onsdag 31. juli 2013

Oppussing av lite bad

Da vi kjøpte huset vårt i 2009 var det med ordene "badet skal pussast opp og taket skal bli mala!" Tre og eit halvt år etterpå er det mørke taket i stua blitt ein vane, medan badet har blitt meir og meir slitt og vi har irritert oss grønne over luten plass. Samtidig har vi også likt å ha to vaskar - vi bruker begge to samtidig fleire gongar kvar dag.
Dagen før badet skulle bli rive laga mannen "Pappas frisørsalong og snop" og raka både seg og storebror. Badet på rundt 5 m2 var delt i to med ei skyvedør på midten. Frå gangen kom du inn på do og liten vask, før du gjekk opp på varmekablane der ein stor vask og ein stor dusj var. Her var det også ei skyvedør inn til soverommet vårt - men der har vi hengt opp knaggar, så den døra har vi ikkje brukt på eit år.
I fjord sommar mala eg dorommet knall rosa sidan vi alt da begynte å skjekke ut prisar på oppussing.Frå før var det i ein lys cremefarge. Eg må seie at eg elska dette lille rosa rommet! Gøyt å måle eit rom i knæsj farge!
Slik vart rommet da det var strippa for veggar og golv. Her er vi rett på treverket både oppe og nede. No var badet på sitt største! Døra inn til soverommet vårt vart bygd igjen på begge sider. Her har også rørleggarane vore og satt opp rør. Vi fikk samtidig nye rør-i-rør-system i huset og fikk nytt blandebatteri på kjøkkenet. Dusjen var før på venstre side, no ville vi ha den på høgre side (der sluken alt var).
Veggflisen er på plass! Flinke Stefan rydda så fint opp etter seg kvar einaste dag! Vi hadde eit lånetoalett som fungerte som vanleg toalett (de skifta ikkje ut avløpsrør sidan de er så godt som evigvarande) som Stefan monterte og demonterte kvar einaste dag.
To dagar var vi utan do på ettermiddagen. Ikkje ideelt, men alt går.
NYTT BAD og start på sommarferie kom samme dag! Eg og mannen feira med sprudlings i glasset og lot vere å tenkje på den dårlege jobben som elektrikkaren hadde gjort (de skal komme tilbake denne veka og gjøre jobben på nytt).
Servant, speilskap og skuffer frå Linn Bad - utruleg flott! Rullesteinar i dusjen og dusjdører 90x90 som vi slår inn. Akkurat det er nesten eit must når badet er så lite.
Eg elsker lampa i taket!
Vegghengt toalett med glsshyller oppover veggen. Vi har plass til den meste her inne, men har også ein kommode i gangen rett utanfor badet med nokon ting i.

Dette er utan tvil det mest eksklusive rommet i heile huset! Og det første rommet vi har fått laga heilt etter eige ønske! Vi ELSKER det nye badet vårt - no kan vi til og med kle av oss der inne utan å dunke borti ein dørkarm eller ein vask!

LOVE, LOVE, LOVE IT!

Home sweet home

..eller er det verkleg slik? Når vi kjem frå tre veker med meir eller mindre strålande sommarvær - varme, tid og lite styring - er det ikkje like kjekt å komme heim til regnfulle og kalde Bergen og eit og eit halvt mål med hage som ser ut som jungel light. Tre fulle bag'ar med skitne klær i tillegg til fire ganger to sengesett (sidan vi jo skifta før vi reiste, og de vi har brukt på ymse hytter i sommar er godt brukte!), noko som betyr at vaskemaskina må gå for fulle mugger i tre dager (for å ikkje gløyme brettinga i etterkant). Joda, det er flott med oppvaskmaskin og toalett (og nytt flott bad!), men det var ein liten nedtur likevel. Ungane er slitne og lettare følsomme. Eg og mannen er slitne med litt kort lunte. Det er ikkje ein god kombinasjon.
For å gjøre dagen betre inviterte vi venner på besøk etter endt arbeidsdag slik at vi fikk ein mjukare overgang, og de ikkje trengte å lage middag i dag likevel.

Med helga har vi fire dagar igjen før vi begynner på jobb på måndag. Vi skal safte (ikkje så mykje som vi hadde trudd sidan fuglane hadde spist masse av ripsen vår), i morgon skal eg og manne feire (litt) bryllupsdag og vi skal få sjå botnen av skitnetøyskorga (eller golvet på vaskerommet for å vere nøyaktig). I morgon skal eg på trening igjen etter tre veker med ferie og is - det grugledar eg meg til. Vi hadde også eit lite ønske om å sykle på tur alle saman, men været seier regn fram til neste vår, så vi får heller sjå ein film. Like sundt det.

