onsdag 26. juli 2017

Nytt rom til tween

Bergepet tween snubla eg over for ikkje så lenge sidan. Det virka som om alle veit om det, men eg hadde ikkje heilt fått med meg at det er det eg har i hus. Tween er midt mellom kidz og teen - altså 9-13 år.

Storebror har eit veldig stort rom. Da vi hadde megler på besøk sa han "Oi!" idet han gjekk inn her. "Hadde jeg hatt så stort rom da jeg var barn hadde jeg følt meg som verdens heldigste!". Det er lett å innrede sidan det er heilt firekanta. Utfordringa her er legogalskapen og alle de millioner bitane med - ja - lego. Kombinert med masse bøker, skulebøker frå tre år og samlemani - da blir det fort fullt.
Dette rommet fikk seg ein oppshining samatidig som vi pussa opp rommet til lillesøster, i slutten av juni. Her malte vi ikkje, men vi forandra innholdet. Vi kjøpte ei ny høg seng til han med pult og massevis av oppbevaring. Pulten han har her inne fikk vi med huset. Det er no gitt vekk saman med senga.
Her inne var det rydding som var det viktigste. Vi ville ha vekk mest mogleg av det som ligger på golvet - boksar av alle slag!
Her er halve rommet rydda. Golvteppet er i 80% ull, og er deilig og lunt. Det var litt vanskelig å handtere ei stor og tung seng oppå her når vi ikkje kunne skyve den på plass etter at vi hadde bygd den. Men det gjekk, heldigvis!
Etter ein lang dag med bygging kom storebror ned til oss med eit "premiefat" fordi vi var så flinke å jobbe. Så søt! Det hadde sjølvsagt vore best om han kunne hjelpe litt meir til, i stadenfor å berre gå rundt oss og kommentere, men ok. Det er tilgitt.
Slik ser rommet ut frå døropninga med ny seng! Vi plukka også ut alt av boksar som var oppbevart lego i. Med ei ekstra hylle og masse ekstra oppbevaring i sengemøbelet gjekk det fint.
Senga er heilt super med masse skuffer, hyller og eit skap. Skapet trenger han ikkje til klær, så her kan ein rydde inn ein del. No er det tomt. Med mange hyller var det plass til å stille ut litt av all legoen han har. Resten ligger sortert i boksar. Med alt vekke frå golvet håpar vi at det skal vere lettare å holde rommet ryddig. Vi får sjå :)

fredag 21. juli 2017

Mål

Det er alltid noko som ligger foran oss som vi gjerne vil nå. Kva som helst. Og når vi kjem dit går det ikkje lang tid før det dukkar opp eit nytt, kanskje meir hårete, mål. Det er så fort å gløyme at virkeligheten ein har i dag på eit eller anna tidspunkt var eit mål. No er du der, men du gløymer å kjenne på det. Dette er heilt vanleg! Hjernen vår er innstilt på å jobbe med det som den anser for å ikkje vere fullendt. Sjølvsagt . den vil jo at vi skal overleve, og da må den fokusere på det som ikkje fungerer; kva no enn den bestemmer seg for at det er. Derfor smakar ikkje måloppnåinga godt så veldig lenge. Akkurat denne tanken prøver eg å ha med meg. Prøver å kvile på laurbærene innimellom. For nesten alt eg har i livet no mitt har vore eit mål ein gong. Mann, barn, hus, bil, jobb. Kanskje ein skal nyte måloppnåinga? Kanskje lenger enn to dagar?
Bergen frå Stoltzekleiven.
For mange år sidan var det eit må å gå opp Stoltzen. Så var målet å gå opp med eit barn. Så kom målet å gå opp med to barn. Så kom målet å gå opp under ei viss tid. Så kom målet at begge ungane skulle gå opp sjølve, utan bæremeis. Målet om å gå opp utan å høyre på sutring nådde vi i vinter.
Ein finværsdag med avspasering i juni nådde eg eit nytt mål. Det var eigentlig ikkje eit mål heller, berre noko eg var klar over at spreke mennesker gjorde. Gå opp de over 900 trappetrinnnene i Stoltzekleiven, og jogge vidare forbi Sandviksfjellet og bort til Fløyen. Eg viste eg ville trene på fridagen min og eg viste at eg ville jogge. Og gå på fjellet. Her kunne eg jo gjøre begge deler!

