onsdag 26. september 2012

Knarvikmila og vinterforbredelser

Det er ei stund sidan Knarvikmila, men medaljene henger der framleis:) Talel hadde med seg sin medalje i barnehagen dagen etter, og fikk masse merksemd og skryt frå både voksne og barn. Det ER jo kult å ha fått sin første medalje!
Sjølv har eg lagt vekk joggeskoene for sesongen. No er eg SATS-medlem som køyrer på trening, og tar heisen opp i tredje etasje for å sykle utan å komme meg av flekken, eller gå opp og ned på ei kasse. Nye musklar blir tatt i bruk, og eg har hatt samanhengande gangsperre i låra i to veker. Det er flott med variasjon, eg var ordentlig lei av å jogge meir eller mindre den samme løypa kvar gong. Men eg kan tenkje meg at det er deilig å kunne springe rett ut på trening når våren kjem igjen. Akkurat no nyter eg haust, te, teppe i sofaen og å ta i bruk varme klær som har ligge på lagring i eit halvt år. I helga må vi kjøpe vintersko til ungane, det er ofte kun 6 grader om morgonen når vi køyrer i barnehagen. Vi må også finne fram ull til sengene deires, og handle inn meir ullundertøy. Vi trenger større votter og huer - vinterdressar var vi så lure å kjøpe på tilbod i vår.

Kjøpe, kjøpe, kjøpe - varme, varme, varme! Kose, kose, kose!

tirsdag 25. september 2012

Haust inne

Familien er igjen fulltallig, og mannen fikk ein kræsjstart med marerittunger, kattebæsj og ein dose trass - men også ei kone som er SUPERGLAD for at vi endelig er to foreldre igjen! Han kom listande inn rundt halv to i natt, og stod opp saman med oss i dag for å "gi gode koser og masse susser" som Talel sa:)
Kveldane resten av veka er vekkbooka for min del; møter, teater og trening - også er det plutselig fredag. Mannen har ein del skulearbeid å ta igjen, så da er det kanskje like greit at eg ikkje er heime og er pratesjuk. Men eg håpar vi kan ta oss tid til ein lite kvarter i sofaen i kveld, med stearinlys og litt uforstyrra prat - for jammen meg har eg sakna kjærasten min desse dagane!

mandag 24. september 2012

Utsikt frå soveromsvindauget


Det er STAS med gravemaskin som graver opp hagen til huset litt oppi vegen. Også er det STAS å tenkje på at natt til i morgon kjem mannen heim. ÅÅÅÅÅHHHHH som vi har sakna han! Særleg etter at mamma og pappa min reiste heim igjen i går. Eg er ikkje laga for aleinemammaing!!! Sjølv om desse to er verdens søtaste, snillaste og godaste...



stort sett...

torsdag 20. september 2012

Haust ute

Det er framleis grønt - det blir vel aldri fargelaust; det berre føles slik når det begynner å bli mykje bruntonar overalt. Og brunt blir det - i alle fall med så masse regn som vi har hatt de siste dagane! Heldigvis er det meldt fint vær i helga; det blir godt med sol!
Mannen har erfart at det ikkje er så lurt å la støvlane stå ute; her regner det sidelengs - og klassikaren fot oppi støvel full av vatn er minnereverdig:) Støvlane står framleis ute, men "rett" veg;) ...kvar er den andre støvelen?
Det er enda nokre blomar igjen i bedene. De små vannkannene eg har ståande innimellom lauv og ugras er stort sett fulle av vatn.
I helga pakka vi vekk tramponlina. Her får ungane ta seg nokre siste hopp på det som ei lita stund var eit tørt lerret.
Takk for i år sommar! Velkommen haust!

onsdag 19. september 2012

Grovbakst

Vi er glade i å bake! Slik ser bakeplata ut etter at ei på 31, ein på 4 og ei på 2 har baka grove rundstykker av restemjøl av ymse slag. Kvar bolle har sin personlighet - og alle smakar like godt!


På fint dreia fat som eg fikk til 30-årsdagen min. Det er ikkje alt som kan bli servert så stasleg (sidan treet er ubehandla), men rundstykker er godkjent.
...og ja... kornet er knabba frå ein kornåker i østfold. Vi stoppa bilen, eg sprang ut og hoppa over ei gjørmete grøft for å dra til meg to strå. Turist i eige land!:)

tirsdag 18. september 2012

Ålesund


Da eg var i Ålesund på regionskonferanse sist veke var eg KNALLHELDIG og fikk eit stort dobbeltrom med to TV, stue, møtebord...

