mandag 3. april 2017

Puslete

Puste har starta sultestreik. Vi er ikkje heilt sikker på kvifor, men i går var ho spesielt puslete og trøtt.
Bilete frå vinterpelsdagar
Vi veit jo det at ho ser litt skabbete ut i overgangen mellom vinter - og sommarpels; og det hjelper ikkje at eg klipper av ho floker utan å tenkje på korleis ho ser ut etterpå. Men det blir ikkje akkurat betre av at ho ikkje spiser noko.
I går kveld opna eg ein boks tunfisk til ho som ho sleika litt på. Eg trur til og med at ho åt litt. Ho åt også litt snacks som vi har til ho. Men da eg stod opp i dag tidleg hadde ho ikkje spist meir i natt.
Ho går ut etter at ho har tigga mjølk av mannen om morgonen, så eg og lillesøster slapp ho inn og prøvde på nytt å gje ho kattesnop. Eg prøvde å gøyme ein vanleg matbit inne blandt snopen, men ho unngjekk akkurat den biten. Lurer meg på om ho rett og slett ikkje liker maten? Ho har spist den før, men akkurat denne posen er heilt nyopna. Eg skal i alle fall innom butikken i dag og kjøpe noko boksemat til ho. Ho er ein tynn og liten pus, så eg synas det hastar litt med å få i ho meir mat!
Snute mot nase

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...