tirsdag 31. mars 2015

Skitur

Etter at vi hadde testa ut ungane sitt skitolmod i nærleiken av hus og heim var vi klare for steg to: kjøpe eigne ski! Vi brukte bursdagspengar på ski til oss, også var det berre å hive seg i bilen og komme seg til eit fjell med snø og løyper for langrenn. Vi har vore på Gullbotn ein gong tidlegare, og viste at det var gode løyper der.
Da vi kom var det snøvær, men pent.no hadde lovd betre vær utover førmiddagen. Vi tok på oss ski for første gong sidan 2007, men det var som å sykle; vi kom fort inni det igjen. Og det var jo så GØY!
Eg og storebror susa avgårde, han er skikkelig god! Mannen (med tålmod) og lillesøster kom etter oss, ikkje så langt bak. Lillesøster gjekk så fint, ho datt og reiste seg igjen og igjen. Det ser ut som om ho heldigvis har arva litt av tolmodet til faren; phuuu!
Etter nesten fullført runde kom vi til ein bakke der ein kunne ake. Vi hadde med rumpeakebrett. Der åt vi lunch og drakk kakao, og tok oss ei lang pause heilt til sola forsvant igjen.
Eg måtte jo ta det klassiske biletet. No som vi har skaffa oss flotte ski og greier!
Også appelsinskrellebilete da! Eg gir meg ende over i haugen av skikkelig klassiske påskeskibilete, medan sanninga er at vi I DAG er på Tropicana på Pets Hotel på Gol og latar som vi er i varme strøk. Ja sånn kan det gå!

mandag 30. mars 2015

Goodiebag

Eg digger goodiebags! Da eg var med på jentehelg med Bergen triathlonklubb fikk vi utdelt ein sjeldan god goodiebag med mange nyttige ting! Denne gjengen viste kva de gjorde på, og vi måtte ta fleire bileter i løpet av dagen der vi brukte produktene som de så sendte til sponsorane. Haha, nesten så vi var litt semiproffe med sponsoravtale og greier!
Tre drikkeflasker, hårband frå Kari Traa og gode svømmebriller frå 2XU var noko av det beste som var der. Joggehue og to gode buffar var også velkommen! Stas med gratis stæsj altså!

søndag 29. mars 2015

Bursdagsgut!

Endelig! I dag fyller storebror 7 år! Dette har han venta på sidan dagen etter deksårsdagen! Han syns mars er eviglang i vente på 29.! Vi har alt feira dagen med barnebursdag på torsdag og familiebesøk i går. I dag kjem ein vennefamilie på besøk, og bursdagsguten har ønska seg graut. Spidermannhuskaka har vi framleis 1/4 igjen av, og den er god med vaniljesaus på :)
Det siste året har han lært masse! Han er så flink å lese! Vi har begynt med vegleiande lesing saman med skulen, så no er leseleksene kjekkare! Ei stund lånte vi lesebøker på biblioteket for å spe på leseleksene som skulen gav.
I forhold til det han no får av leselekse var nok denne boka litt vanskelig, men han las den heilt fint og fikk med seg innholdet. Det er desse repetisjonane som han syns er kjedelige, men akk så viktige. Jaja; det viktigste er at han no leser masse utan at vi må be han om det - og da blir han jo berre betre og betre!

I ettermiddag pakkar vi sekken; i morgon reiser vi på ein aldri så liten påskeferie!

lørdag 28. mars 2015

3096 dager

"3096 dager" lånte eg av svogeren min, og las den ut på to dagar. Sjølv om eg viste korleis den enda. Dette er Natascha Kampusch si historie om de 3096 dagane ho var fange i heimen til Pikropil. Ho er reflekterar også over situasjonen og lesaren lærer noko om kva mennesker er i stand til; og at ting ikkje er svart og kvitt i livet. Ei god bok som ei lærer noko av, og blir litt uvel av. Hennes tankar om samfunnet; de gode og de onde; er til ettertanke.

