torsdag 31. desember 2015

Takk!

Takk for gode minner og viktige lærdommer 2015! Vi er klokare og blir stadig betre - og vi gler oss til vidare utforsking i 2016!

onsdag 30. desember 2015

Air Wick

I desember fikk eg vere med på den perfeke buzzadorkampanjen - nemleg Air Wick sine nye duftlys med farge og duft som endrar seg. Oppgåva var å bruke desse lysa når vi hadde besøk, også buzze til gjestane våre.
I pakken var det to av de nye lysene som både skifter farge og duft - samt to "vanlege" duftlys. Så langt har vi berre brukt det eine lyset, for desse er drøye i bruk!
Lyset er det beste - synas eg! De skiftar roleg mellom blå, lilla og raud. Lukta er litt sterk, men det er ikkje vanskeligare enn at vi da blåser det ut. Faktisk er det mange kommentarer når vi har det tent, dette er det ikkje så mange som har sett, og det er unektleg ganske så kult!

Når lyset ikkje er tent er det framleis fint å ha ståande framme. Vi har hatt masse besøk i desember, og der er nettopp derfor eg var så glad da vi fikk vere med i denne kampanjen - fint å vise fram, kjekt å ha!

tirsdag 29. desember 2015

Yttergang - siste rest

Da yttergangen var ferdig var den jo det - men i månadane etter gjorde vi nokre utbetringar for at den skulle vere meir funksjonell for oss.
Mellom anna vart eg lei av å leite etter nøkkelskap, og etter å ha kjøpt to eg ikkje likte, kjøpte eg denne på nille. Aller helst ville eg hatt den utan skrift på, og eg kan jo male den, men den for vere som den er. Nokon kommenterte at vi var tøffe som oppbevarte lommebøker like ved ytterdøra. Det hadde eg ikkje tenkt på, vi bur i eit trygt nabolag, men vi slutta uansett å oppbevare penger i den lille hylla. No oppbevarer vi støv der. Og eit og anna nøkkelkort.
Denne hadde vi i gangen før vi måtte pusse opp. Vi lot den vere vekke ei stund, men når hausten kjem og ungane kjem heim med våte sko som må vere tørre til neste dag, er denne ein absolutt "må-ha"! Stygg som fy, praktisk som få!
Sist, men ikkje minst, kjente eg på ein indre makteslaushet kvar gong ungane hang frå seg vått eller skittent yttertøy på knaggane. Eg ville ikkje at det fine nye DYRE tapetet skulle bli skittent! Jovisst kunne vi tørke av det, men lets face it - det kom ikkje til å skje! Denne plata i plexiglass vart kjøpt inn og montert etter alle kunstens regler. Alt for mange hull i veggen måtte til for å henge denne opp! Hadde eg vist det hadde den ikkje blitt hengt opp, men her var det litt pest eller kolera. No som den er oppe sender eg ein takknemmleg tanke til den som fant opp plexi kvar gong ungane heng frå seg noko der. For yttertøy er oftast skittent. No gjør det absolutt ingenting! Denne er genial!

Yttergangen er dritlekker, og eg blir framleis overraska over at ikkje alle blir over seg av begeistring kvar gong de kjem inn i den - for det blir nesten eg!

mandag 28. desember 2015

Det skjedde i de dager

Det var litt vanskelig å finne ei julebok i år! Faktisk så vanskelig at da eg snubla over ei julebok etter at eg hadde begynt å lese denne, bestilte eg den med ein gong slik at den er klar til neste år. Ikkje det at det er så viktig da, men... ;)
Dette er ei lita krimbok med kidnapping og pengekrav. Bortsett frå at det skjer i jula er det absolutt ingenting juleaktig ved den. Utanom coveret da! Men ei fin lita krimfortelling, og ganske så spanande på slutten. Litt dumt var det at alt som kom til å skje i boka står beskrevet bakpå - så ikkje les det som står der!

søndag 27. desember 2015

Faddergåver

Eg prøver å få til at ungane lagar noko som de kan gje til faddarane sine; og i samme sleng til besteforeldre. I år lagde de små engler som kjem i hobbypakker frå Panduro.
Her var det mest treing av tråd og perler som var jobben, men det var pittlete og tok litt tid. Begge laga 8 kvar, så alle kunne få to i julegåve. Også to til oss - for desse er kjempefine!
Vi er litt uenige om vingene skal vere opp eller ned; samanlikn sjølv det øverste biletet og de som er under. Det er kanskje ikkje så viktig? Fine er de i alle fall!


