lørdag 28. februar 2015

Babysokkar

Ei god venninne av meg som dessverre bur i Oslo fikk barn nummer to før jul - ein nydleg liten gut! Ho fikk sitt første barn seks veker etter at lillesøster var fødd, så eg fikk ikkje sendt noko den gong. Men no har eg jo ingen baby lenger, men eg har eit garnlager som eg i vinter har jobba med å kvitte meg med. Da er desse babysokkane perfekte! Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har komt halvvegs med sokk nummer to når restegarnet i den fargen tar slutt, og halve sålen på sokk to blir i ein anna farge. Dette fungerer fint så lenge eg strikkar til eigne barn, men ikkje når eg skal gje vekk i gåve! Derfor er dette sokkepar nummer to som eg strikka med babyen i tankane.

Kvitt er ikkje spanande, men eg sydde på to ulike knappar for å freshe de litt opp. Perfekt for ein liten kar!
Strikka i str.3-6 mnd. Han rakk jo å nærme seg tre før eg rakk å sende det av gårde. Storesøster fikk nokre små klemmer, også satsar vi på at vi får sjå de alle fire før minstemann har vokst utav sokkane sine :)
Oppskrifta ligger overalt på nettet, denne bruker eg: http://web.archive.org/web/20070504222828/http://knitgirlinorway.blogdrive.com/archive/481.html

fredag 27. februar 2015

Klærproblemer

Det regner ein del. Det gjør det. Og det er kaldt. Storebror fikk eit par skihanskar i november som han meir eller mindre har brukt sidan. Og den siste månaden har vi tatt de med heim kvar dag og prøvd å få de tørre til neste dag. De stinker! Og sjølv om eg får vaska i helgene er det fuktige heile tida. Og eg trur ikkje de blir luktfrie nokon sinne.

Så eg har prøvd og prøvd å selgje inn regnvottar. Men det er nei nei nei nei. Også lar eg det gå ei veke til med våte hanskar før eg prøver igjen. "Skal eg finne nokre gode regnvottar til deg? Så du held deg tørr?"

Nei.

Men i dag!!
"Storebror, regnvottar? Da kan du bruke de når det regnar, også rekker hanskane å bli tørre."
"Er regnvotter votter med trekk utanpå som gjør slik at eg ikkje blir våt?"
"JA!" *kjempeglad for at han viser interesse
"Nei takk."
"Kvifor ikkje?"
"Fordi når eg har vottar på er det vanskelig å klatre i trær. Også klarer eg ikkje å holde meg fast i leikestativet når eg skal henge i de stengene som er mellom sklia og der eg kan balansere."

Ånei! Nei vel! Men det forklarer jo alt - og dette er gode argumenter som eg kjøper med ein gong. Ingen regnvotter. Ok. Eg skal prøve å slutte å spørre!

torsdag 26. februar 2015

Dolk og NRK

Til tross for litt mindre søvn har det vore nydleg å vore på DNS to kveldar på rad og opplevd godt teater! I går kveld var behovet for meir kultur absolutt til stades, så eg og mannen såg de to første episodene av "I Larsens leilighet" som går på NRK (du kan altså sjå desse gratis på nettTV). Gode intervjuer - eg er heilt enig i anmeldelsen som stod i Aftenposten, les den er.
Dolk i Bergen
I kveld skal alle fire på premiere av Pippi på Fyllingsdalen Teater! Det blir noko heilt anna, men fult ut like gøyt!

Bilderesultat for sitater

onsdag 25. februar 2015

Jobbemanndag

Det er vinterferie denne veka, men vi har ikkje tatt oss fri, så det er kvardag hos oss. Storebror er på sfo der de gjør kjekke ting kvar dag (diskotek, turdag, gym, film osv) - men ein dag har han valgt å vere vekke for å vere med meg og mannen på jobb.