Eg håper DIN overgang frå ferie til kvardag var meir smertefri enn vår! :)

tirsdag 30. juli 2013

Ulriken på eigne bein

Lillesøster i fin driv oppover mot Bergens høgaste fjell ein sommardag for nokre veker sidan.
Storebror gjekk så fort at eg følte at eg fikk gå litt skikkelig - ikkje berre lunte etter slik det ofte er. Vegen opp mot toppen er variert og spanande (no er det mange vegar mot toppen, vi gjekk den som 7-fjellsturen bruker).
Stoppe og kjenne på iskaldt og friskt fjellvatn er ein fin del av de fleste turar vi går. Eg skulle ønskje vi kunne drikke av det også, men eg er så usikker at eg ikkje tørr. Lunka vatn på flaske er like godt! (NEI!)
Ulriksbanen og utsikt over byen - Minde, Fantoft, Nesttun.
Store Lungårdsvann (som eg sprang rundt under I Form-løpet), Bergenhus og byfjorden. Underteiknande og storebror. Vi er kjempestolte av begge ungane som er så flotte turkamerater! Velfortjent is i sola på toppen før  vi tok bana ned igjen. Vegen ned frå Ulriken er tøff; eg er glad vi ikkje skulle gå ned igjen med ungane de bratte partiene!

Fersk laks på "kroken"

Like før eg begynte på sommarferie fikk ein kollega av meg ein telefon av typen "vi har masse laks og køyrer forbi kontoret ditt om fem minutter. Ta med kollegaene dine og kom!" Eg fikk fem heile laksar; store og flotte og heilt ferske! "Åj, har du verkelig fiska alt dette? Så flott!" Mannen smilte litt rart og sa "god middag".
Ettermiddagen gjekk med til sløying - ungane og mann vart imponerte over frua sitt håndlag med heil laks og kniv. Er jo frå ein kystby må vite... :)

No viste det seg jo at denne stakkars laksen VAR sjølvfiska, men ikkje heilt lovleg. Eller lovleg for så vidt. De stod vel ikkje å fiska oppi oppdrettsnetta akkurat. Stakkars fisk. Først fange. Så FRI!!! Så død. Den smakte fantastisk da! Og vi spiser den med andakt.

mandag 29. juli 2013

Barselgåve til amerika

Vi har gode venner i US of A som i juli fikk ein flott liten gut! Sokkane strikka eg i januar etter ønske frå foreldra (og meg sjølv:)) Eg har strikka mengder av slike sokker, også til storesøster til den nyfødde amerikaneren; og det var de einaste sokkane ho ikkje klarte å sparke av seg! :) De er strikka i babyull og er gode og varme på foten; så mottakaren har berre brukt de på bilete så langt sidan det er sommar og sol i junaiten; akkurat som her:)
Heimelaga kort med eit fint sitat fritt oversatt av me, myself and I. I tillegg til heimestrikk bestilte eg gåver på amazon, noko som fungerte knallbra (og for eit utvalg av gåver de har!!).
Ein sommar reiser vi til USA for å besøke de vi er glade i der borte - det er i alle fall sikkert!

søndag 28. juli 2013

Iste

1. Kok opp vatn.
Iste - nam! Eg leitar alltid etter den perfekte isteen til sommarvarmen. (eg foretrekker eigentlig vatn, så kvifor leitar eg etter god iste?)
Denne isteen er årets; med smak av eple. Fancy, og ganske så god. Til og med storebror likte denne.
2. Hell i ønska mengde te. La det trekke i ti minutter.
Det føles som ein heildagsjobb å lage eigen iste. Det tar LANG tid å avkjøle ein liter kokande vatn.
3. Hell i karaffel og vent i minst ti timar før det er blitt kaldt. Drikk vatn medan du venter.
Denne vannkaffelen frå Eva Solo har vi hatt i åresvis - og den held alt kaldt. Den tar også ein evighet på å gjøre innholdet kaldt; trekket held liksom på varmen også. Eg zippar opp og ned, men treigt går det.
Så der var det. Oppskrift på iste. Eg bruker ingen sukker i. Også veit eg ikkje kor stor mengde karbohydrater det er i isteen; noko som førte til at svigerinna mi (på lowcarb-diett) ikkje såg seg råd til å smake. Men eg liker den - også liker eg den nye blåblomstrete duken vår :)

lørdag 27. juli 2013

Utsikt mot vest

Ei korg med jordbær og vestlandsk sjølandskap.
Søsken som klarer å sitte ved sidan av kvarandre i rundt fem sekunder - akkurat lenge nok til at mor klarer å ta eit bilete før hyl og "DU SITTER FOR NÆR MEG! MAMMAAAAA!"

