torsdag 9. november 2023

Oktoberliv

Vi var med på årets Rosa sløye-løp i Bergen, ei oppleving som inneholdt skikkelig god stemning, triste syn, knallvær, og ein rosa by - og (min favoritt) ein himmel som opna seg akkurat idet vi hadde kryssa målstreken. Vi var gjennomvåte etter få sekunder; noko som var supergøy! Digger skikkelig vær (men er glad det var sol fram til nokre minutter før).

Rundtur på nokre byfjell ein finværslaurdag med fri. Lunch med utsikt over Fyllingsdalen.
Medan ungane var på haustferie møttes mannen og eg etter jobb på ein av byens vakraste spisestader. Nok ein gong var det styrktregn, og det var fint å sitte her inne og sjå ut. Etter middag gjekk vi på kino og prøvde de nye sengene som ein kan sitte (ligge) i. Eg sovna litt til tross for at filmen var god.
Eg reiste til Trøndelag midt i oktober for å delta på eit innholdsrikt og intenst seminar i forbindelse med jobb. Samtidig var det også ein dansefestival, så eg fekk sjå tre danseforestillingar; og ikkje minst fikk eg samarbeide med nokre av dansarane etterpå. Eg er full av gode minner og nye bekjentskaper etter disse dagane.
Seint laurdags kveld tok eg toget til Trondheim der eg brukte heile søndagen på å henge rundt og i denne draumen av ein katedral. Søndagen starta med gudsteneste her med både kor og ein organist i toppklasse. Klangen av orgelet i Nidarosdomen er noko av det vakraste eg har høyrt.
Trondheim i haustfargar var nydelig, og eg synas eg fikk mykje utav timane både inne og ute. Nidarosdomen er ein draum! Andre høgdepunkt var St.Olavs kilde, Gamle Bybro, hausten i parken og kakaoen de hadde på kafeen rett ved Nidarosdomen.
Vi inviterte ei heil familiegrein på Halloween-fest. Mykje ekkel mat, god prat og fine folk!
Siste helga i oktober toga eg til Oslo. Eg var med på seminar på Henie Onstad Kunstsenter om den nye utstillinga med Magdalena Abakanowicz sine skulpturar i tekstil. Etter lunch brukte eg nokre timar på å sjå de ulike utstillingane, og synas Yayoi Kusama sitt verk Hymn of Life var ein draum! Berre sjå!
Fredags kveld besøkte eg Nasjonaltheateret, og sidan eg satt saman med ein bergenser var vi jo heilt enige om at det er ikkje så mykje større enn DNS :) (men litt) Det var i alle fall fint å være der og "En julefortelling" var koselig (og trist og skummel).
Ein laurdagsformiddag på historisk museum der både interessen for oldtidens Egypt og generelt alt frå Asia fikk litt påfyll. 
Superstemning laurdags kveld på Chateau Neuf med Moulin Rouge på scena. Og ein live-favoritt; Sondre Lerche. Skikkelig, skikkelig, skikkelig bra!
Sidan eg aldri har besøkt Oslo Domkirke, var eg der på gudsteneste søndags morgon. Domkirkekoret sang nydleg, og det er forskjell på korleis ein legger opp gudsteneste i vest, aust og nord. Interessant. 
Før toget heim søndags ettermiddag, var eg på Astrup Fearnley Museet og fikk sjå fleire ikoniske verk; deriblandt denne:
I fem minusgrader, stjerneskinn og under ein trolsk måne, sprang eg i mørket som deltager på Silver Night Run i ein skog eg ikkje har vore i før, og med kun reflekser som vegviser. Heldigvis hang eg meg på nokon som hadde betre hodelykter enn meg, så eg kom meg heilskinna igjennom løypa. Sjølv om det var galskap var det så gøy å prøve! Og det er herleg å stå og hutre foran bålpanne med varm suppe i koppen og medalje rundt halsen! Dette var siste dagen av oktober, så eg kom heim til Halloweenstemning i gata og kilovis med innhenta snop :) Ei fin avslutning på ein innholdsrik månad!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...