fredag 27. mars 2015

Bursdagsfest for ein "snart7åring"

I går hadde vi barnebursdag for storebror som blir 7 år på søndag! Det var tryggast å gjennomføre det på ein kvardag så ikkje mange av kameratane var vekke på påskeferie, også forsvinner de fleste timane med venting på skulen :)

Kaka lagde vi på onsdag. Langpannesjokoladekake som vi delte i fire like store firekanter og satte de oppå kvarandre med sjokoladekrem mellom. Storebror ville at vi skulle lage Spiderman sitt hus, og slik vart det 15 cm høgt. Altså mykje kake! Her festar han på lysa.
 Til mat ville han ha minipizza etter forslag frå meg. Eg lagde ein stor pizzadeig som eg forma til små bunner og forsteikte i varmluftsovn på 180 grader i 6 minuttar. Da var de halvsteikte og enkle å handtere.
 På bordet hadde vi forskjellig topping i skåler. Kjøttdeig, pølser, paprika, pepperoni og ost. Ketchup til saus. Dette var veldig populært og kjekt!

 Her er de ferdige pizzaene. Nokon tok masse på, andre tok lite. Men sidan de hadde laga det sjølve åt de det også - det er ikkje alltid vi får gjestane til å spise, de er å opptatt med å komme seg frå bodet og tilbake på rommet for å leike. Medan desse steikte opna vi pakkar. Eg peika på gjestane, også sa storebror stopp; og den eg da peika på skulle gje gåva si. Det var meir effektivt enn flasketuten peikar på som vi opplever at ender i kaos sidan de som gjer gåva si tidleg i leiken ikkje klarer å sitte stille. Han fikk masse fine ting - mykje lego og pengar; akkurat som han hadde ønska seg!
 Vi hadde kostymefest, og storebror var sjølvsagt Spiderman himself! Skjekk musklane ;)
 Her er den ferdige kaka. Det grønne er fondant frå butikken - ferdig farga. Det blå er marsipan som vi har farga med konditorfarge frå cacas. Enkel og grei kake - og veldig stor!
 Spiderman parkerar ved sidan av huset sitt.
 Vi køyrte på med fyrverkeri medan vi sang bursdagssong. Det førte til at ingen sang, alle satt berre med open munn og stirra medan eg sang - hahaha :D
På bordet hadde vi pynta med ymse snop og salte fiskar. Vi hadde lånt ei popcornmaskin av ein kollega, noko som var stor stas!
Eg hadde også kledd meg ut! Eg hadde kjøpt kostyme på nettet som kom i posten dagen før. Det var så kjekt å vere klovn! Ein gjest spurte om eg var heks eller klovn; haha!
Vi køyrte på med dorullkonkurranse. To og to på lag, også var det om å gjøre å rulle den eine inn i dopapir - og førstemann ferdig med rullen sin! Etterpå delte vi ut premier til alle: påskeegg med snop! Beste lagarbeid, først ferdig, mest kreative start osv.

Vi hadde lagt opp til eit meir organisert bursdag enn tidlegare. Likevel er det nokon som blir veldig fort ferdig og springer ned på rommet og herjer.Det vart vel mykje leikeslossing og brøling for vår (og bursdagsbarnet) sin smak, og akkurat når alle hadde roa seg litt ned i situasjonen var de to timane over. Neste år trur eg vi køyrer utebursdag!

torsdag 26. mars 2015

Protein!

