dette idrett? Er ikkje riktig kosthold minst like viktig som å bevege seg?) og ikkje minst (og dette ser eg også andre stader, men her var det ekstremt) foreldre med fokuset på mobiltelefonen kvar gong de vurderte at "det er ingenting som skjer".

This is not my crowd.

Storebror? Han synes det var ok, men vart redd da det første laget de spelte mot sa "Vi skal slå dokkar!", og han sprang rundt i 17 minutter og var redd for å bli slått. Dette forklarte vi etterpå, men opplevelsen trur eg ikkje var noko god. Medaljen var flott, og han fikk sin eigen fotballtrøye av laget sitt - den brukar han i barnehagen i dag. Lillesøster kosa seg, dilla rundt med skjegler og andre småjenter. Så sovna ho i bilen på veg heim. Mannen sa berre "Dette var ekstremt. Eg kan IKKJE hugse at det var slik!" Er det hukommelsen? Tidene som har forandra seg? Det faktum at han no er pappa på sidelinja, og sist var han spelande ungdom? Eg veit ikkje. Eit kultursjokk - DET var det i alle fall!

søndag 15. desember 2013

Revehue

Rev eller Ræv? Hue eller Lue?
Ungane fikk gåver frå mormor - revehuer! Når vi spør lillesøster "Kva seier reven?" svarer ho "Whatthefoxsay". Det er da storebror blandar seg inn, og er sakleg og veldig voksen "Nei! Det er berre ein song! Reven seier ikkje det, eller nokon av de andre lydane. Det er ikkje ein ekte rev i videoen."
Vi digger i alle fall revesongen - akkurat no diggar vi julemusikk - men vi har dansa masse revedans i november. Takk til mormor for de fine huene!!

lørdag 14. desember 2013

Kva lillesøster gjør når vi trur ho sover

KVA ER DET SOM HAR SKJEDD??!
Lillesøster jobber med søvnrutinene sine (we wish!) - og det er ein del aktivitet på rommet hennes når vi trur ho sover. Her ein morgon såg eg masse kvit, gammal bomul i senga hennes. Og der låg den! Dukka eg møysommleg strikka som 8-åring! Eg hugsa at eg skifta farge, eg hugsa den laaaaange buksa, stappinga og syinga! Dette var mykje jobb, så eg vart veldig glad i dukka også. Eg meiner eg kalla den for May Britt Andersen, men eg er ikkje sikker...
Stakkars!
Eg liker å kaste ting, så eg skal innrømme at eg stod med den halvtomme strikkedukka og bomullen med døra til søppelspannet på vid vegg. Skal eg berre kaste det? Har det verkeleg verdi for meg? Svaret vart faktisk ja, så eg fann nål og tråd. Etappa inn den halvharde bomullen som eg sist stappa inn seint på 80-talet og sydde igjen med kontrastfarge. Her skal utviklingen synast!

Også skulle eg ta bilete da. Av det ferdige produktet. Mannen kom og styla det til meg med saks, tråd og når. May Britt fikk også nokre nye striper i håret - lillesøster hadde dratt av ho litt hår, så ho hadde miste ein del fylde kan du seie.

Verden er igjen i vater, og May Britt har flytta inn i ei kasse på loftet.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...