lørdag 31. januar 2015

Asiatiske fiskekaker

Eg har aldri laga heimelage fiskekaker før, så sist veke lagde eg asiatiske fiskekaker etter oppskrift som eg fann i eit blad.

Til 4 voksne. Vi kjem til å halvere oppskrifta til neste gong (men de er gode kalde på brødskive!)

800 g laks
1 egg
2-3 ts raud chillipaste
saften av 1/2 lime
2 ss fiskesaus
2 ss griljermel
3 vårlauk, hakka

Miks saman med stavmikser, eller noko anna redskap som moser laksen. Form til 8 fiskekaker og steik i olje. Ferdig!
Vi serverte det med kokt jasminris og peanøttsaus (To deler kokosmjølk og ein del peanøttsmør, samt chilli etter smak). Nammis! Fiskekakene vart store, så vi kutter som sagt ned til halv porsjon neste gong vi lagar det. Ungane vart mette etter 1/2 fiskekake kvar. (Mette, eller så likte de det ikkje så godt. Kven veit.)

fredag 30. januar 2015

Sykort

Frå amazon.uk bestilte eg for nokre år sidan sykort med motiv frå Lille Larven Aldrimett. Desse hadde eg liggande på ein hemmleg stad,og tok de med når vi skulle reise ein stad - som her, på båten på veg til Florø.
No har eg de liggande framme, saman med puslespel, og den siste månaden er lillesøster å finne på eit teppe foran stereoanlegget med lydbok på, medan ho "strikkar".

Sykort er ein flott aktivitet som trenar opp finmotorikken hos barn. Når ein er fire-og-eit-halvt er nok finmotorikken fin ( ;) ), men det er framleis veldig gøy! Storebror liker å sy litt han også. Slike kort kan ein lett lage sjølv med hard papp som ein lagar hull i rundt heile. Det beste er å bruke skolisser til å tre i - vanleg tråd blir fort frynsete i endene, og blir vanskelig å jobbe med.

torsdag 29. januar 2015

Solstrand

Det var ein brå og brutal overgong frå hotelliv med treretters lunch, - middag, - frukost og - lunch til kvardagsliv med knekkebrød og appelsiner.
Solstrand var nydleg! Eg og mannen skal tilbake hit i mars - det var julegåva frå meg til han - og det ser eg virkelig fram til! Det er heilt flott å vere der saman med kollegaer, men det er eit romantisk hotell, så det vil bli enda betre saman med mannen!
Finfint hotellrom som eg knapt nok var på. Vi hadde litt eigentid i programmet som de fleste valgte å benytte i badebassenget. De har eit nydleg utendørsbasseng som gjorde at eg, til tross for litt for mykje mat og drikke på måndags kveld som førte til litt lite søvn, stod opp i tide på tysdags morgon til å ta med eit bad før frukost. Da var kontrasten til det eg vanlegvis gjør tysdags morgon kl.07:40 stor! :D

 Desse bileta er frå konferanserommet vårt. Heilt 
fantastisk å sitte i slike omgivelser å planleggje året! Nydleg utsikt over Bjørnefjorden mot Kvinnheradsalpene.

 Litt blå himmel fikk vi også, og nokre solglimt. Alltid stas!
Sukk..... :)

- ikkje det at ein torsdag der det snør frå alle vinklar er tipp-topp altså! ;)

onsdag 28. januar 2015

Lynlåspose?


Eg har alltid kalla det zip-lockpose. Men det heiter lynlåspose på norsk altså. I think I can dig it!

Alt ein lærer på lageret på jobb!

tirsdag 27. januar 2015

Ut i mørket!

Alt i dag pakker eg weekendbagen og vi reiser tilbake til Bergen etter fullført arbeidsdag på hotellet. Eg rekker knapt å komme inn døra før vi skal ut igjen - saman med elever, søsken og foreldre skal vi på reflekstur i ein mørk skog i ettermiddag! Ein gong i månaden har vi ein sosial aktivitet saman med klassen til storebror, og i dag skal vi altså skumle oss i skogen med lommelykter, reflekser og eit mål for auge: kveldsmat på bål!
Biletet er frå kveldsmattur vi hadde saman med barnehagen til lillesøster i november. Da gjekk vi også inn i ein skog, men holdt oss på vegen sidan små føtter å 2-3 år med vinterdress på nok har det best i meir oversiktleg terreng :) Det er så stemningsfylt med bål i mørket! Vi gler oss!

mandag 26. januar 2015

Husmorferie!

