fredag 31. januar 2014

gå. eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv

Hjelpes kor eg ELSKER denne boka! Eg fikk den til jul av ei venninne og bruker kvart ledige minutt til å lese i den samtidig som eg vil at den skal vare leeeengeeee! Skrive av bergensforfattaren Tomas Espedal i 2006 og nominert til Nordisk Råds Litteraturpris (kva bok fikk den prisen? Den kan umogleg vere betre enn denne!).
Hovedpersonen beveger seg i området frå Bergen og oppover til Sogn og Fjordane, og skildrar områder eg kjennner godt - og har gått sjølv. Mest liker eg den rolege tonen, de filosofiske tankerekkene, og kjensla av å gå saman med han; sjølv om eg sitter i stolen min med teppe på og leser.
Ei perfekt bok for alle som er glade i å gå. Og som ikkje kan vente til at lungene er friske OG det blir varmt nok i været til at ein kan komme seg ut på tur igjen!

torsdag 30. januar 2014

"Pappa og barn"

"Pappa" finner klemmer til "barnet" sitt hår.
De siste to ettermiddagane har ungane leika Pappa og barn frå etter middag til leggetid. Det er gull verdt i desse "jobbermedåblifriskigjen"-tidene. Eg har sitte i ro og lest eller strikka medan ungane har leika seg fint i kjellaren og på badet. Heilt fantastisk!

I dag var eg tilbake på jobb, og det var langt ifrå nokon roleg start! No er eg heilt utslitt og tungpusta igjen, så det blir godt med nok ein roleg ettermiddag. Storebror har med seg ein venn heim, medan lillesøster og mannens skal henge opp nokre hyller på rommet hennes. Da er alle opptatt med sitt - og eg kan shlække'n på sofaen :)

onsdag 29. januar 2014

Bare mjuke pakker

"Bare mjuke pakker" var julelektyret mitt i å*host*fjord. Dette er ei samling med noveller av Levi Hendriksen. Mange forstyrrande, men alle med hjarte i botn. Skikkelig julebok - om enn ikkje ei feel good bok - men heilt fantastisk! Eg liker ikkje noveller så godt, men desse novellene er fullstendige og ufullstendige nok til at formen er perfekt til innholdet. I ettertid har eg skjønt at boka også er blitt film; "Hjem til jul" regissert av Bent Hamer. Den må eg sjå til neste jul :)
 

tirsdag 28. januar 2014

Sol og tulipanar

I dag skinner sola ute, og sidan eg har vore inne til no latar eg som om det er vår i lufta. Det er det sjølvsagt ikkje - eg ser på gradestokken at det er eit stykke under null. Men det er eit nydleg og reint vinterlys ute som ser deilig ut frå sofaen!
Mannen tok med ungane i barnehagen i dag, så eg fikk sove til eg vokna av meg sjølv, og slapp å få de opp og ut. Eg føler meg betre i dag, men kjenner meg framleis heilt utstlitt i kroppen.
Tulipanar er eigentlig like fine når de synger på siste verset!
Eg håper førmiddagen i sofaen gjer meg energi til å ta i eit tak her heime! Når eg er sjuk fyller det seg alltid opp på bord og på hylletopper. Her rydder eg dagleg, men når eg er utav spel blir det etterkvart haugar med ting der, og det er skikkelig ukosleg!

Men først skal eg lage meg ein ny kopp te og sjå ein gammal Friends-episode medan eg nyter at eg er heilt aleine heime!

mandag 27. januar 2014

Runde to

Da var runde to godt i gang. Heile veka har eg følt meg litt og litt meir tungpusta og sliten, og i helga vart det berre verre og verre. Da lillesøster la seg i går hadde ho feber, så ho skulle vere heime med meg i dag også skulle vi ha oss ein tur til legen.Etter 14 timers søvn vokna ho og var frisk og full i prat. Eg var derimot enda verre og følte meg heilt utanfor. Hos legen resulterte alt i hyperventilering som var veldig skremmande både for meg og lillesøster. Det er vanskelig å vite det, men enkelte dagar eg ein for sjuk til å ta vare på både seg sjølv og eit barn. Mannen kom heim frå jobb, og eg har meir eller mindre sove resten av dagen. No har eg to dagar å bli frisk på. Det håpar eg er nok. No er eg mektig lei av luftvegsinfeksjonar!!

søndag 26. januar 2014

Kino!

