onsdag 31. desember 2014

Siste dagen i 2014

Eg hadde tenkt å lage ei årskavalkade med høgdepunkter frå 2014. Men det vart for vanskelig :) Vi har gjort så masse kjekt, så masse nytt og så masse spanande! Tipp topp tommel opp 2014! Takk for gode minner!

Juleøyredobbane mine i år. Kjøpt på 
Gendamermarkt

Vi avslutter året hos naboar saman med masse flotte folk, god mat og nyttårsbukkvandring i nabolaget. 

tirsdag 30. desember 2014

Julebakst og juleverkstad

For sjette året på rad hadde vi pepperkake - og kakemennbaking med ein vennefamilie tidleg i desember. De stiller med pepperkakedeigen og vi med kakemanndeigen. Saman bakar vi mange kaker på ein times tid!

Haug i kakeboksen!
Nytt av året var at vi også fikk pressa inn ein liten juleverkstad medan grauten kokte. Små nissar i tre og konglenissar vart fødd. Ikkje nok med det, så heiv vi oss i bilen og rakk ei barneteaterforestilling også. Er ikkje måte på altså! Neste år trur eg vi skal ha mindre planer :)
Resultat av juleverkstad til venstre og resultat av baking til høgre. På stettfatet ligger julekakene som eg bakte i år, Reinsdyrbæsj, marsipankaker, jasminstenger, sjakkruter - og på botnen pepperkaker og julemenn. 6 slag.

mandag 29. desember 2014

Pepperkakekyrkje

I tillegg til bidrag til Pepperkakebyen lagar vi alltid eit byggverk av pepperkaker som får samle støv til vi knuser den på nyttårsafta. I år stemte tre av fire på pepperkakekyrkje.

Akkurat idet vi hadde rigga oss til kom det ein telefon frå jobben til mannen, og da fikk vi alle plutselig dårlig tid. Kombinert med det at vi hadde litt lite deig og ingen arbeidsteikning gjorde til at årets praktverk har fått oss til å le høgt - fleire gongar!
Vi laga for første gong skikkelig melisglasur der vi piska eggekviten stiv før vi miksa inn nokre dråpar sitronsaft og ein del melis. Glasuren vart kvit og tjukk og veldig fin! (Finare enn bygget)
Og her strålar pepperkakekyrkja vår! God lufting i tårnet der kan du sjå. Vi hadde også knust drops og helt i vindauga slik at det vart "glass" der. Det var kult, men forsvant litt i pyntinga kan du seie.
Vi kjøpte julenissepepperkakeform i Berlin. Så nissen står på toppen av kyrkja og passar på. Her måtte vi ta oss ei runde med storebror som meinte at nissen ikkje hadde noko i ei kyrkje å gjøre. Men vi skal vere rause. Alle er velkomne i kyrka, ikkje sant?

søndag 28. desember 2014

Julesnacks!

Vi var ferdige med alle julegåvene da vi reiste til Berlin i desember. Likevel hadde vi med ein ekstra liten koffert til "det vi måtte finne". Og det vi fant var snacks!
Eit lite utvalg av det vi handla av snacks.
Eplechips fikk vi servert på julemarknad. Kjempegodt! Eg er allergisk mot eple, men kan spise litt av denne. Mmmm, snadder! Vi kjøpte også brente nøtter, men de åt vi opp den kvelden vi kom heim :)
Eit anna høgdepunkt var denne kjeksaktige sjokoladen, med glühwein. Gøyt med anna julesnacks! Dette kunne fort blitt ein vane! :)

lørdag 27. desember 2014

Årets bidrag til Pepperkakebyen

Tradisjonen tru bakte mann og barn noko som vi leverte inn til Pepperkakebyen i november. Storebror hadde valgt ei borg og lillesøster hadde valgt ein båt. Her må eg drepe forventninga med ein gong når det kjem til båten. Den forvitra liksom i skapelsesprosessen og vart "udefinert pepperkakeform som alle kan spise".

