mandag 31. oktober 2016

Kvardagshalloween

Moahahaha, i dag er det Halloween, og for ungane våre (særleg storebror) er det eit av høgdepunkta heile året! I kveld skal de kle seg ut og gå knask eller knep i nabolaget. Storebror har til og med spart litt snop frå snopeposen i bursdagen han var i i går for å ha ein "tjuvstart" på snopinnsamlinga.
Eg la ved eit spøkelse i nisteboksane i dag, utklipt av mellomleggspapir. Vi held Halloween på eit ganske barnleg nivå framleis, med "snille" spøkelser, edderkopper, hekser og gresskar.
I går kveld var eg på kyrkjekonsert med mellom anna Trine Rein - så eg har hovudet fult av hennes 90-talshits i dag :) Ho sang mykje spirituals også, men det er ikkje heilt min genre. Eg var derimot stor fan av ho på 90-talet og det var STAS å sitte få meter unna ho i går og høyre at ho sang de songane som eg virkelig likte den gong då. Ei fin oppleving!

lørdag 29. oktober 2016

Unntakstilstand

Normalt sett hadde vi hatt hendene fulle av Halloweenforberedelser no, men det har vi ikkje - og det kjennes ok. Vi hadde oppstart på oppussing denne veka, og vi var usikre på kor langt de kom til å komme før helga. Det er kjipt å ha fest i oppussingsrot!
Vi kunne sjølvsagt gjort noko gøy utav at vi har eit rom som ser slik ut akkurat no, men vi lar det ligge. Dessutan er gutane på speiderleir denne helga og hadde blitt godt utmatta om vi skulle køyre på med fest det samme de kom heim. No skal storebror på halloweenbursdagsfest med det samme han kjem heim, men dog. Unntak i år altså.

onsdag 26. oktober 2016

Pausedag


Bilete frå spasertur medan lillesøster var på dans på måndag. Spasertur. Ikkje joggetur. Her sparar vi energi der vi kan.
I dag flotter eg meg med avspasering midt i veka. Eg har ikkje tenkt å gjøre noko anna enn å sjå film og lese. Kanskje bake brød om eg kjenner at eg gidder. Hausten er ein karusell som går veldig fort, så akkurat i dag hopper eg av. Det trenger eg. For tida er det ekstra masse både heime med oppussing, med ungane sine aktiviteter og venner, og på jobb med tre jobbhelger på rad. I dag skal eg berre vere heime (i alle fall etter at ungane er levert på skulen) :)

tirsdag 25. oktober 2016

Det er aldri for sent

Denne boka finn eg frå ei venninne som nett hadde lest den sjølv og sa at "denne MÅ du berre lese, den er SÅ god!". Også lånte eg med meg boka hennes heim. I fleire omgonger vart den valgt vekk når eg skulle finne meg ny bok, så for litt sidan bestemte eg meg for at NO må eg jo lese den. Om ikkje anna så for å gje den tilbake. Ferdiglest.

Eg begynte på den og raskt begynte eg å heller velgje å legge meg så seint at eg ville sove med ein gong istadenfor å lese. Innimellom prøvde eg å lese og finne interessen - men nei. Eg tok ei pause. Las ei anna bok. Også prøvde eg på nytt. Huset var tomt for unger og det var midt på dagen på ein søndag. Men nope.
Etter to forsøk hadde eg framleis kun komt til side 48. Da gir eg meg. Eg prøvde virkelig; men eg veit framleis ikkje kva som er dealen med denne boka. Eg må tørre å levere den tilbake og seie det. Ikkje det at eg er så overraska, eg og denne venninna har aldri likt samme bøker. Kun denne, som eg lånte til ho i vår og sa at "denne MÅ du berre lese, den er SÅ god!". Den likte ho.

