fredag 30. november 2012

Dimonds and pearls

Med influensasjuk mor er det ingenting som er betre enn å settje ungane igang med ein roleg aktivitet på kjøkkenet. No håper eg at formen min fortsetter å bli betre, samtidig som eg håpar vi slepp unna tidenes verste omgangssjuke som går i barnehagen for tida - ei VEKE med dobesøk - nei takk!

I helga håpar vi å få pynta litt til advent og reise til sentrum for å besøke Pepperkakebyen.

God helg!

mandag 26. november 2012

Ungt mattegeni

Sist veke var det "Lær deg gangetabellen" som var lillesøster sin favorittbok.
I elefantnattis og med tutten lagt ned på sofaen slik at ein kan telje høgt og tydleg - minutter før nattakoser og sovetid.
No har ho bytta ut boka med bokstavpuslespel. Ho veit kvar alle skal vere, og kven i familien som eig kva bokstavar. Ho er også ein liten nazi når det gjeld å vente på tur. System i sysakene - og tal og bokstavar er på plass. 1. klasse neste!

fredag 23. november 2012

Venninnekveld - og intervju med storebror.

Via foreldremanualen.no fann eg eit intervju ein kunne ta med barnet sitt - og gje svara vekk i farsdagspresang. Ideen var veldig god - men vi hadde trolldeigfigurar i boks - så eg tok intervjuet uavhengig av farsdagen. Her er svarene storebror gav, fire og eit halvt år gammal (skrive ned akkurat slik han sa det)

Kva pleier mamma alltid å seie til deg?
Eg tenker - ja - eg veit det! Eg må finne tenkekluten (ein gammal vaskeklut som han kallar for tenkekluten) Ver så god.
Kva gjør mamma glad?
Å seie fine ting.

Kva gjør mamma lei seg?
Når nokon ikkje er snille med deg.

Kva gjør mamma for å få deg til å le?
Gjøre mange morsomme ting. Å hoppe og danse synes eg er veldig morsomt og gøy.
Korleis var mamma da ho var barn?
Inni magen til oldemor Liv. (han trur at oldemor Liv er mammaen min)

Kor gammel er mamma?
100!! Det var enkelt. (haha:D)

Kor høg er mamma?
Voksenhøg.

Kva liker mamma best å gjøre?
(Lang tenkepause) Danse

Kva gjør mamma når du ikkje er heime?
Rydder huset. (det rette svaret er sløve forann TV, men dette høyres jo mykje betre ut!)

Kva er mamma veldig flink til?
Å hugge ved (det stemmer sikkert, men eg har aldri prøvd det)

Kva jobber mamma med?
Jobbmenn (WHAT??)

Kva er mamma sin favoritt mat?
Syltetøy

Kva gjør deg stolt av mamma?
At du er snill med meg

Kva liker du og mamma å gjøre sammen?
Danse

Kvar liker mamma å reise?
Med meg og lillesøster. (det er jo mine favorittreisevenner - også mannen da:))

Korleis veit du at mamma elsker deg?
Det betyr at du er veldig glad i meg. Inni hjertet ditt. (godaste!)


Mamma, no skal eg spørre deg også skal du svare! Kva gjør eg om mandagen?
Da er det byggedag i barnehagen, så da bygger du kule legokreasjoner.

Riktig! Veit du kva eg gjør på når eg skal pusle?
Du tar ut alle brikkene, også pusler du.

Veit du kva eg pleier å gjøre når det er sol?
Da bruker du å gå barbeint på verandaen.

...og da var samtalen over på noko anna:)

I kveld skal eg og mannen på teater, og etterpå er det vin og skravling heime med barnevakten:) Mannen min studerar vedsidan av jobb, og i helga er det prøveeksamen. Det betyr at mens eg sitter og heller i meg vin skal han sitte ved dataen å jobbe. Jaja - slik er det!


Frå ein anna venninneogvinkveld med ei anne venninne og vinflaske.


GOD HELG!

torsdag 22. november 2012

Det berre ei mor kan sjå

Kan du sjå kva dette er?


Rot?


Nei!


Det er ein stor Art Attack må du vite!

