tirsdag 27. oktober 2020

Oktober part one

Når eg mot slutten av månaden ser på bileta frå begynnelsen synas eg at de er så heilt på ulike planetar at eg delar opp oktobermånaden i to.

Noko skjedde med agurkplantene og det skjedde veldig fort. Om det vart for kaldt plutselig eller om brunsneglane begynte å spise på bladene (eg held ein knapp på det første) så var de alle ein dag stygge i bladene, de små agurkane som var igjen visna inn og det såg berre veldig trist ut. Eg redda nokon små agurker, men det var mykje som forsvant. Rart. Nokre veker seinare rensa eg begge pallekarmane og de skal få stå og kvile seg til nye plantar i 2021. Eg planlegger gulrøtter og cherrytomater. 

Storebror hadde opning av kunstustilling på skulen og fikk servert brus i fine glass og ei rose. Den fikk han lov til å sette i blått vatn her heime, og ikke lenge etter var den begynt å bli blå! Den vart berre blåare og blåare - bladene også - skikkelig stilig!
Laurdagstur opp ein ny, bratt sti til Ulriken frå Bjørndalen. Vi gjekk frå 50 til 643 moh på 1.7 km. Her under Ulriksbanen opna landskapet seg og vi kunne sjå kor høgt oppe vi hadde komt! 

I haustferien var eg med på Fløyenyoga i solnedgang. Så vakkert!


Seinare i haustferien (som eg ikkje hadde) var eg på surdeigskurs. Der fikk eg ein starter som heiter Alf. Han bur i kjøleskapet og får mat ein gong i veka.

Den beste treningstemperaturen er under 10 grader synas eg, så det er ekstra deilig å jogge i oktober etter mange månader med (litt) varmare temperaturar.
Vakre teaterparken i skumringen. Når eg får lov å reise på kontoret igjen er dette eit av mine nærmaste grønne punkt. Eg og kollegaene hadde planlagt lunching her i vårsola. Kanskje vi kan gjøre det i 2021.
Vi var på DNS og såg generalprøva på Onkel Vanja og vart både inspirerte og irriterte,

Søndagstur i nabokommunen, nærmare bestemt ut til Bekhilderen. Vi var litt for seine til full fjære, men eg trossa vatten i skoene (de var jo alt gjennomvåte) og gjekk inn i hula. 
Lunch på primus etterpå. Fiskesuppe - sjølvsagt!
Toulouse trivast på toppen av boblebadet der han blir varm både under og oppå. Etter fire veker med bading så og seie kvar dag pakka vi den ned ein av de siste dagane med sol i oktober. Takk for no - og vi gler oss til å sette deg opp igjen når våren kjem!

torsdag 1. oktober 2020

Innholdsrik September


Ein som endelig har funne vegen inn lenge nok til at vi får kosa med han! Nokon dagar ligger han akkurat her, mellom kontorstolen min og veggen. Eg sitter heilt i ro på stolen for å ikkje rulle over han.
Vi har vært med på strandryddedag på Askøy. Saman plukka vi 250 kg søppel på ein time!
Lykka er ein boks full av mat!
Regnfylle dagar på heimekontor. Det er lettare og meir komfortabelt å jobbe når sola ikkje steiker gjennom vindauget.
Like før ei uværshelg var himmelen slik da eg leverte storebror på sjakk.
Lillesøster laga laurdagskos til Skal vi danse! Bananlapper til heile gjengen!
Ute begynner hausten å vise seg. Blåbærlyngen er så fin! I løpet av månaden har eg også avvent meg med å småspise bær når eg går eller joggar i skogen. Det har vært mykje småpauser sidan de første blåbæra var modne i slutten av juni. Det var ei tung avvenning og fleire turar der eg leita aktivt etter noko som hang igjen.
Morgonsol inn vindauget like etter at ungane har gått til skulen. No er det framleis mørkt når vi står opp kl.7! Kaffe på toppen av bøker som skal tilbakeleverast og/eller bli gitt vekk.
Vi har kjøpt oss utandørs boblebad som vi har brukt så og seie kvar dag! Det er akkurat så luksus som eg trudde! No blir det spanande å sjå straumrekninga!
Ei helg det var meldt mykje regn tok vi oss ein nærmiljøsøndagstur i skogen. Vi nådde fram til ein ny gapahuk før det kom litt duskregn. Her åt vi medbrakt suppe og heimebakt brød. Så slutta det å regne og vi gjekk heim med tørre regnklær på.


Du haustar som du sår. Derfor har vi kunne hauste nokre finfine agurkar. De smakte, lukta og såg ut som agurker! 6 mnd med ventetid. Stor stas, men eg er kanskje ikkje heilt interessert i ny runde neste år.
Corona får ei ny bølge i Bergen og eg har korøving på soverommet med dirigenten på zoom.
Kaffekopp nummer to. Eg gidder ikkje å lage ekte kaffe berre til meg, så eg drikker pulverkaffe på kvardagane.
Brunsneglane fatta interesse for gulrøttene, så vi drog de opp 22.september. Dette var jo berre heilt herleg! DETTE skal vi gjøre igjen! Desse er ikkje forkultivert, men planta rett i jorda som frø i juni. 
Helgetur til Loen, her med stopp i Olden for å drikke Oldenvatn (yes we did) og spise litt.

Lunchtur innover langs Lovatnet med mektige fjell på alle kantar!
Badebassengliv i tre dager! Her fotografert få centimeter over bassengvatnflata.
Søndags morgon før vi gjekk ned til frukost med nydleg utsikt frå hotellsenga og innover dalen der tjukk morgontåke rant fram. Dette er lang betre enn klesskapene eg ser på i senga heime!
Ingen dårleg køyretur mellom Bergen og Loen! Her på veg ned til Byrkjelo.
Lillesøster hadde forfattarbesøk i klassen, så ein regnfull dag gjekk eg ned på bydelsbiblioteket og lånte boka han hadde skrive og som han snakka om. Regnflotte blomar på vegen!
Det vart ikkje så mange agurkar, eg såg at fleire vart spist opp av brunsnegler. Men de vi fikk tatt inn var veldig gode, om enn ikkje så store. Fleire vart hengande for å vokse litt meir inn i neste månad. Gulrot frå butikk - de vi hausta sjølve vart oppspist ganske raskt!
Den finaste og mest plagsomme kollegaen eg har hatt.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...