tirsdag 28. februar 2017

Harafjell - og værbommert

I dag var det meldt regn og det regna masse da vi satte oss i bilen. Ungane var nedlessa i regntøy og støvler, og eg tenkte - i det eg kjørte ned gata - at det var deilig at det for ein gongs skuld var det været som var meldt, og at eg kunne være på jobb å vite at ungane hadde klær etter vær.

Men så skein det opp da. Før klokka var 9 var det sol og knallblå himmel! Fint - men arg!
Bileta er frå finfin solskinnstur på Harafjellet (163 moh). Her er det skog for alle penga, heilt til ein kjem til eit slags svaberg midt i skogen der det er opent og nydleg utsikt over Bergen Vest.
Lukta av varm skogbunn

Svaberg - midt i skogen!
Her er utsikt mot Sotra til venstre og Askøy til høgre. Og blå-blå himmel! Fantastisk!

mandag 27. februar 2017

Fastelavnstur: Bildøyfjellet

Etter den suraste og kaldaste laurdagen i manns minne (ikkje heilt da, men kom igjen! Det er snart mars!) la vi gode planar om tur i sola som var meldt på søndag. Her måtte vi ha tunga rett i munnen for at turen skulle bli bra grunna to ting: 1) Lillesøster hadde vore på overnatting hos venninne sidan fredag og vi viste ikkje heilt korleis humøret var etter litt lite søvn og 2)det var fastelavn, og vi hadde bollebakingplaner - og planer om å lage heimelaga fiskegrateng til middag.

Altså måtte ikkje turen bli for lang. Men lang nok. Vi vill jo utnytte dagen!
Mannen hadde vore på jobb i nærleiken av Bildøyfjellet i Fjell kommune på fredag, og meinte at det var ein fin tur! Vi gjekk for den! Lillesøster var superglad, og det var faktisk ingen problem å få de opp den lange og bratte asfalterte vegen opp til Ja-steinen som låg like ved pumpehuset til Bildevatnet. Her var det nydleg utsikt mot Bergen!
Vidare gjekk vi opp til Bildevatnet som ligger på ca.180 moh. Dette er drikkevatnet til kommunen. Sjå kor herleg i sola!
Her snakka vi med ei dame som sa at Bildøyfjellet var like oppi hogget. No var vi ferdig med veg - og her var det spanande med is og snø! Ungane storkosa seg! (og da gjør jo de voksne også det)
Frå Bildøyfjellet såg vi bortover ei varderekke, og vi fikk anbefalt å gå vidare. No var det kun i kupert terreng og ein unge sa ja - så da gjekk vi. No viste det seg at lillesøster kanskje ikkje var så glad likevel. På toppen var det også iskald vind, noko som ikkje falt i god jord.
Ved denne flotte varden åt vi lunch. Men det var veldig kaldt, og lillsøster var sur nesten heile tida, så vi var raske og begynte fort å bevege oss ned igjen. Det høgaste vi var på turen var 274 moh, og det var nok her ved varden.
På veg tilbake vart etterkvart lillesøster blid igjen. Heldigvis er de sjeldan sure samtidig, storebror var i megahumør heile turen! Det var godt å komme litt ned igjen, da stilna vinden heilt. Lunchpauser på toppar er kanskje ikkje heilt ideelt for februarturar.
Vi stoppa på nytt på Ja-steinen og åt siste resten av lunchen vår der. Varm kakao og ein kjeks. Storebror hadde plukka med seg denne flate steinen som ho har flytta inn i "skjulestedet" heime i hagen.
Vi var heime i god tid til middag og boller - og ein roleg ettermiddag for enkelte som trengte akkurat det.

søndag 26. februar 2017

Tannfe?

På onsdags kveld denne veka datt ENDELIG lillesøster sin andre framtann ut! No har ho ingen tenner, verken oppe eller nede. Det er nydleg!! Ho er ganske så tøff, men denne tanna har hengt på pur F i to veker. Eg skjønnar ikkje at det kan gå ann! For å seie det slik - den datt ut fordi ho åt yoghurt! Da er den laus da!