fredag 26. juli 2013

Wasabipeanøtter

De såg ut som små egg. Og vanlegvis er peanøtter innepakka i knas noko av det beste eg veit når eg er sugen på noko salt. Kjøp og smak. Men fy og fy for noko makkverk! Verken eg eller mannen likte de. Vi likte de faktisk så lite at begge sprang utpå kjøkkenet for å spytte de ut og skylle munnen med mjølk for å få vekk smaken. Eg tok de med på jobb og overtalte alle til å smake. Alle spytta ut utanom ei som sa at det smakte ok, men nei, takk - ho ville ikkje ha fleire.
Til slutt var det ein kamerat og hans fem år gamle datter som knaska det i seg. Eg har aldri før leita så lenge etter nokon som lika noko. Styr unna - er det ikkje det ein seier?

torsdag 25. juli 2013

På veg heim

I desse dager er ferien vår over, og vi vender nasa mot vest. Ferie er deilig og naudsynt og fantastisk! Samtidig blir det godt å komme heim. Der står ripsbuskene fulle i raude bær som de neste dagane skal bli sylta og safta etter alle kunstens reglar. Er det fint vær kan ungane telte i hagen medan vi plukker. Dette biletet er frå juni da de telta inni ein jungel med masse løver. Heldigvis klarte de å jage løvene bort til hekken og skremme de over på andre sida.

Bøttegrill

Vi er ikkje fanatiske, men vi liker å vere miljøbeviste. Vi har brukt tøybleier, vi skrur av lysene i rommene vi ikkje er i og vi unngår å kaste mat. Vi må ta vare på ressursane vi har! Når vi har feriert tidlegare har vi brukt eingongsgrillar, og det skjærer meg i hjartet når det einaste vi bruker den til er nokre pølser og litt mais før vi kaster ganske så masse crap. Vi har lenge hatt lyst på ein bøttegrill eller noko liknande som er flott å ha med på tur. I juni  var eg så heldig at eg kom over ein nyopna butikk som hadde bøttegriller til kr.49,- i opningstilbod (ved nærmare ettertanke burde eg ha kjøpt fire!). Sjå kor fin den er! Ungane har alt grilla mykje på den. Laks, gulerot, apelsin og stjernefrukt. Skulle tru de var inspirerte av Kiwi sin sommarkampanje. Oh yes - good food!

onsdag 24. juli 2013

Peanøttkjeks

Vi skulle bake noko å ha med til venner. Eg hadde ei oppskrift liggande frå leeeengeee sidan som eg da smelte ihop -

250 g peanøttsmør
250 g sukker
1 egg

Miks og steik på 225 grader i 10 minutter. Avkjøl.

Med så få ingredienser var eg ikkje heilt sikker på om dette var noko å ta med. Derfor smakte eg litt. Og det viste seg at dette var ikkje noko eg kunne pakke med meg og dele med andre enn den eg er gift med. Dette var for godt til å kunne delast. Rett og slett. Kalorimengde utav kontroll, men det er verdt alle joggeturane det tar å kvitte seg med det igjen - anbefalast på det STERKASTE!

Kva tok eg med på vennemiddag? Frosne kanelboller. Fungerte greit.

tirsdag 23. juli 2013

In case of emerganzy ---

Skulle det vise seg at det skulle regne kvar einaste dag heile ferien vår har vi pakka med oss førstehjelpsutstyr. Førstehjelpsutstyr for ei mamma som er alergisk mot sutring og knuffing og sure unger. Denne dyrejatzy'en kjøpte vi i Købehavn i november i fjord med tanke på romjula. Romjula kom og gjekk utan så altfor mykje av kjedsomhet, så enda er yatzy' en ubrukt. Kanskje er vi så heldig at den er ubrukt etter sommarferien også :) Den er i alle fall superkul, og det kan vere at eg og mannen får ta eit slag når ungan er i seng!
Handy Manny domino fann eg på Toys R' Us for den nette sum av kr.20,- (på tilbud). Brikkene er laga i tre, så denne vil nok vare ei stund. Vi hadde desse med på båtturen til Florø. Ikkje berre kan vi spele domino med de (viste du foresten at eg var på 60. plass av 450 i NM i domino på 90-tallet?), vi kan også bygge med de. Noko som jo er like kult.
Også på Toys R'Us fann eg dette basketsettet til innendørsbruk. Med sugepropper bakpå kan vi henge den på hyttevindauget og ha basketballturnering. Eg VEIT at eg kjem til å komme i topp fire!
Pakket og klar. La sutringa og regnværet begynne! (helst ikkje da)

mandag 22. juli 2013

Loppefunn

På eit pinnelite loppemarked i vår fikk vi med oss fire ting heim. Og ja - eg har berre fotografert MIN TING!!