lørdag 26. desember 2015

Mormorgåve

Mormor, eller min mamma eigentlig, er ein av de menneskene her i verden som storebror er aller mest glad i! Det kan vi også sjå igjen i julegåva som han jobba lenge med - og som ho fikk under treet i år. Godt kamuflert i ei sjokoladeeske låg denne perlekunsten i hamaperler:
SuperMario er gøy, og her har han perla 12 figurar til mormor. Han hadde først perla de til seg sjølv på sfo etter oppskrift de hadde der. Men desse har han perla heime, medan han har sett på de han lagde på sfo. Vi gjekk tom for kvit mellom anna, så prosjektet varte ei stund (med halvferdige kunstverk på kjøkkenbordet)! Heldige mormor!

fredag 25. desember 2015

Snømenn utan snø

Saman med venner hadde vi juleverkstad hos oss i desember. For å lage "y"bersøte (her skal det eigentlig vere ein tysk "u" med dottar over, men eg fann ikkje den på maskina mi akkurat no) snømenn - eller julenisser som vi kaller de utan at det på noko måte stemmer, trenger ein nokre småting.
Reine, kvite sokkar, saks, ukokt ris, kvit tråd, knappar, filt eller noko til skjerf og knappenåler med farga hovud.
Det enklaste er å gå på YouTube å søke opp "sock snowman diy" også ligger det gode og enkle filmar der. Dette er gøyt og enkelt og krever minimalt med utstyr!
Vi hadde eigne huer som vi brukte på snømennene, og det kan vere at det er derfor vi snakkar om "nissane".
De er så søte! Med knapper på magen, smil rundt munnen og varme klær "så de ikke blir kalde" som lillesøster seier. De er nok ikkje til å bli leika med, men våre har blitt brukt masse så langt og held seg framleis ganske så ok. Faren er at risen renner for mykje ned i kroppen, så de blir litt uproporsjonerte, men det for vere greit. Litt sånn julematsnømenn ;)

torsdag 24. desember 2015

Hugseliste til julenissen

Med denne hugselista som storebror laga for å hugse kva han ville legge fram for julenissen i går kveld, ønskjer vi alle ei riktig god jul!

onsdag 23. desember 2015

Hemmelig nisse

I dag er det lille julafta! Eg og ungane har ein roleg dag heime, medan mannen held hjulene (eller prøver å holde båten) igang på jobb. Sidan det er den dagen det er viser eg bileter frå eit prosjekt vi har hatt på jobben som heiter hemmleg nisse! Vi trakk navn frå ein boks i begynnelsen av desember, og den du fikk på lappen skulle du i løpet av desember kjøpe noko til og snike inn på kontoret. Beløp: kr.50,-.
Alt etter få dagar oppdaga eg denne lille karen i vindaugskarmen. Gøy!
Nokre dagar seinare dukka denne opp ved telefonheadsettet mitt. Hei, og velkommen skal du vere! Slurp!
Nokre dagar seinare fikk eg ein pakke. Her låg det eit kjøkkenhandkle som eg tok med heim. Dett var dett tenkte eg jo, og var så imponert over nissen min! Men etter ei vekes tid hadde desse to komt på besøk. Like ved tastaturet - lett å spotte! BONUS! Korleis den hemmlege nissen har klart å spre 50 kr ut på så mange ting veit eg ikkje, men han spredde i alle fall overraskelse gjennom heile desember!
Sjølv kjøpte eg ein stor sjokoladenisse og ein tannbørste til min mottaker. Dessverre vart mottakaren litt sur fordi ho lurte på om nokon synas ho hadde stygge tenner. Hahaha, da var det vanskelig å holde seg - men eg gjorde det. Sikkert like lurt ;)

tirsdag 22. desember 2015

Kalenderprioriteringer

I dag begynner ungane på juleferie! De var venta på jula (dvs julafta) i fleire veker, nesten sidan sist jul om eg skal vere ærleg, så det er bra at det no KUN er i dag og i morgon igjen! Før de må vente ein heil dag før de kan opne, men da er vi jo der!