I dag tok mannen morgonrutinene, for i dag skal mor på ferie! To dagar med hotell og hyppige "kaffipauser med noko attåt"! HURRA!
Dette er meg i dag. Bytt ut sol og strand med eit hotellrom, så er vi der :)
Vi skal jobbe (akkurat som husmorferien eg hadde i fjor), men det er lagt inn pauser nok til at eg har pakka med meg badeutstyr og bok. Eg har passa meg i heile januar slik at eg ikkje skulle bli sjuk i dag, og det har gått kjempefint, så eg er frisk og klar for hotell i Os! (Trenger ikkje å reise så langt veit du ;))

søndag 25. januar 2015

Søtpotetchips

Vi har nokre oppskrifter med søtpotet som vi spiser jamnleg. Søtpotet smakar berre betre og betre for kvar gong eg spiser det! Jamie Oliver sin søtpotetmos er nydleg - skrell ca.800 gr søtpotet og del i mindre delar. Kok i vatn til det blir mørt. Sil av vatnen, og mos søtpotetene saman med 2 ss sweet chilli saus. NAM!

Anyways, no som mannen lagar middagen på kvardagane hender det at han tenkje annleis enn eg tenkte da eg handla inn. (korleis går det ann?) Så sist veke brukte han berre ein av de to søtpotetene eg hadde kjøpt inn for å lage tidlegare nevnte søtpotetmos. Eg var ikkje blid, for det er ikkje SÅ ofte vi spiser søtpoteter, og de er ikkje så himla billige heller. Også vart det for lite søtpotetmos til middag, og vi gjekk frå bordet litt sånn ikkje-heilt-mette.

Fordi eg har funnet meg ein slik ein flott ektemann googla han i all hemmlighet "oppskrifter med søtpotet", tok seg ein tur på butikken og bad meg om å holde meg unna kjøkkenet laurdags kveld. Det begynte å lukte seriøst godt, og gjetta på sjokoladekake - men da kom han inn på stua med dette:
Søtpotetchips med heimelaga basilikum- og cashewsmør. Det smakte heil nydleg! Eg vart så storvegs imponert at eg også denne helga har handla inn til dette - for det var for godt til å berre spise ein gong! Søtt og salt - perfekt!
Eg veit ikkje kvar han har oppskrifta frå, men du finner nok noko liknande om du googlar litt rundt. Vi åt dette i går også! :) Nam!

lørdag 24. januar 2015

Øisteins blyant

Vi digger Øisteins Blyant! Han var eit fyrverkeri på scena da vi var på show med han i fjor sommar!

Veldig kjekt! Vi følger alltid skikkelig med når han teiknar noko på barne TV, og sidan vi går rett til kveldsmat etterpå liker eg å teikne det han har laga medan ungane spiser. Da blir det ingen krangling, og vi kan vere enige om eit felles prosjekt som eg utfører medan de eter.

Det som jo også er kjekt er at eg blir stempla som "veldig god å teikne" fordi Øistein teiknar med enkle formar, og når eg hugsar de så får eg det til også!
På dette biletet er det ein av storebror sine kameratar som har vore på besøk og spiser kveldsmat til oss. Eg masseproduserte teikningar til alle medan de åt som de kunne fargelegge etterpå. Da pappaen henta han viste kameraten fram teikninga vår så stolt og sa at "mammaen til storebror er kjempeflink å teikne!" Haha, dette kan eg like :)