Så i dag kledde han på seg fin skjorte, vest og raudt slips og vart med på jobb. Han hadde pakka sekk med spel, leikar og bamsar - og smurt sin eigen frukostmatpakke. Sett vekk frå racerbilløpet han hadde nedover korridorane der eg jobbar var det heilt uproblematisk å ha med seg ein kamerat på jobb. Til lunch køyrte vi til mannen som har lunchbuffet kvar dag. Resten av arbeidsdagen var storebror der, og det ryktas om både kakao og kjeks. Det er kjekt å vere på jobb!
Storebror er med meg på ettermiddagsjobb titt og ofte. Her blir han intervjua i etterkant av eit arrangement eg var ansvarleg for.
For min del tel eg timar til kvelden. Etter to kveldar med teater som slutta etter sengetid (altså litt over kl.22) er eg litt bakpå med tanke på sovetimar. I kveld skal eg i seng litt tidlegare, og kanskje rekk eg å lese ferdig juleboka mi?

tirsdag 24. februar 2015

After Dark

Ein av mine yndlingsforfattere er Haruki Murakami. Eg har lest nesten alt han har skrive, og no i februar vart eg ei bok rikare medan eg satt i bilen på veg heim frå jobb. Av ein eller anna grunn spelar de skikkelig dårleg musikk på radio sånn i halv fire-tida, så det er verdt ein tur innom biblioteket for å skaffe seg litt anna underholdning i form av lydbok. Da føles heller ikkje rushtrafikken så ille ;)

Einaste aberet er at eg på enden av ein arbeidsdag har hovudet fult av tankar som innimellom var vanskelig å leggje frå seg, så eg fikk ikkje med meg ALT, men eg fikk med meg mykje. Og for ei bok! Handlinga i After Dark skjer på ei natt, og det er både fint og rart og poetisk og ubehagelig. Akkurat slik Murakami ofte er. Etter ei lang pause frå bøkene hans var det nydleg å havne i Murakamiuniverset igjen!
"For en ny dag er like om hjørnet, men den gamle sleper fortsatt de tunge skjørtene etter seg. Slik saltvann og ferskvann strides om plassen i elvemunningen, kjemper den nye tiden iltert for å løsrive seg fra den gamle. Selv ikke Takahashi klarer helt å bestemme seg for på hvilken side tyngdepunktet hans hører hjemme."

mandag 23. februar 2015

2xDNS

Denne veka skal eg på intet mindre enn tre teaterforestillinger! Det gledes! I dag og i morgon skal eg på DNS med ulike venninner - to venninnedates på to dagar er alltid på sin plass!

I dag skal vi sjå "En folkefiende" og høyre de ikoniske ordene: "den stærkeste mand i verden, det er han, som står mest alene". Eg er så glad i Ibsen, og denne har eg ikkje sett på scene før. Ein kollega reklamerte med at dette var det beste ho hadde sett på teaterscena de siste ti åra, så eg har høge forventningar!
Frå 2015-lanseringa til DNS
I morgon skal vi sjå Othello med Bill Pullman i tittelrolla. Heller ikkje denne har eg sett før, så eg er spent!

"I hold my peace, sir? no;
No, I will speak as liberal as the north;
Let heaven and men and devils, let them all,
All, all, cry shame against me, yet I'll speak.”

Ser du kva tema DNS har for val av dramatikk i år? :) Dette kan vi like!

lørdag 21. februar 2015

Roast - date

I julegåve frå mannen min fikk eg billetter til Raske Menn og påfølgande middag på den nye restauranten i 13.etasje på Scandic Ørnen Hotel. Raske Menn var morsomme - som alltid - og etterpå spaserte vi i iskald vind bort til hotellet.
Hotellet opna i mai 2014, og det var veldig lyst og fint - det framstod som veldig nytt. Mange av hotella i Bergen er tradisjonelle, så dette var ein positiv variasjon.
Vel oppe fikk vi brød i små papirposar og godt heimelaga smør. Nam! Skulle ønske det var mykje meir av dette!
Vi hadde flott utsikt frå bordet vårt. Kjekt å komme så lagt opp at ein får skikkelig oversikt! Og kjekt med vindaugsbord :)
Eg bestilte grilla blåkveite, og mannen grilla hjort. Maten var veldig god, særleg var tilbehøret ferskt og perfekt tilbredt!
Suss :)
Vi vart så mette av middagen at vi kutta dessert, og kom oss heim før det vart alt for seint. Supert med date, supert å prøve ny restaurant og supert med barnevakt!

fredag 20. februar 2015

Ny data!