Bileter frå kino med storebror sine venner frå barnehagen i desember. Storebror tar billetter i døropninga.
I dag skal vi på kino og sjå "Karsten og Petra på vinterferie". "Karsten og Petra blir venner" var den første kinoen storebror såg, og han likte den kjempegodt! Vi kjøpte den på DVD i etterkant, så lillesøster har fått sett den ho også. Småsøsken får gjerne vere med på ting litt tidlegare, så ho var på kino i desember og såg "Jul i Flåklypa", og i romjula og såg "Frost".
Popkorn er eit must på kino!
Til jul fikk storebror Løvungen av tante og onkel, og lillesøster fikk Frøken Kanin. Desse leiker de masse med, så de skal sjølvsagt få vere med på kino i dag! Det er usmakleg dyrt å gå på kino, men Karsten og Petra-filmen har vi snakka om at vi skal sjå sidan vi fikk høyre at den skulle bli laga. Sjølv har eg litt vanskeligheter med å svelgje idyllen i film nummer 1, men kritikken av denne filmen seier at idyllen ikkje er like kvalmande, så da skal det gå bra betre.

Eg er i alle fall sikker på at ungane kjem til å STORKOSE seg - og det er det viktigste!

lørdag 25. januar 2014

Knallflott ektemann!

Nevnte eg at mannen min vaska hus og passa ungane medan eg var på langkøyring på sats på torsdag? Slik at huset var reint når eg skulle få beøk i går?
Eg har ikkje gifta meg med kvensomhelst! <3 <3

fredag 24. januar 2014

Strikking, Nord-Europa og mat

Desse laga eg til eit venninnebesøk tidlegare i vinter. Raud pesto, avocado,mozarella og tomat - nam! 
I kveld skal mannen ut på byn, og eg har invitert to barnehagemammavenninner på internasjonal strikkekveld. Vi strikker alle tre, tjejen frå Sverige strikker kun på frihand og prøver å lære seg å strikke etter oppskrift, jonkvrouw frå Nederland har etterlatt seg eit inntrykk av at ho er knallgod på strikking, noko eg har ingen grunn til å tvile på, medan dama frå Sogn og Fjordane er ein stad midt imellom. Erfaring tilseier at det blir fint lite strikking, det er vanskelig å strikke perlestrikk med felling til armhuler samtidig som ein diskuterer barneoppdragelse. På menyen står i alle fall te, nybakte regnbuerundstykker med heimelaga ripsgele og ost. Tenkjer vi kjem til å kose oss :)

torsdag 23. januar 2014

*brrr

Det var sikkert det at eg var så inni hampen trøtt i går som gjorde at eg var iskald heile dagen! Tre lag ull, maks varme på ovnen, men framleis kald heilt innerst inne. Ein kopp te lindrar litt ei lita stund. Til tross for at vinteren i Bergen har vore mild har det blitt mengder med tedrikking frå mitt hjørne av sofaen.
Det har resultert i ukledlege ringer på stuebordet. Tidlegare brukte vi brikker under koppane, men ungane tok de alltid vekk og leika med de, så det har vi gitt opp. Da bli det slik.
Og etter at dette biletet har blitt tatt har det komt to nye ringar. Det kan vere vi må pusse ned/opp bordet i sommar og lage oss (meg) nye rutiner. Kanskje eit tefat?
Yndlingskopp! Eg har to frå denne serien som eg bruker når eg har venninnebesøk. Eller når eg berre vil ha ein ekstra fin kopp:)

onsdag 22. januar 2014

*gjesp*



Er det berre meg, eller der det ut som om ballerinaen i smykkeskrinet som eg fikk da eg var barn gjesper og strekker seg? Eg har eigentlig ikkje tenkt på det før, men no ser eg det jo heilt tydleg!