Og det gjekk så fint! Er eg virkelig blitt ein av de spreke menneskene? Samme kan det være for det var magi å jogge på skogsvegane høgt over byen midt i veka. Eg møtte nesten ingen på vegen mellom fjella, og det har eg ikkje opplevd før! Eg var godt oppvarma (!) etter trappetrinnene og beina gjekk lett.
Bergen frå Fløyen.
Eg jogga ned igjen frå Fløyen, via Tippetue og bort Fjellveien til bilen som stod i Ytre Sandviken. Tilsaman vart turen på 9 km. For ein opplevelse å berre la beina gå! Det ligger ein del arbeid bak, det gjør jo det, men det har eg gløymt når turen går unna så bra! Det slo meg med det samme eg var ferdig, kva kan eg gjøre no? Men nei. Eg skal ikkje gjøre noko. Dette er bra nok!
Resten av dagen satt eg i sola meir eller mindre slik. Restitusjon. Det er det vi må øve oss på. Alt det andre kjem nesten naturleg. I alle fall for meg. Og eg kvilte neste dag også. Og dagen etter. For litt støl var eg jo! :)

tirsdag 18. juli 2017

Bursdagsgåve: oppussa soverom

Lillesøster sitt soverom var storebror sitt soverom da vi flytta inn i januar 2010 og lillesøster framleis var i magen min. Sommaren 2011 malte eg skyer på rommet. Blå på den eine sida der storebror sin juniorseng stod, og rosa på den andre sida der vi satte lillesøster si grindseng. De sov på samme rom i eit halvt år, og det var eit LANGT halvt år. Det fungerte absolutt ikkje!

Etter at storebror forårsaka vannlekkasje frå badet oppe og ned på mitt og mannen sitt soverom nede, vart det rommet pussa opp (ny isolasjon, nytt tak og nytt golv) og i slutten av januar 2012 flytta han inn der. Da fikk lillesøster soverommet for seg sjølv, og eg og mannen flytta opp.
Vi har ikkje gjort noko med rommet hennes sidan 2011. Skyene er søte om vi i det heile tatt har sett de bak alt det andre som fyller rommet. Ho fikk juniorseng og for tre år sidan kjøpte vi denne halvhøge senga slik at ho kunne leike under den. Det har ho gjort masse! Under senga har det vore masse oppbevaringsplass - her har det vore overnattingsgjestar, hytte, scene og sjølvsagt leikeområde.
Vi begynte å leike med tanken om å pusse opp soverommet hennes i vår. Etter nytt bad-prosjektet i vinter hadde vi lovd kvarandre å ABSOLUTT ikkje pusse opp noko meir på leeeengeee, men dette er jo eit lite prosjekt! Så - vi heiv oss rundt. Vi hadde sett på senger med kombinert skrivebord og kanskje sofa under. På fredag sjekka eg på finn.no, og iløpet av ein halvtime hadde vi nye senger til begge ungane! Laurdags morgon tømte vi rommet til lillesøster og eg og ho køyrte på malingsbutikk der ho fikk velge seg ein farge til veggane.
Resten av laurdagen var mannen avgårde og henta senga hennes, medan eg og ho var hos venner. På ettermiddagen sparkla vi rommet hennes slik at det var klart til maling på søndag.
Her ser vi godt de rosa og blå skyene som er malt på veggen. Lampa kjøpte vi til storebror sitt første soverom i 2009. Den henger for langt ned no som vi har fått inn ei høg seng, så den måtte vi dessverre selge. Synd eigentlig, eg digger den lampa! Vi kjøpte ei firekanta diamant-ledlampe med veldig godt lys og som var i plast. Ho når fint borti taklampa frå senga si, så den må tåle å bli tatt på.
Med to soverom under oppussing/endring blir hallen sjåande slik ut. Heldigvis varte det ikkje mange dagane! Her er alt av lillesøster sine ting, samt noko av den nye senga. De to halvhøge sengene som vi gav vekk på finn.no stod også her i hallen. Skapet som lillesøster har hatt klærna sine i er til høgre. Det vart solgt på finn.no fem minutter etter at eg la det ut.
Ny farge er på plass! Lillesøster hadde snakka om rosa, men da vi såg på fargekartet på malingsbutikken falt ho for denne lillafargen. Eg er glad for at den dekka skyene så godt. Her er strøk ein - med litt hjelp på slutten av begge ungane.
Strøk to tok eg samme dag - det er eit kjedelig strøk altså! Måndagen var alt tørt, og medan eg jobba overtid tok mannen av all tapen og bygde seng. Denne er eit finn-kupp! Nesten heilt ny ikea STUVA loftseng - superflaks!
Stor seng på lite rom! Den var for lang til at vi kunne montere den på kortenden av rommet, så no møter den oss idet vi går inn døra. Her er det masse oppbevaring og (aller viktigst) skrivebord!

