lørdag 31. oktober 2015

Heimelaga og superenkel halloweenpynt

Lillesøster lider for tida av ein mild form for separasjonsangst. Når eg eller mannen skal utav huset utan ho blir ho kjempelei seg og klynger seg til oss medan ho griner "NEEEEIIII! JEG VIL VÆRE MED!". Det henger utan unntak saman med om ho har noko å gjøre når vi skal ut, altså vil ho vere med hvis ho kjedar seg, så vi tar det ikkje så veldig tungt. Men denne veka skulle mannen og storebror ut ein tur, og eg avleda ho (i yttergangen medan ho skreik "TA MEG MED!") med lovnad om at vi skulle lage noko Halloweenpynt. Eg var ganske sjuk, men hadde tatt noko paracet slik at ettermiddagen skulle bli så bra som mogleg. Ja, ho ville lage Halloweenpynt, så de 13 trappetrinnene vi har opp frå yttergangen vart brukt flittig - her måtte eg dra noko utav ermet!
Så - fram med orange papir, tusj og saks! Eg teikna gresskar til oss, vi fargela inni og klipte ut. Dette tok oss faktisk 30 minutter!

Etterpå hang vi de opp på døra inn til rommet hennes, så no har ho Hallweenpynta rom! Veldig enkelt og gøy! Og fungerte supert som avledningsmanøver!
Storebror kom heim frå skulen denne veka med dette flotte edderkoppnettet:
Her har de rett og slett klipt ut midten av ein papptallerken, laga hol langs sida og tredd gjennom husholdningstråd. Ein edderkopp og eit insekt er klipt ut og festa fast i nettet:
Så enkelt og så genialt! Heimelaga Halloweenpynt er gøy! I dag er sjølve dagen, og når mørket kjem i kveld skal ungane ut på Knask eller knep for første gong! Spanande!

fredag 30. oktober 2015

Timeplan!

Straffen for å vere sjuk nokon dager er å komme tilbake på jobb og møte FULL inbox, 19 raude flagg (noko som betyr at det er 19 arbeidsoppgåver som burde ha vore gjort) og informasjon om at årets viktigste møte går av stabelen kl.10:30 førstkommande måndag - og eg må ha noko klokt å seie om eg vil leve lenge i landet!

Når ein framleis er litt småsjuk og blir utslitt av berre å køyre på jobb er ikkje dette så kult. Men slik er det kvar gong - og ein kan jo ikkje la vere å vere heime av den grunn. Heldigvis blir arbeidsdagen delt opp når eg skal på førpremiere på ei barneteaterforestilling. Gøy for meg, men ikkje så heldig med tanke på alt som burde ha blitt gjort. Her prioriterer eg - minst halvparten av de raude flagga kan ligge til måndag!
Storebror har laga timeplan over sin skulekvardag :)
I kveld skal eg og ungane på danseforestilling medan mannen skal på fest med old boys-laget han spelar med. Er det ok å glede seg litt til ein er sofapotet i 9-tida i kveld?

torsdag 29. oktober 2015

Halloweenfest

I går var vi på Halloweenfest på skulen! Alt to timar før festen begynte var ungane klare!
Lillesøster skulle vere heks i kostyme som ho har arva, medan storebror skulle vere krokodille i fotballutstyr. De var ganske så flotte å sjå på, særleg når storebror gjorde lekser med fult kostyme!
Alle skulle ha med seg noko å spise og noko å drikke. Vi hadde kjøpt inn ein haug med klementiner som vi tusja på slik at de likna små gresskar. Veldig raskt og enkelt! - og noko ungane kan gjøre!


Vi la de utover eit fat kledd med sølvpapir og pynta opp med ei lita Halloweenlykt. På festen var det fleire kreative rettar - eg tok nokon bileter til eigen inspirasjon.