Det er i orden. Fint det fins ulike bøker til ulike folk!

søndag 23. oktober 2016

Soloppgang


Når det er soloppgang i 10-tida kan ein få den med seg! Her er sola på veg over åsen sett frå stua vår. God søndag :)

lørdag 22. oktober 2016

4 x 4

I dag er dagen der eg skulle ønske vi var tre foreldre. Eller fire egentlig. Alle i heimen har "things to do and people to see" og alt foregår på ulike stader og ingenting foregår i gåavstand til oss. Da er det ei utfordring, fordi vi ikkje kan skaffe barnevakt som kan hente og bringe. (eller; vi KAN jo det, men det betyr masse ekstajobb med forklaring av veg og eg veit ikkje kva. For å seie det slik: ingen av barnevaktene våre har eigne barn, og da fell de igjennom her :))

Det er ordna. Det er jo sjølvsagt det. Mannen tar med storebror og leverer han før han skal vidare, også møtast de etterpå (for å gå på Brann Stadion å sjå kamp). Eg leverer lillesøster hos ei venninne som også skal i bursdagsselskap kl.13, så ho blir levert og henta av foreldre i det huset; også kan eg hente ho på samme stad som eg leverte ho når eg er ferdig på jobb. Og her er jo de to ekstra foreldra på plass! I tillegg til de to som skal henge med storebror i dag. Voila! Seks foreldre!
Takk for gode venner altså! Den sjølvvalgte familien vår - rett og slett! Også skal vi prøve å leve etter YogiTe-visdommen innimellom også. The purpose of life is to enjoy every moment.

fredag 21. oktober 2016

Nøttetre og "nytt" hus

Etter at vi bestemte oss for å pusse opp huset istadenfor å selje det er det som om huset og hagen har komt nærmare. Vi har liksom blitt ekstra glad i det. For det er tøft å bestemme seg for å selje. Det var tøft da vi solgte leiligheta vår i 2009 også. Som ein liten kjærleikssorg for heimen som var full i gode minner. Da eg gjekk ut døra etter at de nye eigarane hadde tatt over var eg veldig trist. Huset har jo ikkje sjel; men det er her livet skjer i så stor grad. Det er jo staden du kjem tilbake til.

No har vi mentalt utvida tida vår i huset vi bur i no. Og fort er visningslivet vi har levd sidan i vår berre eit fjernt minne.

Vi brukt vekesvis på å klargjøre huset for arbeidsfolk. I dag har vi elektrikar på besøk, og alt neste veke er det oppstart. Om rundt ein månad har vi på mange måtar eit nytt hus; med nye muligheter for kvardagsliv og samtalar, ro og fred. Det gledast!
Storebror med hendene fulle av kastanjenøtter frå Sandviken
Det blir så bra! Eg gler meg masse til å vise bileter når alt er på plass! Vi gler oss så masse alle fire og snakkar om det nye badet kvar einaste dag!! Til og med i går da badet var ledig og lillesøster måtte på do sa ho "Åh, eg gleder meg sånn til vi har to bad!" Eg prøvde å ta bilete av det tomme rommet i går, men eg har ikkje vidvinkel på mobilen, så det gjekk ikkje ann. Tenk kor stort det blir! Skjønt - eg veit det blir ein del mindre enn det er no sidan de skal bygge ut og opp og ut overalt med alle lagene som skal til for at badet skal vere tett.
No som vi forandrar huset frå "heilt ok og fint" til "midt i blinken" kjenner eg at lysta til å gjøre noko i hagen også kjem. Vi har jobba masse i hagen i år, så den ser betre ut enn før; men samtidig er det halvanna mål med naturhage med stort potensiale (inspirasjon frå husprospekter der altså). Eg ønskjer meg eple - og plommetre som bærer frukt. Og eg ønskjer meg eit nøttetre som gir meg kastanjer! Kastanjer er både haust og jul og alt som er vakkert på ein gong! Nøttene på bileta fant eg og storebror like ved starten av Stoltzekleiven. Sjekk den brunfargen! Herleg!

I dag - fredag og husvask. Også trur eg vi skal finne fram litt Halloween-pynt!

torsdag 20. oktober 2016

Mot vintertid

På lik linje med at lyset kjem så fort på våren forvinner det fort på hausten. Det er synleg frå dag til dag. Og særleg vart det kasta i anleta på oss da vi gjekk frå tre veker med sol til ein morgon med tette skyer. Plutselig var det nattstemning på veg til skule og jobb, og eg måtte dobbeltsjekke klokka for å forsikre meg om at vi ikkje hadde stått opp kl.05:23.
Frå torsdag til torsdag frå slutten av august til no har det gått frå 28 varmegrader og sol høgt på himmelen til solnedgang på vegen gjennom byn. Og no er det heilt mørkt når eg køyrer på yoga kl.19:00. Det er berre å henge seg med og tenkje at det er masse fint som skal skje til og med FØR sola snur rett før jul.
Vakraste Mariakirken der eg og mannen vart smidd i hymnens lenkjer for over 7 år sidan. Gløder i solnedgangen.

