lørdag 30. april 2016

GelliSnow



I skapet har eg hatt liggane denne pakken med GelliSnow, eller snø da altså. Her var det fire posar med pulver som kvar for seg skulle miksast med 1 liter vatn. Ein dag eg meinte at ungane burde vere litt heime (i periodar er de så masse med venner at eg må overtale de til å vere litt heime også) tok vi de fram og prøvde oss!
      
Det var kjempegøy, og det vart kjølig, mjuk "snø" som ikkje smelta. Også lukta det skikkelig godt!
   
Eg tenkte at dette kom sikkert til å vere gøy i fem minutter, men det var faktisk gøy i halvanna time!
De miksa litt mellom skålene, begravde ting i snøen, lagde køyrebane osv. Til slutt blanda de alt i ein og satte den ute under trappa med plastikk over for å sjå kva som skjedde når den stod ute i eit døgn.

Slik såg gulvet ut etter at de hadde tatt den ut. De rydda opp igjen, men eg måtte hjelpe masse til for det smuldra liksom opp når vi prøvde å tørke det vekk. Vanskelig å få skikkelig reint!
Neste dag henta de den store skåla inn igjen. Da var snøen akkurat som før, men sjølvsagt kaldare. De leika i halvanna time til, og i løpet av den tida gjekk eg frå de og satt på stua å snakka om sommarferie med mannen. Det var sikkert vår feil, vi høyrte jo den hysteriske latteren frå kjøkkenet, men vi hadde litt tid til å snakke, så da utnytta vi den.

Da vi kom inn på kjøkkenet hadde de helt snøen utover gulvet, den låg i klaser opp langs og oppå begge stokkestolane, oppover vegger og skapdører. Ungane hadde sklidd i det så de var klissete på klær og i håret. FULLSTENDIG GØYT KAOS! De hjalp til med å rydde og vaske, men det tok oss likevel ein heil time å få det reint igjen! Om ikkje anna vart kjøkkenet heilt reint, så det er ikkje så ille at det ikkje er godt for noko. Likevel tar vi de to posane ute neste gong.

fredag 29. april 2016

10 mil og sykle til jobb

I morgon er det siste dag av "10 mil i april"-utfordringa på facebook og ein dag før siste dag av april har eg tatt regnskap av månaden. Eg ser at det har blitt masse sykkel, grunnen til dette er sjølvsagt bare vegar og vårkjensle - men mest to unger som vil ut på sykkeltur nesten kvar dag! Det blir fort nokre kilometer på den måten!
Ein av kilometerene i april var i båt saman med denne flotte guten!
Samtidig som det er facebook-challenge har vi meldt på eit lag i "Sykle til jobben"-kampanjen, så her registrerer eg også kilometer og tid. På det systemet blir aktivitet rekna om til poeng, og det er maks 3 poeng om dagen - så sist søndag for eksempel; da vi sykla til fjell, gjekk opp og ned og sykla heim igjen, vart det kun 3 poeng, ikkje 6 som det ville ha fått om eg hadde sykla ein dag og gått på fjellet den neste. Men uansett - 10 mil i april reknar alle tilbakelagte kilometer utan makstall!
Eg og lillesøster på ettermiddagstur
Det er jo med ein stor grad av stolthet (stølhet) og ei forklaring på kvifor eg i dag kjenner meg som ei utbrukt vaskefille at eg kan vise fram tall for april:

GÅ 65.62 km
JOGGE 44.15 km
FJELLTURAR 9.04 km
SYKLE 62.34 km

TOTALT: 181.15 km
Eg og storebror på veg til fjellet
Det er ikkje så reint lite. Det er fokus og mange ettermiddagar der eg har sykla, gått eller jogga framfor å rydde hus eller lese bok. I dag sykler eg også til og frå jobb, og eg trur de 19.9 km det blir tilsaman er de siste tilbakelagte kilometerene i april. Men om det blir fint vær i morgon kan det vere vi tar oss ein fjelltur. Men eg er i alle fall i mål!

torsdag 28. april 2016

Full trening før middag!



