torsdag 28. februar 2013

Rufsetufs

I dag vokna også dette rufsehovudet opp med feber. Da er tre nede for telling - og ein (underteiknande) må holde fortet oppe og hjulene i gang. Min form blir heldigvis ikkje verre, så da er det håp i hengande snøre. Mest synd er det på mannen min som er sjuk sjølv og heime med to sjuke barn. Da eg gjekk på jobb i dag tidleg låg alle tre i sofaen med tepper og kalde kluter på panna og var klare for å sove litt (enda klokka kun var litt over 07.30). Sjølv om eg veit at de blir tatt godt vare på av mannen stikker det alltid litt i hjarte å forlate huset når de er så sjuke. Huff:(

onsdag 27. februar 2013

Yoga

Etter at eg var uheldig på fjellet i desember har eg gått til fysioterapaut for å løsne opp rygg og nakke. I tillegg til behandlingane der har eg fått eit treningsopplegg som eg gjør heime. Det inspirerer også andre i familien å ta nokre øvelser:)
Også med den flotte kveldssola ute - og Lille Jack (ny barneTVfavoritt!) på TV.

Sprekingen her er heime i dag med vond hoste saman med mannen som har influensa. Vi hangler meir eller mindre alle saman, får tru det går raskt over!

I går fikk eg raska litt i blomsterbedene. Ei heil trillebår vart full med rusk og rask - og eg såg at vi hadde fleire irrgrønne spirer som no har fått litt meir luft. Velkommen vår!

tirsdag 26. februar 2013

Første fjelltur i 2013

Hadde vi faktisk i tidleg i januar! Vi tok med oss våre svenske venner på ein barnevennleg tur opp på eit lokalt "fjell" - eller topp som vi ville ha kalla det - vi med voksne bein. I Sverige er det hvist kun de mest interesserte som tar med seg unger på fjellet, det er rart for oss innbarka nordmenn å tenkje på!
I alle fall når sola steiker frå skyfri himmel og ein har utsikt over store deler av Bergen kommune og nabokommunane i vest når vi har nådd toppen! Dette er fantastisk! No er det vinterferie for mange - ikkje for oss - men i ettermiddag lurer eg på om vi må ta ein tur ut den lille timen mellom middag og Fantorangen for å grave vekk litt haust og vinter slik at våren kan komme fram i blomsterbedene. Eg har nokre godt voksne kollegaer som seier at dette er tida for det!

mandag 25. februar 2013

Skappelgenser - sort of...

Som eit litt meir "skikkelig" restegarnprosjekt begynte eg på Skappelgenseren i str.2/3 år. Med feil garn og feil pinnar - men ved godt mot. Problemet som alltid kjem når eg strikkar med restegarn kom - for lite garn! Og umogleg å kjøpe meir sidan eg ikkje hugsar kvar eg har kjøpt og når det vart kjøpt, og "magebandet" er vekke for lengst. Sidan dette var feil garn og feil pinnar vart delen som skal vere rundt kroppen for trang og tanken kort. Medan eg framleis jobba med dette tenkte eg at eg kunne gje vekk gensaren i 1-årsgåve til nokon.
Men da eg skulle begynne på armane og hadde under eit halvt nøste igjen falt interessen for heile plagget - dette vart jo berre teit! Så da vart det to korte armar. Med andre ord ei STRIKKA T-SKJORTE! Vi har ledd masse av den; gensaren ser heilt teit ut i seg sjølv - ikkje fult så teit på lillesøster (som eit pølseskinn). Ho brukte den ein slapp ettermiddag, også la eg den i "gje-til-gjennvinningsboksen".

