onsdag 31. august 2016

Kjøkkenheisen

Da eg studerte teatervitskap på universitetet i Bergen hadde eg ei liste over skodespel eg berre MÅTTE lese! Lista var i hovudet mitt og vart berre lengre og lengre ettersom eg las teaterhistorie. På denne lista stod Harold Pinter sin absurde "Kjøkkenheisen" frå 1960. Eg likte den så godt i tekstversjon - og i kveld skal eg for første gong sjå den "live" på DNS sin publikumsprøve! Det gledast!
Scenografi frå "Direktøren for det hele"
I undervisninga såg vi fleire klipp frå forskjellige oppsettingar av stykket, så eg har alt mange bileter i hovudet, noko som gjør kvelden ekstra spanande. Fallhøgden er stor da - og skodespelarane som har fått rollene er ikkje favorittane mine. Men eg HÅPER  det slår meg av stolen! I sin tid var dette stykket eit eg drøymde om å sette opp på studentteateret Immaturus. Dette eller "Seks skuespillere søker eg forfatter" av Luigi Pirandello. Håper forresten det snart blir satt opp ein stad nær meg!

tirsdag 30. august 2016

10 fine ting


1. Sjå kor glad lillesøster vart i går da ho møtte igjen ei barnehagevenninne som har begynt på ein anna skule
2. Kjenne på at strikkelysta er tilbake
3. Puste inn skikkelig god og frisk luft - heilt ned i magen


4. Ha avspasering i dag og berre nyte å vere aleine
5. Utnytte avspaseringstida til å sjå film og lese ei god bok
6. Kjenne på at eg er veldig spent på noko vi skal gjøre i ettermiddag
7. Ha mange nye uleste bøker som venter i bokhylla
8. Endelig ha fått justert setet på sykkelen min frå "mann192" til "kvinne168"
9. Nybakte brød på ein tysdag
10. Den spede staten på julegåveliste 2016

mandag 29. august 2016

Turorientering

Eigentlig burde eg ha ein ny etikett her inne som heiter"vi tester"; for det har vore mange nye ting i det siste! I går prøvde vi oss på turorientering!
Her var det ingen sti!
Vi var på middagsbesøk hos nokon venner på laurdagen og da hadde de nett kjøpt tre kart for turorientering. Det ville vi også prøve, så i går la vi i veg rett inn i skauen alle åtte. Det som såg ut som ein sti utfrå hovedstien vart fort utmark de lux og heilt nye opplevingar i eit forholdsvis kjent område.
Sjå denne skjulte perla vi snubla over på veg til post 3!
Løypa vi fulgte var ikkje den enklaste, men heller ikkje den vanskeligaste. De har ulike fargekoder for turane sine. Denne var blå. Vi fant de to første postane ganske greit, men den tredje leita vi lenge etter. Hintet var "stein". Det er mange steinar! Eg er ikkje så tolmodig; men heldigvis var det enorme mengder uplukka blåbær i skogen (det er tydlegvis ikkje så mange andre som bruker å gå der), så eg fant meg ei tue. De tre andre voksne var veldig tolmodige, og det var god stemning da de to pappaene fant posten! HURRA! Ellers var det de to yngste som var knallgode å finne postar og noko som kunne likna på sti. Lillesøster sa "Fra no av kan dokke bare kalle oss for "stifinnarane"!"
Nok eit vatn vi ikkje har vore ved. Her var det også badestrand! Vi kjem tilbake!
Etter post 4 stoppa vi og åt lunch. Da hadde vi gått i ulendt terreng i to timar. Ungane hadde støvler på, medan eg og mannen hadde gjennomvåte fjellsko. Men det var så varm at det berre var deilig - heilt sant! Særleg var det fint alle de gongane vi trakka igjennom myrer - det berre sildra opp kaldt vatn mellom varme tær - herleg! Eg lært i går at stor fjellsekk ikkje er det smartaste på orientering. Det er mykje over og under trær og busker og den henger seg fort fast. Skitten blir den også. Men på den andre sida er det mykje mat som må vere med når vi skal farte rundt i skauen i timesvis! Den vart ikkje mindre, men den vart i alle fall lettare ettersom timane gjekk.
Tursnacks, kakao i kopp og orienteringskart
Post 6 var episk. No hadde vi gått så lenge og trakka i myr og mellom rotvelte at alt var morsomt! Vi gjekk nærmast rett på den, heldigvis, også skulle vi vidare gjennom noko som på kartet såg veldig vått ut.
Det var det også, men kven skulle tru at der, midt i ingenmannsland, var det satt opp stokkar til bru? Det var ikkje sti før brua, og ikkje etter. Men bru var det. Etter eit par hundre meter kom vi gjennom ei stor busk og der var vi midt i lysløypa. Eg veit ikkje kven som var mest overraska; vanlege trugåarar som ser at 8 skitne mennesker kjem ut frå ei busk, eller oss som ikkje skjønte kvar vi plutselig var havna!
På dette tidspunktet hadde lillesøster fått nok, så eg og ho sa takk for turen og gjekk tilbake til bilen. De andre tok de siste to postane og kom heim til ferdiglaga middag og to som hadde hatt tid til å dusje og fjerne flåttar. Det blir ein del flått når du svømmer gjennom busker og kratt ein heil søndag. Men det var veldig gøy, spanande, utfordrane, annleis og ikkje minst hadde vi masse å snakke om etterpå! Noko heilt anna enn nok ein topptur (men eg trur likevel at eg likar fjellturar betre)!

