lørdag 31. august 2013

Heimelaga sportsbar

Denne oppskrifta har eg hatt liggande i oppskriftspermen min lenge. Den kjem frå eit type InShape, Iform-blad og er perfekt som rask påfyll av energi på lange turar (som Bergen Fjord Tour) og høge fjell. Eg og fleire av kollegaene mine som fikk smake synes de var veldig gode, og mannen har alt bestilt de til neste fjelltur eg drar han med på. Finn fram ingrediensane og smell ihop- dette går fort!
Ingredienser:
3 dl frukostblanding (eg brukte God Dag Blåbær)
6 ts sukker
1 egg
1 eggekvite
6 ss peanøttsmør
30 gr kokesjokolade

Sett ovnen på 160 grader. Ha frukostblanding, peanøttsmør og sukker i ein bolle. Tilsett egget og eggekviten. Hakk sjokoladen i biter og hell i røra. Rør fort og godt. Lag så store barer som du vil ha og legg de på bakepapir på steikeplata. Steik i 20-25 minutter. Eg steikte de i 25 minutter, eg synes det var litt ok at de holdt formen sin.

Nam, nam!

fredag 30. august 2013

Lillesøster hos frisøren

Dette lange og flotte håret måtte gå. Lillesøster nekta i to-tre månadar å børste seg og ha i strikk. Vi børsta og tok i strikk likevel, men det vart ikkje akkurat ein god morgonstund utav det. Heldigvis har fleire av vennane i barnehagen kort hår (og den store helten storebror. Pappa og mamma også eigentlig), så da eg spurte om ho ville klippe seg sa ho ja nesten med ein gong. Det gjorde så vondt i mammahjartet som elsker lillesøster med langt hår, som liker å stelle det med strikk og klemmer (så lenge eg får lov), og som synes krøllane ho hadde var heilt nydlege!
Men sjå kor fint! Frisøren var dyktig og rask - lillesøster lot seg bestikke med drops og spel på mobilen min. Hestehalen klipte ho rett av, slik at vi har den med heim til minne. Litt av den skal i babyboka til lillesøster under "Min første klipp". Ho vart altså over tre år før det skjedde:)
Her er ho ei veke etter klippen - håret er falt på plass og ho har tett-tett med hår! Det lange håret var blitt nesten blondt i sommarsola, medan håret under som no kom fram er heilt brunt. Ho har også pannelugg slik at vi ikkje trenger noko i håret i det heile tatt. Vi har i klemme, hårbøyle eller hårband innimellom; når ho vil. Det er ein ting mindre å gjøre om morgonen! Lillesøster er storfornøyd, ho fikk masse merksemd i barnehagen da ho kom med nyklipt sveis "Ho har alltid vore nydleg, men no er ho jo så fantastisk flott!" Verdens beste barnehageansatte som verkleg får alle ungane til å føle seg spesielle! De bytta til og med ut alle bileta de hadde på skuffe og knagg med nye bileter av stor jente med kort hår!

torsdag 29. august 2013

Friskt barn

Etter at botnen var nådd på legekontoret i går sov lillesøster i to timar, vokna og åt både Mariekjeks og middag - leika og tulla. Mannen reiste på apoteket og henta medisin for augekatarr, sidan legen heldigvis hadde lagt inn ein resept i tilfelle det vart verre. Det vart det jo, men det var ikkje medisin for augekatarr ho hadde lagt inn resept for. Jaja, det ser ut som om det fungerer, og det er jo det viktigaste. Som takk for ein god lur på dagen i går vokna lillesøster i kjent stil kl.04.00 i natt og sovna på'n igjen kl.06.00. Eg er heime med ho i dag også. Det var GODT å sove til kl.08.15! Eg blir trøtt og slapp av å gå heime på dagtid.

Full i dårleg samvit fordi han er så stor og flink og forståelsesfull og likevel møter ei mamma som er sliten og ikkje kan fokusere så mykje på han som ho vanlegvis gjør, stod eg i går kveld og steikte frukostpannekaker som storebror skulle få med seg i matboksen sin i dag.
Mannen leverte storebror som førstemann i barnehagen i dag tidleg, ein time før eg vanlegvis leverer. Da er det ekstra godt med ei god matpakke når det er frukost kl.08.30. To pannekaker (delt i to slik at de ikkje skulle rulle sin veg slik som i eventyret om pannekaka), ei brødskive, blåbær og jordbærputer og store cheerios frå Sverige.
Oppskrifta var nok til seks pannekaker, så eg og mannen fikk også to som vi åt til kveldsmat i går. De var gode, men veldig eggete - nesten som tynn omelett.