Ho har sikkert sove på sofaen igjen fordi ho har ein unge på treogeithalvt som ikkje sover på natta.

Ånei. Det var meg det.

tirsdag 21. januar 2014

Enebarn og styrketrening

I dag er vi eitt barn mindre ved middagsbordet. Storebror skal for første gong vere med ein kamerat heim frå barnehagen. Vi har titt og ofte med hans kamerater heim til oss, og det er tydleg at storebror heller vil ha besøk enn å vere på besøk. Vi prøver å utfordre han litt på det, for alle gongane han har vore på besøk hos andre har han storkosa seg! Tidlegare har han vore på besøk nokre timar i helgene, men denne gongen skal han altså vere med heim og spise middag saman med kameraten og familien hans. Spanande og veldig kjekt!
Det blir nok litt stille rundt bordet i dag når vi ikkje har to unger som snakker i munnen på kvarandre. Det blir også ok å høyre kva lillesøster seier utan å bli avbrutt.
Lillesøster liker å gå i voksenbokhyllene og hente lesestoff. Gjerne biografiane av ein eller anna grunn :)
Sjølv var eg på ein time styrketrening i går og har kjent utover dagen at gangsperren kjem snikande. Veldig godt! No har eg fått heve-senkepult på jobb også (alle vart kjemperedde da vi las artikkelen om at å sitte heile dagen var like helsefarleg som å røyke!), så eg tenkjer at vonde skuldre og rygg er eit tilbakelagt kapittel! No skal de kun vere vonde når eg har trent de! Dermed basta!Eit

mandag 20. januar 2014

Ovnssteikt torsk

Ovnssteikt torsk er ein sunn og rask kvardagsmiddag som vi er blitt veldig glade i! Storebror øver seg på å like torsk, men de resterande tre er veldig glad i torsk, så firepakkningen glir ned!
Oppskrift:
400 gr torskefilet
12 cherrytomater i biter (her bruker vi hermetiskerte cherrytomater)
1/2 raudløk i båter
1 raud paprika i strimler
1/2 squash i strimler
Ein boks kikerter

Steik grønsakene lett i olje før du heller de i ei ildfast form og leggjer torskefiletane oppå. Salt og pepper - også rett i omnen på 220 grader i 20 minutter (følg med på torsken).
Medan torsken og grønsakene er i omnen deler du opp 60 gr chorizo som du sprøsteiker i steikepanna. Her trenger du ingen smør. Etterpå lar du fettet renne av på eit kjøkkenpapir.

Nam, nam! Og veldig sundt!

søndag 19. januar 2014

Dill og crap


Mitt nye ord for dill er crap. Det er jo oftast det. Men er kanskje ikkje mindre verdt likevel. Eller akkurat like lite verdt kanskje?

Eg hadde lenge vindaugskarmane fulle av orkidear. Men etter at varmepumpa vart installert hausten 2012 døde alle, ein etter ein. Lufta vart nok for varm og tørr. Kven veit egentlig. Ingen blomster varer så lenge hos oss lenger. Derfor må vi finne noko crap å putte i vidaugskarmane. 

Det er da ein reiser til ikea. Lysfat, pinner og tre små skåler med lys er nytt. Det er også vasen i bambus og de tørre pinnane (ja. Med andre ord crap) Vasen, som vi vanlegvis bruker til markblomster, den store skåla og de små kulene (framleis - crap. Dilldilldilldill) hadde eg frå før.
Fint da synas vi - alle fire. Puta er frå indiska, kjøpt i Sverige i 2011 og godt brukt :)

God søndag!

lørdag 18. januar 2014

Dior neglelakk

Om ein ser på samanhengen mellom inntekt og priser betalte eg jo meir for Maybelline-neglelakken eg kjøpte da eg var student enn det eg betalte for Dior-neglelakken no. Likevel føles det RÅFLOTT å kjøpe ein neglelakk for 220 (!) kr!

