fredag 28. april 2017

Komme inn for landing

For ei veke dette har vore! Det er leeenge sidan vi har hatt det så hektisk - og det beste er at alt har vore positivt og kjekt! For gutane i familien betyr det likevel at de er slitne i dag, medan eg og lillesøster vokna med kroppen full av energi og glede! Eg satsar på at vi smitter over når vi møtast til middag i dag!

Det merkast at det har vore full rulle alle ettermiddager når eg må ha vekkerklokka på ekstra tidleg berre for å rekkje å dusje. Men vi har klart oss utan barnevakt denne veka sjølv om det har vore utenlandstur, overtidskvelder, speidaraksjon, playdates og lekser som innebærer å "skrive handleliste og vere med på butikken". Kombinert med ein pre teen 9-åring som er litt vårslapp og hårsår er oppskrift på hektiske dagar. (men det er også på grunn av den guten at vi ikkje måtte hente inn hjelp denne veka - han kan vere heime aleine.) To av morgonane denne veka har vi vokna til 5 cm snø, også har vi enda middagen med is i strålande og varm vårsol. Kontraster!
I dag kjem lillesøster sin bestevenninne frå barnehagen på besøk. Ho er så spent! I dag tidleg sa ho "når det er så lenge siden vi har sett hverandre blir det litt flaut sånn med det samme." Ho begynner å bli stor ho også. Ho har planlagt tur til barnehagen - nesten som ein liten reunion :)

Fredag, sol og langhelg! Det gledast! Ha ei fin helg!

onsdag 26. april 2017

7 hendelser

1. Storebror ville ikkje holde oss i handa da vi gjekk over skuleplassen for å ha utviklingssamtale på måndag. Det var for "pinlig".
2. Etter fleire månader i uvisståka, har eg i dag søkt på ny jobb - og det er (om ikkje anna) godt å vere ferdig med min del av prosessen.
3. Mannen reiser i dag på hasteoppdrag til Gøteborg, og eg har ønska meg god taxfree-snop til han kjem heim i morgon.
4. Lillesøster sin aller beste venn som flytta til austlandet i juni i fjor kjem til Bergen i helga; og på fredag kjem ho til oss!
5. Storebror hadde alt (!) rett på nasjonal kartleggingsprøve i matte!
6. Eg har begynt på allergimedisin, og den gjør at eg sover som ein baby natta igjennom!
7. I helga skal vi ha overnattingsbesøk av to kusiner, tante - og onkelbarn.

mandag 24. april 2017

Påsketur til København

I påska hadde vi nokon fantastiske dagar i København! Dette hadde vi gleda oss til i fleire månadar - og vi opplevde så masse! Utgangspunktet for turen er denne boka, derfor måtte vi i førske omgang til Oslo for å ta båten derfrå - akkurat slik Karten og Petra gjorde!
Vi køyrte austover på førmiddagen for å rekkje innom venner i Kongsberg for sosialisering og ei god natts søvn. Hardangervidda hadde vore stengt dagen før, men akkurat denne dagen var det knallfint og bart! Flaks!
Palmelaurdag køyrte vi siste vegen inn til Oslo og tok båten sørover til København der vi var framme kl.09:45. Vi gjekk av bussen eit stykke unna hotellet og gjekk gjennom ein park på vegen. Der var vi så heldige at vi fant ein kjekk leikeplass! Denne leikeplassen gjekk vi faktisk innom på veg tilbake til bussen da vi skulle heim igjen - den var så gøy!
Etter å ha lempa av sekker og kofferter på hotellet gjekk vi til Tivoli! Her var det påske og vår og alt som er fint!





Vi kjøpte oss turpass slik at vi fikk køyre karuseller og "fjell - og dalbane" (som lillesøster kalte det) så masse vi ville! Vi fikk også med oss to forestillinger!





Det var blå himmel og deilig varme denne dagen! Inne i Tivoli blåste det ikkje så masse heller, så vi måtte til og med kle litt av oss! Vi vart solbrente denne dagen alle fire! Vi åt nydleg grillmat inne i eit sjørøverskip, og da vi kom ut var det begynt å mørkne! Det var så masse fint å sjå på overalt! Og så mange gøye karusellar! Ungane tok mange utan oss, men vi er så glade i karusellar alle saman - så vi fikk slengt oss rundt skikkelig heile gjengen! Vi likte best den eldste berg - og dalbanen de har - den hadde til og med eigne vognførere som styrte farten undervegs; kjempestilig!

Klokka var over 20 på kvelden da vi bestemte oss for å tusle tilbake til hotellet. No var lysa komt på i heile parken som skulle vere open i fleire timar enda.