I morgon skal eg på seminar og innvielse (som de kan lese i A-planen min over her og under oppskrifta). Mannen skal igjen ha bilen, så eg og ungane skal ha nok ein roleg morgon heime før eg spaserer med de opp i barnehagen og vidare til seminaret som er i mitt nærmiljø, og som eg gler meg "sykt mye" til (som storebror ville sagt det)! Også er det helg igjen. Denne veka vart rar.

onsdag 28. august 2013

Sjukt barn

Formen til lillesøster vart ikkje betre, eller uendra, slik eg trudde. Augekatarren pussa fram igjen, feberen steig og ho kasta opp på nytt; det eine vaffelhjartet ho hadde spist til lunch.

 Derfor er vi heime i dag også. Storebror ville vere med på legetimen vi hadde kl.10, så han fikk nok ein gong kose seg med frukost i sofaen. Heldigvis sov han til nærmare 8 i dag - så det var godt at vi ikkje skulle opp så tidleg. I det vi skulle gå til legen kasta lillesøster opp igjen, så vi troppa opp på legekontoret med handkle og avdvarte om mogleg oppkast til dama i skranken. Ikkje det at det gav oss noko fordel, vi måtte framleis vente i ein halv time før det var vår tur, med de andre ventande som unngjekk oss som om vi hadde med oss pest inn (omgangssjuke er vel nesten det også). Fastlegen hadde fri i dag, så vi hadde fått ein turnuslege. Eg som gjekk inn dit med eitt barn med augekatarr kom ut igjen med hovudet fult av moglege grunnar til at ho hadde feber og kasta opp: Urinvegsinfeksjon, pollenallergi (!) eller halsbetennelse. Turnuslegen spurte meg ut om alt, og kasta fram den eine diagnosen etter den andre, så mykje at ho vart overbevist sjølv om at lillesøster måtte ta blodprøve. For augekatarr var det i alle fall ikkje!! Da var det tilbake til venterommet for vår del.
Etter 20 minutter fikk vi komme inn, lillesøster fikk stikk med blodprøve som sjølvsagt viste seg å vere HEILT FIN! Ingen halsbetennelse å spore, synd for legen. Rundt kl.11 fikk vi levert storebror i barnehagen, og eg trur neppe eg har sett han vere så glad for å bli levert nokon gong.
Premie frå "stikkelegen"
Lillesøster knaska i seg ein halv Mariekjeks når vi kom heim før ho slokna som eit lys. Det er nok omgangssjuke skal du sjå kjære lege, og eg håper berre at vi andre slepper unna! Også håper eg at fastlegen er på jobb neste gong vi skal til legen slik at vi får vegleiing og behandling for det vi faktisk er der for.

tirsdag 27. august 2013

Halvsjukt barn

Eg elsker fargane lillesøster brukte på denne Kitty'en!
I dag er vi heime - kven skulle tru det? I går kveld kasta lillesøster opp - kun slim - men likevel. Ho var utrøystleg resten av kvelden, så eg låg i senga saman med ho heilt til eg gjekk og la meg i eiga seng. Rett frå Bodybalance med avspenningsøvelsar til senga til lillesøster til mi eiga seng - det er kanskje ikkje rart at eg føler meg som ein zombie i dag.