... små hotellflasker på badet, og vinglass (sjølvsagt?)...
...og ei deilig seng med morgonkåpe og tøfler.
Men, som det ofte er, var eg knapt nok på rommet. Da vi hadde halvanna time utan program gjekk vi ut for å beundre Jungendbyen. Her er Ålesund kirke, bygd på grunnen der den gamle kyrkja låg før bybrannen i januar 1904.
Flott kyrkje i stein!
Brosundet, eller det som originalt hette Ålesundet. Vi var så heldige å få ei førelesning om byhistoria medan vi var der; med vekt på bybrannen. Akkurat no ligger alt ganske langt framme i pannebrasken, han som fortalte og viste bileter var kjempeflink! Viste du foresten av de som busatte seg i Ålesund på midten av 1800-talet var bergensere som ikkje klarte å etablere bedrifter i Bergen? Artig! Bak på dette biletet kan ein sjå Fjellstua. Herfrå er det fantastisk utsikt over byen! Neste gong eg er i Ålesund skal eg ta turen opp trappene og nyte utsikta! Eg er så heldig at eg har familie der, så eg håpar det ikkje blir så lenge til neste gong. Faktisk skal mannen min opp i morgon, men han skal rett ned igjen samme dag, så det blir ikkje noko Fjellstuevandring på han heller.
Jungendsenteret, og litt Parisiske vibbar i lykta vil venstre. Eg har eit tilnærma likt bilete frå Paris, men med ei anna bygning bak sjølvsagt:)

Ålesund er ein flott by, også i sidelengs regn slik det var sist onsdag. På torsdag rakk eg å treffe halve familien min før eg tok kveldsflyet heim til Bergen. Kjekke og inspirerande dagar!!

fredag 14. september 2012

Sniknynorskifisering

Medan eg var i Ålesund var Talel invitert til 5-årsdag, så før eg reiste pakka eg inn gåve og skreiv på kort slik at aleinepappaen fikk litt mindre å tenkje på. Eg liker å gje bøker. Om bursdagsbarnet vart glad for ei bok? Det veit verken eg eller den lille gjesten hans; i og med at de hadde selskapet på leikeland fikk vel knapt nok nokon med seg noko som helst. Men GØYT, det hadde det i alle fall vore!
Også gjer eg helst bøker på nynorsk. Sniknynorskifisering som kaaaanskjeeee gjer at det er fleire som er interesserte i nynorsk når de begynner på skulen. Jaja, mest sannsynleg vil det vere null forskjell, men eg har i alle fall gjort eit tiltak!

tirsdag 11. september 2012

Nytt hus-kort

Inspirert av eit liknande hus som Talel kom heim med frå barnehagen i vår har vi laga eit nytt hus-kort til svigerinne med familie som ... det seier seg vel nesten sjølv... har flytta i nytt hus.
Talel har teikna inne i dør og vindaug, medan eg har pynta med blomster. Oppskrifta er enkelt og greit to ark som er limt oppå kvarandre og klipp, klipp, klipp - ferdig arbeid.

Inne i døra ligger det ei jakke på gulvet. Høyres ikkje kjent ut (:))

I morgon går turen til Ålesund og to dagar med konferanse og hotell. Eg rekkjer også å treffe familie sidan eg skal fly heim igjen nokre timar etter at konferansen er over. Eg ser fram til spanande konferanse, og gruar meg til å ikkje sjå Talel og Janna mellom i kveld og fredags morgon. No var det ikkje så lenge til helg nei!!

mandag 10. september 2012

UFO


UFerdige Objekter - eit skjørt til meg - strikka på pinne 2.5 med tynt garn - HJELPES!!! Det er derfor det er det det er, og har ligge som ei vondt tann nederst i strikkeskuffa i eit år vil eg tru. Eg liker å fullføre det eg har starta på, og i "spare-penger-til-nytt-bad-ånd" er det smartare å fullføre det ein har framfor å kjøpe nytt garn til nye prosjekter. Derfor strikker eg no på skjørt til me, myself and I. I helga har eg gått over til 3.5 pinne (i tråd med oppskrifta, ein strikkar frå livet og ned), men garnet er framleis tynt, og det er 4v og 1r, skikkelig bale med andre ord. Og snart er eg på 12 cm, og da skal eg begynne å AUKE - grøss!

