torsdag 31. mars 2016

Barnehagebarn - igjen!

I dag leverte eg for første gong på snart to år og ganske garantert for siste gong - mine to barn i barnehagen! Det er vinterferie denne veka, og storebror er på sfo. Han har sidan han slutta i barnehagen innimellom snakka om at han sakna barnehagelivet. Leikane, pålegget de serverer i lunchen, de ansatte, og sikkert friheten han opplevde siste året han gjekk der.
Det er ingen lekser i barnehagen. Her leksejobbing saman med kamerat.
Også de ansatte i barnehagen har snakka om at det hadde vore kjekt å ha han tilbake. Til og med styraren har vore bortom han ved fleire høver når han er med å leverer om morgonen og sagt at han måtte sjå om han kunne vere der saman med de ein dag. Og i dag var endelig dagen komt! Frukostnisteboks i barnehagesekk. Sandaler, og ikkje innesko som han bruker på skulen. Eg passa på at det var likt antall agurk - og paprikabiter i til snacks boksane - slik eg gjorde før da begge gjekk der.

Ein stopp på veg til jobb - det er luksus! Også de andre ungane, i alle fall de som er så store at de hugsa han, jubla idet han kom inn døra i dag! "I dag skal du vere her saman med oss!!" Hahaha, er det rart det er stas å vere 2.klassing i barnehagen? Han lurte til og med på i dag tidleg om han kanskje måtte spise lunch saman med de voksne, men det ville han helst ikkje. Hihi, store guten vår!

onsdag 30. mars 2016

Urtescones

Heimelaga suppe er nydleg - her kan du putte alt som ikkje er så pent å sjå på lenger, men som framleis er godt og full av vitaminer - koke - mikse - og vel bekomme! På vår faste middagsmenyliste har vi mellom anna ei nydleg gulrot - og ingefærsuppe som eg fann oppskrifta til her. Vi har lagt denne til helga, ikkje fordi den tar så veldig lang tid, men fordi vi da kan lage deilige urtescones til!
Få ting kan måle seg med rykande ferske scones! Vi har ein mynteplante som aldri vil dø, så vi bruker mynte i denne. Og yoghurt. Mmmm, kjempegode! Oppskrifta på desse ligger også i linken. Anbefalast!

tirsdag 29. mars 2016

Bursdagsbarn!

I dag vekte eg og lillesøster storebror med bursdagsssong og ei gåve! Det er kvardag igjen, men også o'stor bursdag til den som forandra livene våre for 8 år sidan i dag!
Det blir feiring jamnt over heile veka, men i dag er det bursdagsmiddag - altså spagetti med kjøttboller, samt brownies til dessert! Gåver og spel. Vi startar bursdagsveka roleg og tar den heilt ut på søndag. Det betyr at sjølv om påska er over er det framleis nokre dagar til sukkerinntaket blir redusert!
Frå tur i skogen i haust.

mandag 28. mars 2016

Doboka

Denne lydboka har stått på repeat heime hos oss de siste vekene. Den varer kun i ein halv time, noko som betyr at vi rekker å høyre den minst tre gongar kvar dag. Er storebror riktig så rask om morgonen rekker han også ei runde før vi skal gå. Innimellom trykker han seg fram til den delen om det japanske toalettet som måler avføringa di og sender informasjonen direkte til legen; det er favorittdelen!

Vi har lært masse om tiss og bæsj, og det er faktisk veldig interessant. Lillesøster ler framleis av at de i gamle dager tømte potta rett ut av vindauget. Da var det viktig å rope "Pass på", men det var det mange som gløymte.