I natt kom ho krypande opp i senga til oss, og kor koselig det enn er med mjuke barnehender i håret, så er det ikkje min favorittnattesyssel, så eg tok med meg dyna og la med på sofaen i stua. Så kunne mann og barn ha heile 200 x 220 senga for seg sjølv. Da ho vokna ALTFORTIDLEG (men framleis etter storebror - gjesp) hadde ho feber og var utanfor og trist. I går hadde ho augekatarr også, så vi skylla med sterilt vatn i påvente av lege i dag. Men iløpet av natta er augekatarren vekke (og det går vist ann ifølge apotekdamen), så vi går ikkje til legen i dag likevel. Storebror ville også vere heime, så da er vi her da. Alle utanom mannen som har dag to på ny jobb. I skrivande stund sitter de to små i sofaen med Vennebyen på TV og varme lunchvaffler med byggryn, cottage cheese og havregryn på fat (lillesøster med dårleg matlyst) og i munnen (storebror med god matlyst). Lillesøster er IKKJE for sjuk til å krangle med storebror, så i morgon er ho nok frisk til barnehage igjen:)

mandag 26. august 2013

Hjelp på kjøkkenet


Lillesøster og mannen - og storebror på enden.
 Eg er heldig som har to unger som er glade i å hjelpe til på kjøkkenet. Storebror får dele opp med ein liten skarp kniv og lillesøster bruker ein vanleg junior smørkniv. Gulerøttene ho deler opp på bileta er alt kokt - det er ikkje alt de får dele opp! (Mannen hjelper eigentlig ikkje - enten lagar han middag eller så gjør han ikkje det. Men akkurat her er han med å deler opp:)) Pølser er det mest populære å hjelpe til med - det er jo lov å prøvesmake :)
Vi har hatt ei fantastisk helg! Bergen Fjord Tour varte i litt over fire timar for min del, og på den tida gjekk vi 26 km og over 1000 høgdemeter. Minst halve vegen var på asvalt. Vi var så heldige med været - sol og varme, eg er famleis tørst sjølv om eg drakk masse vatn heile dagen! Medan eg var på spasertur (kremt) gjekk mann og barn på fjellet, fikk omvisning på BT-trykkeriet; før storebror vart fulgt bort til ein kamerat der han vart resten av dagen. Etter verdens beste fotbad og påfølgjande dusj gjorde eg ikkje mykje anna enn å spise snop og sjå Komiprisen på kvelden.

På søndag var vi på eit familiearrangement på Kvarven Fort. Det er ein del høgdemeter opp dit, og da kjente eg det under føttene - kan vere eg eigentlig burde ha holdt sofaen den dagen også. Vel heime utnytta vi solskinnet med badebasseng på verandaen og vennebesøk til tre av oss medan den fjerde jobba i hagen. Slike helge kan vi godt få fleire av :)

søndag 25. august 2013

Fuglehus


 I Sverige snubla vi over eit byggesett for barn med mjuke deler som var lette å sage og spikre i. Godt nedsatt i pris kjøpte vi den med oss heim. Vi har sett på denne typen i Noreg også, men det har vore så pass dyrt at vi ikkje har tatt sjansen i tilfelle det viste seg å vere litt ubrukleg. Utanpå var det bilete av eit fuglehus, og den ville storebror lage. På ein ettermiddag i kjellaren bygde mannen og storebror dette flotte fuglehuset (som ikkje er så skeivt som det ser ut som på det øverste biletet:))!
Den yngste byggmesteren var kjempefornøyd og hadde storkosa seg! Pappaen meinte at det var litt for mjukt - mellom anna kunne ein ikkje spikre inn spikrane; ein kunne berre trykke de inn. Det var masse måling og forarbeid før ein kunne begynne å bygge, noko som hadde vore litt treigt for storebror. Sjølv synes eg at fuglehuset er riktig så fint! No står det på utstilling i vindauget på stua og held ein haug med perlefigurer.

lørdag 24. august 2013

Nabohund og kosestunder

Seinsommaridyll med nabohunden!
I vinter solgte naboane våre sin del av tomannsboligen, og inn flytta eit ungt par med to barn og TRE chiwawa! Hjelpes! Men desse tre hundane var jo berre så herlege! To av de kom innimellom bort til oss på kjøkkendøra slik at vi fikk kose med de.
Men så valgte naboane å selje de to som var mest sosiale - og har kun ein igjen. Det var den meir stille og forsiktige guten som no får "herje" i fred. Det er ikkje mykje herjing, og han er så veloppdratt at vi har blitt skikkelig glad i han alle saman! Han stikker gjerne bortom når vi er ute på baksida av huset, men tar aldri eit steg opp trappa vår. Og akkurat det er heilt ok - vi vil ikkje ha han inn. Men han er så roleg og glad i ungane våre! De som er vande med ein skeptisk katt brukar samme framgangsmåte på hunden; de er rolege i rørslene og snakker stille med han. Og han leggjer seg ned og loggrer masse med halen medan han får kos.
På denne måten har vi nesten hund, men berre når vi vel det sjølve. :) Naboane slepper han ut og lar han springe i hagen. De vil lage eit gjerde på den meteren der han kjem seg over på vår side av eigendommen, men vi synes det er så koseleg å ha han der saman med oss at eg håper at det tar lang tid før de får finger'n ut!