søndag 28. august 2016

Sko og dørstokkmila

Etter sommaren har det vore skikkelig tungt å komme tilbake til treningsrutiner igjen. Og det er så rart. Eg veit at eg liker å jogge, så da er det uforståeleg for meg når eg kjenner at eg ikkje vil. Eg VIL jo det - vil eg ikkje?

Tidlegare har det også vore litt tungt innimellom. Men aldri så lenge som no. Sjølv om eg ikkje vil ut på joggetur har eg gjort det altså. Jajamensan.

Da har det vore kjipt at det ikkje alltid blir betre undervegs. Som den gongen lillesøster hadde omgangssjuka og eg meinte at eg ikkje var smitta, og sidan eg hadde vore inne med ho i to dagar skulle eg i alle fall komme meg ut på ein tur i frisk luft ALEINE sjølv om eg følte meg litt uvel. Det er ikkje gøy å måtte stoppe tre gonger på 5 km fordi du er sikker på at du må spy.
Yndlingsjoggesko, nye fjellsko og møkkasko.
Eller som den gongen eg tenkte at eg skulle avlaste yndlingsjoggeskoene mine som eg kjenner begynner å bli litt nedjogga under, og heller bruke de nyare skoene som eg digger i svart og rosa, men som på tidlegare turar har føltes litt trange. Etter ein kilometer begynte det å gjøre vondt. Etter 6.5 km kom eg heim og hadde så vondt i venstre storetå som eg aldri har hatt før. I dagesvis etterpå hadde eg kramper under foten sidan eg sikkert hadde krølla den saman for at tåa ikkje skulle dunke i skoen. Negla var først kvit, no er den blålilla og kjem garantert til å dette av. Den er i godt selskap med de to andre neglene som tok kvelden under Bergen fjellmaraton. 
Når du kjem heim frå joggetur og ser at det er venner på besøk
Det bruker å vere betre å jogge enn eg trur når eg tar ut. Men no i august har det sjeldan vore det. Men det er alltid godt å komme heim!
Eg har gitt vekk de trange joggeskoene og kjøpt meg eit par nye som er ein størrelse for store. Føttene hovnar opp iløpet av joggeturen - men det er eit triks eg ikkje har trengt å benytte meg av før. Utstyret må fungere! Så får heller motivasjonen komme tilbake når den er klar for det.

Snart håpar eg.

lørdag 27. august 2016

Slutten på verden slik vi kjenner den

Den tredje romanen i det som kanskje er serien om Doppler kom ti og elleve år etter de to første bøkene som vi høyrte i sommar. Vi hadde komt oss til vestlandet da vi høyrte slutten på Volvo Lastvagnar, men det var ein time igjen til vi var heime. Vi begynte på "Slutten på verden slik vi kjenner den" og kom så langt før ungane var ferdig med sin film.
De resterande fem timane høyrte eg medan eg køyrte til eller frå jobb og når eg bretta klær. Denne gongen tar Loe heilt av - slik at det som de første timane er latter blir meir pinleg stillhet og lett irritasjon. Eit behov for å sette lydboka på pause når ungane kjem innom vaskerommet, for dette vil du ikkje at de skal høyre. Slutten er derimot finfin!

Mannen høyrte sine siste timar av boka medan han malte levegg og gjerde, eller vaska hus. Han likte den betre enn meg (eg likte den eg også, men den gjekk berre for langt, det vart ubehagelig).