Ho la den i eit glass til tannfeen, og da kom det frå storebroren som i det siste held på å finne fram til sin ganske så kule og individuelle personlegheit.

"Jeg tror ikke tann-feen finnes. Jeg tror det er mamma eller pappa som legger pengen i glasset etter at vi har sovnet på kvelden. De tar sikkert tanna og bare hiver den i søpla. Hva skal de med tanna liksom? Nei, jeg tror ikke på tann-feen. Men nissen finnes! Det er garantert"
Storebror hos tannlegen for nokon veker sidan.
Eg bekrefta ikkje misstanken, men han er jo spot on! (ikkje med nissen da :))

lørdag 25. februar 2017

Noko i Fanastrikk

I ei eske i klesskapet mitt har eg garn, strikkepinnar, nokon strikkeoppskrifter og enkelte uferdige prosjekter. Dette prosjektet; eit putetrekk i Fanastrikk etter oppskrift frå Nøstebarna, har blitt tatt fram og lagt tilbake fleire gongar. Ei ekte restestrikkopplegg med dobbel tråd - berre for å bruke den opp!
I begynnelsen var den brun og kvit. Eg kan ikkje hugse at eg har strikka det, så dette er gammalt! Kanskje 3 år. Minst 3 år! Etterkvart vart den grå og kvit, og det var den da eg plukka den fram igjen no.
Skal vi kose?
Eg måtte kjøpe nytt garn. Både kvitt og grått, slik at det vart ferdig. Undervegs lurte eg på om eg skulle la den bli ein genser. Men sidan den er i dobbel tråd ville den bli for tung. Så lurte eg på om den skulle bli sitteunderlag. Men sidan eg har så masse restegarn i den veit eg ikkje kva for tråd det er, og da ville den kanskje ikkje bli skikkelig tova slik eg ville.
Eg kan i alle fall sitte her. Oppå deg.
Den fikk bli til pute. Sjølv om oppskrifta ville ha inn rosene også, lot eg den vere som den var. Stripete heile vegen.
Noko skjedde med den første grå stripa. Der er den litt skrukkete. Kanskje det var ein rar rest? Kven veit. Eg brukte ei gammal silkepute inni og sydde den godt fast. Like etterpå kom storebror og lurte på kor yndlingsputa hans var? Åja! Så det var den det ja? Det var nytt både for meg og mannen. Storebror var ikkje happy. Men eg synas det var fint med strikkapute i sofaen! Betre enn gulna liksomsilke!


fredag 24. februar 2017

DNS

Etter jobb og skule i dag skunder vi oss heim for å skifte frå karnevalkostymer (det har vore karneval på skulen i dag) til vanlege klær - og rett ut igjen, for klokka 16:30 skal vi på publikumsprøve på DNS. Vi skal sjå Danny og den store fasanjakten som har premiere 1.mars. Storebror har lest boka fleire gonger, så han gler seg ekstra mykje! Eg har faktisk aldri lest den, og eg har lest nesten alt av Roald Dahl! Smekk på fingeren der altså!
Men eg er sikker på at det er kjempebra, de brukar å vere veldig gode med barneforestillingane på DNS! Det er Petter Næss som er regissør, og eg har sett nokon klipp frå prøvetida - dette blir bra!

Etterpå skal mannen rett på konsert medan eg skal køyre lillesøster på overnattingsbesøk før eg og storebror setter snuten heimover til ein stille kveld i tosomhet. Ein bra fredag!

torsdag 23. februar 2017

Lys morgon!

I dag er første morgonen eg har merka at det var skikkelig lys da vi gjekk ut av døra heime før klokka 8. Det er sol og kulde i dag, men lyset! AHHHH!!
Når eg rundar Laksevåg møtar eg Ulriken midt imot. På eit tidspunkt kjem sola over fjellet, og det er ein merkedag! Både når den kjem og når den ein gong på hausten er vekke. Her er eg rundt samme tid kvar dag og her merkar eg forandringa best! I tillegg til kveldssola når eg køyrer heim igjen etter jobb, sjølvsagt! På bilete har eg raudt lys og klarte akkurat å ta eit bilete med mobilen på veg på jobb i dag. Sjå sola som SNART er over Ulriken! No er det berre dagar igjen - så blir eg blenda midt imot! Eg kan ikkje vente!