fredag 23. august 2013

Jentene våre

Her har de jo like lang hale begge to :)
De som seier at ein er ein og to er ti tar feil. Ein er ein og to er to! Men den siste veka har to vore null, så i går da vi kun hadde ein igjen vart den eine til ti! Storebror farta avgårde på bursdagsfest på Leos Leikeland og hadde det KNALLGØYT! Vi var heime med lillesøster og tenkte at to voksne og eit barn er jo som ein leik. Det var det jo også, men ho hang på oss heile tida, klarte berre ikkje å gå inn i ein leik og vere i fred. Hjelpes kor ho kjeda seg i heile går ettermiddag!

Til tross for eit litt krevande barn fikk vi gjort det vi skulle, og til og med forhandsstemme. De einaste minuttene vi fikk prate uavbrutt saman i går var medan lillesøster var ute med Puste og leika litt. De to er så gode venner! Puste følger etter oss og held seg på trygg avstand - men ho er der og det er koselig!
Gjøre seg litt kostbar - som ei katt skal.
No er det helg igjen, og i morgon skal eg og kollegaer gå Bergen Fjord Tour; ein turmarsj på ca.26 km som går frå Bryggen i Bergen til Knarvik Senter i Lindås kommune. Store deler av marsjen følgjer den gamle postvegen, og vidare i gangfelt over Nordhordalandsbrua, Flatøy og Hagelsundsbrua til Knarvik. Det blir ein lang marsj - men det er meldt flott vær, og eg gler meg skikkelig! Godt fottøy, god nistemat og gode kollegare - det kan ikkje bli feil!

torsdag 22. august 2013

Angry Birds - storebrorstyle

Baklengsfuglen er på veg!
Storebror er Angry Birds fan (og Spidermann, og Trond med hammer'n og Liverpoolfuglen og Lego City), og i barnehagen teiknar han Angry Birds-spelebrett. Eg spelar ikkje Angry Birds, så eg veit ikkje om dette er ekte brett, eller om det er noko han finner på. Han seier at han har laga de med fantasien sin, så da har han nok det. Alt har ein betydning, og han har tenkt ut kva fuglane skal gjøre for å bryte ned hinderene for å komme ned til eggene.
I dag skal storebror i bursdag på Bergens største leikeland (blir enkelt å roe han ned i kveld...). Han skal sitte på med kamerater både til og fra, så i ettermiddag er det berre eit barn heime. Eg bytta ut min planlagte joggetur i går med ei shoppingrunde, så eg skal i alle fall utnytte situasjonen med ein tur ut. Ellers skal vi male vidare på murveggen ute, også skal eg prøve meg på ei ny oppskrift til kveldsmat :)

Ønskjer deg ein riktig fin torsdag; håper du har like bra vær som oss :)

onsdag 21. august 2013

Mat mat mat


 Ikkje veit eg kva det er, men plutselig vel eg å stå på kjøkkenet om ettermiddagen og smelle ihop mat. Altså etter at eg alt har laga middag.
Sjølvsagt gjør eg det fordi eg KAN. Fordi ungane leiker pappa og baby, noko som betyr at maktforholdet mellom de er klart deffinert - storebror kan sjefe og lillesøster gjør som han seier. Pappa er ein sjefete mann med halvhoven austlandsdialekt, og babyen usedvanleg suttrete. Underholdande som berre det!
Så medan de leiker har eg (for første gong på det som meir eller mindre er 5.5 år) open tid på ettermiddagen der ingen trenger meg. Tydlegvis vel eg å bruke denne tida på å lage mat. Og strikke.
Vær klar for fleire matinnlegg med oppskrifter. Alt har vore skikkelig godt - og ganske så sundt.
Bileta er frå lillesøster sine fruktspyd som ho hadde med til avdelinga si da ho skulle feire treårsdagen i juli. Ho er den siste av oss som har bursdag; no er det ingenting før februar. Vi må sjå om vi ikkje finner eit eller anna å feire i haust også :)