Kjempemasse god mat! Vi vart mette og gode alle saman! Litt dansing, litt zombie-tikken, litt leikar også var det ha det bra og vel heim. Halvanna time sånn midt i veka var akkurat passe!

onsdag 28. oktober 2015

Stafettpinnen går vidare

I dag tidleg tok mannan ungane slik at eg fikk sove litt ekstra. Han skal trekke ei visdomstann seinare, og da må han ha bilen - så det var eigentlig flaks (og uflaks sjølvsagt). Han er ikkje i form han heller; så det er bra at eg er hakket betre i dag. Da er eg sikkert enda betre i morgon når mannen kanskje er verre. Fint å vere sjuk på tur.
Dagen blir brukt i sofaen for å samle energi til Halloweenfest på skulen i kveld.
Ute er det fantastisk vær i dag, og sola er deilig og varm! Fingrane kryssa for at alle basselusker forsvinner utav huset snart!

tirsdag 27. oktober 2015

Heimedag

I går var det berre å kaste inn håndkleet og legge seg på sofaen. Heldigvis vart eg verre utover arbeidsdagen i går så eg fikk flytta alle avtaler til slutten av veka. Derfor kan eg vere heime og vere sjuk utan at det går ut over nokon.
Eg leverte ungane i dag, og satte så pris på at de er blitt så store at de klarer å gå på badet og kle på seg sjølv. De brukte 20 minutter, så det gikk ikkje fort - men det gjorde ingenting. I dag skal eg ta det med ro og bli betre :)

mandag 26. oktober 2015

Vekestart

Endelig er vi i veke 44, og til helga skal eg ha helg! Gjennom jobben har eg de siste 10 dagane vore på 14 ulike konsertar/teater/kulturelle arrangement - og jammen blir ein sliten av å bli så glad, imponert, rørt, og innimellom litt skuffa som ein blir av å suse rundt på slike ting!
Hørselsvern og bok - bra kulturell aktivitet!
Dette er Halloween-veka; og vi skal markere dette i tre omganger! Moahahahaha - det blir gøy! I mellomtida kjenner eg at forskjølelsen som har gått sin seiersgang gjennom korridorane på jobb omsider har nådd meg; så vi får sjå om planane for veka blir forandra. Uansett - ei ny veke er på gang!

søndag 25. oktober 2015

Roleg treningsveke

Parallelt med aukande (eller eigentlig alt auka, kanskje meir jamnt over høg) arbeidsmengde på jobb har intensiteten på trening gått ned denne veka. Vi har hatt fleire, eller ein lang, hauststorm; så joggeturar har ikkje heilt vore aktuelt. I staden har det vore to halvlange gåturar, og to yogatimar. Det er bra det også.
Neste veke er det meldt sol og litt varme igjen, så da håpar eg at eg får jogga meg ut nokre turar. Uansett kor mange gonger eg har jogga den samme runden dette halve året blir eg liksom ikkje lei av vegen. Eller, ok, enkelte partier, men det er kun ein liten del av turen - så den springer eg fort igjennom :)
I dag står søndagstur, middagsbesøk og konsert på programmet! Ein finfin søndag!

lørdag 24. oktober 2015

Forsvinningspunktet

Etter at eg las gjennom den lille bunken med små og korte bøker endte eg opp der eg nesten aldri er - med ei bokhylle full av bøker som eg alt har lest. Ein tur på bokhandel fiksa det, og denne, "Forsvinningspunktet" av Val McDermid vart med heim fordi den høyres så spanande ut bakpå. Alt på side to var ein midt inni dramaet, nesten litt for fort "kva skjedde no?" - så det fungerte ganske så fint!
Boka var spanande, på ein litt anna måte enn "vanlege" spenningsbøker. Retrospektiv teknikk fungerer kanskje ikkje så fint når det er ein barn som er kidnappa - eg satt litt og tenkte at de tok seg veldig god tid for å fortelje bakgrunnen medan ungen mest sannsynleg forsvant lenger og lenger vekk. Og når de meiner at de veit kvar han er, og det framleis er 150 sider igjen - lesaren blir ikkje overraska når det viser seg at det er feil person. Men uansett (slike ting irriterar meg litt) er historien interessan, og creepy, og oppsummeringa på slutten - når ein får vite korleis ting eigentlig hengjer saman - såg eg ikkje komme. De siste to siden var teite, men alt i alt - ei spanande og god bok!
Faktisk ei bok eg hadde med meg frå rom til rom i nokre dagar, så eg kunne lese litt medan barneTV stod på, litt medan eg åt kveldsmat, litt på sengekanten. Det er absolutt eit teikn på at boka er fengande.