onsdag 19. oktober 2016

Søndagstur til Viggohytten

Det er alt gått to år sidan vi gjekk på tur til Viggohytten, og ein finfin søndag tidlegare denne månaden tok vi ei avstemming ved frukostbordet. "Vi skal på tur i dag! De kan velje mellom Fjell festning, Ulriken, Lyderhorn eller Viggohytten". To av fire valgte Viggohytten; så da var det den!
Dette er ein lett og kort tur - altfor kort etter min smak - men kjekk for ungane, og ikkje minst har den fantastisk utsikt når vi kjem opp!
På vegen opp gjekk vi forbi ein grunnmur der det var flatt inni. Perfekt stad for telting! Vi har alt bestemt at vi skal gå hit neste år og telte med flott utsikt over Fyllingdalen og områdene rundt!
Etter ei bratt stigning og litt til kom vi til den nyoppbygde Viggohytten. Den originale Viggohytten brant ned for nokon år sidan, og no er den nye snart ferdig! Her var det mange andre barnefamilier også - så området er populært til og med utan påen hytte!
Sjekk denne utsikta! Knallsol, vindstille og herleg! Vi hadde på oss godt med klær! På hausten er det stor forskjell mellom sol og skyggetemperaturar!
På toppen måtte vi vente litt før vi åt lunch. Det hadde gått så raskt opp (evt var turen så kort), at det ikkje var heilt lunchtid enda. Men det smakte når det var dags!
Ein fin liten tur! (Små turar er også turar, det veit eg, men den er tøff for meg) Vi vart enige om at vi kan gå denne turen i snø ein gong også. Og til det passar den jo bra!

tirsdag 18. oktober 2016

Tvillingbursdag

I går proklamerte storebror at det hadde vore ein av de verste dagane i året.

- Kvifor?
- Fordi tvillingane i klassen min har bursdag, og det betyr at eg må skrive TO bursdagskort på ein gong!
Åh, heldige unge som ser på DET som ein grunn til å seie at det er ein av de verste dagane i året!

- Kva skreiv du i kortene da?
- Det eg alltid skriver. Du er fin. Du er snill. Du er en god venn.

Heldige tvillinger!

ps. I klassen skriver alle bursdagskort til bursdagsbarnet - også får han eller ho med seg ein perm heim med bursdagskort. Det er ein så kosleg tradisjon - og så kjekt for både voksne og barn!

mandag 17. oktober 2016

Brannstasjon og voksenliv


mamma og pappa

dei hiv klede på golvet og
let oppvasken stå på benken

dei gløymer nøklar og mobil
et sjokolade og chips når
eg er i seng

blir sure og sinte
kjeftar og kranglar

ja, alt eg ikkje får gjere
det gjer dei

og kanskje er vaksne
berre store barn som
får bestemme sjølve
av Ruth Lillegraven
bileter frå Bergen Brannstasjon

søndag 16. oktober 2016

Den glemte hagen

Denne tjukke boka fikk eg etter at mamma hadde lest den i sommar. Eg har sett Kate Morton sine bøker i bokhandelen, men ikkje lest noko av ho enda. Det tok meg litt tid å komme inn i historia, men når eg var inne ville eg ikkje ut igjen. Derfor har eg lest denne boka saaaakte for at den skulle vare lenge. Den var akkurat passe spanande og fin med eit språk som glei lett. Den er innspedd med eventyr som er skikkelig gode - så om ein ikkje vil lese heile boka; les kun de!

lørdag 15. oktober 2016

Doktor Proktor

Det siste året trur eg det må vere, har storebror og eg lest Doktor Proktor-bøkene. Eg leggjer unger annankvar dag, og klokka 21 er vi ferdige uansett om vi er midt i eit kapittel. Det skal ikkje mykje livserfaring til før ein forstår kvifor det da har tatt oss nesten eit heilt år å lese de tre første bøkene. Kvar gong vi reiser vekk har boka blitt liggande igjen heime. Da tar det tid. No som vi nærma oss slutten på nummer 3, den med verdens undergang spurte eg så fint om vi kunne vere så snille å ta ein aldri så liten Doktor Proktor-pause. Lese noko Roald Dahl eller kva som helst. Ikkje det at bøkene er dårlege, tvert i mot, men eg var berre så leeeeeiiiiii!