Begge ungane er veldig interesserte i kva som foregår inni oss, korleis ting heng saman, så boka er midt i blinken. Synd den er så kort.

søndag 27. mars 2016

Fuglemater

På nettet snubla eg over denne finfine fuglemataren som eg berre måtte ta bilete av slik at eg hugsa den til seinare! Så lett å lage, med ting vi alt har i huset - eit perfekt kreativt prosjekt!
Så har vi komt uti mars, og fuglane finner sin eigen mat. No håpar eg berre at eg hugsa ideen til neste vinter! I mellomtida laga storebror denne søte på speidaren:
Fungerer finfint! Han tok seg ein tur ut med hammar og spiker og satte den opp like ved fuglekassene. No håpar vi at nokon flyttar inn! Med restaurant like ved er jo dette ein no-brainer!
Velkommen på visning!

lørdag 26. mars 2016

Påskeferie på Pers hotel


I år som i fjor hadde vi nokre dagar på Pers Hotel - dagane før de "ekte" påskedagane, altså de dagane hotellene dumpar prisane sine. I fjor var vi der saman med gode venner som kom køyrande frå andre sida av Gol. I år kunne ikkje de vere med, men vi reiste likevel - ungane og vi hadde så mange gode minner frå 2015!

I år valgte vi eit litt mindre familierom. Vi fjor hadde vi nesten suite; i år tok vi eit familierom med hems. I stadenfor hadde vi tre netter der, ei meir enn i 2015 - og vi tok middagsbuffet kvar dag; mmm!

Den eine dagen kjøpte vi billettar til Tropicana. Dette er badelandet på Pers - her er det varmt og godt! Vi kosa oss masse i bassengene, særleg i runda der de hadde sterk straum - eg trur ikkje eg overdriver når eg seier at vi hadde rundt 1000 runder i den - heile dagen altså! Rundt og rundt! Utruleg gøy! Begge ungane fann seg venner i bassenget, og dagen susa av gårde! Vi hadde ei pause ved lunchtider, før vi var tilbake i bassenget og bada til barneTVtid! DA var vi sultne til middagsbuffet da!
Vi hadde tatt med masse ulike spel som vi faktisk fikk tid til å spele. Dag to, altså onsdagen, var vi ute i sentrum på solbrillekjøp, leikeplasshopping (to leikeplassar fann vi) og årets første uteis! Vi spelte kort og spel på rommet, og gjekk ut igjen. Susa rundt - heile dagen!

På onsdags ettermiddag kom venner frå Bergen som har hytte på Hemsedal. De åt middag med oss, og denne kvelden var det trylleshow for ungane på hotellet! Det passa kjempebra, ungane var på show medan vi brukte lang tid på dessert og prat i restauranten; heilt luksus med tid til å prate utan ungane til stades!
Skjærtorsdag skulle vi toge oss heimover kl.15. Vi venta i hotellet sine fellesområder med bøker, spel og fjas. Ungane spelte kortspelet Krig i ein time non-stop, så her var det berre å la humla suse. Nydleg! For til tross for flotte DAGAR var nettene eit lite (og mildt) mareritt. Vi hadde ein skrikete baby i naborommet alle nettene, og det var veldig lytt! Naborommet på andre sida hadde ein alarm på døra som gjekk av i tide og utide - ein alarm som høyres ut som ei vekkerklokke og kjensla av å vokne av den er vel sjeldan god. Vi hadde også rom mot aust, så sola steika på rommet vårt frå 05-ettelleranna, så 06:30 var det minst tretti varmegrader der inne og ingen klarte å sove meir. Vi hadde også rom mot parkeringsplassen og det er ein del som har alarm på bilane sine. Men nok om det - vi sov godt da vi kom heim på torsdag!
:
For meg som har lest Panserhjerte i påska var det ekstra spanande å suse gjennom Ustaoset på togturen heim!(alle som har lest denne boka tar denne :)) Ingenting er vel som å sitte på toget i påska saman med haugevis av folk med Mariusgenser og ski - det er påskestemning altså! Spiser ein appelsin og leser påskekrim samtidig er opplevelsen komplett! Og det gjorde vi sjølvsagt!!
Heim kjære heim med eigen seng og pute. Kaldt og mørkt rom. Og ei stue som ungane kan oppholde seg i når de vokner først. Vi sov til nesten 10 på langfredag - eg og mannen. Det trengte vi! Ferie etter ferien er eit must! Men for nokre flotte dagar på Gol!!

fredag 25. mars 2016

Bypåske!