fredag 23. januar 2015

#sushifredag

I desember var eg så heldig at eg vant ein konkurranse hos Spesiellinor og fikk tilsendt eit sushikit frå Godfisk! I haust var vi med på Godfisk sin #3 x fisk (aner eg ein hæsjtærfasinasjon hos Godfisk?), og da fikk vi mellom anna barnespisepinner som vi bruker titt og ofte. Gøy! I pakken eg fikk i denne omgang var det ei t-skjorte, oppskriftshefte, spisepinner, handleliste og rullematte.
Sidan det var rullematte i pakken ville eg lage Maki Sushi - altså desse rullane som alle sikkert har sett. Vi kjøpte inn sushiris, sylta ingefær, nori og salmalaks. Let the party begin!
Sushirisen vart akkurat som den skulle, klissete :) Etter tips om å dyppe hendene i eddikvatn før ein tok i risen var det ingen problem å fordele den utover sjøgrasarket (nori). Eg hadde også på rå laks, agurk og mango før eg brukte matta til å rulle det heile saman til ei slags pølse.
Lett!
Alle som har laga kanelbollar får til dette! No skar eg opp i cm-store bitar og la på fat. Sidan vi kun var to lagde eg kun fire slike - det holdt i massevis!
Til sushien hadde vi sweet chillisaus og soyasaus som vi dyppa i. I tillegg hadde vi sylta ingefær, som eigentlig er for å nøytralisere smaken i munnen mellom ulik sushi - og derfor heilt overflødig i denne samanhengen - MEN eg er så glad i det, så det var godt uansett! Eg har spist litt sushi tidlegare, og synas det blir mykje ris og lite anna, men ok godt. Mannen hadde ikkje smakt det før, men likte det ok han også :)

Det er i alle fall kjempelett å lage eigen sushi - og skikkelig gøy med noko anna til laurdagskosen foran TV etter at ungane er i seng! Tidlegare har eg også laga ferske vårrullar, men det tok eg ikkje bilete av. Det også var gøy å lage. Og ikkje minst er dette enormt mykje sunnare enn det meste av anna "kosemat" som ein gjerne lagar seg!

torsdag 22. januar 2015

Innekatt

Det er iskaldt i Bergen denne veka, og Puste har blitt innekatt. Ho har vore ute nokre småturar, men står fort på døra med desperate auger og mjauar. Inne har vi lagt fram saueskinn til ho som ho ligger på. Midt i stua slik at ho får masse kos og suss frå oss fire som synas det er så kjekt å ha ein katt som akkurat no har lyst å vere inne saman med oss! Vi digger Puste, og elsker den gode, mjuke vinterpelsen som ho har! Kose smose!




onsdag 21. januar 2015

Morgonsamtale

"Storebror? Er du hovedsakleg gut eller hovedsakleg barn?"
" Eg er hovedsakleg gut."
"Ok? Kvifor?"
"Eg er jo ikkje noko barn lenger. Barn går i barnehage. Eg er skuleGUT"
"Kva med lillesøster da? Er ho hovedsakleg jente eller hovedsakleg barn?"


"Ho er barn no, også blir ho jente når ho begynner på skulen"
"Ja vel. Er du hovedsakleg gut eller hovedsakleg skuleelev?"
"Begge deler."
"Det var eit fint svar. Men de viktigste er jo ikkje om ein er jente eller gut. Det viktigste er - "
" - at vi er i live!"

tirsdag 20. januar 2015

To do today: teach

Sist veke gjorde eg ein del ting for første gong. Mellom anna hadde eg ein 5 minutters powerpoint-presentasjon. Det fungerte finfint - men ein litt kort ledning på mikrofonen gjorde at eg endte opp med å stå ganske langt unna biletet, så det vart litt "eg veit ikkje om de klarer å sjå det, men sjå kor eg peikar no - laaangt oppi høgre hjørnet DER står det noko. Det som står der skal de ikkje bry dykk med, men om de reagerer når de går inn på nettsidene, så tenk at det er systemet - ikkje reglane" Det er eg sikker på at alle forstod. Folk nikka i alle fall.

I dag skal eg holde min andre powerpoint-presentasjon. Og no skal eg holde på i 45 minutter! Snakk om utvikling! Eg skal snakke om kulturpolitikk, kulturhus, parlamentarisk styringssystem og økonomi. Eg kallar foredraget for "Korleis få 50 vidaregåande skule elevar til å sovne iløpet av fem minutter"

Det blir nok ingen raud løpar på meg i dag.

mandag 19. januar 2015

Heimeperla snopeskål

Vi var usikre på kva vi kom til å synas om sfo da storebror begynte på skulen i haust. Vi viste det var stor forskjell på de ulike sfo - korleis var "vår"?