: D

Solobrett frå det glade 70-tal? Kva veit eg, men skikkelig stilig var det! Yndlingsglass frå IKEA og vatn frå springen (ikkje Voss).
Mannen fann seg ein 0.6 l. glass som han likar å drikke vatn av (true story). Lillesøster fann seg ein vannmølleleike, og storebror eit par stavar til skiene han fikk i vinter. Alt dette til den nette sum av kr.60,-.

Ikkje verst.

fredag 19. juli 2013

Ein god ide! I teorien.

Sjokoladehjerte under middagsfatet for ein herleg overraskelse etter varm mat.
Kjekt å leggje ut og føle seg som ein god mamma/kone. Ikkje fult så kjekt når eg etter måltidet seier

"Sjå under fatene - der ligger det ein overraskelse!"

"Hæ? Bæsj?"

torsdag 18. juli 2013

Unødvendige innkjøp - part 52

Av og til er eg litt for rask på labben. Andre gonger har eg litt for lite å gjøre. Resultater KAN vere unødvendige innkjøp. Som Boiled Egg Mould. Det er ikkje dyrt. Og det er ganske så kult å få ting sendt med kinesiske teikn på konvolutten. Men det er ikkje dermed sagt at det er naudsynt, gøy eller praktisk.

Vi har jo desse formane liggande. Og der ligger de godt.

onsdag 17. juli 2013

Mariusdukketeppe

Eg har ei svigerinne som er fantastisk flink å strikke! Ho strikka Marius-gensar til meg i haust, og av restegarnet ønska eg lillesøster seg eit dukketeppe i Mariusmønster. Er det ikkje flott?
Dukka har eg strikka i 2.klasse. Eigentlig bra til ein 8-åring å vere, men eg ligger nesten på samme nivå framleis. Da er det godt at storebror vel å gifte seg med ei flott dame med strikkeeigenskaper!

tirsdag 16. juli 2013

Bananisdinosaurer

Mosa bananer iblanda biola er ganske så enkelt vår yndlinssommarisoppskrift! (ELSKER lange ord!)
Vi har 8 isformer, men det er ikkje alltid så lett å berekne akkurat nok. Det blir ofte litt til overs som eg i heller oppi denne silikonforma eg kjøpte på Staples ein av de (mange) gongane eg var på verkstad med bilen vår tidleg i vår. Formen er mest til sjokolade, men den kan frysast.
Silikonformer er fantstisk - så lett å få ut! Mange kule dinosauruser - storebror kan navnet på de. Eg kan kun Tyranosaurus Rex. Også Lillefot (men det er vel strengt tatt ikkje artsnavnet er det vel?).

mandag 15. juli 2013

Talltrening

Heilt subjektivt sjølvsagt - storebror er eit lite mattegeni.
Storebror er ein kløppar med tall! Han imponerer oss stadig med evnen til å rekne fram og tilbake, opp og ned, konkret og abstrakt. Han tel innimellom på fingrane, og hugsar "skal vi sjå, sju der også elve til også tar vi vekk tre...15!" Han synes det er like kjekt som oss, og derfor var det midt i blinken da han fikk ei mattebok i gåve av tante og onkel. Med klistermerker og skriveoppgåver jobba han seg igjennom den på få dagar.
Den siste sida var ein utfordring; likning med ein ukjent.

X + 6 = 9

Likning er vel ikkje heilt 1.klasse-pensum heller (og det er jo eit år til storebror begynner der); så vi har god tid til å jobbe inn den tankegangen. Likning var det gøyaste eg kunne gjøre i mattetimane på vidaregåande,k eg er sikker på at også storebror kjem til å like å jobbe med ukjente tal!

fredag 12. juli 2013

Dåpsgåve

I vår var vi i dåpen til søskenbarn nummer fem - og den første guten i familien (på begge sider) utanom storebror! Kortet laga eg sjølv med mønsterark, knappar til hjul og eit lite heimestrikka teppe laga på de tynnaste strikkepinnane eg fann.

Gåva var eit babypledd i 100% økologisk bomull, personifisert til det lille dåpsbarnet med fødselsdato, tidspunkt, vekt, lengde og sjølvsagt navn. Teppet var mjukt og deilig - perfekt for ein liten prins!

Tenk - no er han alt blitt over 6 mnd! Lille babyen som plutselig ikkje er så liten lenger!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...