Dagen etter stod det shopping og sightseeing på menyen! Vi brukte god tid på Strøget og særleg i Disneybutikken og Legobutikken.
Så gjekk vi til Runde Tårn! Rundt og rundt og rundt! Og på toppen - kjempefin utsikt over byen!



Etter toppturen åt vi lunch på ein deilig restaurant. Vi ville sitte ute i finværet, men det blåste så masse at vi måtte sette oss inn likevel. De hadde så gode barnemenyar overalt! Det blir fort ein del pølse og pommes frittes, men ikkje ein einaste gong åt de det i København! De åt fiskepinner, frikadeller, pizza og bagles, mellom anna! Vi var så heldige med valg av spisestader!
Ved Nyhavn tok vi ein kanalbåttur som iløpet av ein time tok oss med rundt i kanalar og heilt opp til den Lille Havfrue. Det var stas sjå byen frå denne vinkelen og godt å få sitte litt i ro!

Nyhavn
Neste dag - og alt siste dag - var vi i Glypoteket og lot oss rive med av den fantastiske mumieutstillinga! Her er vi i vinterhagen, nok ein gong med sola skinnande ned på oss!

Glypoteket var perfekt for oss, og ein fin aktivitet før vi gjekk mot bussen gjennom tidlegare nevnte park med leikeplass. På båten gjekk vi rett i bassenget før vi åt middag med nydleg utsikt mot Sverige!

Vi var framme i Oslo kl.09:45 og satte oss rett i bilen som stod parkert på kaia og køyrte mot Hallingdal.
Vi stoppa i Hemsedal og åt lunch hos nokon venner frå Bergen som har hytte der. Etter ei god pause tok vi siste resten i ein jafs, og var heime kl.20:00 på kvelden. Det var litt godt, men mest trist - vi kunne godt ha vore mykje lenger på ferie! Det var nytt for oss å feriere i storby saman med ungane. Det var interessant og veldig fint! Ungane ser ting som vi ikkje ser. Og de vart fort vande med å holde seg nær oss, det er de ikkje så gode på heime i Bergen. Ein god øvelse før Paris i sommar altså! København - vi digger deg!

fredag 7. april 2017

Preferiemodus

Heile denne veka har eg vore i skikkelig preferiemodus. Lange kaffepauser på jobb etterfulgt av nokon minutter der eg stirrer ut vindauget før eg så går inn på pent.no for å sjekke om det meldte været i København har endra seg sidan sist eg var inne. Dagane har gått så seint!! Mannen har ringt med på kontoret kvar dag og sutra "Eg er SÅ KLAR for ferie!!" Ungane har telt dagar heile veka, "kun tre dager til vi reiser!"

Men i dag er det halv dag og tut og kjør! Det blir stille her medan vi flottar oss i Kongens By! God påske!
Når alt du vil gjøre er å strikke eviglangt skjerf og sjå på TV.

torsdag 6. april 2017

Isshow

I dag er lillesøster med på kunstløpshow og det er jo så stas!! Ho skal danse etter musikk frå Løvenes konge; eg gler meg så masse! Sjølv om eg har vore på isen med ho i vinter har eg vore opptatt med mitt, så eg har ikkje fått sjå så masse av det de har jobba med. Voksengruppa skal ikkje vere med på oppvisningen, hahaha, kanskje vi ikkje er flinke nok?! Det er i alle fall heilt greit og eg berre gler meg til å sjå den lille isprinsessa vår i aksjon!
Grieghallen at night

onsdag 5. april 2017

Puste sin påskeferie

Prøver å bestikke ho med kattesnop
Puste har ikkje vore heilt i slaget i det siste. Eg endte opp med å gje vekk den fulle posen med kattemat til ein kollega, også kjøpte vi ein annan smak til Puste. I mellomtida fikk ho mjuk boksemat. Med det samme ho begynte å spise igjen vart pelsen meir fluffete og ho begynte å svare når vi snakka til ho igjen. Ho er framleis veldig tynn, men det håpar eg at ordnar seg etter fleire dagar med mat.
Vi reiser vekk på påskeferie på fredag og hadde tenkt å be ein nabo om å komme innom å fylle på mat og drikke til ho. Men sidan ho er litt pjusk reiser ho no på påskeferie til Fyllingsdalen og vil bli tatt godt vare på der. Ho reiser alt i dag sidan kattepasseren og gamletanta kjem innom for å feire bursdagsguten litt på etterskot. Nokon rolege dagar på fanget er sikkert akkurat det ho trenger.