Eg har brukt oppsparte bursdagspengar på en ny data som  berre skal vere min! Sjå kor fin den er! !

torsdag 19. februar 2015

Terter med karamellkrem og jordbær

Til dessert på bursdagen til mannen lagde eg små terter med karamelkrem og jordbær.
Smelt kremfløyte, sukker og smørbukk. Du veit det blir søtt. Du veit det blir enda betre! Eg lagde halv oppskrift, så ein halv boks fløyte, ein halv pakke smørbukk og 1 ss sukker. Når alt er smelta saman skal dette stå og kjølne seg ned medan du lagar kjeksbunn.
Slik skal det eigentlig sjå ut. Å kalle dette ein kjapp kvardagsrett er vel å lyge. Ikkje er det spesielt kjapt, og ikkje er det å anbefale som ein kvardagsrett. Men ok. Kjeksbunn av kjeks og smør. Eg pressa ned i tre små, ildfaste former. La de stå kaldt i kjøleskapet til karamellkremen har blitt romtemerert. Så heller du kremen oppi på toppen av kjeksbunnen, og lar det stå i kjøleskapet til servering.
Det smakte skikkelig, skikkelig godt! Søtt, litt salt og friskt! Nam!

onsdag 18. februar 2015

tirsdag 17. februar 2015

Lyderhorntur i ferbuar

Da det endelig var sol og ein del varmegrader på ein søndag pakka vi tursekken og kom oss ut på tur. Først klaga storebror ein halv time heime, så det var ikkje SÅ fort gjort, men da vi omsider var komt oss ut var vi superhappy alle fire! Det var så herleg å kjenne at sola varma!
Sidan vi var litt tidleg ute fikk vi ikkje sol på oss før vi hadde gått halvvegs oppi fjellsida. Vi brukte sola som mål, "når vi har komt opp i sola stoppar vi og tar ein drikkepause". Her er det utsikt ned mot Loddefjord og Haakonsvern.
Stilige skyer mot Askøy denne dagen. Desse såg eg igjen på fleire instragrambileter seinare på dagen. Her har vi nett komt opp i sola. Flotters!
Flinke turbarn!
Det var enkelte partier der det var isete, men stort sett var det tørt og fint. Den siste halvdelen av turen blåste det friskt, faktisk så masse at lillesøster vart litt redd. Ved foten av fjellet var det vindstille. Stor forskjell altså, sjølv om det ikkje er høgfjell akkurat.
Vel oppe var det faktisk nesten stille, i alle fall bak den eine buska som er der. Vi hadde ei lang pause her oppe og åt lunch, drakk varm kakao og såg på utsikta. Vi hadde også med oss ein kikkert som vi fikk i vinter - det var gøy! Det var så godt å vere på fjelltur igjen etter vinterpausa! Vi håpar det blir fleire vårværssøndagar slik at vi snart kjem oss ut på tur igjen!

mandag 16. februar 2015

Jif!

Etter at eg fikk vere med i Likenshare sin kampanje med Jif Skurekrem gjekk det kun få dagar før vi fikk tilsendt ei flaske. Eg la den saman med resten av badvask-utstyret vårt og venta spent.

Mannen vaska som vanleg badet i helga, og da eg kom på kampanjen skunda eg meg inn; "Er du ferdig alt eller?" Ja, det var han. "Ånei, men du må prøve den nye skurekremen som vi fikk!" "Var ikkje den til kjøkken da?" "Ehh, eg veit ikkje. Men kan du ikkje vaske vasken med den da?" "Igjen?" "Ja?"

Køyr reklame:
Det vart veldig reint og fint!
Men altså, vi bruker tydlegvis alt Jif på badet! Spray på og vask av, det blir heilt reint det! Men skurekrem er nok betre til oss til bruk på kjøkkenet. Rundt vasken og slikt. Så vi har flytta den inn der, men ikkje fotodokumentert bruken. Eg liker lukta. Litt. Men eg liker Jif! Veldig!

søndag 15. februar 2015

Lyderhorn!