I dag måtte mannen ha bilen, så da gjennomfører eg det som eg gjentatte gongar har argumentert med når vi diskuterer sykling til jobb vs. køyring vs. buss. Buss har eg prøvd på tidlegare, ein gong, denne gongen sykla eg.

Først av alt brukte eg ein time og eit kvarter mellom da eg gjekk utav døra heime til eg gjekk inn døra på jobb. Kvifor? Fordi eg leverer to unger på ulike stader før eg kan begynne å sykle. I barnehagen i dag måtte eg ta opp ein sak med ein av de ansatte før eg gjekk vidare til skulen med storebror. Dette gjør eg jo ikkje kvar dag, men det tar jo alltid litt meir tid enn å berre gå dit.

Sjølve sykkelturen vidare var jo grei skuring. Det er langt (nesten ein mil) og eg har sykla opp nesten 600 høgdemeter - det er masse opp og ned og opp igjen. Da eg kom på jobb var eg svett sjølvsagt, men eg hadde med meg sekk med våtserviettar og deo, samt tørre klær (eg sykla med treningsklær).

I dag skal eg på møte i byn, så da går eg dit og tilbake = 7.5 km gange. Og da er det berre å skifte klær og hive seg på sykkelen for å sykle heim. (Eiegntlig ikkje sidan eg når eg kjem på jobb kl.08:45 ikkje skal gå frå jobb før kl. 16:15, men i dag må eg gå til vanleg tid) No vel eg å sykle ein litt anna veg sidan eg ikkje skal hente nokon, og det betyr nesten to kilometer ekstra, men litt mindre stigning.

Før middag har eg altså bevegd meg i overkant av 27 km. Det er bra trening altså!!

onsdag 27. april 2016

Forundringens dal

Eg har lest fleire bøker av Amy Tan, og eg har likt de godt. Derfor var forventningane store da eg kjøpte med meg den siste boka hennes, Forundringens dal. Dette er litt av ein tjukkas på 725 sider, men når det er gode bøker så kan 725 sider også opplevast som for lite.
Det var ikkje saken her. Den vart liggande på nattbordet i nesten to månader. Innimellom tok eg meg saman og las i den, fleire dagar på rad for å komme inni den. Men eg kom ikkje til den staden der eg brydde meg om historia til de boka handla om. Og da er det ikkje noko å hente der. For meg. Eg las kvar side til side 300. Da gadd eg ikkje meir, og las resten av boka iløpet av to kveldar der eg bladde igjennom og las nok til at eg forstod kva som skjedde og korleis den slutta. Dumt, for denne boka hadde eg gleda meg masse til å lese og like. Men nei, ikkje denne gongen. Av bokhandel har du kome, til freetax skal du bli.

tirsdag 26. april 2016

Til verdens beste lærer!

I dag tidleg stod storebror litt ekstra tidleg opp for å skrive kort til læraren sin. Ho hadde bursdag i går og no ville han gjøre noko ekstra for ho. Han brukte eit fint kort med bilete av ei kake på og skreiv bakpå - "gratulerer med dagen. Og du er verdens beste lærer." Eg tenkjer meg at det blir ein ekstra glad lærar på skulen i dag!
Vi stoppa også innom butikken der storebror valgte ut ein bukett med raude roser. Han var så søt og stor og liten da han gjekk mot skulen med sekk på ryggen og ein stor pose med blomar i hendene! Helledussen altså!! Vi er heldige som har ein så flott lærar i klassen til ungen vår, men ho er også ganske heldig som har ein så skjønn elev!
Roser til verdens beste lærar