Eg hadde med meg storebror på shopping, og vi prøvde fleire av fargane til Dior! Han gjekk for neon og glitter - eg ville ha fine kvardagsfargar.
Denne neglelakken er sjølvsagt for fin til å drukne i neglelakkveska mi saman med billige og halvt uttørka neglelakker, så denne står inni speglskapet vårt og skinner!
Kosten er genial - brei og mjuk. Det ER faktisk verdt å kjøpe dyrare neglelakk altså! I alle fall når ein kjøper i farger som er fine uansett sesong og motebilete! :)

Og sidan mormor leser bloggen min - her ser du hekleduken eg fikk:) Den er så flott, så vi bruker den masse! Takk igjen :)

fredag 17. januar 2014

Malepenslar

Ofte koker det i livet - ikkje på ein dum og slitsom måte - men på ein måte som får ein til å innimellom tenkje at det er utruleg kor mykje ulikt eit døgn kan inneholde.

I går var eg på seminar med nokon av de flottaste kulturpersonlegheitane og de øverste kunst - og kultursjefane i Bergen. Eg vart så enormt inspirert av mange av de; mellom anna festspeldirektør Anders Beyer (som alltid er ein fest å høyre på), av kunstnerisk leiar ved Transiteateret Tore Vagn Lid (ein av mine største inspirasjonskjelder - eg ser (nesten) på hans meiningar om teater som fasit) og forfatter Pedro Carmona Alvarez (han har eg ikkje høyrt på før, men håper eg får gjøre det igjen. I mellomtida skal eg lese nokon av bøkene hans.) Dette vart også mitt første møte med Karen Hindsbo som er nyansatt som sjef på KODE her i Bergen. Eg er spent på vegen ho vel å ta kunstmusea!

Vel heime var det matlaging; og lillesøster hadde med seg ei lita venninne heim frå barnehagen - kjempekoselig! Eg gjekk på styrketrening og fikk ein mental pause før kveldsKAOS og tidleg kveld med Den afrikanske farm som sengelektyre.

Kva pensel vil eg male med i dag?
Lillesøster kom, noko som er blitt heilt vanleg, opp i senga vår mellom kl.01:00 og 02:00. Da tar eg med meg dyne og pute og sover resten av natta på sofaen. Det hjelper ikkje med 200x220 seng når besøk av lillesøster betyr at mannen blir liggande på ryggen. Og dei fleste veit vel kva som skjer da. Eg har funne ut at alle sover best når eg forsvinner :) Vi har snakka om at vi skal leggje ei madrass ved senga vår som lillesøster kan ligge på. Kanskje vi skal prøve det i helga. Sofaen er god å sove på den altså. Men senga er betre.

Og vips var det ny dag igjen :) :)

Eg anbefalar foresten å lese dette innlegget som Tore Vagn Lid hadde under Kulturrådets årskoferanse tidlegare i vinter. Eg var så heldig at eg var med på konferansen, og Vagn Lid hausta som vanleg lang trampeklapp for innlegget som kom i kjølevatnet av nytt kulturbudsjett. Ikkje det at lang applaus seier at det som ein applauderar er toppen; men i denne samanhengen var det nettopp det det var.

torsdag 16. januar 2014

Den afrikanske farm

Eg er 110 sider uti Den afrikanske farm av Karen Blixen. Eit nydleg verk som drar meg inn i støvete varme og kvardagsliv på kaffeplantasjen i Kenya. Språket er levande og historiane er krydra med livsfilosofi. Etter å ha lest ein tredjedel av boka har eg alt fleire favorittdelar - eg kan ikkje anna enn å anbefale den på det sterkaste!
"Jeg hadde en farm i Afrika ved foten av fjellet Ngong"
Frå ei oppvarma stue, i mjuk stol og med ullteppe. Snø og iskulde utanfor. Men inni meg er eg i Afrika. Eg googla Ngong-fjellene da eg begynte å lese slik at eg hadde ein scenografi for historiane. Nydleg!

onsdag 15. januar 2014

Back on the bike!