Protein er muskelmat! Eg hugsar så godt den reklamen der de viser at protein er som legoklossar i legomannen - genialt! Eg fikk tilbod om å vere med i ein buzzadorkampanje om Yopait Double 0% Protein Plus og ropte sjølvsagt JA TAKK!
Vi spiser masse yoghurt. Eg spiser mest Tine sin naturell, medan ungane om mannen sverger til henholdsvis jordbær og skogsbær. Skal det vere yoghurt med smak vil eg at den ikkje skal vere for søt, heller syrleg. Smaken på desse yoghurtane er god! Særleg sitronsmaken, den likte både eg og mannen best. Konsistensen er kanskje litt rar, men det blir du vandt med ;)
I ein buzzadorkampanje får eg fleire produkter som eg skal "buzze" til andre forbrukarar. Eg hadde yoghurtboksar med på crawltreninga mi. Vi trenar til kl.21:45, og da er det ikkje mange som vil spise ein stor kveldsmat etterpå. I slike situasjonar er denne perfekt! Vi får masse ekstra protein til musklane som har jobba, og vi blir mette! Denne yoghurten inneheld altså dobbelt så masse protein som anna proteinyoghurt og det kan vi digge! Medsvømmarane mine likte de godt, noko som jo er kjekt! For de som bryr seg inneheld ein slik boks like mange kaloriar som ein lita banan.

Eg kjem nok til å kjøpe sitronsmaken igjen, den var veldig frisk og god!

onsdag 25. mars 2015

Bursdagsforbredelser

Storebror fyller 7 år denne veka, og det betyr tre feiringar! Det er umogleg å få alt av familie og vennar inn på ein dag  (så stort hus har vi ikkje), så slik blir det alltid! Vi startar i morgon med barnebursdag etter skuletid.

Vi har mange planar til festen og vi gler oss masse alle saman! Dagen i dag går med på kakebaking og klargjering. Kl.17 i morgon blir huset fult av gjestar, så det er ikkje mykje vi rekker å gjøre før det. Vi hadde eit lite håp om at yttergangen skulle vere ferdig, men det er den ikkje. Så der må vi rydde vekk de aller synlegste teikna på oppussing.
Her er frå påskemuffinsbaking som vi lagde den helga foreldra mine var her. Muffins med sjokoladebitar og appelsin.
Supermektig sjokoladekrem og pynt i gull og sølv. Nam! Ein var meir enn nok! Storebror går for sjokoladekake i morgon; og eg trur det blir meir enn nok kake - vent og sjå!

tirsdag 24. mars 2015

Lypsyl

Frå LikenShare fikk eg tilsendt den nye lypsylen frå Lypsyl - Active Rescue Lypsyl. Måtte eg reise til ei aude øy og kun fikk ha med meg tre ting hadde lypsyl vore ein av de tre tinga! Eg har prøvd alle av Lypsyl sine lypsylar (kor mange gongar kan eg skrive lypsyl i eit innlegg?), og av de er denne absolutt den beste de har!
Den er lett på, men held lenge - og den reparerar også små munnsår. Very nice! Finfin å ha med på tur no i vårværet - vind og sol tørkar fort ut leppene, i alle fall når det er kombinert med få eller ingen varmegrader!

mandag 23. mars 2015

a journey in north korea

Denne teikneserieboka fikk eg til jul av ei venninne. Den er ein av fleire liknande bøker av Guy Delisle; eg skal definitivt lese meir av han!
Sist veke hadde vi nokre varme og gode dagar, så eg satt ute på verandaen med teppe på (det var jo ikkje heilt sommartemperatur) og kosa meg med bok og te.
 Tekoppen har eg fått av mormor som igjen har fått den av svigerinna si som er frå Thailand. Håndmåla og veldig flott - med plass til masse te :) Elefantbokmerket er frå Kristiansand Dyrepark.
I går vart eg liggande lenge for å lese den ferdig. Eg skal overtale mannen til å lese den, han har nett begynt på Game of Thrones-bøkene, men det er verdt å ta seg ei pause for å få ein tur til nord-korea!