PS. To månadar til julafta i dag!!!!

fredag 23. oktober 2015

Chai latte


 

                                                     I sommar var vi ein tur over grensa til Tyskland, og der handla vi masse gøy på den enorme matbutikken de hadde der. Vi hadde nok handla mykje meir frukt og grønt om denne var i nærleiken av huset vårt her i Bergen, for den butikken hadde den mest innholdsrike fruktavdelinga eg har sett i heile mitt liv! Når vi handlar litt på måfå er det lurt å kjøpe ting som har litt holdbarhet - slik at vi faktisk rekkjer å bruke det opp før det blir ødelagt.

Denne boksen med chai latte vart med heim frå det store utland, og har fjort lite utav seg i skuffen i sterk konkurranse med kakao og rett og slett mjøl. Siste veke da eg var heime med storebror vart eg fysen på noko godt, og bestemte meg for å prøve ein kopp.

Tanken har slått meg før, men sidan bruksanvisninga var på tysk har eg aldri komt lenger enn å sjå på eksa. No hadde eg tid til å lese skikkelig og tolke at joda - det skulle berre vere 1,5 dl varmt vatn i. Og ingen mjølk.
Det var jo lite - men når eg helte oppi posen med pulver skjønte eg kvifor. Det var nok 1/2 dl pulver i kvar porsjonspakke, enorm mengde synas eg, så med halvanna desiliter vatn vart det 2 dl - vanleg mengde når ein har med slike ferdigposar å gjøre. Flaks at eg hadde ein slik ein kopp ståande frå samme land, kjøpt i Berlin på julemarknad i fjor. Med eige målemerke og greier. Skal ikkje kimse! Her er det orden i rekkene ;)
Smaken? Nydleg! Søt, kremaktig - og berre heilt himmelsk! Derfor har eg satt den tilbake i skuffa slik at den varer leeeeengeeee! Det er jo det som er dumt med slike ting ein kjøper i det ganske utland - det er ikkje lett å få tak i meir når det først er blitt tomt :)

onsdag 21. oktober 2015

Speiderskade


I går var storebror uheldig og skar seg skikkelig med speiderkniven sin - noko som resulterte i ein tur på legevakta. Der var heldigvis fastlegen min på vakt, så storebror fikk kongleg behandling - sprøyte, 5-6 sting og bandasje. Da eg henta storebror og mannen etterpå var storebror så utruleg stolt, for legen hadde sagt at han var tøffare enn 10-åringane som måtte sy - og at han var ein skikkelig vikinggut! Dette gjekk rett heim, og guten svevde!

Han fikk ein paracet før han la seg i går kveld, og har sove godt i natt. Legen sa at han kunne holde handa høgt om det vart vondt, så vi tulla med at læraren kom til å tru at han hadde noko å seie heile tida i dag - med handa i været! Han er på skulen som vanleg, men må vere inne i friminuttene sidan det er storm og regn i dag. Bandasjen skal ikkje bli våt på tre dagar, og om halvanna veke skal vi til legen igjen og ta stingene.

I dag tidleg sa eg til lillesøster at ho hadde den tøffaste storebroren i verden. Da svarte han at "Nei, jeg eg ikke den tøffeste i verden. Jeg har hørt om en som ble påkjørt av en bil slik at han knakk hodet OG overlevde! Da er man tøff!". Jaja, eg synas no likevel storebror er ein tøffing! Dette er andre speiderknivskade - så eg håper han lærer også! :)

tirsdag 20. oktober 2015

Haust!


Etter ein dagesvis med sol vokna vi til overskya vær og litt regn i dag. I går begynte vi med ull innerst, så no er hausten verkleg begynt. Med ullen kjem også nødvendigheta av å stille vekkerklokka ti minutter fram. Det tar nemleg ekstra lang tid å kle på seg når det er to "bukser" og to "gensere" som skal på.