Voksen: Båten klarer vi ikkje å bygge saman.
Lillesøster: Buhuu
Voksen: Men da kan vi spise den i stadenfor.
Lillesøster: HURRA!


Det ligger ein del (alt) i planlegging. Mannen hadde laga former på fancy teikneprogram for at borga skulle bli likt mogleg slik storebror hadde sett den for seg.
Pyntinga er viktig! Eg er så gniten på pynten sidan alt blir kasta etterpå, og er kvart år heilt imponert over mengden snop andre brukar på pepperkakehusa sine som de leverer til Pepperkakebyen! Det er jo fint altså, men hjelpes!
Sjølv om lillesøster sin båt måtte segle sin eigen sjø var ho sjølvsagt med på pepperkakeborgbygginga!
Her er det ferdige resultatet! Med fire rom, eit i kvart hjørne. Fangehull (sjå gitteret laga av saltstenger til høgre på biletet), vaktmenn, snømann, fange, seng og sjølvsagt...
Port som ein i teorien kunne opne og lukke. HEILT teoretisk.
Bak desse støttepilarane finner du soverommet. 
Fangehull.
Ser du borga plassert i Pepperkakebyen?
Å finne igjen byggverket vårt når Pepperkakebyen har plassert ut alle byggene sine er ei utfordring! I år har de flytta til gamle Sentralbadet, så det var mykje meir plass og høgder som ein kunne gå på. Og der oppe på ei høgde fann vi den! Det var mange borger i år, så vi trudde vi hadde funnet den fleire gongar før mannen kom og kontrollsjekka. Dette huset var også flott - med Nespresso kaffekapsler som er bygd opp som eit juletre utanfor. Stilig!

Frozen :)
Sjølve Pepperkakebyen var plassert i bunnen på det gamle svømmebassenget, så da var det høve for å lage akebakke! Dette var kjempekjekt, og gjorde til at vi var der inne ganske lenge. Her hadde de også satt opp kafebord og ei scene som ungane kunne showe på.
Utanfor var det pynta kjempefint med pepperkakegrafitti! 

fredag 26. desember 2014

Legomaniac!

Storebror var tidleg ute med å klare å bygge duploklossar. I den grad han hadde ei favotittleike når han var heilt liten, så var det duplo.
Når han nærma seg 3 år fikk han lego - og sida da har lego vore favoritten! Kva ønskjer du deg? LEGO!
Til jul i år har han også sagt lego, men også andre ting. Som bøker. Når folk har spurt oss kva han ønskjer seg har ikkje vi sagt lego, men bøker og klær. Klær blir han ikkje glad for, men det trenger han alltid. Bøker blir han glad for. Ein morgon i desember stod han i senga og snakka om Prompepulver. Det var ein i klassen som lånte den på skulebiblioteket kvar gong de var der, men storebror hadde ikkje lest den enda. Han låner "Gubben og Katten" av Sven Nordqvist kvar gong! Eg sa at han kanskje fikk ei spanande bok under treet i år? Og da sa han med stjerneblikk "JAAAAHHH!"
Det skal ikkje meir enn eit halvt auge til for å sjå at han har nok lego. Desse bileta er frå VilVite sin legofestival i haust, men de kunne like gjerne vore frå guterommet heime hos oss.
No har han hatt legokalender i desember, så nye ting har komt til - og han digger det! Han leiker masse med lego, verkleg, så at det låg litt lego under treet (og gode bøker) var berre heil herleg! Heldiggris!

onsdag 24. desember 2014

God jul!

Med nokre bileter frå jul-i-vårt-hus ønskjer vi alle som er innom her ei riktig god julefeiring!
Juletreet vårt vart pynta på laurdag. Vi har plasttre, så det kan stå så lenge vi berre vil :)
Denne  har vore ein av de mest leste innlegga mine her i førjulstida. Her henger eit av de hjarta eg beholdt sjølv på juletreet vårt. Enkelt og fint!
Denne kjøpte vi på Gendamermarkt i Berlin. Josef, Maria og Jesusbarnet i ei snøkule. Supersøt!
Dette juletreet i tre kjøpte vi også med oss frå Berlin. Desse har de mange av, både i kvitt, raudt og grønt. Eg liker det skikkelig godt! Litt ny julepynt i år altså!


