fredag 12. juli 2013

Dåpsgåve

I vår var vi i dåpen til søskenbarn nummer fem - og den første guten i familien (på begge sider) utanom storebror! Kortet laga eg sjølv med mønsterark, knappar til hjul og eit lite heimestrikka teppe laga på de tynnaste strikkepinnane eg fann.

Gåva var eit babypledd i 100% økologisk bomull, personifisert til det lille dåpsbarnet med fødselsdato, tidspunkt, vekt, lengde og sjølvsagt navn. Teppet var mjukt og deilig - perfekt for ein liten prins!

Tenk - no er han alt blitt over 6 mnd! Lille babyen som plutselig ikkje er så liten lenger!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...