Bak døra var det før nokon vegghengte hyller. No har vi satt inn den hylla som stod ved vindauget før. Etterkvart kan vi bytte den ut med ei høg hylle, men ho når ikkje lenger opp enn dette no. Skapet til høgre er bygd inn i rommet. Her har vi bytta ut innmaten slik at ho skal begynne å bruke dette skapet som klesskap. Tidlegare har ho hatt garderobeskapet sitt i hallen.
Det etterlengta skrivebordet er stort! Vi skal finne ein kontorstol, men enn så lenge sitter ho på ein gammal trestol som vi fikk da vi kjøpte huset i 2010.
På sfo siste veka før ferien, medan vi gjorde de siste utbetringane på rommet, teikna ho ei fin teikning av det nye rommet sitt:
Ho sjølv og ei pus er også med i huset! Det er senga ho har teikna under fingeren min; med stige opp, bord og skuffer. Eigaren av rommet er kjempegla og meiner at senga er magisk fordi ho sover så godt i den! Ho skal få ei ny leselampe over senga, ei lita hylle som vekkerklokka kan stå på, og nye lys under senga - men så er alt klart!

fredag 14. juli 2017

Disneyprinsesse

For eit heilt år sidan var lillesøster i hageselskap til ei jente ho møtte på eit av 6-åringsarrangementa de hadde i den lokale kyrkja vår. På hageselskapet vart det servert prinsessete som de hadde kjøpt på Disneyworld in the big US of A.
Eg gosja meg nok over desse teposane at eg fikk med meg to heim! Og tenk at de har stått i teboksen min i eit heilt år! For teen var kjempegod! Den vart servert i lillesøster sin store Elsa-tekopp som vi kjøpte i Danmark for to år sidan. Det er det største kruset vi har så det lånar eg titt og ofte.
No som vi er 14 dagar i Paris skal vi sjølvsagt hive mange pengar ut vindauget og oppleve EuroDisney! Lillesøster har veksla inn bursdagspengane sine i Euro slik at ho kan handle for de inne i Disneyland. Oh kor eg, ho og vi gler oss! Eg var der i 1997, 20 år sidan der altså, og eg trur nok at eg vil sette meir pris på det no!

onsdag 12. juli 2017

Spinning på Fløyen!

Image may contain: one or more people, shoes and outdoor
Bilde frå fb-sida til Team Rynkeby Bergen. Her er eg og mannen  med på bilete!

I juli arrangerte Team Rynkeby Bergen utendørsspinning på Fløyen der inntektene gjekk til forskning på barnekreft. Det har tidlegare vore spinning nettopp her og eg har lovd meg sjølv at eg skal vere med ein gong det passa! Denne gongen passa det, og været var upåklagelig!
Ingenting er vel som å trene spinning med ein utruleg flink instruktør, bra musikk og denne utsikta!
Saman med mannen gjekk vi opp rett etter jobb, spinna ein time og gjekk ned igjen - herleg! Eg vil tru det var rundt 100 syklar i trappene og det var megagod stemning heile vegen! Dette vil eg gjøre igjen!

søndag 9. juli 2017

Lyderhorn med mannen

Medan ungane hadde sommarferiedagar med mormor og morfar i Florø kunne eg og mannen kjenne på ettermiddagstimane utan alle de vanlege rutinene. Det førte til at vi kunne sitte etter barneTVtid og sjå på været, så på kvarandre og seie "Lyderhorn?"
Berre fordi sola endelig titta fram etter ei dag med regn. I gjørme og drit oppetter fjellsida. Med finfin utsikt frå toppen!

Kanskje like godt var det å komme heim, og sette seg i kveldssola i hagen og nyte kvar vår kalde 5071-øl frå Gulating medan vi framleis var varme i kroppen etter turen. Så det er slik det er å ikkje ha barn? Det er jo litt fint! Om ikkje anna så berre på leik - berre nokon dagar.

fredag 7. juli 2017

Ferie!