Under treet havna det i helga ein pakke. Til Puste frå familien din. Inni pakken ligger det ein liten boks med mat. Det er viktig at alle er hugsa på! Det flotte teppet som treet står på har svigerinna mi hekla til oss. I dag er det usynleg under gåvehaugen.

Vi skal spise julegraut, vi skal i kyrkja og vi skal lukte på gode pinnekjøttlukter frå kjøkkenet. Vi skal lese julehefter, spele spel og sjå på TV. Storebror skal lage riskremen vi skal ha til dessert, og lillesøster skal pynte bordet. Vi skal ha god tid og vi skal kose oss. Skikkelig!

GOD JUL!

tirsdag 23. desember 2014

Ønskeliste til julenissen

Storebror har skrive ønskeliste til julsenissen. "Til julenissen. Go jul." Det er ein del lego. Ein del tekniske ting. Og faktisk ein av de tinga vi alt har kjøpt til han i julegåve.

"Sant at nissen finnas mamma? Han må jo det. For eg trur ikkje du og pappa har nok pengar til å kjøpe alle gåvene vi får." Haha - eg tru nokon har gløymt at de fleste gåvene er frå andre, ikkje frå foreldra.

Nissegåvene ligger framme når ungane voknar i morgon. I år er dette kvar sin sovepose og eit aktivitetshefte. Med helsing frå nissen ;)

mandag 22. desember 2014

Årets julebok

Denne kjøpte eg rett etter jul i fjor, og den har stått i bokhylla på vent. Det har vore vanskelig å prioritere tid til å lese denne førjula, og det er laaange kapittel - men eg tenkjer mykje på den, så den treffer. Så langt ei god bok - og den har fått veldig gode kritikker (noko som var grunnen til at eg kjøpte den).

Dag og Tid har skrive dette, som er veldig treffande:" Boka er på mange måtar lik ein farse, men denne lesaren let seg ikkje ofte freiste til å le; komikken liknar for mye på komikken ein er vitne til når ein står framfor eit akvarium og ser fiskane eta einannan."

Haha, huff - litt av ei julebok :) Men eg liker den!

søndag 21. desember 2014

Bøker eg aldri fullførte

Ei avis hadde denne hausten ein artig liten sak som resulterte i ei liste "Bøker eg har begynt på og skulle ønske eg hadde lest, men ikkje lest ut".

Inspirert av den lista lagar eg her ei lita liste med mine bøker. Dette er bøker eg har kjøpt og eigd og verkleg prøvd å lese. Prøvd å engasjere meg, og å følgje handlinga. Å bry meg om det som skjer. Men nei.

1. Dante "Den Gudommlige Komedie"
2. "Shakepeares samlede verker"
3. Hamsund "Pan"
4. Dan Brown "Den digitale festning"
5. "Strindbergs samlede verker"
6. Alle bøkene eg har prøvd meg på av Jan Guillou

7. Olav Duun "Mennesket og maktene"
Eg er så redd for å gå glipp av store litterære opplevelser - det kan kanskje forklare kvifor det er nokon klassikarar her. Eg har lest og forkaste mengder av "vanlege" bøker også, men de hugser eg ikkje i etterkant. Desse har eg lest rundt 100 sider av og lagt de vekk. Gitt de vekk ofte.

Eg skulle ønske eg hadde lest de og likt de. Men nei. Det finnes for mange gode bøker, bøker eg liker, til at eg skal bruke tid på å snegle meg igjennom ei bok som ikkje treffer meg.