mandag 25. april 2016

71 grader nord

Storebror og eg kosar oss med eit fellesprogram som vi begge liker, 71 grader nord! Vi tar det opp og ser litt og litt utover veka. Gjerne om kvelden medan mannen leser for lillsøster og det berre er oss to i stua.
Ja, også Løvungen da.
Ser vi vekk frå det fattige språket til enkelte av deltakarane (det finnes andre ord enn jævlig når du skal skildre korleis du har det) meiner eg dette er finfin TV for storebror. Han ser at det går ann å bli sliten, det går ann å vere redd for noko å likevel gjennomføre det og at "alle" har sekk på ryggen, og ja - sekken er tung. Dette drar vi nytte av når vi går på fjellet sjølv, så det er ei mental kompassnål vi gjerne vil at han skal ha. No er det kjendisversjonen vi har sett så her er det ingen kniving mellom deltakarane, det er kun turar. Kart, kompass, teltovernattingar, klatring og mål. Supert!
Sjølv om det er litt for mykje preiking frå sidekameraten min er det kjekt å ha eit felles program som vi liker like godt begge to. Han har bestemt at han skal vere deltakar når han blir stor nok, og da tenkjer eg at vi startar opptreninga no :)

I går såg vi den første timen av finalen. Storebror heiar på Anders og eg heiar på Ann Kristin. Vi er veldig spente på kven som vinner (sjølv om eg takket vere facebook veit kven det er) når vi skal sjå den siste halvtimen i kveld!

søndag 24. april 2016

Blå himmel og tur

Sidan lillesøster fikk seg nye fjellsko denne veka er det ho som er tursjef i dag! Det er flott vær, men litt kaldt. Vi tar ut etter frukost som vanleg og håpar på deilig lunch på ein eller anna fjelltopp. Mmmm, slike søndagar er LANGT oppe på favorittlista mi! Godt vi enda berre er heilt i begynnelsen av fjelltursesongen!
Sola skinner over Bergen by! Her sett frå Løvstien.

lørdag 23. april 2016

Jordskokksuppe

Eg mottar innimellom varer frå ein gard i Hardanger. Bestillinga mi er frukt og grønt, mest grønsaker - satt saman av de som jobbar der. Sist veke fikk eg denne flott saken i kassa mi:
Jordskokk. Den hadde eg aldri prøvd å lage noko med før, så sist helg fann eg oppskrift på Jordskokksuppe her og kokkelerte kveldsmat til meg og mannen-
Det passa bra at eg også hadde fått ein heil del sopp i kassa mi, det skulle også vere med i suppa! Det var ein liten jobb å skrelle alle knollane, men med hjelp frå mannen og god helgetid gjekk det fint.
Suppa stod og kokte medan vi la ungane og rydda huset. Ein stad inni der mosa eg den med stavmiksaren, og lot den puttre vidare til huset var stille og vi kunne sette oss ned. Eg veit ikkje om det er fordi den fikk koke så lenge, eller kva det var, men dette var heilt nydleg!
Eg hadde bakt brød også, så dette var verkleg kveldsmat med gode smakar! Suppa ser ut som gammalt oppvaskvatn, men lukta og smakte nydleg! Nøtteaktig og rikt - MMMM! Denne skal vi absolutt lage igjen! Det er så gøy å prøve nye ting, i alle fall når det smaker så godt!