To nøster med fint og sikkert dyrt og i alle fall deilig og mjukt garn er brukt; tross alt.

fredag 22. februar 2013

Restegarnprosjekt


Eg har ei stor skuffe FULL av garn. Masse bra garn, babyull, nøstebarna (ubehandla) ull, tovegarn - men også billig kløgarn frå SparKjøp. Med knapt nok eit nøste i kvar farge og type er det ikkje mykje eg kan bruke det til, og derfor har det også blitt liggande. No som lillesøster har slutta med bleie og vi har solgt stellebordet (kjøpt brukt i 2008 for kr.300,- og solgt brukt igjen i 2013 for kr.300,- Brukt er bra!) ommøbelerte vi soverommet vårt og da synes eg at det var litt råflott med ein heil skuffe med garn. (Når skuffa heller kunne inneholde andre "viktige" ting. Som klistermerker. Og bursdagskort.) Da vart restegarnprosjektet starta! Også kjent som julegåvestrikking 2013, derfor kan eg ikkje skrive så veldig mykje meir om det her :D Eg har strikka fire eksemplarer av julegåver, som alle vart så pass halvstygge at det kan hende at mine eigne ungar får det i staden. Eg får sjå om eg kan klare å kamuflere uheldige restgarnfargeval så pass at eg kan gje det vekk til andre.

I helga skal storebror og pappaen på kino for første gong og sjå "Karsten og Petra". På laurdagskvelden skal mannen i festleg lag medan eg har invitert to venninner til ost og vin heime i sofakroken. Ei kjekk helg!

mandag 18. februar 2013

Hello Kitty-hue

Hello? Is there anybody out there?
I helga var vi på barselbesøk og fikk treffe ei lita jente med lyseblå auger og svart hår. Underteiknande fikk (litt) lyst på baby igjen, storebror ville holde og lillesøster ville kose. Babyen sovna i armane mine og var berre heilt skjønn!
Saman med obligatoriske bokgåver fikk ho ei Hello Kitty-hue som eg til no har strikka ein heil haug av. Oppskrifta eg bruker har eg funne her: http://smoochiemonsters.blogspot.no/2010/05/oppskrift-pa-hello-kitty-luen-min.html Jenta hadde på seg Hello Kitty-sokkar når vi kom, så denne gjekk rett heim:) Ellers har eg strikka barselgåve til ein gut i helga - men han er ikkje venta før i juli - så det blir ei stund før bilete av det kjem hit. I know you are reading this Martina:)

Ha ein flott måndag!

fredag 15. februar 2013

God helg godtfolk!

"Speil"reflekskamera

Det er godt med veker der ein har tid til å ta igjen arbeidsoppgåver som har blitt vekkprioritert tidlegare. Dette har vore ei slik veke. Med mindre noko kjem inn frå sidelinja er eg godt i gang med å komme asjur. Deilig!

I helga skal vi feire at det er fem år sidan ei flott jente vart fødd, og feire at ei ny jente har komt til verda. Bursdagsfest på laurdag og barselbesøk på søndag. Sotra og Fana. Sus og dus.

Ha ei flott helg du også!

onsdag 13. februar 2013

Voksen

Etter at mannen fylte 32 år sist veke har vi snakka litt om det å vere voksen. Kva gjør ein voksen til ein voksen? Er vi voksne når vi kan stemme? Er vi voksne når vi er fylt 32? 30? 25? 45? Eller er vi voksne når vi sjølv meiner at vi er det? Etter samtaler på jobb kom vi fram til følgjande definisjon:

Alder + ansvar = voksen

Med denne i grunn er ein ikkje voksen sjølv om ein har fått barn, sjølv om ein har levd eit vist antal år, sjølv om ein har jobb, sjølv om ein kan køyre bil eller kjøpe vin. Det er SUMMEN av alle desse tingene som avgjør om du er voksen/kor voksen du er.