I går hadde eg min første trening etter ein månad med luftvegssjukdommar og treningspause. Eg var veldig spent på korleis det skulle gå - samtidig som eg har hatt influensasjukdomspauser og feriepauser tidlegare, og har eit fast opplegg eg liker å ta i bruk når eg skal starte på'n igjen.
Finfin blomsteroppsats som eg fikk i blifortbraigjen-gåve av svigerinna mi sist veke :)
For det første køyrer eg på med spinning - eller cycling som de kaller det på sats. Spinning er genialt på den måten at ein sjølv regulerer motstanden på hjulene, og derfor kan ein trene utifrå sin individuelle form til ein kvar tid. Saltimar synas eg er tøffare, i alle fall sidan eg ikkje går på de lettaste timane. Eg liker å trene hardt, slik at eg mot slutten av timen kjennes ut som gele i heile kroppen. Da er det godt å ha ein sykkel å henge på. I salen må eg jo stabilisere min eigen kropp, og etter ein tøff time kan faktisk det kjennes nærmast umogleg!
Eg tok ein 45 minutters time i går, og til tross for at pulsen steig uvanleg fort gjekk timen knallbra! Eg klarte å vere lenge i makspulsområdet, noko eg etter treningsfri tidlegare har brukt nokre veker på å klare. Heile timen gleda eg meg over det at eg klarte å puste djupt inn og ut UTAN å begynne å hoste! Det var fantastisk, og eg satt å smilte (og såg sikkert ikkje ut som om eg trente hardt nok!)! Etter timen kjente eg at eg var skikkelig sliten, men alt-i-alt er eg strålandes fornøyd med første trening i 2014!
I 2014 har eg nokre store turar som ventar på meg. Den største blir halvmarathon som eg og ei venninne skal springe etter sommaren. Ellers skal eg, mamma og pappa gå på Galdhøpiggen i år, og eg skal vere med på I-formløpet igjen. I går var med andre ord første steg på å gjøre desse (og andre) turar så gode som mogleg :)

tirsdag 14. januar 2014

Vinter i Bergen

Etter ein varm desember er det no beinkaldt (ok, så er det kun to minusgrader, men med vestlandsk luftfuktighet føles det mykje kaldare!). Vi har til og med eit dryss snø som ser ut til å bli liggande nokre dager.
Puste går nesten i eitt med snøen. Ho har tjukk vinterpels og ser mest ut som ein ullball. Ho kjennes litt sånn ut også! To små hårballer på veg ut av pelsen; ser du de?
I kveld skal eg på første trening etter nesten ein månad med sjukdom. Eg er ikkje heilt frisk, men håpar eg får ei god økt likevel! *krysserfingrane*

mandag 13. januar 2014

Starbucks og normalisering

Vi har fått Starbucks i Bergen, så etter danseforestillinga i går spaserte vi i sola frå Grieghallen til Kjøttbasaren der Starbucks har leigd lokale. Vi kjøpte lunch og svindyr kaffe og var veldig urbane. Vanlegvis brukar vi solfylte helgedager på å gå tur. Annleis er ok det også :)

Men kva fann eg på Starbucks?

Jo:

 Eg som NETT drakk ein kopp med Sweet'n Low, og lagde eit heilt blogginnlegg om Kathy og den eine pakka som eg hadde tatt vare på så lenge at eg ikkje kunne hugse når eg fikk tak i den! Og der ligger det altså, i eigen by, ei stor korg med fleire hundre slike poser! Hjelpes kor eksotisk med Sweet'n Low (her er eg dryppande ironisk)!
Så da er altså den lille skåla med stjålne (sukker)fjær oppdatert med enda fleire posar med kunstig søtningsmiddel anno 2001 (men no frå Bergen 2014, og vips var ikkje det så spanande lenger)!

søndag 12. januar 2014

Ripsdraumgele

På seinsommaren plukka eg ein boks full av rips som eg rensa før eg la den i frysaren. Det har vist seg å vere ein god ting å gjøre - for no har eg hatt rips lett tilgjengelig i heile vinter! Vi er veldig glade i å ha rips i gele! Syrleg, frisk rips, NAM!
Hjelpes kor eg gledar meg til våren kjem! Bladene på ripsbuskene brukar å komme tidleg, så er det berre å vente i eit par tre månadar før ripsen er moden. I år håpar vi på å utvide bæravdelinga med både solbær, stikkelsbær og amerikanske blåbær. Vi har mykje brunsneglar i hagen, så det kan bli ei utfordring. Vi har kjøpt eit hus frå 1968, og hagen er sikkert like gammal. Sneglane spiser ikkje av det som alt er her, men de gongane eg har planta nye ting har de spist av det. Utanom rabarbraen da, heldigvis!:)