Vi får middagsbesøk i dag og vi pøser på med julekaker til dessert! Vi har bakt 6 sortar i år. Pepperkaker, kakemenn, jasminstenger, sjakkruter, kransekakekjeks og heimelaga sjokolade.
Når det gjelder Jelly Beans-kalenderen har den ikkje akkurat blitt opna kvar dag. Vi har gløymt den opp til 4 dagar på rad, så vi har ei skål med masse posar oppi. De er kjempegode, det er ikkje det, men vi har ikkje hatt tid til å sitte med ettermiddagsespressoen så mange gongar, og da har det blitt gløymt og/eller ikkje spist. No har vi masse bønner til julesnop, fungerer fint det!

mandag 21. desember 2015

Ferie!


Eg trudde skulane hadde siste dag på fredag, så eg hadde ordna meg heile to vekers ferie! Det viste seg jo at det er skule i dag og i morgon også, så det betyr at eg har to dagar i fred og ro i eit julepynta hus. Formiddagar i alle fall.

I ettermiddag har mannen ein date med kompiser for å sjå den nye Star Wars-filmen. Da får eg og ungane besøk av venner til Julekongen og kveldsmat - det gler eg meg masse til!

Håper at også du har ein finfin lille-lille-lille juelafta :)

søndag 20. desember 2015

Julenisseoppgåver

I dag turnerer vi frå hus til hus for å helse på folk. Spise lunch her, spise middag der og overlevere gåver og julekort. Venner og familie. Julenisseoppgåver; det er gøy!
Julepynta Bryggen i Bergen.
Vi hadde eigentlig planer om å vere på Fløyen i dag for å sjå på når de tenner det fjerde lyset i advensstaken de har ståande der. Men i år har det vore for få dagar til at vi har rukket å gjøre det vi vil og da må vi prioritere. Mennesker går alltid foran, så vi skal prøve igjen neste år. Fløyen i advenstida altså. Neste års adventstid er nesten ei veke kortare, så det er ikkje sikkert det går da heller, men det er neste års utfordring.
Men no - ha ein fin fjerde søndag i advent! Det skal vi! :)4

lørdag 19. desember 2015

Roleg laurdag

Etter julebordet i går er det på plass med ein roleg laurdag i dag. I alle fall for meg. Storebror skal i bursdagsfeiring og mannen skal handle de siste julegåvene. Eg skal ligge på sofaen å lese i denne:
Her er mellom anna Dickens "En julefortelling". Den har eg aldri lest før, så den tenkjer eg er bra i dag. Etterkvart må boka og sofaen vike og byttast ut med ein anna sofa. Det er ikkje heilt ok å legge seg nedpå når ein er middagsgjest, så eg skal ikkje det. Det blir fint å bryte litt opp også vel eg å tru. Kjekt å få servert middag, kjekt å prate med flotte folk. Bra laurdag! Berre litt treig i startfasen.

fredag 18. desember 2015

Siste innspurt

I går kveld var eg så opptygd og utspytta at eg begynte å kaldsvette berre eg tenkte på dagen i dag. Men ingenting er som ei god natts søvn, og dagen er alt godt i gang!

Dette har vore tidenes mest hektiske desember. Vi har pressa maks inn på alle dagar, og best av alt? Eg har klart å trene tre gongar i veka! Det er knallhard prioritering, men det heng saman med at når eg trener eg er så MEGAHAPPY! I did it, eg er der og det er berre for meg! Fantastisk! For å få det til har eg mellom anna ein gong i veka avspasert ein time frå jobb for å jogge på tredemølle på sats. I går var eg der aleine heilt til ei jente med 1/2 flaske parfyme på kom og gjekk ved sidan av meg i 15 minutter. Eg ville 1)be ho om å dusje av seg den lukta før ho kom på trening og 2) opplyse om at å gå på tredemølle, sjå på mobilen og ordne håret sitt IKKJE er å rekne som trening.
For eg er ikkje så blid heile tida, i alle fall ikkje i går. Det er mange slags raringar som trenar mellom 14:45 og 15:30! Men eg tok ein superflau selfi i speilet etter at eg hadde strekt ut - pinlig!! Da vart eg litt glad igjen (eg vart også glad da frøken rosa satte seg på eit anna apparat og trykte vidare på mobilen der.)