tirsdag 4. april 2017

Bursdagsfest for 9-åringen

 På fredag køyrte vi på med to- og ein halv time bursdagsfest med pizza, popkorn og film!
 Det vart dekt opp til ein haug med gjester, og vi (i alle fall eg) var litt glad da tre meldte avbud like før! Det var nok av gjestar! Det er alltid så fint å henge med gjengen til storebror, klassen er så gode med kvarandre; det er masse latter og vitsar - og alle er med! De har hatt ein god lærar som har jobba med relasjonar frå dag ein; og det ser vi godt no! Storebror er ein liten artigper som haustar mykje latter, det var morsomt å sjå kva "rolle" han har i gjengen!
 Etter pizza var det browniesmuffins til alle - her satte de til livs 30 muffins - før alle rydda opp og på vegen ut av kjøkkenet tok med seg ein kopp med popkorn og ein snopepose til filmen. Filmen vi hadde kjøpt inn var "Kugo og det magiske instrumentet" som alle likte veldig godt utanom ein - som synas den var så skummel at han ikkje kunne vere i salen lenger. Vi hadde filmen på lerret med prosjektor, blendegardiner og høg lyd - så han ville ikkje vere der! Eg og han rydda og vaska etter maten i stadenfor, men eg trur han var glad da filmen var over!

 Vi hadde rekna med at filmen varte lenger enn den gjorde, så på slutten satt vi der med 30 minutter igjen og ei barnegruppe med masse innestengt energi som berre eskalerte! Vi satte på musikk på det eine rommet, og fikk de til å blåse opp ballongar som eg festa på eine foten med tråd. Det var om å gjøre å sprekke ballongane, og å unngå å få sin eigen sprekt. Da hadde vi plutselig fleire aktiviteter på gang; og før vi rakk å snu oss var selskapet over og gjestane vart henta.

Burdagsbarnet var så fornøyd og sa at det var den beste bursdagsfesten nokon sinne - så da er vi happy alle mann!

mandag 3. april 2017

Puslete

Puste har starta sultestreik. Vi er ikkje heilt sikker på kvifor, men i går var ho spesielt puslete og trøtt.
Bilete frå vinterpelsdagar
Vi veit jo det at ho ser litt skabbete ut i overgangen mellom vinter - og sommarpels; og det hjelper ikkje at eg klipper av ho floker utan å tenkje på korleis ho ser ut etterpå. Men det blir ikkje akkurat betre av at ho ikkje spiser noko.
I går kveld opna eg ein boks tunfisk til ho som ho sleika litt på. Eg trur til og med at ho åt litt. Ho åt også litt snacks som vi har til ho. Men da eg stod opp i dag tidleg hadde ho ikkje spist meir i natt.
Ho går ut etter at ho har tigga mjølk av mannen om morgonen, så eg og lillesøster slapp ho inn og prøvde på nytt å gje ho kattesnop. Eg prøvde å gøyme ein vanleg matbit inne blandt snopen, men ho unngjekk akkurat den biten. Lurer meg på om ho rett og slett ikkje liker maten? Ho har spist den før, men akkurat denne posen er heilt nyopna. Eg skal i alle fall innom butikken i dag og kjøpe noko boksemat til ho. Ho er ein tynn og liten pus, så eg synas det hastar litt med å få i ho meir mat!
Snute mot nase

søndag 2. april 2017

Tilgjengelighet

I dag står kjøkkenet ubrukt og vi busser oss til byn for å gå på restaurant med storfamilien som kjem køyrande inn for å møte den nyfødte 9-åringen vår! Med seg på lasset har de oldemor, og sidan ho har så vondt i hoftene sine, møtast vi i byn der det er lettare å komme seg fram. Det slo oss denne veka at vi ikkje akkurat bur i ein generasjonsbustad! Vi bur midt i ein bakke, så vi må gå litt opp før vi kjem til ytterdøra, også må vi gå opp trappa for å komme til stua. Dette gjør i dag til at vi ikkje kan ha oldemor heime hos oss, men det blir hyggleg å møte ho i byen saman med farmor og søskenbarn. Ein finfin søndag!

lørdag 1. april 2017

Bedriftskjøkken

I dag står eg ekstra tidleg opp for å lage sveler som skal seljast for inntekt til ein lokal frivillig organisasjon. Det er ikkje ofte eg kokkelerar opp ein haug med noko - så eg synas framleis det er ein ok aktivitet. Så lenge det ikkje blir så ofte trur eg det vil holde seg slik.
På biletet er det ein haug muffinsar. Eg kan ikkje heilt hugse kva de var til - men de var ikkje til oss. Der ligger kanskje mitt hemmelige våpen mot bedriftskjøkkenirritasjon - eg gløymer at det er blitt gjort, så eg blir ikkje lei av det! Også liker eg å lage mat da - det hjelper nok også på!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...