fredag 31. mars 2017

Lyderhorn i snø og liten kuling

I dag er det bursdagsfest for 9-åringen vår - og eit utall browniesmuffins og fleire kilo popkorn skal produserast! Lang unna er denne dagen - som var i mars - da vi gjekk på Lyderhorn saman med speidergruppa som storebror er med i og mannen leiar for. Hadde det vore kun oss sjølve hadde vi nok ikkje gått - men delt sorg er halv sorg - så opp vi gjekk!
Vi var vel rundt 40 sprekingar som trossa begynnande tåke og drittvær og trakka oss veg! Storebror hadde funnet fram supergiret og var fremst i gjengen nesten heile vegen. Lillesøster trengte meir motivasjon. Da vi kom opp på sjølve ryggen var det veldig isete, og det var her vinden tok oss skikkelig! Innimellom hadde vi så masse motvind at det vart vanskelig å puste.
Eg fikk knapt nok tatt nokon bileter på vegen opp. Lillesøster skulle godsnakkast med, og eg måtte holde eit halvt auge på storebror som sprang inn i tåka foran oss. Rett før toppen tok mannen seg av lillesøster og eg tok igjen speidaren vår slik at han skulle vere ekstra forsiktig opp den siste oppstigninga til toppen. Her er det blank stein (les: is) og eit langt fall ned om ein skulle vere uheldig å skli. Men det gjekk fint - og oppe var vi!

Etterkvart kom også lillesøster og vi fant ein lun stad under nokon trær der vi kunne slå oss ned og spise lunch. Vi var ganske badass heile gjengen på dette punktet, men vi var slitne etter å ha gått i motvind heile vegen. Medan vi satt der begynte det også å snø, noko som gjorde tilbaketuren ekstra spanande sidan vi no ikkje kunne sjå kvar det var is.

Av og til er kakaoen ekstra god!
Slik sår det ut da vi sklei nedover fjellsida.No hadde vi medvind - det var fint - det gjekk fort nedover til bil og heim til varmt hus. Eg var kald resten av dagen etter denne turen, men åh kor stilig det var å gjøre det!

torsdag 30. mars 2017

Innhaugfolket

Denne mursteinen av ei bok kjøpte eg før eg fikk mann og barn, så den er blitt med på fleire flyttelass enn eg gidder å telle! Eg var på utkikk etter ei litt lang bok, og da vart denne eit sjølvsagt valg. Boka består av de fire Innhaugfolk-bøkene og er på godt over 800 sider.
De første 200 sidene var ganske kjedelige, men likevel ikkje så kjedelige at eg ikkje ville lese. Det var ok, og det var det. Men så kom eg inn i skrivestilen og historia - og da gjekk det mykje lettare. Når ein leser så mange sider i ei bok blir den annleis enn liknande bøker på kanskje halvparten av sidene. Så etter at den var lest ut var den med meg i fleire veker - som om eg framleis las den. Det er vanskelig å begynne på ny bok etterpå!
Ikkje plass til både tjukk bok OG pus

onsdag 29. mars 2017

For 9 år sidan

I dag er det 9 år sidan storebror skunda seg ut i verda for å sjekke ut kva den hadde å tilby. Eg som to dagar tidlegare hadde blitt sjukmeldt de to siste dagane av jobben før permisjonen min begynte fordi eg følte meg heilt utslitt. Mannen som hadde ordna seg fri tre dagar seinare for å bli med meg til jordmor og fødselsforbredande samtale. Den lille babyen inni magen min som ville ut ein heil månad før planlagt tid. Vi veit ikkje kvifor det vart prematur fødsel, men eg hadde høg feber heile dagen og gjennom fødselen, så de trudde på Haukeland at det var ein slags infeksjon som gjorde at vatnet gjekk.
Åh som du skreik, lille venn. Etter masse grining sovna du, og du sov meir eller mindre i ein heil månad. Den tida du eigentlig skulle vere inni magen min. Vi måtte vekke deg og gje deg mat kvar tredje time heilt til du var over 3 kg. Da kunne du få sove litt lenger samanhengande.
Du elsker å høyre om når du var baby. Kor liten du var og kor trøtt du var. Du sovna medan du fikk ny bleie. Du sovna undervegs i måltidet. Du var fleire veker før du var voken i meir enn 10-15 minutter. Lille venn!
No er du lang og sterk, smart og voken. Eg kunne ha skrive ei bok om alt du er og alt du betyr. Mest av alt - du er fantastisk!