Etter nydlege dagar i Hallingdal er det no godt å vere heime igjen! Puste har passa huset medan vi var vekke. Ho synas det var på sin plass at vi kom heim tilbake!

I dag gjør vi noko CRAZY som vi aldri har gjort før! Nemleg spise pinnekjøtt når det ikkje er jul. Eg vart så freista da eg såg det i butikken, så vi bestemte oss for at sidan vi liker det så godt alle saman skulle vi spise det i dag på langfredag. Det er jo litt sånn lammelåraktig vel? Jaja, nært nok!

torsdag 24. mars 2016

Panserhjerte


Tradisjonen tru leser eg (vi) påskekrim! Eller krim da i alle fall :) I fjor las eg Snømannen av Jo Nesbø, i år leser eg Panserhjerte.
Det er ikkje kosleg påskeegglesing. Det er ikkje feel-good. Men det er knakandes god underholdning. Godt eg ikkje sover aleine! I dag toger vi heim igjen til Bergen, og da er det godt med ei god bok!

onsdag 23. mars 2016

Ut med kua!

Eg var så heldig å vinne ein konkurranse der premien var eit utvalg av alpro sine produkter! Hurra! Dette har vore veldig spanande å få i hus! Vi har smakt på masse, men så må det jo drikkast opp før vi kan opne ny! Sjokolademjølka sparer eg! Den vil nok ikkje vare lenge! Nøttemjølka / mandelmjølk, var veldig søtt og godt - nesten så det smakte morsmjølk. Lenge sidan ungane mine vart amma, for dette likte de ikkje! Eg er allergisk mot mandlar, men har smakt litt på det. Eg har ikkje merka at eg reagerer, men vil ikkje ta sjansen på det heller.
Eg har brukt det i scones, i smoothies, og i heimelaga is. Det fungerer akkurat som kumjølk, og er fint som alternativ/variasjon!
Denne var så god! Sjokoladepudding - mmmm! Her kan ein ikkje trakke feil!
Eg lagde grove vafler med kokosnøttmjølk - kjempegodt!! Ja takk til variasjon! Desse like forresten ungane også, til og med etter at eg sa at det var kokosmjølk i!

tirsdag 22. mars 2016

Forfattar, 5 år

Lillesøster satt og skreiv her ein dag sist veke. Etter at halve arket var fult begynte barneTV, og ho sa "jeg tar resten etterpå" noko ho også gjorde. Da arket var fult las ho høgt.
Historia begynte slik: "Det var en gang søvn. Huset var rotete.De skulle tydde alt dit det skulle vere, men så vart de så slitne i armene." Vidare er det litt vanskelig å lese, men eg hugsa at de tok seg ein pause, også kom det ein farleg løve inn. Da var historia over. Ei lita novelle, skrive heilt av eigen fantasi! Eg er så imponert over kva ho får til - eg digger det! "slitne i armane" - hahahah, det er klassisk! :)