I dag var det avsluttning med klassen til storebror, lillesøster har nissefest og eg skal på julebord. Hei kor det går!

torsdag 17. desember 2015

Tannlegetur

I dag hadde vi klokka på ekstra tidleg for å rekke lillesøster sin tannlegeavtale kl.07:45 - gjesp!
Da vi var framme på tannlegekontoret slapp vi rett inn, ho satte seg i stolen og vart heist opp. Tannlegen blåste og pirka og sa at alt var reint og der var leikeskuffa og ha det bra.
Eit minutt! Først 45 litt stressande minutter for å rekke å levere på sfo og køyre til tannlegen, men 1 minutt inne. Og dett var dett. Ingen Kariuser og ingen Baktuser. Lillesøster gapte stort og fint, og valgte seg denne rosa lille saken som på biletet står i bilen og venter på at dagen skal gå. 8 km frå barnehagen til jobb. 276 km til eg må fylle bensin på nytt. Alt er vel.

onsdag 16. desember 2015

Jobblykke

Desember har tidlegare vore ei roleg tid på jobb med høve til å få eit lite forskudd på januar sine rapporteringsoppgåver. I år har det ikkje vore tid til å tenke på dette ein gong, men det er så mange positive ting som er satt i gang at eg kan ikkje anna enn å glede meg!

Ekstra stas er det jo når flotte folk kjem innom kontoret for å gje meg sjokolade fordi de er så glade for jobben vi gjør. Og ekstra stas er det å få mailar som dette på ein tysdags ettermiddag; slike ord varmer!

tirsdag 15. desember 2015

Agnes i senga

Denne boka har eg sett på mange gonger, men valgt vekk fordi tittelen var så dum. Men det betyr sjølvsagt ikkje at boka er dum, for det er den ikkje, og tittelen er heilt flott! Synas eg no...
Neglelakk som matcher boka ;)
Stakkars Agnes har skikkelig kjærleikssorg, og det er nesten så ein kjenner det i heile seg. Ho gjør så mange rare ting, og det blir fortalt på ein sjølvsagt og roleg, avbalansert måte - så det er ein fryd! Boka fikk meg til å krympe meg, den fikk meg til å le, til å bli trist og til å smile. Ei kjempeflott lita bok som er verdt å lese!

mandag 14. desember 2015

Luciafeiring


Det kjennes som om vi har feira Luciadagen i to dager alt, med baking på laurdag og lussekatter hos venner i går - men alle gode ting er tre, så i dag utsetter vi middagen for å spise lussekatter og drikke kaffe i barnehagen hos lillesøster!

De har øvd inn Jul i svingen sin Luciasong, og i går høyrte vi på den heime mange gongar slik at teksten skulle sitte til i dag! Det var spente jenter da eg leverte i dag tidleg, for kven skulle få vere Lucia i år?

Storebror går direkte frå skulen til barnehagen i dag og han er veldig glad for at han får med seg denne tradisjonen for siste gong. Det verkar ikkje som om skulen gjør noko med foreldra i samanheng med Lucia, noko som er heilt ok, men vi får nyte den siste runden i dag! Svigermor kjem også for å vere med på morroa, og for min del avslutter eg 14.desember med å gå på julekonsert. Her er det jul i alle endar og i alle ledd. Ho - ho - ho - :)

søndag 13. desember 2015

Cup og graut


Deilige cappuccino på Smakverket sist veke 
I dag er det ein stor dag for lillesøster som omsider skal vere med på sin første fotballcup! Den første, og siste på ei stund sidan ho skal slutte på fotball for denne gong etter i dag. Så ho går ut med flagget til topps!

Etter ein førmiddag i fotballcupmodus (om eg klarer å finne den modusen i meg) køyrer vi rett på middagsbesøk. Ein vennefamilie brukar å invitere på nissegraut og lussekattar i samanheng med Luciadagen kvart år - så "same procedure as every year james" - vi gler oss til mat og prat, og litt meir stillhet rundt øyrene før dagen plutselig er over. Bra, og tradisjonell førjulssøndag!

lørdag 12. desember 2015

Finfin laurdag!

Lillesøster er ein del av ein jentetrio i barnehagen og i dag har vi invitert jentene og mammaene deires (som for så vidt også har blitt venner) på lunch og påfølgande lussekattbaking. Vi køyrer dobbel deig slik at alle får bake masse, og alle kan få med seg heim!