I dag skinner sola! Vi pakker sekken etter frukost for å ta oss ut på årets første "skikkelige" fjelltur! Lyderhorn - her kjem vi!
Bileta er frå sist tur på Lyder'n - eg og storebror gjekk opp medan lillesøster var i bursdag seint i haust. Med oss hadde vi lunch og kakao. Digger utsikta!
I dag er det meir spredt snø, men med temperaturer på rundt 5 varmegrader den siste veka har tatt vekk alt som ikkje låg i ein haug sist helg. Eg gler meg skikkelig til å få opp pulsen og jobbe litt! Seinare skal vi i middagsbesøk, så dette blir ein bra søndag :)


lørdag 14. februar 2015

Barselgåve

I dag er den nye babyen i familien vår 11 dagar! Eg hadde strikka nokon småplagg til han som vi valgte å sende oppover sidan de veks fort - og dette var ein ganske stor baby. Vi håpar sjølvsagt på å sjå han snart, men avstanden gjør nok sitt til at han rekker å bli ein god del eldre enn han er i dag før seg skjer.
Så - vi har sendt opp - i deilig alpaccagarn - eit par sokkar, ei hue og Selbuvottar. Oppskrifta til sokkane har eg frå nokre år tilbake, og eg har etterkvart strikka veldig mange av desse! Så mange at eg er litt lei, men de er ein favoritt hos mottakarane, og de var ein favoritt hos meg også da lillesøster var lita. Ein kan sjå mange av de under etiketten "Strikking" her til venstre på bloggen. Etter oppskrift frå Nøstebarna strikka eg ei lita hue. Også knota eg meg igjennom nok eit par babyvottar.
Eg synas de er så fine! Men det er lite og putlete. Vott ein strikka eg i begynnelsen av desember, og først midt i januar fann eg lyst nok til å strikke den andre :) Googlar du "Selbuvotter baby oppskrift" kjem det mange gode oppskrifter fram.
Litt blått band, ein "Laga av"-lapp også var den klar til å sendast saman med kort og teikningar frå våre to.

I dag er vi med for å sjå vår "ikkjelengerbaby" lillesøster gjøre sin scenedebutt! Å kor vi gler oss!!
Ja, også er det Valentines Day da! Og mannen skal diske opp med søtpotetchips. Mmmm!

fredag 13. februar 2015

13 spørsmål på ein fredag

1. Hva var det siste du skriblet ned på et papir?
Eit telefonnummer
2. Hva har du alltid i vesken? 
Lepsyl
3. Hva bestiller du på kafé? 
Da eg var student (og gjekk på kafe) kjøpte eg alltid kaffe mocca.

4. Hva er det første du gjør når du er alene hjemme?
Rydder
5. Hvem ringer du til når du er sint/lei deg?
Mannen. Alltid. Stakkars fyr! Men det er alltid han eg ringer til når eg blir glad også - og eg er mykje oftare glad!

6. Hvilken farge er det på tannbørsten din? 
Den er vel rosa vil eg tru.
7. Kan du bytte olje på bilen?
Eg veit kvar oljen er, og korleis eg kan skjekke om det er nok. Også har eg nr til nokon som kan fikse det for meg :)
8. Hva har du hatt av kjæledyr? 
Hund, katt og hamster. Ja, og gullfiskar da, men eg trur ikkje det er å rekne som kjæledyr.
9. Har du noen piercinger?
Har hull i øyrene ja.
10. Hvem ringte deg sist?
Det var i jobbsamanheng, så ein hyggleg mann :)
11. Hva stod det på den siste sms'en du fikk?
"Kjære, fineste deg! Tusen takk for den fantastiske gaven som kom med posten i dag! du er så snill! Håper vi får anledning til å sees snart! Stor klem"
12. Når voknet du i dag?
Tre minutter før klokka ringte, altså kl.06:57
13. Hva bruker du helst penger på?
Aller helst bruker eg ikkje penger. Eg liker å gå inn på kontoen min etter lønningsdag også sende snap til mannen med bilete av summen. Hahahah :) Så inni gampen gniten!