Det er ikkje måte på kor vi skal feire at det er mørkare og kaldare ute. :)

I dag valgte storebror å bruke de ekstra ti minuttene på å grue seg for å stå opp i eit kaldt rom, så vi var ikkje på plass på vanleg tid likevel. Takk alt for flexitid altså!!

I går rydda vi inn siste resten av sommar frå hagen. Vi snakkar om vintersko, vinterdresser og vinterdekk rundt middagsbordet. Plutselig er det ikkje lenger haust, men vinter - vi er ikkje få gradene vekke frå frost. Og ikkje så mange vekene unna den spede starten på julesesongen - det gledast! :)

mandag 19. oktober 2015

Damsgård

I går var det nok ein søndag med sol (finnes det ein anna type?) og vi hadde planer for dagen!
Heime såg det slik ut! Lang skugge no når sola er ganske lågt på himmelen. Her er klokka 10:30 - god morgon!
Dette var ein organisert tur, så vi møtte ved Damsgård Hovedgård der turen skulle gå frå. Ungane storkosa seg i den flotte hagen! I sola var det faktisk ganske lunt og fint, sjølv om vi etterkvart er eit stykke utpå hausten.
Turen gjekk frå Damsgård Hovedgård og opp på Damsgårdsfjellet som ligger rett bak. Med oss på turen hadde vi ein botaniker og ein geolog; så undervegs var det fleire stopp med lange utgreiingar - fantastisk interessant; vi stod som fjettra heile gjengen! Til og med storebror måtte fram og sjå på bileta geologen hadde med seg - dette var mat for nysgjerrige hjerner!
Storebror i striper :)
Dette er ein tur som vanlegvis ville tatt maks 1 time, men med taletrengte folk brukte vi heile 4 timar! Det kunne fort ha blitt ei utholdenhetsprøve for alle, men ungane klarte stort sett å følgje med eller finne på noko anna å gjøre medan det var forelesningar. Vi andre var storvegs imponerte og fasinerte av ein verden vi kan veldig lite om!
Det var vindstille og flott på toppen av Damsgårdsfjellet (som forresten består av knallhard stein som kun har forvitra 2-3 cm sidan istida for 11 000 år sidan) 344 moh. Her ser vi mot sørvest og Flesland.
På veg ned gjekk vi mot Melkeplassen - her ser vi Løvstakken toppe seg. Forøvrig eit område med enorme mengdar radon, noko som kjem av den sprekkete bergtypen granitt som denne delen av Bergen består av.

Tilbake på Damsgård fikk vi purre - og potetsuppe, ripssaft, eplekake og kaffi! Mmmm! Vi køyrte heim nesten seks timar etter at vi reiste; og da mannen stod der med poteter i handa for at vi skulle lage indisk gryte med 26 ulike ingrediensar tok eg ein sjefsavgjerdsle på at det vart McDonalds til middag. Generelt sett utnyttar vi oss ekstremt sjeldent av mulighetene som kommer ved å ha Mc'ern 5 minutter unna. Oh well; maten kom lett på bordet og alle vart glade og fornøyde etter nok ein fin dag på tur!

søndag 18. oktober 2015

Søndag og sol





I dag er det sol, og vi skal på fjellet! Seinare skal eg på konsert - eg gler meg masse! Dette blir ein fin dag!

lørdag 17. oktober 2015

Puste 12 år





Meg: Kor gammal er Puste?
Lillesøster: 74 år
Storebror: Tja. Ho er vel 10-12 år kan jeg tenke meg. Tror du virkelig at hyn er 74? Katter kan ikke bli så gamle.
Lillesøster: Joda, Puste er sikkert det!
Storebror: Mennesker kan bli 74, katter kan ikke bli så gamle.
Lillesøster: *stillhet

Vi veit ikkje kor gammal ho er sidan ho vart funnet på gata saman med mammaen sin og ein bror. Vi fikk ho tidleg i februar 2004, og da var ho rundt 16 veker. Så da har vi satt bursdagen hennes til hausten, 1.november. I år fyller ho 12 år. Ei fin, halvgammal dame!