Volvo Lastvagnar

Dette er oppfølgaren til "Doppler", og sidan vi hadde meir tid i bil på lager etter at vi hadde kosa oss med den var det ein selvfølge at vi bevegde oss vidare til denne! Her er Doppler komt til Sverige og møter nokon artige folk. Sonen hans har utvikla ein hysterisk god holdning til faren sin og saman med elgen forsvinner han nesten ut av historia.
Igjen er det Loe sjølv som leser, og boka er full av fotnoter som fungerer perfekt med Loe sin stemme! Dette er annleis og morsomt og hoppande og fint på ein gong! At eg sovna eit par gonger medan vi høyrte på handlar kun om Loe sin monotone stemme og det faktum at det å sitte på i bil gjør meg veldig trøtt. Nok ei knallbok! Det slår meg at eg kanskje liker Loe enda betre etter denne ferien enn er har gjort før. Eg har lest nesten alt han har skrive, men har ikkje likt alt så veldig godt. No er det nesten som om eg bør lese alt på nytt, med Loe sin stemme i hovudet!

fredag 26. august 2016

Puste og snø

Det har slått meg i det siste at Puste begynner å dra på åra. I november er ho 12 år gammal! Det er utruleg at ho har vore med oss igjennom alle de fasene vi har hatt sidan vi var 23 år gamle og skaffa oss katt.
Aldri langt unna favorittmennesket sitt
Ho har begynt å sovne med anletet rett ned. Rett ned i graset. Det ser veldig rart ut. For ho henger masse rett utanfor kjøkkenet vårt. Det er så fint. Ho pratar med oss når vi opnar døra, men kjem ikkje inn. Derimot likar ho godt når vi kjem ut. Særleg lillesøster og meg. I den rekkefølgen. De to jentene våre har eit heilt spesielt band som er heilt magisk å sjå! Puste vil spise alt som lillesøster spiser. Også saftis!
Er dette mat tru?
Vi hadde to pakkar igjen med GelliSnow, som vi tok i bruk denne veka. Denne gongen tok vi det ute, for det blir ein del gris. To heile ettermiddagar med leiking før restane regna vekk natt til i går.
Snømann

torsdag 25. august 2016

Kulturell medisin

I går kveld var eg så sliten av eg gjekk til sengs kl.21. I dag er eg litt mindre sliten, men det er ikkje alt ei natt kan kurerer - så i kveld prøver eg med litterær vitamin i Lyrikksalongform. Eg skal på Litteraturhuset med ei venninne for å høyre Pedro Carmona-Alvarez snakke om livet og kunsten. Eg digger han og kjenner at dette er akkurat kva doktoren anbefaler! Også vin. Alltid vin.

onsdag 24. august 2016

Lillesøster får nok

Med to barn som skal skal samme veg om morgonen har storebror mista de to minuttene med eigentid som han har hatt i bilen saman med meg etter at vi har levert lillesøster i barnehagen. Han har ikkje reagert på det, han snakker som han pleier - lillesøster får nesten ikkje inn eit ord på veg til skulen. No blir han levert først før eg køyrer ho til ein anna del av skulen. Sidan han pratar så mykje er han ikkje ferdig når vi kjem fram og det tar litt tid å få han ut av bilen. Han må fortelle ferdig OG hugse å ta med seg sekk ut av bilen. Eg prøver å skunde han litt ved å kun svare "ha det". "ha ein fin dag", "snakkes til middag", "ha det på badet" og liknande.

I dag vart det nok for lillesøster. Ho hadde vore stille heile vegen og høyrt på storebror, men etter eit minutt eller to med bilen på tomgang og han på veg ut sa ho med høg, autoritær og klar stemme:

"HA DET! FOR SISTE GANG!"
Musikalsk og sjef!
Eg begynte og le, og da sa ho "Han seier "ha det" SÅ mange ganger!". Godt å få nokon auger utanfrå når vi har grodd fast i eit litt treigt mønster!

Ripshausting

Etter tidenes (i alle fall de siste 7 årene) dårlegste ripshaust 2015 hadde vi store forhåpningar i år! Vi kjøpte til og med gjødsel! (som skulle på i to omgonger, men da mannen knakk ankelen og eg skulle stå for omgang nummer to fant vi ikkje igjen posen, så det vart kun med den eine gongen. Posen fant vi igjen i august. Lagt på ein veldig logisk stad.)
Derfor var det Hallelujastemning da vi kom heim frå ferie og såg buskene våre tunge av rips! Dag ein heime etter ferietur vart mellom anna brukt til å plukke 20 liter rips. Av 20 liter rips fikk vi 16 flasker med saft!
Heilt nylaga - rett frå saftkoka!
Desse kjøpte vi i Sverige. Her er de fylt opp med sterk ripssaft og nokon heile rips - heimelaga is!
Vi vart faktisk tomme for flasker (det har gått litt i vin på boks i vinter, kremt), så mannen måtte på Europris og kjøpe flakser.
Da vi satte flaskene ned i kjellaren fant vi de tre flaskene vi lagde i fjor. Slik er det altså. De hadde vi samla så veldig på at vi ikkje hadde opna ei einaste ei!
Det er hyggleg å bli invitert på middagsbesøk hos venner og ha med både saft og god (arve)bok. Her måtte eg jo presisere at det var årets produkt som vart gitt vekk. Limited edition 2015 får vi drikke sjølv.

