mandag 30. oktober 2017

Stoltzekleiven opp 2017

For tredje år på rad var vi med på familiedagen Stoltzen Opp! Det er eit så kjekt arrangement! I år meldte vi berre på ungane slik at de fikk tekniske t-skjorter, men vi var jo med alle saman.
Lillesøster hadde sprut i beina heile vegen opp! Eg er så imponert! Storebror var litt meir nølande baki trappa, men han var ikkje langt bak oss da vi var på toppen. Vi gjekk vidare mot Fløyen og gjorde unna rebusløpet speidarane hadde laga, før vi satte oss på ein benk og åt lunchen vår. Kakao er alltid med på hausttur! Vi var litt klimaskada etter fleire veker med knallvarme i Bergen. Denne søndagen var det vanleg hausttemperatur på rundt 10 grader, og vi var ikkje varmt nok kledde!
På Fløyen satte vi oss inn og venta på at de tok nysteikte og megasvære skillingsboller utav ovnen. Medan vi venta tok lillesøster å reiv ut den eine tanna si etter at den hadde vore laus og vond i nokon dager. Tøffare enn toget! Etter varm gjærbakst hadde vi masse energi igjen og gjekk tilbake til Sandviken der bilen vår stod. Denne runden har vi gått mange gonger, og det er spørs om ikkje bolle på Fløyen må bli eit nytt element! Turen ned igjen har i alle fall aldri gått så sutrefri!

fredag 27. oktober 2017

Ein hyggelig ting frå dagen

Da storebror er fødd under ein liten negativ stjerne starta vi for fleire år sidan med fast samtalepunkt under middagen. Fortell ein hyggelig ting frå dagen. Dette er bra av fleire grunnar. For det første tvinger det alle til å tenkje igjennom dagen sin med eit positivt forteikn - sjå etter det som var bra. For det andre får det alle til å fortelje noko om dagen sin, den delen av dagen der vi ikkje er saman. Slik trur eg vi får betre forståelse og kunnskap om det som skjer på skulen. Og ungane får eit vist innblikk i arbeidskvardagen vår. For det tredje viser det seg at den forventa samtalen rundt middagsbordet skaper eit fokus gjennom dagen. Ofte seier ein av ungane "eg gleder meg til å fortelje kva som er min hyggelige ting frå dagen!" De har tenkt på det og "spotta" den hyggelge episoden når den skjedde. Fleire gongar i veka har de fleire hyggelige ting, og ramser opp for oss! Eg trur det øver opp hjernene våre til å fokusere på det som er bra. Det er jo eit valg, og med kunnskapen om at hjernen fokuserer på det som ikkje er fullendt, det som må løysast - altså det som ikkje er så bra, er det ikkje det lettaste valget; men noko vi må jobbe med. Også går det lettare.
Vi har gjort dette i fleire år. Eg har fortalt om det til så mange, og det er fleire som har begynt med det samme heime. Både familie og venner har fortalt oss at "vi også har begynt med ein hyggelig ting frå dagen!" Og det er jo berre så fint! Vi vil høyre korleis ungane våre har det, og det er ikkje lett for de å fortelje om spørsmålet er "korleis har du hatt det på skulen i dag?" Vi ser at ein litt meir konkret knagg å henge samtalen på gjør at det er lettare for ungane å snakke om dagen sin.
Det er umogleg å seie om dette fellesprosjektet er grunnen til at den negative stjernen til storebror ikkje lenger er der. Men han har i alle fall endra fokuset og snakker mykje meir om alt som er gøy og kult og LOL.

Av og til skjer det mindre hyggelige ting. I haust har det komt fram som ein "litt uhyggelig ting frå dagen", men vi passer alltid på å ta med hyggelige historier også. Dagen inneheld ofte begge deler. Frå den siste tida har ein uhyggelig ting frå dagen vore parkeringsbot, fall frå tre og kloreksplosjon i badebassenget. Det må det også vere rom for å snakke om. Men at nokon juksa i spel, også måtte ein hente læraren for å rydde opp i det, DET trenger vi ikkje å fokusere så mykje på.
I går var lillesøster sin hyggelige ting at ho hadde hatt gym i sfo. Storebror sin hyggelige ting var at de hadde fått lov å gjøre det de ville i datatimen (han hadde laga powerpointpresentasjon om Minecraft). Min hyggelige ting var at eg hadde blitt intervjua i ei avis. Og mannen sin hyggelige ting var at han hadde ring meg på jobb også hadde eg vore i så godt humør. Da kom det frå storebror "Pøh. Det kan jo ikke være en hyggelig ting. Mamma er jo alltid i godt humør."

Hahaha - kanskje fokuset vårt har fått han til å tru at eg alltid er i godt humør? Det er ikkje sant, men veldig hyggelig å høyre :)

torsdag 26. oktober 2017

Sjokoladekake og før-førjul

Når både to - og firbeinte i familien er fødd på første halvdel av året (meir eller mindre) blir det lite kakeaktivitet på hausten. Derfor er det EKSTRA STAS når vi ein sjeldan gong baker noko søtt og godt.
Vi (les: eg ) er alt i superjulemodus og teller ned vekene til eg kan finne fram julemusikken. Hausten har så langt susa av gårde, og før eg rekker å snu meg er det ENDELIG jul (igjen)! Denne hysteriske før-førjulstida er favorittida mi, og det er om å gjøre å få mest mogleg av juletingene gjort no mens eg enda synas det er stas. Derfor har eg handla inn mange julegåver, og julekort er straks bestilt. Det er fint å gjøre det no - da kan livet snurre og gå fram mot jul og alt er på stell! Eg tenkjer på julekaker også, men DET venter eg med til uti desember!