For at ikkje storebror skulle føle seg heilt isolert og utanfor har han sjølvsagt også invitert ein kamerat som kjem for å hjelpe med bakinga. Dette blir ein finfin laurdag med huset fult av finfine folk!
Bananmikshake - frosen banan, mjølk og litt vaniljesukker - nam! Serverast i dag :) 

fredag 11. desember 2015

Prioriteringer

Som sist fredag avspaserer eg ein time i dag for å gå på sats. Det er vanskelig å få tid til satstrening, vanskligare enn det er å ta på seg joggeskoene og stikke avgårde når det passer. Eg er den einaste i familien som ikkje har faste dager der eg skal noko, og det betyr at det eg vil gjøre må tilpassast de tidene de andre tre har fast. Det er vanskelig, og det blir ikkje lettare i desember!

Mellom nissefest, lusiafeiring, foreldrekaffi på sfo, speideravsluttning, førjulscup, foreldrekaffe i klassen, julekonsertar, julebord på jobben og ikkje minst alle sosiale samankomster som vi i år tydlegvis prøver å ta rekord på - er det vanskelig å få tid til å trene. Derfor avspaserer eg for å jogge på tredemølle med musikk i øyrene.
Saksbehandlerhumor :)
Vanlegvis er det rolege tider på jobb i desember, men i år er det ekstra travelt akkurat no. Med ei veke igjen før juleferie er det beinhard prioritering - og midt i det prioriterer eg aleinetid på mølla. Viktig og deilig!

torsdag 10. desember 2015

Den ene pluss en

Denne boka ligger, eller har i alle fall vore, på topplistene over de mest leste bøkene i Noreg lenge! Sjølvsagt har eg lest "Et helt halvt år", som så mange andre (faktisk den einaste boka eg har lest som e-bok). Dette er jo samme forfatter, og det er også tydleg når ein leser.
Mannen har begynt å like lakriste - så tea for two :)
Det tok laaang tid, rundt 200 sider, før eg kom over språket til Jojo Moyes (eller oversettaren for den del) og klarte å bry meg om karakterane. Skjønt - eg gjorde vel aldri det skikkelig, men bilturen de hadde var jo artig - som ein roleg og småinteressan film.

Det er noko med språket eg absolutt ikkje liker. Det blir for endimensjonalt. Og med fare for å framstå som ei gammal og bitter kjerring vil eg berre opplyse hovedpersonen om at JO! du kjem på eit eller anna tidspunkt klare å unngå å bli kåt berre av synet av huda hans. TRUST ME! Sånn - da var det sagt.

Boka traff meg - ein gong - utover det er det grei underholdning. Men med ein følelse av at ein har kasta vekk masse tid når den er ferdiglest. Hmm, no var eg litt slem. Den er berre så naiv innimellom. Men ok.

onsdag 9. desember 2015

Julepost

Ein viktig førjulsoppgåve er julekort. Finne bileter, finne kva type kort vi vil ha, bestille, finne rett adresser til alle, skrive bakpå - og sende de.
Fancy sjokolade frå Danmark
Eg trur alltid det tar mindre tid enn det tar! Eg er snaaaart i mål, så da gjenstår det mest å gå i posten, få 40 frimerker, lukke augene og betale - klistre på og sende de avgårde saman med mange gode tanker!
Dessertsjokkis og julekalenderbønner; mmm!

tirsdag 8. desember 2015

Lillesøsterfortrinn


Noko av det som er flott med å ikkje vere førstefødt er at ein får med seg ein del av livets goder FØR ein vanlegvis hadde fått lov - fordi ein er med de eldre søskena. For ikkje berre får ein meir avslappa foreldre og ein alt (forhåpentligvis) velrutinert småbarnslivkvardag der ein berre faller på plass som ein naturleg brikke i eit velsmurt maskineri (igjen - forhåpentligvis) - ein har nokon som trakker vegen opp for seg; og det er berre å rusle i veg.
Det lønner seg å ha ein storebror! I halvanna år har lillesøster fått med seg lekser ved kjøkkenbordet. Det er ikkje alltid ho er der lenger, men det første året satt ho saman med oss nesten kvar dag. Ho jobba med eigne ting, men ho såg på og fulgte med på det som vart gjort og sagt. Eg kan ikkje skjønne anna enn at det er derfor ho har lært seg å lese. Av seg sjølv verkar det som - for, ja, vi har jobba med skriving saman med ho, men ikkje med lesing. I alle fall ikkje målretta.