Så det er det eg bruker kveldane mine på. Medan mannen studerer og ungane sover. Det er offisielt haust!

fredag 7. september 2012

Papirglede


Denne fine papirblomsten kom Talel heim med denne veka. I følge han er det ein tryllestav. Fin er den i alle fall. Etter sommaren begynte han på ny avdeling, og er no nest eldst i barnehagen. I samlinga har de jobba med å høyre etter og svare "ja" (og ikkje nei, veit ikkje, ja på alle etc) når det er navnopprop. Når de gjør ein god jobb får de ei kule. Heime har han snakka om desse kulene, og har vore kjempestolt på vegne av alle når de har fått ei kule. Og litt skuffa når det ikkje vart kule. I går fikk de kule nummer 10!! -så i dag er det premietid! "Catch them being good" er eit utprøvd system i kommunen der eg jobba tidlegare, og dette er eit system mange lærarar brukar - også de som ikkje er plassert i ein "slik gjer vi det her"-tradisjon. At dette fungerer godt for Talel, OG veldig mange andre er tydleg - og vi har gleda oss med han kvar gong de har fått kule. Han begynner å bli stor, noko som no blir tydleg gjennom avdelinga og fokuset de har der. Veldig gøyt og spanande for både han og oss! Premien er ein spasertur opp på butikken for å handle frukt som de så skal dele opp og blande saman til fruktsalat - eg kan tenkje meg at de STORKOSAR seg i dag!

Janna tok nok ein gong av seg nattis og bleie før ho sovna i går, så i ettermiddag må vi vaske og tørke nedtissa seng, madrass, pute og dyne. Eg har tidlegare sydd ein nattis saman (kvifor er de full i knappar??) slik at vi må tre jenta inn i den, no må eg ta føre meg de andre også slik at ho ikkje klarer å ta den av seg. Helga er ikkje "bare, bare", men den er jo det! I stor grad!

tirsdag 4. september 2012

Ny favorittneglelakk

Denne har eg sikla på i ein evighet, men vore usikker på om den var skikkelig "meg".
Glitter og stas på neglene midt på ein tysdag? JA TAKK!!
No har eg to og ei halv veke på å trene meg opp til betre tid på 5 km, det startar alt i kveld, med intervalltrening er eg redd...

Ser fram til Grey's i kveld - da er treninga over:)

Ha ein flott dag!!

mandag 3. september 2012

Mikkelparken

Sommarbileter frå Hardanger er på sin plass no som det har blitt september - og haust! Sjølv om eg storkosar meg med teppe, strikketøy og stearinlys er det godt å tenkje på gode sommardagar!
Mikkelparken er liten, og akkurat stor nok for ein dag. Vi var der i fjord også, så Talel hadde forventningar - nokon vart innfridde og andre ikkje. Andetrøbåtane tok vi i fjord også:) Og i år kunne vi ha ei lillesøster med i båten også!
Etter at vi besøkte Hunderfossen i sommar er ungane meir opptatt av troll; her fikk Talel og Maja utforske nokon små eksemplarar av typen medan de andre voksne (og barn) var på butikken og kjøpte is.
Her passar det å skyte inn at eg er 1/4 hardangerværing (harding? hardangaring?)!
Far og son.

I går var det Knarvikmila for alle pengane. Mannen og ungane gjekk ei naturløype, og eg sprang 5 km. Vanlegvis bruker eg mellom 25 og 30 minutter på 5 km, og i går brukte eg 35(!), så det var ei tung økt! Lite mat og høg luftfuktighet får skulda, men enkelte dagar er ein berre ikkje like spretten. Jaja og neinei. Det var kjipt at det gjekk så treigt når det var løp og greier, men shit au. No har eg jogga i over eit halvt år og er litt lei av å springe rundt - så eg held på å skjekke ut treningssenter i nærleiken for eit litt meir variert treningstilbod. Eg liker at det er litt komfortabelt også, og no (med klagete stemme) synes eg det begynner å bli litt kaldt ute. Og mens eg er i klagehjørnet; ein går ikkje innom tax free når ein reiser med privatfly. Så det vart ingen parafyme på meg etter at mannen var i Danmark sist veke. Da vart det plutseleg ikkje like interessant å fly med privatfly lengre...

:)

I kveld skal eg og mannen på kino; Kon Tiki! Hurra!!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...