I bursdagsgåve har ho fått ei ny seng. Ho har hatt seng før, men ikkje på mange år. No likar ho så godt å sove på kjøkkenet, og de siste månadane har ho lagt seg på dørmatta eller på eit tilfeldig klesplagg som da blir full av kvit pels. Eg hadde sett for meg noko fluffete i rosa, men da eg og lillesøster fann denne på Europris for ein brøkdel av prisen som er å kattesenger på dyrebutikken fikk pris og tilgjengelighet slå prinsessedraumen. Stoffet er i litt grov vev; noko Puste liker godt. Ho la seg oppi den nye senga si den første kvelden vi hadde den framme, så den falt umiddelbart i smak!

Om to veker er du 12 år, trur vi; og vi er så glade for at du vart funnet! Eg ser ikkje heilt for meg denne kvite, lille pusejenta som streetcat! Vi synes du er søt søt søt søt!!

fredag 16. oktober 2015

Joggetur og kvardagsutfordring

Etter ein lang dag sittande på rumpa med sjukt barn i går klarte eg akkurat å samle nok motivasjon til å ta på meg treningsklær og stikke ut på ein joggetur. Enkelte gonger er knalltøffe - dørstokkmila kan føles uoverkommelig. Slapp i kroppen etter ein dag foran nettTV - men det var opplett og ti grader; så eg klarte å komme meg ut. Og det var så nydleg! Perfekt temperatur, ingen vind, og få folk på vegen! Den 4.5 km lange runda vart utvida til 7 km, og det var berre heilt fantastisk deilig!
Da eg kom heim igjen strakk eg ut bak huset og fikk fort selskap av denne kvite bjørnen.






Kjempekosete, så det neste vart plagsomt. Det begynner å bli kjøleg ute på ettermiddag og kveld, så etter ein lang sesong ute vil Puste vere meir og meir inne saman med oss. Det er alltid veldig kjekt - og samtidig blir ho ekstra kosete. Kan hende det har samanheng med at vinterpelsen hennes floker seg ein del, og at ho rett og slett vil ha hjelp til å få ut flokane - kven veit.


Prøver å strekke ut her altså!
I dag er det nok ein dag heime meg sjukt barn. Eg har det veldig travelt på jobb i dag; faktisk så travelt at eg i går smurte dobbelt matpakke fordi eg ikkje kom til å ha tid til lunchpause, men måtte spise i bilen på veg til og frå. Den matpakken må bli spist heime, men eg må faktisk ha med meg begge ungane ein liten tur på jobb for å gjøre noko som ikkje kan vente. Det er ikkje alltid det går like bra å ikkje ha backup; og det er absolutt ikkje kjekt å måtte dra meg seg ein sjuk unge ut i bilen og inn på jobb. Det er vel berre å få det overstått, og håpe at formen er betre i morgon (og at ingen andre blir smitta!).

torsdag 15. oktober 2015

Heimedag

I dag er ikkje storebror i form, så vi ser fram til ein roleg dag.
Nisteboksfrukost med kaffelatte og Dama til på nettTV:)

onsdag 14. oktober 2015

Bananis

Vi har oppdaga ein knallgod dessert som vi kan spise akkurat på kva dag vi vil! Åjada!
Utgangspunktet er veldig modne bananer. Dette er utgangspunktet til masse god mat - dette er noko av det enklaste de kan brukast til! Skrell og kutt i biter.
Hiv i frysaren. Når dette er fryst (eller når du kjem på at du hadde nokre fryste bananer som kan brukast) tar du de opp og lar de småtine litt. Eg tar de opp før vi skal spise middag. Da blir de litt enklare for den stakkars maskina som skal jobbe med de etterpå.

Legg de i eigna burk, og hell oppi ein skvett med mjølk. Vi tar også oppi litt kakaopulver for å lage banansjokoladeis. Det er også lurt om ein ikkje er så glad i banansmaken. La stavmiksaren gå seg god og varm, og vips har du deilig, mjuk, sukkerfri iskrem!
Vi bruker litt kakepynt på den også - det er alltid godt med litt "krønsj"! Vel bekomme!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...