I dag begynner vi på ferie! Ei veke seinare enn vi bruker slik at vi begynner på'n igjen i August ei veke seinare. Det er betre å ha ferien foran seg enn bak seg - men i dag begynner den altså!
Hurra! Vi skåler i iskald kvitvin, rydder og vasker hus, og pakker! På måndag bytter vi hus med ein parisisk familie, så PARIS! HERE WE COME!

onsdag 5. juli 2017

Kveldsmattur til Gullaksdalen

Rett etter påske vart vi enige med ein vennefamilie å ta oss ein kveldsmattur i Gullaksdalen snart. "Det passer ikkje neste veke, men vi ringast!" Nesten tre månader seinare fikk vi det til! Ikkje dårlig berre det! For det har ikkje berre vore timeplanen, vi ville også ha ok vær. Opplett i det minste. Og Bergen har hatt nedbørsrekord i juni - så da gjekk ettermiddagane.
Men det var jo verdt å vente på! Ein ettermiddag både vi og de eigentlig burde ha vore heime og pakka til ferie, vaske klær eller slå plen - men drit i det - vi skal på tur!
I Alvøskogen var det no sluppet ut masse sauer med lam, og de var så nydlege! Dette var midt i veka og vi var nesten aleine på tur! Alle gjorde sikkert det vi burde ha gjort!
Grillplassen var ledig, og medan speidarleiarane bygde bål bada og vassa ungane. Så deilig!
Vi grilla pølser og pinnebrød - og sjølvsagt marshmallows! Ungane leika ved og i vatnet og klokka gjekk altfor fort!

Det er umogleg å sjå at kvelden kjem, men det gjorde den jo, og vi måtte begynne på heimvegen.
For ein kjekk ettermiddag med kjekke folk! De skal på villmarkstur i Sverige i sommar og vi skal på storbyferie i Paris. Det blir gøy å treffast igjen over feiren og utveksle ferieminner!

mandag 3. juli 2017

Bryllup nr.2

I juni var vi i bryllup i sogn. Vi tok halv dag for å komme oss av gårde - det er ein del køyring for å komme seg dit. Akkurat denne helga var det også VossCup, så det var ikkje noko vits å køyre Bergen-Voss. Vi køyrte via Førde, noko som tar litt lenger tid, men med færre bilar.
Etter ein heil dag i bil var det magisk å komme fram til Gaupnetunet og hytta vi hadde leigd der. Hytta var stor og ny og hadde denne fantastiske utsikta! Ungane leika seg i og rundt hytta og eg fikk meg ei god økt med yoga i kveldssola - godt etter 6 timar i bil! Sommarferiefølelsen kom raskt!
På laurdagen reiste lillesøster til frisøren saman med de andre brudepikene. Mannen måtte køyre til Sogndal for å kjøpe kvitskjorte til storebror som var brudesvenn; den hadde vi gløymt igjen heime.
Med kun meg og storebror igjen på hytta slappa han av med speling og eg maltrakterte ein haug med roser som vi skulle hive over brudeparet etter vigsla.
Brudepikene hadde små korger med blomsterblad som de kasta på kyrkjegolvet før brura og faren kom. De var av plastikk. Her er lillesøster si korg etter at ho hadde plukka opp nokon av rosebladene som vart kasta utanfor kyrkja.
Heile førmiddagen var det opplett og ganske varmt, men utpå dagen kom regnet som aldri gav seg. Vi var kledde for sommarbryllup alle saman og vart ganske så kalde! Heldigvis hadde eg raska med meg regnkåpa mi som eg gjekk med nesten heile tida.
Det var dobbeltbryllup - men de gifta seg i kvar sin kyrkje. Her er de tre brudepikene, og "vårt" bryllupspar under den svare paraplyen. Lillesøster fikk på seg ein av storebror sine gensere som ho gjekk med resten av dagen. Ikkje så fint, men lunt.
Det var satt opp eit stort telt til begge bryllupsfestane. Der fikk vi servert middag og dessert.
Etter all maten og alle talene var det dans. Da vart det endelig litt varmare og både eg og lillesøster kunne ta av oss igjen. Kakene kom fram like etter kl.21 - mange nydlege kaker! Kl.22:30 tok eg med meg våre to og gjekk tilbake til hytta. Da var vi trøtte og kalde alle saman - det var deilig å komme seg i seng! Så lenge har ingen av de vore vokne før, men det måtte de sjølvsagt få vere når tante og onkel skulle gifte seg!
Storebror og lillesøster danser sving
Neste dag vaska vi oss ut av hytta og satte kursen for Bergen igjen. Vi stoppa i Jølster for å ta bileter i denne Astrup-ramma som de har satt opp ved enden av vatnet. Vi luncha i Førde og åt middag i Bergen. Det går alltid fortare heim igjen!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...