tirsdag 23. august 2016

Søndagstur på to fjell

På søndag var det varm og godt, og med ein ankel som omsider ikkje lenger er så veldig hoven ville mannen og vi andre prøve oss på ein fjelltur! For første gong på lenge!
Lillesøster fikk velge og da vart det Stoltzekleiven. No mercy opp de trappene der! OH MY LORD! Det var så varmt og klamt at svetten sila frå trinn fire. Ikkje eit vindpust heile vegen opp! Vi hadde kledd godt på oss og oppover trapene forsvant det eine klesplagget etter det andre. Eg gjekk med sekken for å avlaste ankelen til mannen, og den vart berre tyngre og tyngre! Phuu! Der kompenserte eg godt for at tempoet var noko rolegare enn om eg skulle ha gått utan barn. På toppen tok vi ein god drikke - og salte-kjeks-pause før vi gjekk innover og mot Fløyen.
Eg og storebror i fin driv.
Like ved nedgangen til Skredderdalen fant vi ein benk inne i skogen der vi stoppa for å spise lunch. Utsikta var nydleg også her - sjølv om vi ikkje hadde den topp-utsikta som Stoltzen kan by på. Tanken var å flytte lunchen litt lenger ut i turen slik at vi ikkje skulle vere så kjempesultne på slutten.
Her opplevde vi nok ein gong av myggen liker to av oss medan den heilt unngår de to andre. Flaks for meg og storebror, uflaks for mannen og lillesøster.
Vi gjekk vidare i godt over 2 km på grusveg og kom til den nye klatreparken på Fløyen! Her har vi ikkje vore før, og den er for så vidt ikkje heilt ferdig enda heller, men ÅH så gøy den var! Eventuelle slitne bein var ikkje slitne lenger når vi kom hit!

Etter ei lang leikepause her kjøpte vi is på Fløyen som vi åt med denne utsikta:
Ungane leika litt på leikeplassen før vi gjekk Tippetue ned igjen og mot Sandviken der bilen vår stod parkert. Akkurat denne vegen ned frå Fløyen har vi ikkje gått før, og her såg vi denne: Fløyenpilen!
Vi brukte heile 4.5 timer på runden og masse av tida gjekk til leik og pauser. Slik vart det i går med fint vær og ingen planar for resten av dagen. Sidan vi ikkje gjekk ned til sentrum som vi pleier var det også enklare å komme seg heim framfor å spise middag i byn som det fort blir til.
Ein fin søndagstursirkel på to fjell

mandag 22. august 2016

Første natt i telt!

Etter jobb og skule på fredag satte vi kursen mot Lone camping i utkanten av kommunen for å tørrtrene ei natt der! Alternativt kunne vi ha gjort dette i eigen hage, men det er noko med å komme seg vekk frå muligheten til å gje opp og leggje seg i eigen seng om det ikkje blir så stas med telt likevel.
Natta var valgt med omhu. Det er nokre veker sidan vi kjøpte teltet på nettet og vi ville ha ei god opplevelse, så vi måtte ha gode værutsikter! På veg til campingen var vi innom XXL og kjøpte soveposer til meg og mannen, samt eit liggeunderlag. På plass brukte vi litt tid på å knote opp teltet. Det var ikkje instruksjoner i posen, så - ja - det tok litt tid. Men opp kom det!
Da var det berre å kvile på ei stund medan vi fikk med oss de siste strålane med sol før den gjekk ned bak fjellet i 19-tida. Sjå på teltplassen vår da!
Tanken er at vi skal telte ute på fjell, men sidan dette var på campingplass med bilen like ved, hadde vi tatt med campingstolar og ymse stæsj. Flott med campingferie!
Campingplassen ligger ved eit vatn, så det var fint med ein kveldsvassing eller bad (lillsøster er ei badenymfe!). Vi har enda ikkje kjøpt noko å lage mat på, men det var ingen problem det heller sidan vi kunne koke vatn på kjøkkenet. Med oss hadde vi rett-i-koppen-produkter. Det blir litt kaldt med det samme sola forsvinner og da var det godt med noko varmt!
Kveldsmat ved vatnet
Vi hadde begge ungane i seng i 21-tida og de sovna fort! Vi rakk å lese i det svinnande lyset i ein time før det var så mørkt at det berre var å leggje seg i nye soveposar!