tirsdag 20. august 2013

Mindfulness

I helga tente vi haustens første lys - kaldt og guffent ute. Varmt og koselig inne.
I haust har eg (saman med fysioterapauten eg gjekk til i vår) bestemt at eg skal bytte ut den eine (av to) spinningtimer med ein type yogatrening. Spinning er knallbra for mykje, men ikkje for nakke og skuldre. Eg prøver å fokusere på å holde nakken rett medan eg trenar, men likevel kjenner eg at eg er litt stiv dagen derpå. Kombinert med kontorjobb er ikkje det optimalt. Så derfor - i går - gjekk eg ikkje på yndlingsspinningstimen med yndlingsspinningsinstruktøren på sats. Eg gjekk på BodyBalance. Ein kombinasjon av tai chi, yoga og pilates. Roleg musikk, bare tær, levande lys og mykje pusting. Musklane fikk kjørt seg også - heile meg dirra på slutten! Coremusklane har fått kjørt seg! Dette er GOD trening! Samtidig gleder meg meg til joggetur på onsdag, eg saknar å få pulsen opp på desse timane. Men det er bra (for meg), eg blir heilt mjuk både i kropp og sinn etter ein slik time.

Føste gong eg var på yoga, hausten 2001 gjekk eg heim etterpå og SOV i 14 timar i strekk. Eg gjekk også på yoga da eg var heime i permisjon med storebror. Da var det mor-og-barn-yoga, så storebror var usedvanleg tøyleg som baby :) I timen i går likte eg best tai chi. Det er meditativt å gjøre det samme, sakte, igjen og igjen. Anbefalast!

mandag 19. august 2013

Julegåvemaking

Ei konsentrert lillesøster.
Ja, du leste riktig. I helga kjente eg at strikkelysten og inspirasjonen til julegåver kom sigande. Derfor er eg i full gang med å produsere julegåver til alle de små venninnene vi har i inn- og utland. Tilsaman er det 8 jenter mellom 2 og 5 år som vi kjøper julegåver til (i tillegg til lillesøster) - i år skal de i alle fall få noko som er heimelaga - litt likt og litt ulikt. Lillesøster har alt det eg held på å strikke, og elsker den, så der slepper eg unna med ein :) Eg er halvvegs på nummer 3; 5 igjen :)
Ny prinsesseform kjøpt i Sverige.
IKEA-katalogen kom i posten sist veke, og der vart eg (også) julegåveinspirert. Lillesøster er altså også i gang med produksjon. Godt å ha tid til å gjøre desse tingene samtidig som inspirasjonen er der.

I tillegg til juleplanlegging har vi i helga vore på tur i regnværet, rydda og vaska hus både ute og inne, ungane har leika "pappa og baby" i timesvis både laurdag og søndag (noko som resulterte i at vi har hatt tid til andre ting enn aktivisering og mekling), laga verdens beste knekkebrød; også slo eg joggerekkorden min med 2 minutter i går - hurra for meg! Ei flott, flott helg! Denne veka har mannen skuleveke, så eg både leverer og henter i barnehagen. Om eit år er mannen ferdig med etterutdanninga - og da har vi ein ny skulegut i hus da storebror skal begynne i 1.klasse. Enn så lenge skal vi nyte det siste året med to barnehagebarn :)

søndag 18. august 2013

Årets sommarlektyre

Legg til bildetekst
Sommaren er den einaste tida på året da eg får lest skikkelig. Mangelen på TV gjer moglegheit til å dykke ned i ei bok i timesvis kvar kveld. I år hadde vi mange vi skulle møte, så eg hadde kun tatt med meg to bøker. I Oslo, ei veke før vi var ferdig med ferien, hadde eg lest ut "En dag" og "Himmelens fange" - så eg spaserte til nærmaste butikk og kjøpte lettvektaren "Mongolia".