søndag 22. mars 2015

Beef Yerky og Clausthaler

I veka fikk eg tilsendt Beef Yerky Peppered og Clausthaler Pale Lager frå LikenShare. Så i går diska vi oss med nye smakar og "Dum og dummere 2".
 Beef Yerky er eit fenomen i USA,  eg hugsa at folk snakka om det, og eg har høyrt om det i filmer. Men eg har aldri smakt, så eg var veldig spent. Designet på Clausthaleren er så fin at eg nesten kjøpte det her ein dag eg var på butikken i solskinn - den lillafargen appellerte veldig til vårhungrige meg!
 Yerkyen var veldig god dei første bitane. Litt søte, perfekt peppra og gode. Men så vart de litt seige, de kunne med fordel ha vore tynnare. Eg er ikkje ein kjøttelskar, så faktisk vart eg litt uvel av å snackse kjøtt - sjølv om eg delte denne lille posjonspakkningen på 25 gr. med mannen. Han likte den ikkje så godt. Men det er i alle fall perfekt som turmat, som alternativ til salte og usunne kjeks!

Lageren var veldig god! Frisk og smakfull!  Begge likte denne, så den kjøper vi nok igjen!
 Digger oksygenfjernaren som låg saman med Beef Yerky! ! Slike ting fasinerar meg!
Eg ba storebror om å rydde golvet før han gjekk på besøk. Eg veit ikkje om dette var betre ;)
I skrivande stund er ungane på besøk hos venner medan eg og mannen skulle tapetsere. 20 minuttar før ungane skulle gå las vi på tapetlimet at veggane og rommet måtte vere minst 18 grader før vi kunne tapetsere. Gangen vår er eit påbygg, og iskaldt no som det har stått utan isolasjon og indre tak i halvanna månad. Derfor jobber mannen no med å isolere taket og varme opp rommet, så kanskje; om vi er heldige;  får vi tapetsert i ettermiddag. Så masse for å sende ungane vekk så vi fikk jobbe i fred!

lørdag 21. mars 2015

Bursdagskort med hamaperler

Lillesøster og eg lagde bursdagskort til ein fireåring sist helg. Ho perla ei mus som vi limte på eit enkelt gult kort som eg har liggande frå mange år tilbake. Eg satte små limperler rundt på kortet, også satte lillesøster på ulike charms som vi hadde liggande etter eit anna prosjekt som vi hadde gjort.
Ikkje sant det vart fint! Det var så kosleg å lage dette saman, og det var koselig å gje det vekk! Lillesøster skreiv også alle navna våre bakpå, ho er blitt så flink å skrive - og kan de fleste bokstavane. Det lønner seg å ha ein bror i første klasse 😆


fredag 20. mars 2015

morgon og kveld


Jon Fosse er ein favoritt! Eg har lest de fleste skodespela han har skrive, og sett de oppsettingane som DNS har hatt av hans dramaturgi. Han har eit nydleg språk! Boka "morgon og kveld " fann eg for 19 kr i Kristiansand i sommar, også har den stått saman med andre uleste bøker heil sidan då. Men her ei veke fann eg den fram, og da las eg den ut på ein dag.
Boka handlar om den første og den siste dagen i livet til Johannes. Den er poetisk, vemodig og god. Rett og slett ein ny favoritt som eg vil lese igjen. Når eg er blitt gammal :)

torsdag 19. mars 2015

Hekta!


Eg er totalt hekta på King Oscar sin Tunfisk med thai chilli! Det er ikkje alle butikkar som har den, så derfor hamstrar eg litt når eg kjem over dei. Det er så godt - og ikkje minst supersunt på knekkebrød. Min nye favorittkveldsmat! Anbefalast!!

onsdag 18. mars 2015

Aktivitetskrukke

Ideen til aktivitetskrukka fann eg på nettet. Der låg også mal til krukka og to ark med aktiviteter som ein kunne bruke.
Poenget er at ein trekker ein lapp frå krukka, og da skal ein gjøre det som står. Ungane var rotlause i går i 17-tida, og da lillesøster kom for å spørre om vi kunne spele Prinsesse Sofia -memo for 70. gong introduserte eg de for krukka.