mandag 21. mars 2016

Marsutfordring og AFK

Nokon av oss trenger å øve oss på å fokusere på det som er positivt i kvardagen vår. Derfor tok mannen initiativ til ei marsutfordring i familien vår: kvar dag skal vi fortelje om minst ein kjekk og positiv ting som har skjedd iløpet av dagen. Vi tar dette ved middagsbordet.
Første dagen vi gjorde det nekta storebror å komme meg noko. "Jeg vet ikke" "Ingenting har skjedd" "Jeg vil ikke snakke om det". Først da mannen spurte om han hadde gått med nokon heim frå sfo kom historia om han og kameraten som hadde aka heim medan de hadde sendt papirfly avgårde ned bakkane, som de så hadde hatt kappløp med. Det var jo kjempegøy! Det er jo nettopp dette vi skal øve oss på - å hugse de kjekke tingene!
Sjølv fortalte eg ein dag om at eg, på veg til møte i sentrum, hadde gått ein liten omveg under Smørsbroen for å sjå på den nyfødte gafittikunsten som er der. Kunstverket heiter "Awakening" og er rett og slett så nydleg at eg fikk vondt av å sjå på det.
AFK er ein kjent bergensk grafittikunstner som "ingen" veit kven er. På facebooksida si skreiv han dette saman med link til BA sin omtale; Thanks to security for keeping us on our toes. Han jobber når ingen ser, og det kjennes som magi kvar gong noko nytt blir laga utan at nokon veit om det, frå ein dag til ein annan.
Det hjelper på tankegangen vår - dette prosjektet. Alt etter ei veke kjem vi fortare på noko kjekt å fortelje. Samtidig er det veldig godt for meg og mannen å høyre om de kjekke tingene som skjer på sfo, skule og i barnehage. Innimellom kan eg synas at det blir vel mykje negativt, om kven som sa kva og kven som gjorde kva. Eg vil høyre om det fine! Om den gøye leiken, om sola som skinte, om læraren som lot akkurat storebror vere først denne gongen, om turen ut berre fordi det var varmt, og om kameraten som holdt døra oppe til alle var komt ut.

Sist veke fortalte begge ungane om kjekke ting før vi starta "runden", så dette har fungert kjempebra! I dag er vi på veg på påskeferie - så det er ikkje vanskelig å finne positive opplevelsar i dag!

søndag 20. mars 2016

Kunsten å høre hjerteslag

Sidan eg i mars skulle suse litt fram og tilbake med buss og tog ville eg finne meg noko å høyre på. Eg prøvde noko podcast, men fann ingenting er likte godt nok. Derfor lasta eg ned appen "Storytel". Her har eg tilgang på masse lydbøker! Eg ville høyre "Bienes historie" - ei bok som har 89 på venteliste på biblioteket, men den hadde de ikkje der inne. Da høyrte eg heller ei anna bok eg har lurt på å kjøpe meir enn ein gong, "Kunsten å høre hjerteslag".
Boka handla om ein som vart blind, og snart høyrte han så godt at han kunne høyre hjarteslagene til mennesker og dyr. Han lærte seg å gjennkjenne de, slik at han kunne høyre kven som kom basert på korleis hjartet slo. Boka starta litt treigt, men den tar seg opp! Det er ei historie i historia og denne blir lest av ein mann. Sjølve rammen rundt denne historia blir lest av ei dame. Det er særleg slik at bøker er ekstra bra i lydbokform! Ei varm, roleg og fin bok - med lærdom! Slutten er fantastisk, som seg hør og bør på slutten av ei slik kjærleikshistorie. Høyr den!


lørdag 19. mars 2016

Dårleg satsing

Sidan influensaen som nesten tok livet av meg gjorde sitt inntog - og litt før det - har eg vore støttemedlem på sats. Skikkelig dårleg altså! Og unnskyldningane er mange, det er nesten så det heiter grunnar! For eg VIL trene, eg har sakna å trene. Etter at eg vart frisk igjen har det ikkje vore ein ettermiddag fri. Eg tullar ikkje. Eller jo, eg hadde ein ettermiddag heime, men da tenkte eg at DET trengte eg, også vart eg heime.
Så kom sola. Eg hadde første joggetur ute i fantastisk vær laurdag 5.mars. Det var deilig og tungt! Grunnformen ligger der, og vanen, men eg hadde sjølvsagt mista ein del på utholdenheten. Det kjem tilbake. No er vi eit stykke uti mars, og eg har alt hatt fleire løpeturar ute i frisk luft. Men no er det påske, og vi reiser om to dagar. De raude dagane har sats stengt. Vi kjem tilbake akkurat i tide til stengte dagar. Ser du? Mitt liv og sats passar ikkje saman lenger. Derfor er eg utmeldt 1.april. Da trekker de ikkje lenger penger frå kontoen min, og eg skal kjøpe meg nye joggesko og nyte våren UTE!