(veit du ikkje kva Art Attack er har du ikkje barn under skulealder. Evt har du ikkje Disney Junior)

tirsdag 20. november 2012

Starbucksfavoritt

Vi drikker espresso etter middag - det held oss vokne og klar for klesvask/husvask/bretting/megling/leiking/rydding på ettermiddagen. Eg har vore på utkikk etter nye koppar, og på flyplassen i København fant eg de!
STARBUCKS - sjølvsagt:)

mandag 19. november 2012

Julegåver - ei historie

 I 1993 etablerte eg, 12 år gammal, ei julegåvebok. Det var ei glosebok frå skulen og der førte eg opp kven eg skulle gje gåve til og kva de skulle få.
 Eg skreiv også inn julegåveidear, som denne under her - til katten vår Murre.
 Listefreak - her frå 1994. Eg elska å lage lister til meg sjølv som eg "måtte" følge (med mindre eg ombestemte meg da). Eg fungerte godt innanfor rammer, noko eg framleis gjør. Denne lista over adventsforbredelser er morsom - og veldig meg anno 1994!
 I det nye milleniummet gjekk eg til innkjøp av ei skikkelig bok med spiralinnbinding. Jula 2000 var eg i USA, og det er den første jula som er ført direkte inn i boka. Gloseboka frå 1993 er limt fast inni den nye boka; der ligger jo 7 år med julegåver og idear - underholdande lesing rett og slett! (Hadde DU blitt glad for ein grøn perm med klistermerke av Pamela Andersen i hjørnet? Det trur eg ikkje storebroren min vart heller. I 1994.)
 Boka tar eg fram på hausten ein gong. Skriver opp liste over kven som skal få gåve i år (lista veks og veks) og begynner å planleggje gåver. Eg listar også opp kven som skal få julekort; og kryssar av etterkvart som eg skriv de. Orden i sysakene - jadda! Julebakstliste. Julesnop. Lister over kven vi får julekort av, og kva vi får i gåver.
Slik har eg FULL KONTROLL på de 40 julekortene vi sender, de 35 julegåvene vi gjer vekk og de 10 slagene med julekaker - og snop vi lager. Eg veit også kven som fikk kva av kven. "Det må da verre stress å skrive ned gåver til fire mennesker på julekvelden?!" "Stress? Nei! I love it!"

Ein studie i mitt liv om jula. Vi går inn i mitt 19 år som juleplanleggjer! BRING IT ON!!!:D

fredag 16. november 2012

Trolldeig

Medan far i huset var i utdrikkingslag hadde eg og ungane invitert til trolldeigklissing, lasagne og pepperkaker sist helg. Ingen av ungane hadde prøvd trolldeig før, men er vande med plastelina; så det var ingen problem å forstå konseptet:)

TROLLDEIG
2 dl. salt
4 dl. kveitemjøl
ca. 1 dl. vatn
2 ss olje

Vi brukte former og utstyr frå plastelinaboksen vår. De to største på 4 år laga masse flott. De to yngste på 2 og 3 leika meir med deigen; heilt ok det også! Dette viste seg foresten å vere knallbra opplading til julebaksten! "Tynnere, tynnere ellers blir det ikkje gjennomsteikt!"
Vi steikte det i omnen på 100 grader i godt over to timar. Det tjukkaste kunne godt ha ligge lengre. Etterpå malte ungane det med hobbymaling - og sim-sala-bim (nja, ikkje heilt så lett kanskje) var farsdagsgåvene i boks:)

Gøy, gøy!!

onsdag 14. november 2012

Bibliotekbøker

Vi er ei gruppe med lesehestar i familien vår. Sjølv har eg gått over til å lese mest i feriar, men kvar dag leser vi bøker for og med ungane. Biblioteket er fantastisk, vi har snubla over mange litterære skattar der, og sist eg var der hadde eg eit mål. Storebror var plutselig blitt så opptatt av døden. Han spurte og snakka masse om det, men mest av alt var han lei seg. "Eg vil ikkje dø" med etterfølgjande tårer og trøsting. Kollegaene mine anbefalte boka "Farvel, herr Muffin" - om eit gammalt marsvin som dør. På biblioteket fikk eg også låne "Bjørn og bestefar" der bestefar dør. Storebror falt for begge bøkene - vi har lest de så og seie kvar dag sidan eg lånte de. Og no er han ikkje like opphengt i døden som han var. Han har kanskje fått nokon svar? I den grad vi kan gje han svar - vi har i alle fall reflektert saman med han.
Dette er typisk ettermiddag hos oss. Storebror (eller lillesøster) har henta ein haug bøker som vi leser gjennom. Her er det Tambar som blir lest - ein fantastisk serie om familien Dovre og lille Tambar på fem år skrive av Tor Åge Bringsværd. I denne boka, "Tambar og syvmilstøvlene", er de i Bergen, det er jo ekstra stas! På Troldhaugen - sjølvsagt! :)

fredag 9. november 2012

Halloween-feiring

Før det er for seint hiver eg ut bileter frå vår Halloweenfeiring.
Vi hadde venner på besøk, og spiste Halloween-paprika-med-pasta og gresskarbrød til middag.
Og pumkin'pie til dessert - nam:)


torsdag 8. november 2012

Gåver frå det store utland

Lillesøster fikk endelig sin eigen paraply! Etter å gjenntatte gonger ha måtte springe etter storebror gjennom regnet - han med Lynet McQueen-paraply og ho med ei skarve hette. No kan regnet berre ause ned i strie straumar - vi har utstyret til å takle det!
Også frå Disney-store da!! STOR STAS!
Storebror fikk lego-politi-helikopter som vart pusla saman på ein halvtime - den har han også hatt ved sidan av puta si om natta - STOR STAS det også!