Pjuhhhh - den er god! Den er engasjerte og stabile voksne. Den er rutiner og høgtlesing. Den er tydleg og den er forutsigbar.

BRA!

Storebror var på sfo 22.desember, og da lagde de heimelage snopeskål av perler! Dette har eg lest om på nettet fleire gongar, og har hatt lyst til å prøve heime, men aldri komt så langt. No har eg enda meir lyst! Skåla er verkelg fin og stødig - litt hard faktisk. Ikkje halvmjuk og uprakisk som eg var redd for at de var. På bilete har den blitt fylt opp av nyttårsbukksnop.

Sist veke laga de meisebollar i pepperkakeformer - nok ein ting eg har hatt lyst å prøve heime, men ikkje har fått gjort enda. Stilig! Eg digger at ungane gjør gøye ting utan at eg er med!

søndag 18. januar 2015

Årets første fjelltur






2015 er friluftslivets år! Mange sover ute for å markere det - og det kjenner eg at eg også vil prøve. Men i sommar. I min eigen hage. Det må da vere måte på! :)
Vi smelte i gong friluftslivsåret før vi i det heile tatt viste at det var noko som heitte det. Årets første fjelltur vart gjennomført 4. januar! Åh, så godt det var!
Lillesøster og mannen på toppen. Finfin utsikt mot vest. Ser vi England? Nope, ikkje i dag.
Lyderhorn
Vi gjekk ein anna veg heim enn vi brukar, og det var kjempespanande å krafse seg veg gjennom busker og greiner, snø og mose, sopp og gjørme. Mannen synas det var tipp-topp-tommel-opp, eg var litt redd for at vi plutselig skulle forsvinne ut eit stup, storebror var lei seg for at vi ikkje gjekk den vanlege vegen, for der var det noko han ville vise oss, og lillesøster prøvde berre å holde følge nedover fjellsidene. Vel heime vanka det kakao og Bambi-film på TV. Vi trenger ikkje alltid å ha med snacks på tur, og kortare turar som dette er finfine for å lære ungane at tur er (mest) for turen sin eigen del.

lørdag 17. januar 2015

Severdigliste

Eg elsker lister! 10 råd til ein mindre hektisk kvardag. 6 grunner til å stå opp før kl.6. 20 ting du må gjøre før du dør. Digger de!

Og særleg digger eg de når eg kan krysse av for fleire av tingene! Kjensla av å vere "ferdig" er god - også når det gjeld gøye ting (i alle fall når den generelle lista over ting er uendelig lang).

I eit blad eg las var det ei liste over de ti stadene utanfor Europa flest hadde lyst å besøke. Og her kunne eg jo krysse av for mange = happy day!

1. Grand Canyon, USA - JA! I 2001
2. Machu Picchu, Peru - JA! I 2006
3 Den kinesiske mur, Kina - JA! I 2005
4. Great Barrier Reef, Australia - Nei, men er det lov å seie at det er ein stad eg eigentlig ikkje har lyst å besøke heller?
5. Niagrafallene, USA/Canada - JA! I 2001
6. Taj Mahal, India - Nei, og hit har eg lyst å reise ein gong!
7. Frihetsgudinnen, USA - JA! I 2000, i 2001 og i 2005. Eg har til og med vore inni, før 11.september.
8. Pyramidene i Giza, Egypt - Nei, men hit har eg eigentlig lyst.
9. Den forbudte by, Kina - JA! I 2005
10. Golde Gate Bridge, USA - JA! Den gjekk eg over i 2001

7 av 10 er bra! Eg lurte på om eg skulle rangere, eller i alle fall seie kva av desse som var "best". Men det trur eg ikkje går ann. De mest overrated er i alle fall Frihetsgudinnen og Niagra Falls. Bytt Frihetsgudinnen ut med ein av de enormt mange Buddha-statuene i Thailand, og Niagra Falls ut med Igazufallene i Argentina/Brasil - så er du der!

fredag 16. januar 2015

Obsessed is -


Eg er i gang med treningsåret 2015, og har i dag trakka rundt med gangsperre i bein, rumpe, mage, bryst, rygg og armar! Eg diggar styrketrening! Denne veka har eg også trena yoga kvar dag medan ungane har sett barne TV. Det har eg ingen ambisjonar om å klare å få til kvar veke, men det har vore heilt skjønt!