I dag har eg forresten ikkje tid til sats heller. Første delen av dagen er eg på jobb, også køyrer vi direkte på middagsbesøk hos venner som skal servere ein klassisk østerriksk rett - spanande!

fredag 18. mars 2016

Festfredag!

I dag er det fredag før to veker med ferie! I alle fall for skulebarna! Vi har tatt oss fri dagane i neste veke, så etter litt jobb i morgon har vi fri alle fire! I mange dager! I dag er det festfredag både i barnehagen og på skulen! Lillesøster skal ha pysjamasfest i barnehagen (eller mysjamas som ho seier - vi bruker jo ikkje det hos oss), de skal bake bollar og spise suppe til lunch.
Finfin flette til mysjamasparty!
Storebror skal avslutte eit 6-vekers langt leseprosjekt de har hatt på 2.trinn! Vi har registert alle sider han har lest, eller vi har lest til han i seks heile veker. I dag var det innspurt delux, og storebror las medan eg fletta lillesøster på badet - her skal alle minutter utnyttast til lesing - så flott! Klassen skal lage fruktsalat saman i dag og kose seg med film.
Dette er altså ei utvikla Elsa-flette - eg er ganske så fornøyd! :)
Med så mykje festivitasstemning i heimen kom eg på jobb med ei tru om at dette skulle bli ein roleg førferiedag, men den gong ei. Men da er det jo ekstra godt med ei pause, ikkje sant :)

torsdag 17. mars 2016

Soltorsdag!

Våren er komt og det gledast! I dag har eg gått med turtøy heile dagen! Vi tok nokre arbeidstimar etter lunch og gjekk på tur i sola. I sekken hadde eg kakao, kaffe, Kvikk Lunsj og appelsiner, så vi fikk oss ein kjempefin tur!

I ettermiddag skal eg vere med lillesøster på tur saman med ei førskulegruppe ho er med i. Så flott å bruke dagen ute, i alle fall så masse som er mogleg på ein vanleg torsdag!
Bileta er frå ein finfin søndag på Kvamskogen da vi var med på eit familiearrangement der. Vi fikk mellom anna køyre hundeslede, og det var supergøy! Eg og lillesøster tok tre runder! Her er det storebror og mannen som gjør seg klare.
Ungane fikk spraye kunst på snøen, vi fikk køyre snøskuter, ake i superfort alle fire på samme matte i akebakke og vi fikk base i 2 meter høg snø! Knallgøy!
Eg og lillesøster - klare for tredje runden!

onsdag 16. mars 2016

Påskefrukost

I dag starta dagen på ein av de beste måtane - med kosleg påskefrukost i barnehagen saman med lillesøster! Storebror var heilt på tuppa fordi han ikkje kunne vere med, men sånn er det når ein er 7 år og har forpliktelser ein ikkje kan komme utanom! Det var i alle fall ein kjempeflott start på dagen å sitte på små stolar og prate med både foreldre, ansatte og barn - masse flotte folk! De hadde pynta til påske på heile avdelinga, steikt rundstykker og lagt pålegg fint på fat. Gule dukar og påskeserviettar - så fint!
Det er strålande sol i dag, og da vi satt og åt såg eg at det eine vindauget var dekka av barnehendermerker. "Sjå på vindauget lillesøster!" Ho ser opp. "Ja, se sola som skinner i vinduskarmen". Åh, unger altså! Det var så fint, og ein smekk til meg for å fokusere på noko anna (sjølv om eg synas at små barnehender på vindauga er riktig så fint) enn det som er utelukkande positivt!