Puste. Av typen katt. Verdens finaste sådan :)

torsdag 12. februar 2015

Leik med ord

Eg ser jo at vi utvikler ein ganske så sær familiehumor, og når eg ser at ungane ler av noko gjør eg sjølvsagt meir av det. Å late som om eg er heilt korka mellom øyrene får de til å le KVAR GONG!

Med førsteklassing i hus er det mykje fokus på ord. Leike med ord er finfint - det gjør vi masse. Som typisk kvardagssamtale:

Voksen: Kva har du gjort på skulen i dag?
Storebror: Gjett. Det begynner med F.
Voksen 1: Hmmmm
Voksen 2: Fjerte!
Storebror: HAHAHAHAHAHAHA
Voksen 1: Neivel? Fikse frysaren!
Storebror: HAHAHAHAHAHAHA
Voksen 2: No veit eg det! Rrrrase rrrundt på rrrrobotføtter!
Storebror: HAHAHAHAHA nei det er ikkje med F HAHAHAHAHAHA

Eg prøver å få de til å skjønne kvifor humor og hufar er morsomt. Jakaya og Neinils. Og den siste tida har eg med vilje bytta ut ordet "sjokk" med "karasjokk". Men det er ikkje alle som skjønnar leiken.

Lillesøster sovna ved Puste etter ein travel barnehagedag sist veke.
Når eg hostar om morgonen, og lillesøster kjem løpande frå stua "Mamma! Puste fikk heilt karasjokk når du hostar!"

Eg synas det er skikkelig morsomt, men eg vil ikkje at ho skal tru at det faktisk heiter karasjokk. Hmm, trur eg må bedrive litt brannslukking.

PS. Lillesøster trudde lenge det hette "Elle komelle" på "Elle melle"-regla. Det synas eg var så søtt at eg (og de andre to) har begynt å seie det sjølve. Prøv! Det er gøy!

onsdag 11. februar 2015

Kom deg ut-dagen på Fløyen

Søndag 25.januar var det Kom deg ut-dagen i regi av Den Norske Turistforeningen. Det var fleire arrangement i heile Noreg. Vi var på Fløyen der ein fikk gratis tur med Fløybanen opp fram til kl.11. Vel oppe var det denne utsikta som venta:
Uansett kor mange gongar eg er der oppe blir eg ikkje lei av dette synet! Og særleg når det er blåblå himmel!

Vi tok bana saman med venner som hadde ski. Sjølv hadde vi med oss akebrett til ungane. I Trollskogen hadde de gjort klart fleire aktiviteter. Der var veldig masse snø, og ganske vanskelig å komme seg fram for barneføtter. Eg ler framleis av minnet av storebror som står i snø opp til livet og er frustrert "Dette er IKKE den beste ideen vi har hatt!"
Like etter at vi var på plass ringte telefonen min, og eg måtte på jobb iløpet av dagen. Så da vart vi veldig effektive og gjekk rett på det som alltid er eit høgdepunkt: Lunch!
Termosar i vottane :)
Vi fann oss ein benk i solskinnet og kjente at det faktisk var varme i strålane! Nydleg!
Storebror med god hue frå Janus.
Etter lunch satte vi oss to og to på akebrettene og aka heile vegen ned! Det er langt og skikkelig gøy!! Det å ake ned frå Fløyen er ein klassiker, og sjølv om eg har budd i Bergen i snart 14 år har eg ikkje gjort det før. Vi skal absolutt gjøre det igjen, men kanskje når ungane har blitt litt større, for det er unektleg trangt å sitte to på eit lite barneakebrett. Både eg og mannen var heilt stive og støle (særleg i armane som hadde tviholdt på bremsene i 20 minutter) i heile kroppen dagen etter. Uansett den gøyaste treningsturen eg har hatt i det siste!
Super utsikt heile vegen ned!

tirsdag 10. februar 2015

Supper!