Men NOPE. Eg måtte avgårde og låne nummer 4 som vi har begynt på no. Den verkar litt kortare enn de andre, og eg trur bokstavane er litt større. Kanskje blir vi ferdige før jul? Ikkje det at det hjeper; Jo Nesbø har skrive ei juledoktorproktorbok. Takk skal du ha.

fredag 14. oktober 2016

torsdag 13. oktober 2016

Vennskap

"Jeg har fått meg kjæreste!"
"Ja? Kven er det?"
"Oliver!"
"Ok. Er han kjekk å leike med?"
"Ja!"
"Korleis veit du at de er kjærester da?"
"Fordi vi har sussa!"
Ei veke seinare hentar eg lillesøster på sfo, og på veg mot bilen ser vi at det står ein gut og ser på oss. "Ha det lillesøster" ropar han. "Ha det Oliver"
"Så det er Oliver?"
"Ja"
"Kjæresten din?"
"Vi er ikke kjærester lenger"
"Kvifor ikkje?"
"Åh, jeg orket ikke mer!"
"Kva skjedde?"
"Det er skikkelig kjedelig å vere kjæreste. Vi må susse og gjøre sånne kjæresteting hele tiden."
"Kva meiner du med kjæresteting?"
"Være sammen hele tiden. Jeg vil leke med andre også. Så da er vi ikke kjærester lenger. Da er vi venner."
"Det synas eg var veldig lurt. Det er best å vere venner."
"Ja"

onsdag 12. oktober 2016

Haustferie

I dag forlater vi mann og katt og tar haustferie. Mannen kjem nordover etterkvart han også, medan Puste skal passe hus og heim.
Rommet som snart blir bad er så og seie tømt. I desse dager blir bosset køyrt vekk. Når vi er tilbake skal vi avgårde å sjå på fliser og badekar. Spanande tider i vente!

tirsdag 11. oktober 2016

Aleinetid


Ingenting slår vel aleinetid akkurat når du trenger det? I går etter middag køyrte eg til Lyderhorn for litt etterlengta aleinetid. Og ikkje minst - utnyttelse av ettermiddagssola!
Ettermiddagssol over riksveg 555 mot Sotra.
Lyderhorn - I'm coming for you!
Det er så luksus å berre gå i eige tempo oppover fjellsida. Ikkje snakke med nokon, ikkje vente på nokon. Det er også fint å nå toppen og finne ut at det vart ny personleg rekord; og det på ein dag som ikkje var heilt optimal!
På toppen tok eg meg tid til å berre sjå og nyte utsikta. Det var stort sett berre slike som meg der - einstøingar med behov for aleinetid. Stillhet er deilig!
Med skjelvande bein begynte eg nedturen med sola midt imot. Ho eg sprang forbi på veg opp sprang forbi meg på veg ned - hahaha - eg er så pysete på nedoverbakke!
Ei stund etter at eg var komt heim kom lillesøster heim frå ei venninne, klatra opp i sofaen til meg og sniffa på meg. "Mmm, du lukter trær og stein" :)

mandag 10. oktober 2016

Forvirring


Når du ikkje veit om det er feber og ein begynnande forkjøling - eller om det er solbrenthet og ein sliten kropp etter gårsdagens tur. Krysser fingrane for at det er det siste.

søndag 9. oktober 2016

Instinkt

Det er sikker som penger i banken (som det heiter)! Kvart år når hausten kjem og været blir ein kombinasjon av bra nok til at Puste framleis likar ute betre enn inne, men samtidig så kaldt/så tidleg mørkt at vi ikkje henger så masse i hagen lenger, kjem samtalen. Skulle vi fått oss ein katt til?
Ein kattunge som har litt liv i seg? Ein som ikkje har tydlege sosiale problemer slik Puste har? Ein som vil leike med ungane når de lagar små papirleikar til den? Vi har plass og tid og kjærleik. Kvifor ikkje?

Samtidig som den samtalen kjem, meir eller mindre på dagen, så skjer det noko rart. Puste står på to poter og stirrer febrilsk inn kjøkkendøra. Og når vi opnar ryggar ho ikkje som vanleg, ho springer rett inn. Også blir ho inne. Ho trampar frå fang til fang, rullar seg foran oss og smiler frå øyre til øyre. Frå og med no er ho inne masse! Heilt til våren kjem.