fredag 22. april 2016

Restegarngenser

I skapet har eg ei fin eske med garn, oppskrifter eg liker og nokon uferdige prosjekter. Eit av de prosjektene har eg jobba med innimellom de to siste åra, men sidan eg ikkje heilt viste kva det skulle bli, eller berre det at strikkeinteressen forsvant like fort som den kom, vart det berre lagt tilbake igjen og igjen.
Typisk restegarnprosjekt, eg trur det skulle bli eit putetrekk kanskje. I dont know. For ein månads tid sidan, rett etter påske, tok eg det fram etter å ha hatt ei LANG strikkepause. Lillesøster snusa rundt meg og spurte "strikker du noe til meg?". Ja, det kunne vel hende at eg gjorde! Vi prøvde den på, og jammen var den romsleg og fin rundt magen hennes. Ok, da blir det ny restegarngenser til lillesøster.
Trådrest på trådrest gjennom heile prosjektet!
Lillsøster fikk ein restegarngenser av babyull i fjor, sjå her, og det er ein av yndlingsgensarane hennes (og mine på ho)! Eg såg fort at på dette prosjektet var for mange masker på pinnen, så eg måtte felle av ein del før eg starta med armer og ragglandsfelling. Derfor vart denne genseren litt rar og skrukkete der, men shit au!
Det gjekk raskt å bli ferdig, og sjølvsagt ekstra kjekt er det å strikke når eg har ein spent og glad mottakar som ventar og spør! Eg festa de siste trådane under barneTV på onsdag og da tok ho den på seg emd ein gong!
Gøy å leike med trådrestar!
Eg strikka armer til 8-åring, men de er akkurat passe lange, så denne vil nok fungere ein vinter til - men det er ok det også. Eg hadde ikkje tråd nok til å strikke lengre armar, og uansett er den eit skapprosjekt som omsider er komt i bruk!
Ho brukte genseren i går og i dag. Dette biletet er frå i dag tidleg, med kul sveis og klar for ein ny dag! Det er ut som om ein ny yndlingsgenser er fødd! Denne er ikkje strikka i babyull, men ho har ikkje klaga over at den klør. Det er skikkelig kaldt om dagen, så vi har funnet fram litt ull igjen, i alle fall på lillesøster, og da er også strikkagenser innanfor!

torsdag 21. april 2016

Viktige innkjøp

I dag trosser vi ok vær og ein dag vi eigentlig hadde tenkt å bruke til heimetid/trening for å la visakortet gå varmt i Åsane. I Åsane har de IKEA som i denne omgang kun skal fungere som middagsstopp (ja, også litt batterier da) og de har XXL! XXL skal få ein del av lønna mi denne månaden! Ungane skal få seg fjellsko, eg og mannen skal ha nye joggesko, vi skal sjå på soveposer til alle fire og vi skal sjå på telt. Det er ikkje utenkeleg at vi kjøper alt vi skal sjå på i dag (det er ikkje ofte vi gidder å vere på butikk), og da blir det penger ut deluxe! Småforkjøla er eg også, så nei, dette må eg krysse fingrane for at blir bra!
Som gammal speider er eg sjølvsagt: Alltid beredt!

onsdag 20. april 2016

Chiapudding


Chiapudding er kanskje ikkje lenger så hit, men samma det - eg har omsider skaffa meg ein pose med chiafrø og da skal det etast! Chiapudding er veldig lett å lage! Likevel har eg kun laga det fire gonger - og det er fordi ein må planleggje ein del - det tar tid frå ein miksar til ein kan nyte ferdig pudding!
Eg har brukt soyamjølk begge gongane eg har laga det. Mange bruker kokosmjølk, og det er kanskje betre. Før sjølv om eg lar det stå i mange timar blir det ikkje heilt pudding. Det blir meir som suppe med pudding i om det er forklarande. Kanskje veska eg bruker ikkje er tjukk nok? Eg er litt usikker.
Men godt er det! Sjølve frøa smaker ikkje noko, de sveller opp og blir litt sagogrynaktige i konsistensen. Soyamjølk er deilig, så sjølvsagt smaker det godt som halvsuppepudding også! Men det som er rart med denne lille porsjonen er at det er nok - eg blir mett! Lenge.
I påska klarte eg å planleggje inn ein pudding ein kveld. Lurer på om eg kan lage det om kvelden også spise neste kveld? Det fungerer i alle fall veldig bra som kveldsmat!
Storebror fatta interesse for frøa, og lurte på om vi kunne så de. Det gjorde vi, som karse på våt bomull. Etter få dagar i vindauget på kjøkkenet spira de alle saman! Søte små spirer. Eg smakte på ein - den smakte veldig sterkt, så vi konkluderte med at chiafrø kan spire, men det smaker ikkje godt av spirene.