Men no er det helg! :)

torsdag 15. januar 2015

Grønnkålchips og grønn suppe

Grønnkål går under kategorien supermat sidan den er proppa full av good stuff! C-vitamin, A-vitamin, jern, kalsium - you name it! Akkurat no er det masser av grønnkål i butikken, og den siste veka har eg laga to retter med grønnkål.

Etter oppskrift frå fotballfrue lagde eg grønnkålchips! Ein pose med grønnkål, ei raus spiseskei med olje og litt havsalt.
Eg hadde den i ovnen på varmluft i ca.10 minutter. No hadde kålen blitt sprø og veldig god! Eg var skikkelig sulten da eg lagde dette, og synas det smakte himmelsk!
Mann og barn var meir avholdne, så eg åt det meste sjølv. Det holdt seg sprøtt resten av dagen, men var ikkje så veldig godt dagen etter :)

I helga lagde eg brokkoli - og grønnkålsuppe som vi åt til lunch etter å ha spasert rundt for å sjå på Nina sine herjingar i nabolaget. Surr ein hakka lauk og nokre fedd finhakka kvitlauk i olje. Hell oppi litt matfløyte (eg hadde vel 2 dl igjen i ein boks) og nok vatn til at det dekker over brokkolien som du legger oppi i mindre delar. Tilsett grønnkålen, den fell ned etterkvart. La dette koke til grønsakene er møre. Hell av det meste av veska (men ta vare på den) og mos med stavmikser. Spe så på med krafta etterkvart til du får ønska konsistens.

På søndag åt vi den saman med fetakrem (fetaost og creme fraiche miksa saman), og på måndags kvelden åt vi den med nokre bitar steikt laks. Sistnevnte var absolutt favoritt - men suppa er like god utan noko anna. Også er den veheheheldig sunn og full av antiforkjølelsessaker!

mandag 12. januar 2015

Første gong x4

Da sist veke var ein forholdsvis roleg start på kvardagane er vi denne veka tilbake i full mundur! Og underteiknande smeller til med FIRE "dette har eg aldri gjort før så det er eg sikkert god til".

1. Eg svarer på eit portrettintervju denne veka. Du veit - av typen "Kva ser du fram til?" Dette viste seg å vere vanskeligare enn eg hadde trudd. Korleis vil eg framstille meg sjølv? "Kva gjør du på fritida?" Jo, der kan eg jo svare både tørker rumper, lager mat, vasker klær, strikker, danser etter Let it go; og alt ville ha vore sant. Men når ein har eit par linjer må ein gjøre eit utvalg. Og korleis vil eg da at ukjente mennesker skal oppfatte meg? Og sidan dette er i jobbsamanheng; korleis vere profesjonell og personleg på ein gong?

Derfor sendte eg svarene mine til han som kjenner meg best: mannen. Han svarte at Ja det stemmer det, eg kjenner deg igjen. Det er virker kanskje litt skrytete på det spørsmålet om fritid, men det stemmer jo so la det stå J

Eg var forsåvidt enig om fritidsspørsmålet og tok vekk ein del treningspunkter. Da vart det godkjent hos han, og eg sendte det vidare til sjefen for denne spalta. Han skreiv Det er helt perfekt.

Her er første gong eg viser på TV. Om du kjenner meg så ser du meg :)
Godt nok.

2. Eg skal holde powerpoint-presentasjon for ei gruppe på rundt 200 denne veka. Å snakke foran store (og krevande) forsamlingar har eg gjort fleire gongar, men eg har faktisk ALDRI holdt pp-presentasjon før! Og (haha) det er DET som stressar meg mest. Eg prøver å ikkje tenkje for mykje på dette sidan eg heilt ærleg trur det ville ha gått utover nattesøvnen min.

Tekniske utfordringar altså. Om det ikkje virkar får eg berre gje de hurtiglinken til nettsidene eg vil ha de innpå. Kort og presist.