"En dag" er filmatisert. Faktisk var det traileren på filmen som gjorde at eg ville lese boka. No som eg har lest den og sett filmtraileren på nytt får eg inntrykk av at filmen er meir eit romantisk drama enn den litt eksistensielle tråden eg kjente i boka. Eg er ikkje heilt sikker om eg har lyst å sjå filmen etter å ha lest boka.

"Himmelens fange" er bok tre av Carlos Ruiz Zafon sin "miniserie". Bok ein las både eg og mannen da vi reiste jorda rundt i 2005/06 "Vindens skygge" som vi begge var veldig begeistra for. Bok to "Engelens spill" las vi da den kom ut for nokre år sidan. Etter å ha lest alle tre er vi heilt enige om at "Vindens skygge" var best, at vi vil lese de på nytt og at vi gjerne vil sjå "de glemte bøkers bibliotek" på film!

"Mongolia" var lettlest og heilt ok - ei bok eg valgte ut fordi det var den tjukkaste de hadde på Kiwi. God sommarlesing eigentlig :)

lørdag 17. august 2013

Eigeprodusert bokmerke

Vi har for mange bøker - vi klarer berre ikkje å kvitte oss med nokon! Begge ungane har bokhyller på rommene sine med masse bøker i også. Denne bokhylla står i stua. Mannen laga den av materiale frå den gamle TV-benken vår.
I Lilleputthammer i sommar laga ungane seg bokmerker som de laminerte der. Storebror lagde eit som eg synes var så flott - her i ein av yndlingsbøkene hans av alle tider.
Ein skikkelig bergenser - gras, blomar, regn og ei svart sky. Ein realist - også i kunsten!

fredag 16. august 2013

Støvlevær

Lita jente i pappa sine støvler.



"Som om det er noko nytt" - men i dag regner det altså i Bergen by. Og, ja - det er lenge sida sist! Men det er 20 varmegrader da ;)

Arbeidsdagen vart kortare enn vanleg i dag sidane eg hadde eit offisielt oppdrag som ektemake kl.14.00. Mannen har hatt sise dag på gammal jobb, noko som vart markert med kake, blomar og taler. Sidan bedrifta sa opp 6 ansatte på ein gong er ikkje han den første som går, og de andre hadde hatt med seg konene sine. Derfor gjekk eg på jobb i dag i støvler, og med høge hæler i ein pose. Nummeret før eg hadde ein liten pin på kjolen min med "I'm proud of my housband" eller noko slikt. Neida. Joda. Det var trist å sei ha det til arbeidskameratane hans; det er ei bedrift med 32 stand-upkomikere - eg har ledd meg igjennom mange gode kvelder saman med de. Den nye jobben har litt å leve opp til!

Helg - håper din blir god!

torsdag 15. august 2013

Italiensk kylling


 Ein av vår yndlingskvardagsmiddagar er Italiensk kylling. Vi har 6-vekers meny på middagane våre. To gongar i året bytter eg ut ein del av middagane - vi er leie av de, de tar for lang tid å lage, de har ingredienser vi ikkje får tak i så lett, eller kva som helst. Men nokon middagar har overlevd sidan vi begynte med meny for snart tre år sidan. Den eine er denne - eg hugser desverre ikkje kvar eg fann den. Men her er i alle fall den superenkle oppskrifta:

Eg bruker til fire - to store og to små:

2 kyllingfilet
Pasta
1 boks creme fraiche (gjerne lett)
3-4 ss pesto

Del kyllingen i bitar og steik den samtidig som pastaen koker. Vi bruker fullkorn. Hell av kokevatnet på pastaen, la litt vere igjen i kjelen - det binder sausen betre. Rør i creme fraiche, pesto og de steikte kyllingbitane. Ferdig! Server med mengder av parmesanost! Denne liker ALLE og den er på bordet iløpet av eit lite kvarter!

Familiebesøk


 Midt på ein torsdag steller vi til middagsbesøk - nesten som litt helg midt i veka :) Flaks (for oss) at vi har Haukeland Universitetssjukehus i nærleiken, noko som innimellom betyr at vi får familien litt nærmare. Det er ikkje noko alvorleg, heldigvis, men spesialistane der gjør at ein er pasient der istandenfor på sitt lokale sjukehus. Det er kjekt for oss å sjå de, og det er kjekt for de å komme seg vekk frå sjukehuset!
Snop er lov når ein har besøk!