Plutseleg kjem det frå den lille søsteren "Her står det "poesi"!" For det var nettopp det orden ho las høgt for meg først og som fikk meg til å skjønne at ho rett og slett har lært seg å lese. Poesi er ikkje eit ord vi bruker i daglegtalen heime, men eg hadde ei bok der det stod "poesi" på - og der las ho det. No leser ho barnebøker med store bokstaver ("jeg kan ikke helt de små bokstavene enda") og Donald Junior-bladene som vi eigentlig abonnerar på for storebror, men han har begynt å lese vanlege Donaldblad med små bokstaver. Det er så kjekt - ho er så flink! Og ho er så stolt!!!

mandag 7. desember 2015

Bangkok baby

"Bangkok baby" er ei tynn og lita bok som eg raska med meg fordi den var - ja tynn og lita, og fordi tittelen og det lille som stod bakpå fikk meg interessert. Det skal og seiast at eg nett hadde sett ei reklame for Bangkok på TV dagen før som fikk det til å krible i heile meg - for DIT vil eg tilbake!
Men det vil eg ikkje etter at eg har lest denne! Forferdelig trist og ekkel og ufyselig og forstyrrande! Denne satt i tankane mine lenge etter at eg hadde lest den ut. Bankok er ikkje berre vakre fargar og arkitektur, takterrasser og god øl.

Ei god bok på veldig mange måtar, men ikkje ei bok som dyrkar reiselysta.

søndag 6. desember 2015

Test!


Titt og ofte får vi vere med på gøye ting - og i dag er ein slik dag! Eg kjenner ei som er med i ei ganske nystarta fri teatergruppe her i Bergen, og i dag har vi blitt spurt om å stille med testpublikum på den aller første barneteaterforestillinga de har laga. De skal sjå kva som fungerer, kvar ungane ikkje følgjer med, kva som kanskje blir litt for skummelt, og få ein viss peikepinn på kva aldersgruppe forestillinga passer til.

Det blir ein god aldersmiks i publikum, storebror er nok midt i blinken og lillesøster kanskje litt liten. Vi får sjå :)

Kjekt blir det uansett - eg gler meg til å sjå kva de har jobba med så lenge!

lørdag 5. desember 2015

Julebaketradisjon

I dag inviterer vi for andre gong denne veka venner på besøk for å bake! Eg elsker at huset vårt blir brukt av venner - høyre lyder frå alle rommene - og at tingene våre blir brukt! Vi er heldige som har eit stort og solid kjøkkenbord med juleduk som tåler det meste; og i dag skal det brukast!
Biletet frå Vennegruppepepperkakebaking
Første gongen vi hadde pepperkakebaking med akkurat denne familien, var jula 2009 da lillesøster var i magen og gjorde meg konstant litt kvalm. Dette er altså 7. (!) gongen vi møtast over deig og prat! Vi har kakemanndeig, de kjem med pepperkakedeig - også jobbast det! Mammaene kjevler deig, ungane stikker ut og pappaene steiker. Vi får laga MASSE på kort tid! Etterpå spiser vi nissegraut før vi spiser nylaga julekaker til dessert! I år skal vi også ha juleverkstad, noko vi har hatt de siste åra, det blir kjekt! Eg tipser her i neste veke ;)

fredag 4. desember 2015

Førjulvennegruppe


Måndag denne veka hadde vi Vennegruppa til storebror på besøk for å bake pepperkaker. Vennegrupper er noko vi har begynt med no i 2.klasse, der klassen er delt opp i mindre grupper, og gjennom skuleåret skal kvar og ein på gruppa invitere de andre heim til seg. Poenget er at de skal bli betre kjent med kvarandre, besøke nokon de vanlegvis ikkje besøker, møte foreldre og søsken. For storebror var det ille nok før de kom; "Jeg vil ikke ha jenter på besøk!", men når de først var komt var han stolt og glad og høffleg mot de.