Mannen har pløyd igjennom Jo Nesbø sin "Snømannen" på ei veke. DA er det ei bok som er verdt å lese!

lørdag 20. desember 2014

Nøstebarnjakke

I bursdagsgåve til tantebarnet mitt som fylte to år no i desember strikka eg frå ein av Nøstebarna sine oppskifter; ei jakke i to-tråds ubehandla Merinoull. Eg strikka denne til lillesøster i lilla garn i 2011, i str 2 år, og ho har faktisk brukt den i haust også! Varm og god, og evigvarande! I alle fall nesten!
I staden for å kjøpe nye knappar plukka eg ut frå knappekrukka mi. Mykje fint å velgje mellom, men eg gjekk for de som var like store og jamne i fasongen.
Her er lillesøster si jakke. God brukt, men det kan ein nesten ikkje sjå. Nøstebarna er alltid god kvalitet! Til og med når strikkaren ikkje er av like god kvalitet ;)
Begge jakkene saman. Like store! No i begynnelsen kan ein brett opp armane, den er kanskje litt lang for ein 2-åring!
Til ein kjekkas <3
Lillesøster si jakke har eg pakka ned og skal sende utav landet til nokre små som trenger ei varm ulljakke.

fredag 19. desember 2014

Halvvegs!

I dag har storebror komt halvvegs i første klasse! Tenk det! I dag fikk de lov å ta med ein liten brus og ein liten sjokolade. Det er stas! Han har snakka om dette heile veka! Og som sjokolade ville han ha Guylian. Etter at ei stor eske kom på døra vår i november er dette blitt døyp for Willy Wonka-sjokolade (fordi den er så god at ein skulle tru at den kjem frå Willy Wonka sin sjokoladefabrikk!) Fancye ungen kjem altså i dag med to små sjokolader i ein liten boks. Han fikk to sidan de er skikkelig små. Kvalitet framfor mengde uansett!

På facebooksgruppa til klassen skreiv ei mamma at ho hadde bakt sjokoladekake til alle saman også, så eg skjønner at de har kost seg kongleg i dag! Og det fortjener de alle saman! Tenkt! Halvvegs til 2.klasse! Denne tanken fikk storebror til å hoppe utav senga i dag tidleg, og finne fram klærna han hadde på seg på første skuledag i august. Dette skal markerast!
Pannekaker og heimelaga ripssaft til kveldsmat :)

torsdag 18. desember 2014

Julekroppen 2014

Tradisjonen tru er trening noko av det som blir nedprioritert i desember. Kombinert med det at eg ikkje kan ta i så mykje som eg vil så har dette vore ei tøff kneik å komme seg over. Med ein månads utmeldingstid på sats blir dette fort til 6 veker (frå 1.i ny månad - ikkje sant?) der ein eigentlig har slutta, men framleis betaler så da bør eg jo vere der å trene litt likevel. Eg trur eg har rekkord i antall timar som eg har booka meg inn på, for så i avbooke meg sånn rett etter middag.

Fordi eg heller vil/bør pakke inn gåver, skrive på julekort, kjøpe gåver, rydde plass til julepynt, lage julekaker, organisere juleverkstad til 1.trinn, lage julesnop, sette ungane igang med juleverkstad slik at eg kan pakke inn heimelaga gåver frå de, sette ut julepynt, pakke inn og sende de gåvene som skal med posten, skrive lister over det som gjenstår, handle inn julemat og prøve å la julefreden senke seg.


Men i går var eg på yoga og var heilt salig og (jule)fredleg resten av kvelden. Eg skal på yoga i kveld også. Mest for å treffe yogainstruktøren, som eg skal gje julegåve til. Slik er det blitt. Vi må treffast på jobben til kvarandre for å ha tid til å sjå kvarandre litt, og avlevere julepresang. Faktisk skal eg treffe ei anna venninne i morgon midt på dagen for å avlevere julegåve til ho også. Da må vi avspasere slik at vi rekker det. Men når det er gjort, og de neste 5 julebesøkene er avvikla - DA kan julafta komme!