tirsdag 15. mars 2016

Norzola blåmuggost

Da eg mottok buzzadorpakken med Norzola blåmuggost var eg veldig spent. Eg har kun spist blåmuggost ein gong tidlegare, og kan ikkje seie at eg likte det så veldig. Men det var i 2001 - kanskje eg likte det betre no?
Den såg ikkje mykje skummel ut der den kom i ei stor eske kun med selskap av to kjøleelement. Da helga kom googla eg "oppskrifter med blåmuggost" for å leite etter inspirasjon til kveldsmat. For, lets face it, dette er ikkje noko ungane hadde likt. I alle fall ikkje mine. Og jo, DET veit eg #grinepånasaavlittfetaost
Inspirert av ei salatoppskrift og informasjon om at blåmuggost passar godt med frisk frukt, kjøpte eg inn ingredienser til ein eigen salat. Isberg, cherrytomater, salatkylling, mango, peanøtter og blåmuggost.
Det gjekk seg til. Etterkvart likte eg smaken, eg trur eg fint kunne ha blitt vandt med den og likt den. Osten smakte ikkje så masse, men nok nok nok! Absolutt nok! God var den saman med både peanøtter, kylling og mango. Kanskje mest med kylling, så her er mulighetene mange. Til og med mannen "likte" det, og han er over gjennomsnittleg kritisk til mjølkeprodukter. Det var litt som med smakfull vin, det gjekk betre etterkvart.

mandag 14. mars 2016

Mozart! Eldgar!


Mozart altså! Eldgar altså! Konsertopplevinga i Johanneskirken i går kveld var enorm! Majestetisk, guddommleg, stort, sterkt, overveldande, perfekt! Vi ser så masse - både teater, dans, performance, visuell kunst, arkitektur og konsertar - i søken på den totale opplevinga. Den opplevinga der alt stemmer, der kunsten treffer deg så rett inn at du kan banne på at du blir forandra på cellenivå. Det er langt mellom augeblikkene som forandrar deg. Eg ser masse bra og halvbra og "ok, eg ser kva du gjorde der" mellom kvar gong eg blir truffet. Det har nokon gongar gått år.
Men i går. Gong på gong. Igjen og igjen. Med gåsehud som aldri tok slutt. Musikk som strauma inn i kvar ei pore i huda. Total perfeksjon. Lyd. Lys. Menneska. Musikken. Eg merka at eg slutta å puste, eg måtte hente tilbake det som vanlegvis går automatisk - så stort var det. Eg kunne sett og høyrt denne konserten igjen og igjen. I natt har eg ikkje sove. Det var vanskelig å komme heim rundt midnatt også leggje seg etter denne opplevinga. Så i dag er eg trøytt - men det var ÅH SÅ VERDT DET!

I dag er det rask middag og rett ut igjen, for ungane skal bytte inn bra oppførsel-arbeid og vi skal på badeland heile gjengen. Det blir fint! :)

søndag 13. mars 2016

Bursdag og opera

I dag har lar vi fint vær vere fint vær, og reiser på bursdagsfest til eit lite søskenbarn som blir ei heil hand gammal i dag! Hipp hurra!!

I kveld skal eg på opera med ei venninne og sjå "Eldgar: The music makers / Mozart: Requiem" i Johanneskirken. Åh, kor eg gler meg til det! På facebook skriver de Lysdesigner Jens Lange og kunstnerisk leder Anne Randine Øverby forbereder en helt ny forestilling ut fra tidligere års erfaring med iscenesettelse av store vokalsymfoniske verk - på kirkens og musikkens premisser!
Utsikt mot Ulriken frå Engen
Synd at konserten begynner kl.21 - det er lenge å glede seg det! :) Godt vi har kjekke planar i mellomtida!

lørdag 12. mars 2016

Julekalender på halv pris



Vi er jo ikkje eldre enn at vi synas det er stor stas når julekalendere kjem på halv pris! Det bør de eigentlig vere halvvegs i desember (kanskje de er det?), men vi seier ikkje nei takk når vi ser de for ein litt meir ok pris i januar.