Som ved alle andre definisjoner er også denne verdt eit kritisk blikk. Er det så viktig å bli sett på som voksen? Og på den andre sida; kvifor er mange så redde for å bli voksen?
Ein ting er i alle fall sikkert - eg følte meg voksen i går - oh yeah! Levere unger i barnehage, jobbe litt, køyre på verkstad med bilen, vente (og lese mange Se og Hør), jobbe litt meir, køyre til fysioterapaut med bilkræsj/kontornakken min, lage middag, spise middag, vaske klær, lese bok med lillesøster, slokne på sofaen under Fantorangen, spise ei skive, ein time intervalltrening på sats, dusje, lage nisteboksar for neste dag, sjå TV, i seng. Mest var det verkstaden og fysioterapien som velta "voksen-lasset", alt det andre gjør eg meir eller mindre kvar dag uansett (utanom intervalltrening da, la meg ikkje leggje på). Fiks bilen verkstad! Fiks meg fysioterapaut!

I dag har eg vore på verkstad IGJEN og fått nytt batteri. Eg har inegn planar om å bruke meir avspaseringstimar sittande med nasa i eit gammalt sladreblad. Fysioterapien fortsetter ei stund til - når det blir ei vane går eg sikkert tilbake til eigen kjensle av voksenheit - eg er UNG voksen. Framleis berre 31 år må vite!

mandag 11. februar 2013

2-års trass

Det er ikkje lett å vere berre to og eit halvt år og vere så sint og frustrert og oppgitt som berre ein på to og eit halvt år kan vere.

Ligge i sofaen å brøle som eit villdyr, og nåde den som nærmar seg for å prøve å roe litt ned og kanskje trøste. "NEEEEEEEIIIIIIIIIIIII!!!!!!!"

Ho har kort lunte (frå meg) og er langsint (frå mannen). Korleis skal dette gå?

Heldigvis er ho verdens vakraste, snillaste og godaste når ho er enig. Akkurat som mammaen;)

...av og til ser eg på storebror og tenkjer "ok, så vi har eitt oppdratt barn. Kanskje vi rett og slett berre skal seie oss fornøyde med det?"


fredag 8. februar 2013

Framleis snø og vinter

Monsterrumpe og snø som eit nytt lerret på verandaen.
Sol!!!:D
Midd-drap i 10 minus.
Og ein stor gut som er så heldig at han har akebakke på eigendommen.

God helg!

tirsdag 5. februar 2013

Historien om Pi

 Både eg og mannen min elskar boka Historien om Pi som også er filmatisert og gjekk på kino i desember.
 Vi har ikkje sett den enda - men fikk litt Pi-kjensle da lillesøster lot bamsen ta seg ein båttur på "havet" i går.
 Bamsen er ny og kom inn i livet vårt på laurdag etter at storebror fikk den i goodiebag frå ein bursdagsfest. Bamsen vart umiddelbart adoptert av lillesøster; og har vore ein stor krangleprovosør i ettertid.
Her tar lillesøster den ein tur på do. Den blir også "dusja", får mat, søv, båtturar, campingturar og you name it. Den mest bortskjemte bamsen vi har! Og i mitt stille sinn døypt "Pi".

lørdag 2. februar 2013

Tulipaner og store nyhende!

Eg er så heldig at eg har ein jobb der eg innimellom får blomar for det eg gjør. Og på torsdag var eg så ekstremt heldig at eg fikk jobben fast - berre min så lenge eg vil ha den! Eg har vore vikar i eit år, sagt opp gammal jobb med håp om at denne jobben skulle bli min.

Det er FANTASTISK å vite at eg også framover skal få glede meg til kvar dag eg skal på jobb (denne jobben har eg draumt om i ti år!), eg skal få jobbe med verdens beste kollegaer og kvar månad få lønn for 100% jobb inn på kontoen. Det betyr at vi kan planleggje framover! Det er så deilig! Eg har hatt fast jobb tidlegare, i fem år, men den var kun 42%. Snart er eg 32 år, og da er det godt å begynne å hauste frå mange år med utdanning, dårlege jobbar og erfaringar.

Draumejobben er MIN!!!!!!! Gjett om eg skal bevise at eg forjener den!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...