Om vi ser vekk frå forskjølelse no i februar har året til no vore usedvanleg friskt! Kan vi skulde på mengden suppe som har blitt konsumert? Ja - kanskje!
Vi snakker grønkål! I alle retningar. Eller spinat. Det er alltid snadder. Og brokkoli. Køyr på!
Eg supper det, eller juicer det. No når det har vore så kaldt ute er ei varm suppe til kveldsmat heilt på sin plass! Gjør det enkelt! Del opp det du vil ha i suppa (her - brokkoli, grønkål og kvitlauk) og la det koke til det blir mørt i ei blanding av mjølk og vatn. Når alt er kokt heller du av det meste av kokeveska og sper så på med den etterkvart som du moser med stavmiksaren. Eg liker suppa mi litt fyldig.
Her er den servert med fetaostkrem, ein del fetaost og ein del rømme som er miksa saman. Den er også god som den er - suppa altså, ellers så serverer eg den gjerne med restar etter middagen om det passar. I helga vart suppe med gulerot, søtpotet, kvitlauk, grønkål og masse chilli servert med bacon, lettsalta torsk og (enda meir) gulerøtter. Nam!
Eller med noko godt knekkebrød
Eg slår eit slag for supper her altså. Ungane kan vel styre sin begeistring, og det er heilt i orden for da er det nok til to kveldsmater/lunchar til meg og mannen. Når eg juicer er det stort sett eg og lillesøster som drikker. Kvar sin smak! :)

mandag 9. februar 2015

Skitur!

I går vart vi overraska av nydleg snø som dalte stille ned, og litt varmare enn de 3 kalde gradene som vi har hatt den siste tida - så vi gjekk ut rett etter frukost. Kun tre minutt unna huset vårt ligger dette:
Ein stor og open plass - perfekt for skiturar! I går var vi de første som var her. Det snødde ganske så tett, og klokka var berre 10:30. Storebror prøvde seg på ski for to år sidan, og vi har faktisk ikkje vore på ski sidan! Eg fann prinsesseski på halv pris på Europris i januar - med fester til vanlege sko! Bingo! Storebror har arveski og sko i str 35, som passa med tjukke sokker i :)
No som begge ungane har ski var det kjekt å prøve oss på skitur saman med de. Og da skjølvsagt veldig "lavterskel" å gjøre det i vårt eige nabolag! Dette var lillesøster sin første tur, og storebror sin andre. Og de er så flinke! Hovedsakleg har de gå-på-vilje, og med den på plass er det meste gjort!
Storebror gjekk opp ein bakke og glei ned igjen gong på gong - og jobba godt med balansen! Lillesøster var best på flata. Hennes nye ski var også veldig glatte, så ho var litt overalt!
No som det viser seg at vi har unger som synas det er kjekt med ski bestemte vi oss for at vi skulle bruke bursdagspengane våre på å kjøpe oss ski vi også - mannen og eg. Vi blir jo unektleg veldig inspirert når ungane er interesserte. Så før vi veit ordet av det tar vi oss ei skihelg på Geilo. Jajamensan.

Nåja. I alle fall skitur ein stad.

lørdag 7. februar 2015

Mann, 34

Hurra for bursdagsbarnet! Vi feirar dagen med å tråle på Boligmesse etter ønskje frå 34-åringen. Da er du voksen tenkjer eg i mitt stille sinn. (ja, ok, eg sa det til han. Eg har ikkje eit stille sinn)

Han har bestilt lettsalta torsk med alt av tilbehør til middag, og marsipankake til dessert. Kaka må eg lage i dag, så den blir eigentlig morsdagskake i morgon (ser du kor lett han slapp unna den?).
Lettare å kjøpe enn å lage
Sidan kaka skal stå og bli betre til i morgon planleggjer eg overraskelsesdessert der nokon av ingrediensane er dumle og banan. Kan bli hit. Kan bli dritt. Vi får sjå.

torsdag 5. februar 2015

Nyttårsforsett

"Korleis går det med nyttårsforsettet?" skreiv ein kollega på facebooksida si, og linka til påmeldingssida til Bergen City Marathon.

Halvmaraton har eg alt gjennomført, så det er ikkje nyttårsforsettet mitt i år. I år var nyttårsforsettet mitt å ikkje gå inn på vg eller dagbladet på nett. No er vi alt nokre dagar uti februar, og eg har ikkje gidda å gå inn på de nettsidene enda.