3. Etter presentasjonen min skal eg rett på svømming. Eg skal denne veka starte på crawlingkurs for voksne. Eg har ein konkret grunn, men eg ønskjer også å lære meg noko nytt! Eg kan svømme, men crawl kan eg rett og slett ikkje (sjølv om eg av og til trur eg får det til). GØY!

4. For første gong har eg blitt telefonintervjua av ei stor avis som stilte kritiske spørsmål der eg måtte 1)passe meg for kva eg sa og korleis eg sa det, og 2)vere heilt tydleg på kva informasjon som er unntatt offentlighet. Journalisten har jo lov å spørre, men eg må vite kva loven seier. Phuu, eg trur det gjekk bra. No gjenstår det berre å lese det på trykk.

- og der var veka i gang.

søndag 11. januar 2015

Julestjernetankar

Det er nyttårsafta og storebror står i vindauget på stua og ser på rakettane medan han venter på at lillesøster skal bli ferdig på badet.

"Mamma? Eg skulle ønske alle barn i heile verden kunne få sjå fyrverkeri."
Eit lite nyttårsønske.



LYKKE

Åtte øine i hverandre.
Fire munner rundt et bord.
Fire vegger kring en lykke:
Vesla, Påsan, far og mor.

Åtte hender hektet sammen
til en ring om stort og smått.
Herregud - om hele vide 
verden hadde det så godt.
Einar Skjæraasen

lørdag 10. januar 2015

Romjul i Florø

Sidan vi hadde så lang juleferie tok vi turen til Florø for å besøke familien vår der. Vi valgte å sitte i ro på båten framfor å svette oss veg over fjellene på vinterføre, og det var så fint å sitte i solskinnet 3.juledag og bli ført nordover på blikkstille vatn!
Litt reinare vindaug hadde kanskje gjort seg ;)
I Florø var det også snø, i alle fall ein dag til etter at vi hadde komt! Tantebarna hadde fått seg ski, så vi var og herja i den snødekte hagen hos de ein førmiddag.

Eg prøvde å ta bilete av hund i snø, men det var kanskje lettare sagt enn gjort. Haha, hunden er i alle fall fin!
Vakker solnedgong frå huset til mamma og pappa.
Den eine kvelden slo vi til med Ostefondue, ein helgetradisjon frå 90-talet. Grunnen var at mannen ikkje har smakt det før, og det er jo ein "ting" som "alle" meinar noko om, så her var det på sin plass med litt matkultur!
Vår originale fonduegryte. Heilt autentisk må veta!
Ein trenger ikkje å vere blogger for å ville ta bileter før maten kan etast!
Dommen? Joda, dette er god mat! Alt blir vel godt ved å bli duppa i smelta ost! Loff, bogskinke, druer, oliven og paprika. Mmmm!

fredag 9. januar 2015

Restegarngenser

Da vi rydda utav skapet vårt før vi pussa opp soverommet fann eg ei kasse full av restegarn. Eg plukka ut alle restar som var for små til å strikke noko av, og sendte de med lillesøster i barnehagen. Så plukka eg ut alt eg hadde av babyull og såg at det var mykje lilla, rosa og kvitt.
Utgangspunkt
På nille.no fann eg ei enkel oppskrift på genser med tynt garn, så i desember strikka eg restegarngenser til lillesøster i str.6 år. Den ser ut som ein skikkelig restegarngenser også, men den er mjuk og deilig og lillesøster elsker den! Eg er medlem i ei restegarngruppe på facebook og ser imponert på alt folk klarer å lage av restegarn, så ein ikkje ein gong ser at dette er eit resteprodukt! Eg har ikkje nok perfeksjonisme i kroppen til at eg gidder det, men eg er likevel veldig fornøyd med alt garnet eg har brukt opp!
Resultat
7 nøster med rester brukte eg her. To kvite. Det var dumt med kvitt så langt oppe på genseren, men da var eg nesten tom for lillafarger og ville spare litt til toppen. Lillesøster har alt sølt ketchup på det kvite som eg ikkje har fått vekk i vask. Oh well. Ein ordentlig kvardagsgenser!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...