Høyrer ho oss?

For med det samme hugsar vi kor god og fluffete ho er. Vi hugsar at ho er seg sjølv nok. Vi trenger vel ingen ny katt? Eller?

- ho hadde drevet psykisk terror på ein evt kattunge. Det er spørs om vi ikkje bør vente til Puste har tatt kvelden.

lørdag 8. oktober 2016

Teaterlaurdag

I kveld skal eg på den siste framsyninga som Hordaland Teater har av "Namnet". Eg er jo STOR Jon Fosse-fan; og dette stykket er magisk! I alle fall i tekst; så ver så snill - vær god også i denne versjonen! Uansett skal gleda over godt teater eller sorgen over dårleg tolking få følgje av eit glass eller to etterpå. Det er venninnekveld, og vi har god tid :)
Billetten min til ei danseframsyning lillesøster hadde på rommet sitt denne veka

fredag 7. oktober 2016

Kvifor vi ikkje sel huset - enda

I nesten seks månader har vi gått på husvisningar. Vi har sett på rundt 20 hus og vi har bydd på eitt. Vi er på utkikk etter eit hus med to bad og to stuer. Kanskje eit ekstra soverom? Og vi vil gjerne opp rundt 30-40 kvadrat.

Men etter to skikkelig dårlege hus på ein dag (de såg så bra ut på bildene!) gjekk lufta ut. Kvifor skal vi eigentlig flytte? Skal vi heller investere i vårt eige hus? Ikkje for at vi skal bli her for alltid, men for å kanskje utvide tida vår her? Vil vi eigentlig kjøpe eit hus for 5 millioner? Bør ikkje eit hus til den summen vere JÆVLIG bra?

Av alle husa vi har sett på er det INGEN av de som har vore JÆVLIG bra. Til dømes har ingen av de hatt desse tinga som eg elsker ved huset vårt.

Først av alt: Garasje og i tillegg parkeringsplass til 4 (!) biler på to ulike stader på eigendommen vår; slik at no som vi faktisk har to bilar og mannen kjem først heim etter jobb og reiser først om morgonen så slepper vi å bytte bilplass iløpet av dagen. I tillegg har vi plass til gjester  - masse plass!


Stort og nytt garderobeskap med lys i hovedsoverommet
Rullestein i dusjen
Veranda der ingen kan sjå deg med utsikt mot skog og ås (og sol i 15 timar om sommaren)
Skoskap
Oppussa yttergang - eller i det heile tatt ein yttergang!
Ok, dette er det mange som har; men eg liker kjøkkeninngangen vår.
Og til slutt - eit stort nok vaskerom til at ein kan henge opp to maskiner med klær, og lukke døra til de er tørre.

Etter at vi kjøpte huset i 2009 og flytta inn i slutten av januar 2010 har vi pussa opp nesten alle rom. Huset er heilt i vår stil, og vi har brukt tid og penger for å få på plass 4 av punkta over her (resten var her da vi kjøpte det). Og når det er areal til å skaffe seg bad nummer to og stue nummer to - kvifor da flytte?

Derfor pussar vi i haust opp og forandrer huset vårt slik at vi kan bu der lenger. Kanskje dukker det perfekte huset opp i mai; også ender vi opp med å selge likevel - men kva så? For kanskje finner vi ut at huset vårt møter alle behova våre. Ikkje for alltid kanskje. Ikkje med ungdommar i hus. For det er jo fleire andre grunnar til at vi vil flytte også, og de endrar seg ikkje kun ved å pusse opp. Men no. Behova våre no, for de neste åra. Resten kan vi fint leve med nokre år til.