Iløpet av natta vart eg veldig kald, men det var kun meg. Ungane sov godt, eg og mannen sov ok - nok. På laurdags morgon var vi vokne rundt kl.8 og hadde god tid til å lese i teltet før vi stod opp og spiste frukost. Overalt på campingen var det folk som hadde vore vokne i fleire timar alt - det slepper vi unna på fjell - det blir ein del lyd av masse folk! Etter ei litt halvgod natt er det jo litt dumt å bli vekt av naboteltet som spiser frukost og pratar masse.
Storebror leser Donald og koser seg MAX!
Som du ser hadde vi også med de gode putene frå sengene våre heime. Det er også luksus som ikkje kjem til å bli prioritert når vi skal bære alt med oss opp på fjellet først!
Sola kom snart fram frå fjell og skyer og det vart kjempevarmt! Vi måtte vere ute av campingområdet kl.12. Teltet var veldig vått etter den fuktige lufta på natta så det trengte å stå i solsteiken mest mogleg før vi pakka det ned! I mellomtida gjekk vi på bakeri og handla boller som vi kunne spise til frukostdessert!

Vi var ute av campingen kl.12 og det kjennes ut som om vi hadde vore på ferie! Heilt annleis enn det vi vanlegvis bruker å gjøre på ein fredags ettermiddag! Vel heime sovna både eg og mannen, men ungane holdt det gåande! Vi har i alle fall lært korleis vi setter opp teltet, og kor tunge soveposane våre er. Vi har også lært at vi trenger noko å koke på eller ein bålplass - ellers har vi alt vi trenger for ei natt i den ekte naturen! Da var det berre å vente på neste natt-til-laurdag med bra vær!

søndag 21. august 2016

Kafemysteriet

Dag ein av ferien vår skulle måtte vi grave litt nedi bagasjerommet på den nye bilen vår. Og der fann vi 13 golfballer, ein paraply og denne boka:
Hihihi - den måtte eg jo lese! Kosleg krim stod det. "Liker du spenning, men ikke de grusomme detaljene? Dette er boken for deg!" Eg ELSKER de grusomme detaljane; men boka ville eg lese. Berre fordi den låg der!
Meir enn krim er dette ei bok for kaffielskere! Det står oppført så masse informasjon om kaffi og ein gjennomgåande forguding av drikken! Bakerst i boka står det mange oppskrifter. Det er interessant. Men historien var veldig tamt, og boka hadde eigentlig verken mord eller "glimt i øyet".
Ja takk til grusomme litterære mord!

lørdag 20. august 2016

Kongsberg


Eit siste sommarferietur 2016-innlegg! Etter ein rask tur innom Oslo på veg frå Karlstad kom vi omsider fram til gode venner i Kongsberg litt for seint på kvelden! I alle fall når det er fire unger som endelig får sjå kvarandre også rett etterpå gå og leggje seg!
Vi hadde to heile dagar i Kongsberg, og det var deilig sommarvær og varme! Vi gjorde ikkja anna enn å bade, prate, leike og spise mat. Helst ute! Her er vi på Saggrendadammen og sjekker ut fasilitetene! Herleg altså!
Vennane våre bur litt utanfor byn - så vi følte at vi var på bydeferie! Særleg var det massevis av insekter der! Fult av gresshoppere! Her har storebror fanga ein som han lot spasere rundt på arm og skulder. Akkurat da eg skulle ta bilete landa det ei flue der også - flaks!
Vi hadde sjølvsag med gåver frå det store utland. Lag-ditt-eige-snopesmykke! Megagøy! Eg angra på at eg ikkje kjøpte fleire av desse! De fant eg på ein av de store snopebutikkane vi var innom på grensa.
På kvelden satt eg og venninna mi her og drakk vin - det er balsam med timesvis med venninneprat! Vi hadde nydlege dagar i Kongsberg før vi brukte ein heil dag på å komme oss heim igjen! Da vi kom til Hardanger med sine fjorder og fjell utbraut lillesøster "Jippi! Vi er i Norge igjen!" Hihi, godt på ferie - best heime på vestlandet!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...