tirsdag 19. april 2016

Mammarådet

Susanne Kaluza var lenge ein stor favoritt hos meg. Da ho var aktiv blogger las eg sjølvsagt bloggen hennes, og synas ho var toppers! Det er ho jo framleis, men sidan ho ikkje blogger lenger går ho litt i gløymeboka hos meg. Da vi var på Gol kom eg over ei av bøkene ho har gitt ut, eller rettare sagt vore redaktør for, nemleg "Mammarådet". Dette er ei samling tekstar skrive av mammabloggere. Naturleg nok tenkte eg at dette var lettlest underholding, små artige haha-tekster som eg kunne la flyte igjennom hjernen som ein frisk bris.
Finfin bok å lese medan ungane er på leikeplassen i Gol sentrum?
Men dette er ikkje ei slik bok. Den er ei samling av tekstar som mammabloggere har skrive, men den er ikkje lett. Den har knapt haha-tekstar, og innholdet får hjernen min til å jobbe - ikkje til å slappe av. Det er reflekterte, interessante, spanande og nye vinklar her! Det er smarte damer som skriver godt! Tekstane er ikkje klipt rett frå blogg der ein kanskje publiserar fortare enn ein burde. Det er gjennomarbeida tekstar med godt språk og fleire veldig interessante poeng! Boka er ikkje som eg trudde, og har derfor tatt litt lenger tid enn en hadde rekna med. Eg liker også layouten - kan eg seie det? Nice one! Men eg liker ikkje coveret; neineinei! Den reflekterer ikkje innholdet! Men inni er den god! :)
Kjøpt på salg! Men verdt full pris!

mandag 18. april 2016

Ulriken i mars

For ein søndag! For ei helg eigentlig, men det er jo ikkje alt av gøye ting eg har bileter av/kan leggje ut på internettet, så vi held oss til gårsdagen! Vi skulle på årets første fjelltur saman med ungane, og storebror og mannen ville gå Ulriken for å øve seg til 4-fjellsturen de skal vere med på i mai. Da er Ulriken fjell nummer ein, så tanken var at det er lust å kjenne på korleis det er å gå opp og ned.
Gøy med taustige!
Vi valgte å gå 7-fjellstraseen, ikkje den bratte, korte som vi vanlegvis tar. 7-fjellstraseen går først vekk frå Ulriken sin topp, også tilbake. Vi gjekk saman med ein vennefamilie og dette var den første turen deires opp Ulriken nokon sinne, så også slik sett er vegen vi gjekk betre.
Fleire flate områder på veg opp
Når vi kom oss vekk frå den mest populære vegen, den som går rett opp frå Montana, vart det også mykje mindre folk. Å gå på byfjellene ein finværssøndag er som å gå i byn på ein laurdag - fult av folk overalt!
Lillesøster viser kor stor byen er :)
På eit tidspunkt skilte vi lag, mannen og de fire gutane gjekk langs randen som er på biletet under, medan jentene gjekk den planlagte ruta vidare.
Ser du Ulriken i det fjerne?
Da vi var komt oppå fjellet var det store snødekte felt igjen som var så kjekke å gå i! Når sola gjekk bak ei sky vart det iskaldt i vinden, men når den kom fram igjen - NYT! Godt vi smørte oss med solkrem før turen!
Lillesøster i fin driv
Når ein først har komt opp i rett høgde og går mot masta på Ulriken kjennes det som om ein aldri kjem fram, haha, i alle fall var det slik i går. Vi gjekk og gjekk, men kom liksom aldri nærmare! Det gjorde vi sjølvsagt, og gutane var berre fem minutter før oss, så den vegen de gjekk var ikkje mykje raskare.
Her åt vi medbrakt lunch og varma oss med kakao før nokon av oss kjølna seg ned igjen med is i sola! På veg ned fikk vi sjå to paraglidere som tok av og susa avgårde - det var utruleg stilig å sjå så nære! Lillesøster stakkars trudde ho også skulle få prøve, så der vart det ein liten runde.
Ser du paraglideren på veg mot Fløyen?
På veg ned gjekk menn og barn ned stien som er rett under Ulriksbanen, medan de to mødrene havna litt for langt til venstre og havna på den stien eg vanlegvis går ned. Det er luksus å gå ned utan barn, så det var for så vidt heilt fint - kjekt med eigentid og tid til skikkelig samtale!