Det første vi trakk var "teikn ei teikning av mamma" :)
Storebror teikna meg på stranda i raud bikini og med snakkeboble "no skal jeg snart bade". Lillesøster teikna meg med langt hår og baby i magen. Etterpå trakk de "kle deg ut", og når det var gjort var det barneTVtid. Lurt med aktivitetskrukke!

tirsdag 17. mars 2015

Joggelykke!

I dag var det rett over ti varmegrader, lett overskya og vindstille. Det betyr ein ting: joggesesongen er i gang! Dette er det perfekte joggevær, så eg gleda meg skikkelig da eg snørte på meg halvmaratonjoggeskoene mine som meir eller mindre har fått vere i fred det siste halve året. Også grua eg meg litt. Eg er sjølvsagt ikkje i like god form som eg var sist eg jogga, men likevel var eg redd for å bli skuffa - at eg ikkje har trent nok i vinter til at eg kunne ta runden utan gåpauser. Eg bestemte meg for at eg skulle gå i den lille undergangen som er halvvegs i løypa, og at det skulle vere ok.

Men det trengte eg jo ikkje!! Eg jogga heile runden i eitt med samme fart som halvmaratonfarta mi! Det var heilt fantastisk! Lykkehormoner over alt! Sjølvsagt kjente eg det den siste strekka før eg var ferdig, men det gjekk heilt fint og det var så deilig! No har eg berre lyst rett ut igjen!!
Om eg sykler til crawltrening i kveld har eg trent på alle tre disiplinane i triathlon; og med det kan vi vel seie at opptreninga er i gang?

mandag 16. mars 2015

Babykort

Sidan det var to som hadde termin i samme tidsrom lagde eg like kort til begge. I tradisjonelle fargar, rosa til ho som venta jente og blå til ho som venta gut. Og nok eit blått kort til ho som fikk gut tidlegare i vinter.
Det var også ein nybakt storebror og ei nybakt storesøster som eg også laga eit lite kort til av papirrestar :)

Da storebror vart fødd fikk vi fleire diktbøker om babyar, og om det å bli foreldre. De brukar eg kvar gong eg lagar kort. Nokon brukar eg igjen og igjen.
Denne var til babyen som foreldra måtte vente så lenge på at skulle komme seg igjennom det første trimesteret. Eg synas det var så fint og passande for de.

søndag 15. mars 2015

Bursdag og baby

I dag feirer reiser vi frå byn for å feire ein feiande flott fireåring! Samtidig får vi treffe det nyaste tilskotet til familien vår for første gong! Vi gler oss, og særleg lillesøster som er heilt babyfrelst!
Bilete frå vennebesøk her hos oss i februar. Hallen mellom ungane sine rom blir ofte leika i, men no som vi pussar opp yttergangen fungerar denne som gang - og den er skikkelig rotete! Når eg ser kor ryddig den KAN vere gler eg meg ekstra mykje til yttergangen er ferdig!

lørdag 14. mars 2015

A night at the opera

I kveld er det "oppfylle julegåveløfter"-kveld! Eg og mannen, mamma og pappa, skal i Grieghallen å sjå Don Giovanni av Mozart. Handlinga er lagt på ein båt, så eg er også spent på scenografien! Åh, eg gler meg skikkelig! ! I pausa har eg sjølvsagt bestilt vin og snacks, så vi tar den heilt ut i kveld! Det er oremiere også, så vi snakker raud løper! Alltid stas!

fredag 13. mars 2015

Løvstakken

I dag tok eg turen opp på Løvstakken i strålande sol!
 Det var litt skummelt føre med klink is der sola ikkje hadde tatt tak. Det gjekk bra, men kanskje litt seint for å vere trygg.
 Utsikta er så flott! Herfrå kan ein sjå de andre av byfjella også.


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...