 Vi pøser på med laks, gulerøtter, brokkoli, rømme og agurksalat - her skal vi fylle på vitaminlagerene! Det kjennes ut som om vi trenger det - i alle fall underteiknande som satt og fraus på utandørsopera til over midtnatt i går. La Boheme var stort, sårt og mektig - samtidig som det gjekk litt trått etter pausen. Og når temperaturen er godt under 10 varmegrader, og vi sitter like ved vatnet, DA er det ok at det blir ferdig slik at ein kan komme seg heim og i seng.
Kake og is. Det er aldri feil på ein torsdag!

Sommarferie - Hemsedal

Svigermor hadde vore så heldig at ho hadde fått låne eit lite slott av ei hytte i Hemsedal i ei heil veke. Vi nærma oss slutten av veke tre på reisefot, og hadde derfor bestemt oss for at vi kun skulle vere på den hytta i to netter.

Stua.
Det var ikkje noko problem å få låne hytta på sommaren. Dette er jo i eit vinterparadis, og hytta var lagt opp til det. Varme i alle golv, steingolv, tre bad, badestue, to store uteboder, fem store soverom med deilige dobbeltsenger og eit stort kjøkken!
Plass til mange rundt bordet. Vi var ti.

Peisen måtte på, og eg fikk varme meg. I kortebukse og singlet :)

De tre eldste ungane fikk lage eggerøre til kveldsmat. Dagen etter var vi på Tropicana badeland. Eg jobba som badevakt der i 1999 medan eg gjekk på skule, og kunne med glede sjå at de hadde utvikla seg. No var det masse sklier, og kjekke basseng for både store og små! Vi storkosa oss der i fleire timar, og kunne gjerne ha vore lenger!! Ungane fikk velgje middag, og da vart det pølser og potetstappe :)
Tysdag 30. juli pakka vi ut i bilen for siste gong. Medan vi pakka fikk ungane kvar sine posar, som vi fann i Sverige, med litt snop, teikneutstyr, klistermerker og stempler i. To Minnie, ei prinsesse og ein spiderman. Sjølv elsker eg slike ting - og det var gøyt å sjå at de fire ungane likte det også :)
Vi svingte inn forann huset vårt i 17.30-tida etter tre heile veker på tur. Bergen hadde IKKJE hatt sol, kun halvparten av ripsbærene var modne! Men graset hadde vokst bra (og vi har ikkje klipt det enda :( )!

Takk for turen mann og barn! Dere er ei sann glede å feriere med! Og tusen takk til alle kjente og ukjente vi traff - dere var også med på å gjøre ferien vår til den beste familiesommarferien vi har hatt!

onsdag 14. august 2013

Badetur - den siste i år?

Lita jente - mykje utstyr.
Vi var på badetur i ein av de siste dagane i sommarferien vår. Det har ikkje vore så mykje varmt vær i Bergen i sommar (seier de som har vore her), så vatnet var kaldt - men bade - DET skulle vi:)
Fine små føtter.
I dag er det igjen flott vær, men haustkulden har komt. Vi er nede i 8-9 grader om morgonen, men ungane tviholder på sommarrutinene og springer ut i bilen med berre joggesko på. Jakke er uaktuelt.
Etter den flotte (men også kalde og forblåste) turen over Vidden i går satt eg på jobb i dag og såg på finværet mens eg tenkte at i enkelte deler av landet burde vi få fri når det er så flott vær som det er i dag. Mykje vil ha meir!

Opera Bergen har de siste 13 åra hatt utandørs sommaropera. I år er det Puccini sin La Boheme som blir satt opp, og denne gongen er arenaen Markusplassen i Laksevåg bydel. Førestillinga begynner kl.21.30, rundt ein halvtime før eg vanlegvis legger meg, men ÅH kor eg gler meg! Heile kontoret skal gå saman, og vi har planlagt ull, tepper og sitteunderlag. Utandørs opera i Bergen midt i august - la oss vere realistiske! Men som sagt er været bra, og eg er sikker på at det blir ein fantastisk opplevelse!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...