Etter mange timar på fjelltur var vi godt stolte over ungane som er knallflinke og spreke fjellfolk! Første turen i år gjekk som ein draum! Som turkameraten vår sa "Denne turen var balsam for kropp og sjel"! Hehe, trur de kjem til å ta seg fleire turar opp på Ulriken etter i går! Det er kjekt å gå på tur med gode venner!! Finfint å gå på fjelltur med 15 kg sekk på ryggen også! I dag kjenner eg turen i lårmusklane - bonus!

søndag 17. april 2016

Kattemasker

Ikkje like ofte som før, men dog, har eg liggande kreative prosjekter til ein dag det det er behov for noko å gjøre. Det går måneder mellom desse dagane, ungane finner stort sett på noko, men nokre dagar er eit nytt kreativt prosjekt det som kan forandre dagen frå dårleg til god. Det fungerer av og til som ein døropner til eit kreativt sinn der det etter fullført prosjekt absolutt ikkje er noko problem å leike vidare med noko anna. Gjerne saman begge to. Og det er gull verdt!
Lenge har eg hatt liggande to kattemasker i hard papp. I påska fant vi de fram så ungane fikk male kvar sin. Dette var supergodt materiale å male på, og vi kunne bruke vannfarger utan at fargane vart blasse eller at vi opplevde at malinga ikkje festa seg på underlaget.
Etter endt kattemaskemaling gjekk ungane over til anna maling og stempling med desse skumgummibokstavane som eg også hadde liggande.
Lillesøsterpus
Ferdige masker! De vart så fine og fargerike begge to! Storebror kom som katt inn i stua for å vise meg og Puste den ferdiglaga maska, og Puste fikk heilt karasjokk! Ho hoppa opp og stilte seg i forvarsposisjon - KVA VAR DETTE?! Storebror lagde litt freselydar da han kom, og ho kjente han rett og slett ikkje igjen! Seinare på dagen ville storebror ta bilete saman med Puste, og du kan jo sjå at ho ikkje er heilt watra enda. Hahaha, vi skal ikkje vurdere å få nokon fleire kattar i hus i alle fall! Djiz....
Ekte pus og storebrorpus

lørdag 16. april 2016

Fødselsattest

I ei lita eske fylt til randen av små skattar som stein, frimerker, enslige barbiesko og binders låg fødselsattesten til barnet eg hadde gløymt at eg hadde:
Magne vart fødd 21. november 1992 på Rom(m)et. Eg var 11 år. Ellve og eit halvt.


Eg har nokon av dukkene mine framleis. Kristian og Dolly. Men Magne? Eg kan ikkje hugse han. Denne må eg ta meg ei runde på. Det er liksom så det er noko som lugger litt langt der bak, men eg kjem berre ikkje på kven dette var. Eg går utifrå at Magne er ein eg var forelska i, men eg kan ikkje hugse at det var noko baby på den tida!

fredag 15. april 2016

Fredag!


Nok ein gong kjem fredagen som bestilt! Vi har susa rundt heile veka alle fire, og når vi har vore heime har huset vore fult av små og store venner. Lillesøster har eit lite rom, men det er utruleg kor mange barn under skulealder som klarer å leike der inne samtidig! I dag har vi ingen planer, og resten av helga har vi berre koseplanar som bibliotekstur, bursdagsseleskap og kanskje ein tur på eit fjell om været blir ok. Bra blir det uansett!
La freden senke seg

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...