Det skal ikkje vere noko stress, og det er sagt at ein time skulle vere nok. Storebror og lillesøster hadde faktisk øvd inn ein teaterversjon av juleevangeliet som de viste til gjestane! Etterpå bakte vi pepperkaker på kjøkkenet alle saman, og medan de steikte var det barneTV for småsøskene som var med, og leik på rommet for de andre. Tida gjekk, og plutselig var det gått to timar! Kjempekjekt var det i alle fall med besøk - vi valgte også å invitere foreldra slik at også vi vart betre kjent. Ein ettermiddag denne veka henta eg storebror på SFO, og da var det kjekt å "kjenne" nokon av jentene som var der! Ellers kjenner eg jo berre gutane, så dette var bra for fleire ting! Finfine unger i alle fall!

torsdag 3. desember 2015

Pepperkakebybidrag 2015

Her har vi utgangspunktet for årets pepperkakebyggverk til Pepperkakebyen! Lillesøster kom heim frå barnehagen med dette flotte maleriet av ein luftballong - og vi hang den opp på kjøkkenet. Det gjekk nokre dagar før storebror såg det, "Hvem har laget denne?" "Lillesøster" "Ok. Jeg vil lage luftballonger til Pepperkakebyen i år!"
Mannen tente på ideen, og nødvendig utstyr vart kjøpt inn. I to kveldar satt han og forma ståltråd til to "luftballongsjeletter". Her har eg prøvd å ta bilete av den eine, med ballong i vegen.
To ballongar vart donert frå Peppes, også begynte griset. Ballongane skulle dekkast av pappmache. Aviser i strimler, og ein blanding av trelim og vatn. Kliss i veg!
Dette gjorde vi mens storebror var vekke, det var nok med eit barn - ballongen trilla og grisa til, papiret vart vått, lim overalt - rot! Derfor vart det til at mannen gjorde nesten alt her (også). Han la på i to omganger, slik at de vart litt solide.
Vi hadde alt jobba med desse i ei heil veke, og no kunne vi male! Storebror markerte sin ballong med klare linjer, medan lillesøster maler litt i rundare former. Det vart litt uenigheter med malinga, så storebror sin ballong er det mest eg som har malt. Det var kjempegøy - så eg er veldig glad for det altså! :)
Omsider - pepperkaker! Storebror målte kor stor sjelletet var også var det om å gjøre å lage passe store deler i pepperkakedeig slik at vi lett kunne lime de fast i ståltråden. Vi brukte pepperkakedeig frå IKEA.
Verdens beste og tjukkaste melisglassur er stivpiska eggekvite med litt sitron, og melis. Medan vi pynta såg vi at de dumme pepperkakene var blitt heilt mjuke igjen, og da måtte mannen til med enda eit fundament.
Stiv papp og masse tape i "korga" som etterkvart skulle bestå av pepperkaker. Min ide - det må jo berre med! ;)
Da var det enklare å lime fast pepperkakene til pappen med smelta sukker. De pynta formene var no så mjuke at vi var redde for at de skulle smuldre saman, men det gjekk!
Oppi formene satte ungane nokre pepperkakefigurer, og så var luftballongane klare til levering!
Som takk for god innsats får ungane ein pepperkakemedalje, diplom og gratisbilletter til Pepperkakebyen. Første dagen Pepperkakebyen var opna fikk vi tilsendt ein mms frå ein av mannen sine kamerater med bilete av lillesøster sin luftballong som sveva over byen! Sidan de var ganske så blaute da vi leverte de frå oss var vi spente da vi tok turen inn i helga for å sjå. Hang lillesøster sin ballong framleis? Hadde ikkje storebror sin ballong overlevd sidan vi ikkje hadde fått bilete av den?
Men sjå! Der hang de så fint begge to! Det var så gøy å sjå! Tidlegare har vi leita ein del før vi har funnet det vi har laga, men denne gongen hang de jo der - synlege for alle!
Eg overhøyrte unger som ropte "Åhh, se! Luftballonger"; så dette skilte seg ut frå alt det andre som var der! Kjempegøy!
Hus med snopetre - og nissen som flyr over himmelen bak.
Empire State Building.


Frostslottet med Elsa. Sjå Olav!


Her henger storebror sin ballong, med fullmånen i bakgrunnen :)
Sjå flyet! Det hang så langt bak at eg lurer på om det ikkje er av pepperkake, men det var kjempefint det også - uansett! Det er så masse fint å sjå på! Vi var her inne i nesten ein time og såg på alt folk har brukt tid på! Fy fabian; det tok tid å lage årets kreasjon, og mannen har gjort MASSE! Men vi er så fornøyde med resultatet!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...