Folk vi kjenner i alle hus. Kveldsutsikt frå stua.
Men akkurat no har vi to barn som elsker den store hagen. Som har mange venner i gå- og sykkelavstand frå oss. Vi trivast jo så godt her vi bur. Det må vere betre før vi flytter. Vi har berre ikkje funnet det som er betre enda. Men vi leitar vidare samtidig som vi lever veldig godt der vi er.

torsdag 6. oktober 2016

Utvida joggesesong

Det er utruleg fint og varm i Bergen - og det til tross for at vi skriver 6.oktober i dag! Vi merkar at det er haust med det samme sola forsvinner på kvelden og temperaturen synker drastisk. Men i sola på dagen er det herleg! Eg er glad for kvar einaste bonusjoggetur eg kan ta i strålande sol!
For første gong entrar eg vintersesongen utan medlemsskap på sats. Eg vart så lei i fjor vinter at eg bestemte meg for å utforske andre treningsalternativer denne vinteren. Eg har kjøpt meg vintertights og joggehanskar; så kanskje klarer eg å jogge meg gjennom sesongen? Det er jo lett å tenkje når været er slik det er no. Eg veit det blir vanskelig når det er 4 varmegrader og stiv kuling i vekesvis. Spørs kor kreativ eg klarer å vere. Men framleis - joggelykke i sola!

onsdag 5. oktober 2016

Forventninger

I heile to år har lillesøster sett på at eg har kokt kakao til storebror på morgonen før eg heller den på eigen termos som eg pakker i sekken hans. Det er turdag på skulen, og lov å ha med noko varmt å drikke. Eigen tursekk med ekstra god nistemat og sitteunderlag er også viktig!

Og tenk - i dag var dagen da det endelig var hennes tur! Med kakao i termos heilt for seg sjølv, og sekk som skal bærast på tur ein heil dag! Eg hadde kanskje trudd at det skulle få ho utav senga litt raskare, men når ho omsider kom seg opp var ho veldig glad og stolt!
Eg gler meg til å høyre korleis ho har hatt det! I heile turforberedinga gløymte vi at storebror har gym i dag, så han vart levert utan gymtøy. Hmm. Eg ser ikkje vekk frå at det er slike sporadiske episoder som kan bygge oppunder ein yrande kjensle av forskjellsbehandling. Forskjellen i barnemedverknad på kakaokoking og "ta med shorts" er enorm, men eg trur ikkje 8-åringen kjøper det argumentet.

tirsdag 4. oktober 2016

Yoplait Safari

Yoplait Safari har komt med nokon nyheter som vi var så heldige å få prøve ut gjennom Buzzador! Det som er genialt med slike buzzadorkampanjer er at de alltid blir levert med bud på døra i perfekt tid til kveldsmat! Det er som å få levert kveldsmat på døra; og det kan vi digge!
For oss er yoghurt kveldsmat. Storebror har bestemt at han kun liker jordbæryoghurt (why?) - så eg prøvde å selje inn Vaniljeyoghurt + frukt - Eple og jordbær til han. Her ser du at han kikker på pakningen og prøver å finne informasjon sjølv:
Dessverre kan han lese, så han var IKKJE interessert i å smake ein gong! Synd for han, bra for oss andre! Lillesøster er særleg fornøyd! Yoghurten er tjukk og langt mindre søtare enn andre vaniljeyoghurtar. Fruktmosen som er i den lille boksen er heller ikkje søt. Faktisk smakar det nesten ingenting.
Tjukk fruktmos!
Eg likar smak - så eg vart skuffa. Men lillesøster - som jo er i målgruppa - har spist ein boks kvar dag de siste kveldane. Begge likte designet med apekatten, særleg er den store begeret med bananyoghurt fin! Bra boks - kjedelig smak.

mandag 3. oktober 2016

Mors gaver

Denne måtte eg kjøpe etter å ha lest om den da den kom ut, og ikkje heilt gløymd den. Forfattaren finner gåvelister da de tømmer barndomshjemmet etter at mor har flytta til sjukeheim. I desse listene står alt som var blitt gitt og fått mellom 1963 og 2003. Mennesker kjem inn på lista og går ut av lista. Nokon av desse menneska fortel ho litt om, det er interessant. Etter ei litt for lang og utfyllande utgreiing om gåver som element og ide, synas eg boka kom seg.
Eg har tidlegar lest Cecilie Enger sin bok Kammerpiken, som eg ikkje likte så godt. Eg kjenner igjen språket her også, og trur eg har lest min siste Cecilie Enger-bok. Men boka vart betre og er på mange måtar interessant historisk; gåvene seier mykje om samfunnet.
Lurer på om ein kan tolke julegåver 2016 på samme måte? Det er i alle fall ikkje så mange heimetørka kornakser under treet. Ho skriver ingenting om økonomi; er det ei moderne tanke å fokusere på kor mykje pengar ein bruker på gåver og kven som får for kor mykje?

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...