tirsdag 28. mars 2017

Blå himmel og Lyderhorn

Det er nummeret før eg solgte huset da eg fikk vite kor varmt det var på austlandet i helga! Men i dag er det sol i byen mellom de 7 fjell og det gledast! Ekstra stas er det at eg skal på møte i byn og kan gå ein time i sola frå og til - det er jo begrensa kor mykje sol vi får med oss i kvardagane.
Utsikt mot Askøy og Sotra.
Bileta er frå ein annan soldag i mars - da tok eg turen opp på Lyderhorn. Akkurat no er det få ting som slår blå himmel!
Utsikt mot Flesland.
Denne dagen gjekk eg den bratte vegen opp frå Kjøkkelvik. Over tregrensa er det så bratt at ein må følge slike blå merker i fjellet. Det gjør også at det er ekstra kjekt å gå denne vegen for ungane.

HURRA! På toppen på 25 minutter! Det er bratt og svært høgdemetereffektivt!


Nok ein gong skreiv eg meg inn i boka på toppen. 7.mars var dette. Eg var nummer 6 på toppen denne dagen, min tredje tur opp i år. Sjekk nummer to denne dagen - han hadde runde nummer 51!!

På toppen var det snø, men det var heilt vindstille og rett og slett magisk å vere der heilt aleine medan pulsen roa seg og tilbakevegen kunne begynne. Herleg - og sakn i dag - men eg tar den friske lufta eg får (iblanda eksos sidan eg skal bevege meg i byn).

mandag 27. mars 2017

Gå tl jobb!

I dag flytter vi til nye kontorer! Åh, så kjekt det blir å komme på jobb i morgon og sjå korleis det nye kontoret mitt ser ut når alt er på plass! Det er nesten som å flytte inn i eit nytt kollektiv! Heile huset er nyoppussa til oss - det er så lyst og fint!

Men sidan alt blir flytta i dag skal eg jobbe ein anna stad, og det er i gåavstand heimfrå! Det er luksus! Der er meldt ok vær også, så eg ser fram til spasertur før arbeidsdagen starter!
Kveldstur gjennom parken vi bur ved.

søndag 26. mars 2017

Sommarferieplanar

I år skal vi prøve noko heilt nytt! Vi har avtalt husbytte med ein familie i Paris! Dette er igjennom ei velrenommert husbyttenettside som vi har fått anbefalt. Eg lagde i vinter ei annonse som vi la ut. Akkurat den familien vi no skal bytte med var det vi som tok kontakt med. Ellers har vi blitt kontakta av nesten 15 andre familier frå Tyskland, Sveits, USA, Østerrike og Italia, men sidan vi har ferie i juli, og de fleste andre i august, var det litt vanskelig å finne nokon som kunne bytte akkurat samtidig med oss. Men -
Lager boligannonse til sommarferiegjestar!
I heile to veker har vi eit heilt hus i Paris, kun 20 minutter unna Notre-Dame, kun for oss sjølve! Vi har hage, tre soverom og finfint kjøkken - og tre kattar! Samtidig er de som vanlegvis bur der heime hos oss og tar vare på Puste for oss. Genialt! Vi gler oss kjempemasse og snakkar om det nesten kvar dag! Paris - here we come! (snart)

lørdag 25. mars 2017

Bursdagsforbredelser

I dag skal vi tråle butikkane etter det vi trenger til bursdagsfesten vi skal ha for storebror neste veke. Han skal ha kinobursdag og har invitert heile klassen og nokon venner som ikkje går i samme klasse som han. Vi blir rundt 25 gjestar - så her må vi ha masse snop!

Han snusar litt på preteen-tilværelsen; og i år (i motsetning til tidlegare) vil han gjøre noko som ingen andre har gjort før. Han skal servere grandis i stadenfor pølser med brød. Og han skal vise film med prosjektor på lerret i eit lokale som vi er så heldige å ha tilgang til. Vi skal ha popkorn i mengder, og ikkje minst snopeposar som blir delt ut før kinoen begynner. Han har også laga kinobilletter med stolnummer til alle! For første gong blir det ikkje stor og tidkrevande kake, men brownies i muffinsformer. Eg må seie meg svært fornøyd med utviklinga og gler meg til å sjå film saman med den fine gjengen!
"Sprekk ballongen"
Det er heller ikkje gøy å gje leikar lenger. No ønskjer ungane seg penger som de kan spare til noko. Her har storebror knøta 100-lappen inn i ein ballong som han gav i gåve for nokon veker sidan.

fredag 24. mars 2017

Lys!