Det var stas for alle fire, og vi fordelte datoane mellom oss. Storebror ville opne julafta, og lillesøster 22.desember. Så tok vi det derifrå.

Faktisk brukte vi halvanna månad på å tømme kalenderen. Vi opna fire luker om gongen, etter ein av helgemiddagane våre - som dessert. Da ungane til det kjedsommelige såg på kalenderen og spurte om det var helg snart, la vi den etter to veker inn i eit skap. Der vart den gløymt, og slik vart heile julekalenderperioden utvida.

Det er gøy å opne kalenderluker i februar - det er ikkje forbeholdt desember! Og smarties? NAM!

fredag 11. mars 2016

Fredag!

Dette har vore ei maratonveke med masse gøye opplevelser! Likefullt er vi glade for at det er fredag og snart helg. Vi har spanande planar for helga også, men det er jo noko med å ha heile dagen fri!
Sidan det er fredag (og faktisk lønningsfredag om ein trenger ein unnskyldning for å ta seg ein øl) leggjer eg ved bileter frå handverksbryggeriet 7fjell.
Ein av kollegaene mine fylte rundt år og i gåve (til både han og oss, haha) var vi på bryggeriet til 7fjell og lærte om ølmaking og ikkje minst - smakte!
I tillegg til desse 3 smakte vi på den nye typen "Møllaren" som var så frisk og god at eg framleis får sol i augene når eg tenkjer på den! Det som er ekstra artig med 7fjell er at de brukar bergenske uttrykk på øltypane sine. Kjuagutt, Gamlehaugen, Småtøs, Tippetue og Ulriken. Og altså min favoritt, Møllaren, som er frå det mest hippe området i Bergen for tida, Møllenpris.
Det er så gøy med desse mindre bryggeriene som har så kort veg frå ide til prøving. I fjor smakte eg på 3-4 av Lysefjorden sine typar som eg synas kan samanliknast med ein del av utvalget til 7fjell. Det er fint at vi kan kjøpe desse i vanlege butikkar, det er så mykje meir spanande enn hansa!

Målet til 7fjell er faktisk å bli større enn Kinn Bryggeri - eit anna handverksbryggeri eg heiar på. Av desse to må eg jo velge Kinn, sjølvsagt må eg det. :)

God fredag!

torsdag 10. mars 2016

Gule tenner

"Mamma? Du har skikkelig gule tenner. Det kan jeg se."
"Hæ? Hvilke tenner da?"
"Den, den og den. Eg ser i alle fall tre. De er heilt gule!"
"Nei, no trur eg du tuller, eg har ganske kvite tenner eg!"
"Nei. De er gule."
"Tannlegen min seier at eg har fine og kvite tenner..."
"Da ser ikke tannlegen din så godt."
Kanskje eg må begynne å smile med munnen igjen? Som Elsa?
Takk for den... :)

onsdag 9. mars 2016

Kinogåve!


Lillesøster gav ein av de beste vennane sine kinodate i bursdagsgåve før jul, og i dag er endelig dagen for å gjennomføre gåva!

Så etter middag reiser vi tre jentene på Zootropolis, med snop og popcorn og berre stas!

Dette har de snakka om sidan bursdagen var! Da eg gav beskjed i barnehagen om at vi skulle ha med ein venn heim seinare i dag, sa de at det var noko alle viste - for dette hadde de snakka om i vekesvis!

Det er ekstra kjekt med slike gåver. Storebror fikk kinotur i julegåve av ein venn også, og det er jo rett og slett så mykje kjekkare enn nokk ein ting! Minner er fint! Det krever litt meir av foreldra sjølvsagt, men igjen - det er så kjekt å henge med desse ungane! Og kino er alltid gøy!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...