Heldigvis er dette berre kos! Også dobbel yoga da! Det var jo der fokuset skulle ligge. Deilig!

onsdag 17. desember 2014

Denkmal für die ermordeten Juden Europas

Like ved Brandenburger Tor ligger Denkmal für die ermordeten Juden Europas, Memorial to the Murdered Jews of Europe; eller rett og slett Holocaust Memorial som de fleste kallar den. Her står 45 x 87 blokker i ulik høgde.
I følge arkitekt Peter Eisenman sin tekst i skildringa av prosjektet er området designa for å skape ein vanskelig og forvirrande atmorfære, og skulpturen som einhet skal representere eit tilsynelatande logisk system som har mista kontakten med det mennesklege.
Alle slike memorialer blir jo diskutert og kritisert. Eg likte denne veldig godt, og synas den oppnådde effekten Eisenman ønska.

tirsdag 16. desember 2014

Igjen - Frode Grytten


Kjernefamilien resignerer og gir opp å rydde
heime. Etter eit par år blir det ikkje meir
rot likevel. Dei finn ingenting, men dei
finn lykka.

                                                                                                        Frode Grytten "Vente på fuglen"

mandag 15. desember 2014

Ei helg i Berlin


 I helga var eg og mannen i Berlin for å ha julebord og å feire at firmaet mannen jobbar i er 5 år! Vi kom ned midt på dagen på fredag og rakk kun å spise lunch, bratwurst, sauerkraut und kartoffeln - sjølvsagt - før vi var klare for fredagens program: Tre retters middag og showet "The wyld" på Friedrichstadt Palatz Berlin! Hummer carpaccio til forrett, den møraste kalven eg nokon gong har smakt til hovedrett (servert med svart trøffelsaus - himmelsk!) og marinert pære pynta med gullblader og "smoked coriander"iskrem til dessert. Nydleg! Showet var grandiost og kan oppsummerast med setninga "Vi har over 10 millioner euro å bruke. Kva kan vi gjøre som kostar KJEMPEMASSE?" Nokon gode løysningar og mange dyre løysningar som ikkje var verdt pengane i effekt. Men stort - det var det!
På laurdagen spaserte vi til  Gendarmenmarkt der ein av Berlin sine største og mest populære julemarknadene var plassert mellom to kyrkjer. Vi drakk Glühwein og smakte brente nøtter, tørka epler og brezels (pretzel). De hadde satt opp ei scene der eit kor sang julesongar, og det var masse folk og god stemning over alt! Dette var kjempekjekt å oppleve! 
 Vi spaserte opp Unter den Linden og til Brandenburger Tor. Både eg og mannen har vore i Berlin tidlegare, og har eigentlig sett "must see"-plassane, men denne var så nær hotellet at det var kjekt å sjå den på ny!
 På vegen stoppa vi på Einstein og åt ein deilig lunch medan vi misunte alle andre gjestar og alt det deilige de åt! Hjelpes - her kunne vi ha gått fleire gonger!
 Vi måtte sjølvsagt innom nokre kjøpesenter, og snubla over megaflotte med store designmerker, og meir vanlege med unger inni ;) Alle hadde pynta så fint med mange juletrær og stjerner og julekuler og eg veit ikkje kva!

Vi fikk til og med med oss litt glimt av sol!
Frå Berlin Mall.
 Mot slutten av laurdagen tok vi t-bana til julemarknaden på Alexanderplatz. No var det begynt å bli mørkt, og da blir jo alt så mykje meir stemningsfylt! Vi spaserte tilbake til hotellet og gjorde oss klare for julebordkveld nummer to! Denne gongen var det 5 retter - M - M - M! Maten var himmelsk her også! Etterpå gjekk vi ut og drakk øl, så søndagen var litt hard! Vi reiste heim via Oslo i går, og humpa oss veg i uværet. Men vi landa trygt (eller i alle fall så landa vi) og det var godt å komme heim til ungane som hadde kosa seg med mormor og morfar i helga!

No tel vi dagar til juleferie og tid til å spise all den gode snacksen som vi har kjøpt med oss frå Berlin. We like!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...