På lik linje med at ein merkar det om hausten - at lyset forsvinner - merkar ein det om våren - at det kjem tilbake. Kvar dag eg køyrer heim og svingar rundt åsen der sola på den mørkaste tida alt er på veg ned er den no langt oppå himmelen! Snart er den på min høgre side, og det merkast frå dag til dag! For kvar vekesaktivitet ser vi at det nesten ikkje lenger er mørkt når vi kjem heim like etter kl.19. Det er til å ta og føle på - og det er så godt!
Puste går snart inn i uteperioden sin. Der vi kun ser ho ute og rundt huset. Ho blir mindre og mindre kosete, og vil knapt nok vere inne. Men enn så lenge synas ho det er for kaldt ute og er megagigaoverdose kosete inne. Ho er jo faktisk over 14 år gammal alt, så da auker kanskje lysta til å berre vere inne og nyte det gode liv? Her prøver eg å få ho inn ytterdøra heime. Ho liker best å gå inn kjøkkendøra, kun av og til blir ho med inn her framme. Litt skeptisk her altså...

torsdag 23. mars 2017

Naturforlystelse




øystein hauge

(overlevelsesteknikk)


dei overlevde av bær dei fann i skogen
av fisk dei fanga og av snø dei smelta
av kvistane dei sanka til bålet

det var helgeturane ut av byen
som holdt liv i dei
instagram:renpoesi

onsdag 22. mars 2017

Generalprøve

I kveld skal eg og mannen på generalprøven av "Jeppe på Bjerget" på DNS. Hovedrolleinnhaveren er ein favoritt hos oss - og vi gler oss skikkelig med skyhøge forventningar om ein artig kveld!
Ungane før publikumsprøva av "Danny og den store fasanjakten"

tirsdag 21. mars 2017

Heimestrikka genser

Strikke genser til meg sjølv har vore ein lang veg - frå å benekte at det nokon sinne kom til å skje til i går da eg faktisk gjekk med den heime. Å strikke er ikkje det gøyaste eg veit, og eg liker at det blir ferdig ganske fort. Derfor synas eg det er best med små plagg som huer, og til nød sokker. Babysokker går fint, det er superraskt! Men så tenkte eg at det hadde vore kjekt å strikke noko til meg sjølv. Det vil jo vare lenger enn babytøy og no er det ingen babyer å strikke til heller.
Eg kan faktisk ikkje hugse når eg la den opp. Det var vel i haust. Eg hadde kjøpt mjukt, blått garn som eg skulle bruke. Eg trengte masse meir enn eg trudde - så eg tråla -nille etter akkurat den fargekoka fleire gongar. Til slutt kjøpte eg alt de hadde, og det var akkurat nok!
Strikking og "Snøfall" på NRK i desember.
Her er genseren eg strikka. Lettstrikka står det! Jepp - det er den jo. Men det tar likevel tid!
Det fine med genseren var at eg kunne strikke den medan eg såg TV, hadde besøk eller var på besøk. Da går det litt fortare. Eg vart ferdig med den i januar, men sidan eg hadde brukt anna garn enn Nøstebarngarn, vart den litt annleis i passforma. Den vart veldig laus oppe i halsen, og pga trådmangel kunne eg ikkje strikke den meir saman heller.
Derfor er den eigenproduserte og førstestrikka genseren min kun til heimebruk!
Men det er supervarm, og så mjuk! I går fikk eg mange klemmer av ungane berre fordi de likte å knuge seg inntil den mjuke genseren.