Og sjølvsagt vart det masse julekalendergåver også - det er alltid gøyt med noko nytt:)

onsdag 7. november 2012

København


Rask flytur opp Runde Tårn
Med "Karsten og Petra i Tivoli" som CityGuide fikk vi med oss masse da vi var i København i helga saman med jobben til mannen min. Laurdagen var open for kva ein skulle ønske - vi valgte sightseing og litt shopping. Og god lunch sjølvdagt:)


Laurdags kveld - sjølve julebordkvelden - var vi på Wallmans Salonger og kosa oss med eit fantastisk show, nydelig mat og vin og øl i alle glass. Etter fire timar vart Cirkus-bygninga om til ein nattklubb som mellom anna spelte 90-talshits; da var det ikkje anna å gjøre enn å kaste både høge helar og dressjakke, og danse det vi orka. Våt av svette (og regn) subba vi inn på hotellrommet da klokka var 02-eit-eller-anna; eg kan ikkje hugse sist eg var voken så lenge! Vi hadde det KNALLGØY!


Eg seier ikkje at julebordet eg skal ha med min jobb, i kontorlokalene der vi jobbar, kjem til å bli like gøy, men det skal holde hardt;)

tirsdag 6. november 2012

Kort

Det har vore mange runde dagar i år.
Ei på 40, ei på 60, ei på 70 og ei på 80 - og det er berre i nærmaste familie!
Det kjekkaste med runde dagar er at det er ein grunn til å treffast!
I alle fall når bryllupa lar vente på seg! Eg og min eldste bror er de einaste som har gifta oss de siste 20 åra. Og vi er framleis lykklege gift (på kvar vår kant vel å merke;)), så ekteskapet er jo berre å anbefale! Det å bli rundt år også, for så vidt. 

Men no har vi fått invitasjon til eit bryllup i næraste familie! Hurra for brudeparet og hurra for oss som får vere med på festen! Håper de resterande 20 søskenbarna vi har hiver seg på lasset også!

Julebordfeiring med dansing til langt uti de små timar gav meirsmak! Så da var det ekstra kjekt å komme heim til invitasjon til nok ein fest i posten:)

Ein lokal helt har sagt det slik "Eg viste ikkje kva lykke var før eg gifta meg. Og da var det for seint."

Nei, DET stemmer ikkje! Som ho da. Brura.

fredag 2. november 2012

KVAR blir alle sokkane av?

Heilt ærleg! Vi har mengder av singelsokkar, eg fatter ikkje kvar den andre sokken forsvinner!! Faktisk når eg ser på dette biletet så kan eg sjå to sokkar som høyrer saman. Ein anna sokkesannhet er at føttene til ungane har vokst så masse i sommar at ullsokkane frå sist vinter er for små. Kvardagsliv i eit nøtteskal!

Denne helga skal kvardagsliv vere ein fjern tanke - eg og mannen skal nemleg til København!! Julebordtur med jobben hans; dette kan berre bli bra! Han har flotte kollegaer som vi skal vere masse saman med, men i morgon skal eg og han spasere rundt i gatene aleine - spise lunch berre oss to - og berre vere saman. Eg gler meg! Ungane skal kose seg heime med farmor; farmor sine pannekaker er bestilt til middag - og gåver (i mengder!) er ønska når vi kjem heim søndags kveld.
God helg til deg også!!!

torsdag 1. november 2012

No skinner sola i vinduskarmen

Kanskje var det på grunn av at det regna i BØTTER OG SPANN at vi kun hadde eit lite Halloween-ring på døra vår i går? Desverre for ungane som hadde begitt seg ut i drittværet, og trakka opp den lille vegen til huset vårt, ringte de på akkurat medan eg låg og prøvde å sove - og da ikkje skjønte at det var ringeklokka.
Kva med mann og barn? Mannen sov også, og barna såg på Fantorangen - eg trur ikkje nokon av de fikk med seg at det ringte på. Men eg fikk ikkje sove igjen, så det var til pass for ungane utanfor at de ikkje fikk snop. Ikkje hadde vi kjøpt inn noko heller - kremt.
I dag skinner sola over Noregs vestlandshovedstad! Det er godt, ein blir heilt værsjuk av slike mengder med regn som det var i går. Og når ein barnehage i Bergen vel å la ungane vere inne heile dagen pga været VEIT ein av været var dårleg. No skal det berre vere sol - ungane skal få rase av seg ute - og ettermiddagen blir betre. Dermed basta!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...