mandag 27. januar 2014
Runde to
Da var runde to godt i gang. Heile veka har eg følt meg litt og litt meir tungpusta og sliten, og i helga vart det berre verre og verre. Da lillesøster la seg i går hadde ho feber, så ho skulle vere heime med meg i dag også skulle vi ha oss ein tur til legen.Etter 14 timers søvn vokna ho og var frisk og full i prat. Eg var derimot enda verre og følte meg heilt utanfor. Hos legen resulterte alt i hyperventilering som var veldig skremmande både for meg og lillesøster. Det er vanskelig å vite det, men enkelte dagar eg ein for sjuk til å ta vare på både seg sjølv og eit barn. Mannen kom heim frå jobb, og eg har meir eller mindre sove resten av dagen. No har eg to dagar å bli frisk på. Det håpar eg er nok. No er eg mektig lei av luftvegsinfeksjonar!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!