I begynnelsen var det litt vanskelig, og eg drøymde til og med at eg gløymte forsettet og gjekk inn på ein av sidene! Men etter rundt 10 dagar gjekk det over, og eg har nesten gløymt at sidene eksisterar. Nesten gløymt. Folk delar artikklar på facebook, så det er fort gjort å gå på ein smell. Og det er umogleg å gløyme, sjølv om eg nok hadde gjort det om eg ikkje var på facebook heller.
Lysøen. Frå båttur i fjor sommar.
No skulle eg vurdere om eg skulle vidareføre det. Pro's and con's.

Eg har ikkje tenkt på terror. ("Norge er nytt terrormål") Eg har ikkje vore redd for at hovedverken er blodpropp i hjernen. ("Mari fikk vondt i hodet. 12 timer senere var hun død") Eg har (nesten) ikkje vore redd for at ungane kom til å bli alvorleg skada i barnehage og på skulen. ("Gutt (4) hang i et tre i en halv time før en voksen i barnehagen såg han") Eg har ikkje grua meg til våren ("Nå kommer snart mordersnegelen/de infiserte flåttene/en ny type livsfarlig edderkopp")

Dette er realiteten. Men kva hjelper det at eg igjen og igjen blir minna på all grusomheta? Alt som KAN skje? Eg har nok å bekymre meg over om eg ønskjer det - utan at vg eller dagbladet skal gje meg fem andre ting som eg ikkje ein gong har tenkt på at eg kunne bekymre meg for. Eg bruker ikkje å tenkje over alle "kva om", men eg merka de siste månadane av 2014 at det vart fleire og fleire slike tankar. No, etter ein månad med vg og dagbladet-fri, tenkjer eg knapt nok "kva om". Og gjør eg det er det for konkrete tilfeller. Som "kva om sykkelkjeda til mannen ryker igjen, og maten ikkje kjem på bordet før kl.16:30 og vi må vere ute av døra kl.17:00". Slike bekymringar kan eg leve med. Ikkje konstant påminning om alt det skikkelig forferdelige som KAN skje.

Konklusjon? Eg utvider nyttårsforsettet mitt med ein månad til.

onsdag 4. februar 2015

Tante strikkedille

I går vart eg tankte for sjette gong! Tenk det! Vi har vist om kjønnet ei stund, så eg har strikka til den lille guten i fleire omgangar! Etter ein heller laber strikkevinter 2013/2014 har årets vinter vore mykje betre med skikkelig slanking av restegarnboksen! Eg har bestemt at eg ikkje skal kjøpe nytt garn før boksen min er nesten tom. Det er den snart no - eg trur det ligger 3-4 nøster igjen.
Eg har tatt bilete av alt eg har strikka, og skal sjølvsagt skryte her inne, men først må eg sende det av gårde. Ein pakke til tante sin lille gut som enda ligger på sjukehuset og er heilt ny (kun 22 timar gammal), ein pakke til ei barndomsvenninne som ventar nummer to i desse dagar, og ein pakke til ei studievenninne som fikk nummer to for to månadar sidan. Eg skal også sende avgårde ein pakke til Strikk for livet. Mykje kjærleik og ønske om varme babyar i fleire retningar! - og litt pæng til posten! - og ein nesten tom strikkeboks!

tirsdag 3. februar 2015

Grovt brød med Kesam

På kontoret er det fleire som bakar eige brød, og det er ikkje sjeldan det blir diskutert surdeigsmating og eltefrie oppskrifter rundt lunchbordet. Slik blir ein inspirert av, og to helger har eg derfor baka eit godt brød etter oppskrift som vi har kosa oss med. Ungane spiser kun knekkebrød, så det er eg og mannen som meskar oss med heimebakst heilt for oss sjølve!
Good stuff!

Oppskrifta er frå Tine sine sider - som eg fann som reklame i eit blad. Slike reklamer kan ein digge! Du finner oppskrifta her og den held til to brød i brødform.

Hmm - no ser eg at eg ikkje har noko bilete av de ferdige brøda, men de ser no ut som brød og smakar godt! Vi har også falt for jobbtipset å oppbevare det innetulla i ein rein kjøkkenhandduk på kjøkkenbenken for å holde skorpa sprø. Fungerer som berre det!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...