mandag 23. oktober 2017

Kveldstur til Gullaksdalen

Det er snart for seint, men enn så lenge prøver eg å utnytte at ettermiddag/kveld er så pass lys at eg kan gå i skogen utanfor lysløypa. Med øyrene på lufting eller med ein god podcast. Eg gjekk til Gullaksdalen med ei venninne i september og vi vart overraska av mørket som kom fort og djupt medan vi framleis var langt unna lysa frå rv555. Det gjekk fint sidan vi gjekk på skogsveg, men i eit kryss traff vi tre unge menn som oppførte seg litt truande mot oss. Eller kanskje ikkje? Kven veit, det er så vanskelig å forstå når ein ikkje ser kvarandre godt. Situasjonen i dagslys hadde kanskje vore heilt normal, "ups, her går du ja". Men det satte ein liten støkk i meg, så eg skunda meg heimover når det begynner å skumre.


Vær flittig og snill,
og ikke vær slem!
Når det blir mørkt
må du skynde deg hjem!
Julenissen kommer i kveld


Eg kjem meg i alle fall til nærmaste veglys!

mandag 16. oktober 2017

Sol opp og sol ned

Ein av de siste skikkelig fin - og varmværsdagane i september vart utnytta til fulle! I alle fall i den grad ein kan utnytte ein slik dag midt i veka. Heldigvis har eg denne utsikta frå kontoret, så her skinner sola med det samme den har komt seg over Ulriken.
Etter middag køyrte eg i god tid til Sandviken for å gå opp Stoltzekleiven der det skulle vere Stoltzenyoga kl.19:30. Eg var raskare opp enn eg trudde, så eg hadde ein heil halv time der eg kunne sitte og sjå på solnedgangen (og sakte, men sikkert bli ganske kald).


Etter yogaen gjekk eg opp til Sandvikspilen igjen, og da var utsikta slik:
Heldivis hadde eg med meg hodelykt i sekken, slik at eg kom meg heil ned igjen. Men eg var kjemperedd heile tida, så svetten rant! Det var framleis 20 grader da eg kom ned til bilen i 21-tida; heilt magisk! Yogainstruktøren la ut bilete dagen etter på Instagram - og der står eg rosa og fin - i ståande kvile.

torsdag 12. oktober 2017

Venner

I dag blir storebror med ein kamerat heim, medan heldige lillesøster blir henta etter halv dag av ein av sine beste venninner som flytta til austlandet for halvanna år sidan. Umiddelbart kjem tanken "åj, skal vi gå ut og spise?!", men det gjør vi ikkje.
Vi blir heime og spiser noko rester fordi "vi gidder ikkje å lage middag når det berre er oss to", også slokner vi nok på sofaen. Skikkelig heime aleine-fest altså!

mandag 9. oktober 2017

Rundtur

Det var  søndag og det var sol. Vi skulle på tur til tross for store protestar frå begge ungane (!) "NEI! JEG VIL IKKE" "Det er så fint vær, da må vi jo gå på tur!" "NEI! DET MÅ VI IKKE!"
Jo, det må vi! Og mannen hadde valgt seg ut ein ny tur etter at han etter sigende sa at han synas vi hadde trakka litt mykje på byfjella de siste åra. Vi køyrte til Eidsvåg og innover til vi parkerte ved vegen opp til Stølsvatnet. I følge ut.no var her ein rundtur rundt vatnet på ca 5 km.
Det var bratt med det samme, så vi kom fort opp til utsikt! Ned mot vatnet, bort til Rundemanen og ned til Eidsvåg.
Nokon sutra nesten heile vegen opp til ein av de mange haugane (toppane?) der alle fikk kjeks og ein pust i bakken.
Like etterpå, på veg opp til første topp på Stangelifjellet, 418 moh, var det så bratt at det var lagt ut eit tau. Der kom snupunktet og humøret steig på rekordtid!
Oppe på høgda såg vi klart korleis vi bevegde oss rundt vatnet frå topp til topp. Sola skein, og det var kun litt vindt på nokon utsette stader. For ein dag!
Rundt halvvegs stoppa vi og åt lunch. Tomatsuppe, kakao og kaffe. Med DENNE utsikta!

Skål!
Vi gjekk vidare etter ei god pause og kom opp på Storsåta, 434 moh. Det var litt "Vidden light" med ganske flatt terreng og tett mellom vardane.
Herfrå var det berre nedover til vi kom til demningen der vi starta nokon timar tidlegare.
Eg sa til nokon at det var ein magisk tur sidan det var surmuling til begynne med, også glade stemmer når vi var ferdige, men det var vist ikkje heilt sant.
For ein fin tur! Og så kjekt med noko nytt! Eg gjekk med sekken som vanleg, og veigde den før vi gjekk. 10 kg ekstra bærer eg med meg på turar. God sekk har eg i alle fall. Men dagen etter var eg heilt knøfta i rygg og eine hofta, så eg lurer på om eg kanskje hadde forstrekt noko på turen. Det var ganske sleipt, og om eg ikkje datt, så sklei eg fleire gongar. Med sekken på. Det er ikkje heilt risikofritt på fjellet, men åh, så deilig!

onsdag 4. oktober 2017

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...