Kun eit par månadar igjen - så HAGELIV!!

lørdag 11. januar 2014

Skrivetrening

Før jul var heile familien invitert i bursdagsfeiring til ein av lillesøster sine kamerater frå barnehagen. Vi kjenner familien godt, så det var veldig kjekt å bli invitert alle saman - men lillesøster hadde eit eigeforhold til bursdagsguten :) Vi pakka inn plastelina til han, og lagde eit fint kort. Som du ser på biletet skreiv lillesøster navnet hans på konvolutten. Ho skriver ofte, både sitt eige navn og andre sitt. Storebror skriver han også, men han skriver korrekt etter vegleiing frå oss. Lillesøster skriver slike bokstaver som du ser på konvolutten og ber ikkje om hjelp.

Eg digger initiativet hennes og synas ho har ei veldig fin handskrift!

Du ser at det står Erik der gjør du ikkje?

:)

fredag 10. januar 2014

Ein god fredag

Midt i ein draum der eg hadde besøk av Alexander Dale Oen ringte klokka mi i dag tidleg. Da eg opna augene såg eg rett på lillesøster som smilte og sa "God morgen mamma! Eg har sove heile natta i mi eiga seng!" Snakk om å gå raskt frå det eine til det andre. Heldigvis er eg meir dreven som mamma enn som vertinne for ein død idrettsstjerne, så eg kom meg raskt og klarte å svare sakleg. Eg måtte ringe mannen for å dobbeltskjekke om det var sant, og det var det - for tredje gong på to månader altså - high five!

I barnehagen i dag såg eg eit lettelsens blikk hos alle foreldre som leverte samtidig som meg. Det er fredag! Vi har komt oss igjennom den første harde veka etter ferie! Ingen sak for meg som har oppholdt meg i sofaen sidan måndags ettermiddag, men eg gler meg med resten av befolkninga og er klar for helg!!

I kveld skal eg og mannen på førpremiere på Den Nasjonale Scene og sjå "Reksten - firmaets mann". I morgon skal vi kombinere ein tur med full bil som skal til Fretex med ein tur til IKEA for å handle nips. På søndag skal vi på danseforestilling i Grieghallen alle fire. Ei innholdsrik helg med andre ord. Etter tre rolege veker håpar eg at det skal gå bra! :)

torsdag 9. januar 2014

Prinsesse eller barn?

To små venner - utkledd som prinsesser.
I dag las eg dette og er så hjartens enig! Eg anbefalar at de leser det som står der, så eg skal ikkje gjenta poengene her. Unger skal prøve ut ting. De skal finne ut kven de er. De skal skjekke om reglane som er satt er heilt vanntette. De skal snakke saman, leike saman og vere aktive. De skal lage lyd og de skal lage "rot" (eg kallar det ikkje rot, med mindre de faktisk berre kastar alt rundt seg, eg kallar det leiking).

Samtidig skal de også få vere i ro. Pusle, lese, perle eller male. Leike med plastelina, sortere steinar, bygge lego eller kle av og på dukka si. Barn er allsidige og ein dag bør, i ein perfekt verden, inneholde doser av både aktiv og roleg leik.