FERDIG!

mandag 20. mars 2017

Denne veka

Denne veka blir fin! Det skal skje masse spanande - her er noko av det eg skal fylle tida med:

1. Pakke kontoret i esker - dette er siste veke i "gammalt" kontorlokale.
2. Gå på DNS saman med mannen.
3. Bli med lillesøster til frisøren.
4. Spasere i meldt fint vær på torsdag for å komme meg på eit møte og for å spare penger i bompenger.
5. Handle inn noko av det vi trenger til oh stor 9-årsdag neste veke.
6. Sterkt vurdere å pakke vekk vintergarderoben min. Eg er så lei tjukke klær - la vårvarmen komme!
7. Vere med på mosaikkverkstad.
8. Representere jobben på fest (den beste avspaseringsmuligheten i verden).
9. Lage vafler på vaffeldagen 25.mars.
10. Omsider skru klokka fram til sommartid! Jippi!

søndag 19. mars 2017

Premie?

Denne veka har vi jobba med 1)å stå opp med det samme klokka ringer om morgonen og kle på seg utan at eg må mase, og 2)gjøre lekser. Premien var badeland i dag, og heilt til torsdag såg det ut som om det vart akkurat det. Men nei. Den dagen var det veldig vanskelig å stå opp.  Det er jo dumt, de har jobba kjempebra heile veka! De dagane lillesøster var sjuk stod storebror opp heilt aleine, kledde på seg og pakka sekken - og gjekk på sfo. Medan eg låg i senga og sov. Tenk det!! Men vi prøver igjen neste veke. I dag går vi heller på fjelltur med speideren før vi skal til gode venner på middagsbesøk. Tipp topp det også!
Lillesøster lærte å strikke i haustferien i fjor, og jobber framleis med det som skal bli eit teppe til barbiedukkene sine. Stor stas!!

lørdag 18. mars 2017

Stoltzekleiven og Fløyen

Laurdag for to veker sidan tok vi med oss tre barn og gjekk det som etterkvart har blitt ein familiefavoritt - opp Stoltzekleiven og vidare mot Fløyen og ned igjen derfrå. Storebror hadde overnatting av ein kamerat som var med oss. Denne kameraten er full av konkurranseinstinkt, så de to fikk lov å springe opp trappene foran oss. I følge kameraten hadde de gått opp på 13 minutter "jeg telte helt selv!"! Det er eg usikker på, men eg er sikker på at det var rekord for storebror i alle fall - han bruker å gå i sneglefart halve vegen ettersom vi bytter halvvegs på kven som får lov å gå fremst.
Etter halvvegs gjekk eg frå mannen og lillesøster for at ikkje gutane på toppen skulle måtte vente så lenge. Vi gjekk frå platningen og opp til Sandvikspilen for å sjå på byen vår langt der nede. I himmelsynet er frå venstre, Løvstakken, Damsgårdsfjellet og Lyderhorn.

Ulriken til venstre og Løvstakken til høgre.

10 minutter etter kom mannen og lillesøster opp med store smil! De hadde med seg snacks i sekken, så her vart det litt kjeks og sjokolade. Vi var usikker på vinden, men det trengte vi ikkje å vere, det var heilt vindstille her. Men vi ville gå litt vidare før vi åt lunch likevel.
Meg og lillesøster.
Vi gjekk bak og vidare mot Fløyen. Her var det snø, hipp hurra!
Ved enden av dette vatnet var det ein solvarm stad ser vi satte oss for å spise lunch og nyte varmen.



Tenk å sitte slik med ein god venn - heilt i fred!
Vi fordelte oss på steinar og gutane fikk verte litt for seg sjølv. Det er litt viktig for tida. Storebror hadde bært lunchen til begge to heile vegen.
Vi gjekk etterkvart vidare til Fløyen der det var vikingaktiviteter i samanheng med vinterferien, så det var vanskelig å rive seg laus å komme seg heimover. I alle fall når vegen ned er ganske lang og kjedelig! Turen tok heile formiddagen, heilt supert! På veg ned hadde vi også buekorpsmusikk rundt oss, det er alt full øving til 17.mai!

fredag 17. mars 2017

Hoteller


Etter i dag har eg vore på hotell fire av de siste sju dagar - phuu! Det vart ei veke med konferanser og fagdager - og masse mat!
Eg digger hotellarbeidsdager sjølv om kva vi no enn finner på etter lunch er ei utfordring etter lunchbuffet og dessert! Snork! I kveld blir det fint å shlække i sofaen. Pga så mykje snoping på jobb for tida har eg og mannen innført snopestopp heime i nokon veker fram til påske. Men vin er lov!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...