tirsdag 17. mars 2015

Joggelykke!

I dag var det rett over ti varmegrader, lett overskya og vindstille. Det betyr ein ting: joggesesongen er i gang! Dette er det perfekte joggevær, så eg gleda meg skikkelig da eg snørte på meg halvmaratonjoggeskoene mine som meir eller mindre har fått vere i fred det siste halve året. Også grua eg meg litt. Eg er sjølvsagt ikkje i like god form som eg var sist eg jogga, men likevel var eg redd for å bli skuffa - at eg ikkje har trent nok i vinter til at eg kunne ta runden utan gåpauser. Eg bestemte meg for at eg skulle gå i den lille undergangen som er halvvegs i løypa, og at det skulle vere ok.

Men det trengte eg jo ikkje!! Eg jogga heile runden i eitt med samme fart som halvmaratonfarta mi! Det var heilt fantastisk! Lykkehormoner over alt! Sjølvsagt kjente eg det den siste strekka før eg var ferdig, men det gjekk heilt fint og det var så deilig! No har eg berre lyst rett ut igjen!!
Om eg sykler til crawltrening i kveld har eg trent på alle tre disiplinane i triathlon; og med det kan vi vel seie at opptreninga er i gang?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...