Eg kallar ikkje ungane mine prins og prinsesse. Eg seier av og til til lillesøster "Er du ei prinsesse eller?" når ho forventer at vi skal gjøre for mykje for ho. Svaret eg bruker å få er ganske klart "NEI! Jeg er lillesøster!"

onsdag 8. januar 2014

Jul og nyttår 2013

Ein liten oppsummering på årets jule - og nyttårsfeiring er på sin plass. Juleferien vart litt mindre innholdsrik enn vi hadde planlagt, men slik vart det denne gongen. Vi hadde heile 16 dagar fri!
På bitte-bitte-lille julafta pynta vi treet. Vi kjøpte plasttre på romjulssalg i 2009 til vår første jul i eigen heim 2010. Vi er veldig fornøyde med treet, men siklar no litt på de trea som har monterte lys.
Julenissen kom natt til julafta og la masse gåver under treet. Han la også igjen ei gåve til kvart barn ved omnen, og hadde i sin hast gløymt å lukke igjen omndøra!! Det var lenge for storebror å vente på at kvelden og gåveopninga skulle begynne! "Det er slikt en får grå hår av" som de seier i Barna fra Bakkebygrenda!
Etter tur i kyrkja og middag var det ENDELIG opning av gåver! Begge ungane fikk masse fint! Både leiker og klær! Lillesøster fikk nokre kjoler, og bytta outfit to gongar ettersom ho opna de opp! I etterkant har ho snakka mest om det store akebrettet som ho fikk av oss. Storebror har snakka mest om legohusene han fikk. Legohusene vart bygd alt første juledag, medan vi enda ventar på snø slik at lillesøster kan få prøve akebrettet sitt!

Så gjekk det ei heil veke medan eg var sjuk og knapt nok eit bilete vart tatt. Men så kom nyttårsafta!
Etter planen skulle vi til Kongsberg og feire nyttårsafta saman med tre andre familier der. Sidan eg var sjuk heile jula, og vart sjukare jo meir vi nærma oss avreisedato, avlyste vi turen. Lillesøster hadde også vore småsjuk, og storebror var sjuk i dagane rundt nyttår også, så det var kanskje like greit. Men veldig dumt og uheldig!
Nyttårsafta vart derfor feira stille og roleg heime i Bergen med pinnekjøttmiddag, litt rakettar, nyttårsbukkar på døra og NRK på TV fram til midnatt. Ei heilt ok feiring, men ikkje heilt som vi hadde sett fram til.
Midnatt var også forlovelsestidspunktet vårt, da har vi vore forlova i seks år!
Kosleg julevindaug å stua. Lys hos alle naboane, og mykje fyrverkeri utover heile kvelden med mange flotte rakettar ved midnatt!
Vi står midt i hjartet av mange som skyter opp masse flott, så midnatt på verandaen på nyttårsafta er stemningsfult!

Vi har alt sett på jula 2014 og ser at vi får ei like lang jule- og nyttårsfeiring da. Så vi satsar på nytt og håpar at kanskje jula 2014 er den jula vi er friske :)

tirsdag 7. januar 2014

Constance Ring

Dette er meg i dag. Host.

Amalie Skram og bronkitt. Sjukmelding og hostedråpar som gjør meg skikkelig kvalm. Skram og sjukmelding er bra. Eg begynte på Constance Ring før jul, men hadde meg ei lita pause medan eg las ei julebok. No har eg kun 60 sider igjen, og kjenner eg er glad for at ho endelig har funne meining med tilværelsen sin. Enn så lenge. Dette er debuttboka til Skram. Skrive i 1885, altså 96 år før eg var fødd. Men følelser kan ein kjenne igjen. Og dessverre også argumentasjonen i boka. Diskusjonane om forskjellane på mann og kvinne. Vi har virkelig ikkje komt så veldig langt. Eller - det var feil. Vi HAR komt langt, men det er langt igjen!
"Men si meg, her. pastor," sa Constance med dypere stemme, "hvis det nu var en mann hvis hustru stod i begrep med å føde et barn, som f.eks. hans kontorbud var far til, ville De så også komme med dette: Ingen kristen mann forlater sin hustru?" Hun så på ham med et nesten fiendtlig blikk.

"Her er forholdene forskjellig. - Når en kvinne faller på dette området, røber det en stor fornedrelse, en så dyp moralsk fordervelse at hennes nærværelse i hjemmet må ansees for besmittende."

"Ja, man er nu så vandt til å høre det, men jeg tror ikke lenger på dette med denne store forskjell," sa Constance trossig. (s.109 og 110)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...