onsdag 22. februar 2017

Pusteegg

Eg såg eit bilete på instagram av ein kvit katt med klementin oppå - også såg det ut som eit speilegg.
Ho er kanskje litt for fluffete til at det fungerer heilt? Eg veit ikkje. Men ideen er artig!

tirsdag 21. februar 2017

Bananbrød

Eg er ein sucker for bananer i bakst, men innimellom opplever eg at eg er den einaste. Som facebook-reklame fikk eg link til Coop sitt litt sunnare bananbrød. Det hørtes jo så deilig ut, og nesten litt sunt - også hadde eg akkurat 2 godt modne bananer på kjøkkenbenken, så eg gjekk i gang!
Da det var middag og ungane kom heim sa de alt nedi kjellaren "hva er det som lukter så godt?". Jo, det var bananKAKE sa eg, og bad lillesøster om å dele opp. Og for første gang altså, så likte alle bananbrødet! Eg meiner det smakte like godt som alle de andre gongane eg har laga med liknande oppskrifter, men denne tok kaka altså - og den vart spist opp av fleire enn meg! Suksess!

mandag 20. februar 2017

Helgeferie

Denne helga var jo ikkje lenger enn vanleg, men det kjennes som om vi har hatt ferie! Det har skjedd så masse at det virker som om vi har hatt ei veke - det har vi jo ikkje - men det har vore intenst og fint. Nokon har ledd kjempemasse, nokon har vore på hyttetur, nokon har hatt overnattingsbesøk, nokon har vore på IKEA, nokon har køyrt lang biltur, nokon har solg gammalt sportsutstyr utan å bli pruta ned, nokon har laga orienteringsløype både på papir, kart og uti skogen, nokon har bada, nokon har vore på besøk hos venner, nokon har opna ny vaskemiddeleske og sølt den utover heile vaskerommet, nokon har sett ein veldig bra film, nokon har vore på kino med venner å sett enn enda betre film, nokon har spist masse snop, nokon har bygd hylle, nokon har baka brød, nokon har vore så kosete at det har blitt reint for mykje, nokon har blitt ferdig med eit sikkert 3 år gammalt strikkeprosjekt, nokon har nesten setla sommarferieplanane, nokon har opna kasser frå da vi flytta sist i 2010 og funnet igjen mykje rart, nokon har sett ein edderkopp og oppdaga at det krypet hadde vi gløymt at eksisterte og nokon har vore på Iskanten og kosa seg så masse at det nesten var umulig å reise heim igjen!

søndag 19. februar 2017

Skøytevinter

I dag skal vi på Iskanten saman med klassen til lillesøster! Det er faktisk tredje skøytetur på oss i år, så vi slår alle rekorder!
Her er frå tidlegare i februar da vi var på Slåtthaugen kunstisbane. Det er supert når det er sol. I dag regner det, så da er det fint å kunne vere inne. Lillesøster er blitt kjempeflink å stå på sine nye kunstløpsskøyter!
Storebror har jobba ein del meir med å bli stabil på isen, sjølv om han har lenger fartstid med skøyter på beina enn ho. Når tre av oss synas det er så gøy med skøyter er det fint om også han synas at det i alle fall er ok. Denne dagen øvde han seg masse, og klarte til slutt å komme seg fint framover utan å dette! Da vart det med ein gong mykje gøyare! Sjølvsagt!
Mannen har gamle langrennsskøyter frå 90-tallet. Han har vore på utkikk etter hocheyskøyter i vinter, men de har vore utsolgt for hans størrelse kvar gong vi har vore innom sportsbutikk. Men han er knallgod på de skøytene han har! Eg kjøpte meg nye kunstløpsskøyter etter å ha brukt samme sidan begynnelsen av 90-tallet. Det var ein enorm forskjell både på stabilitet (de er jo ikkje like mykje brukt) også vart de slipt til meg; og det da var det mykje enklare å vere stabil på isen utan at anklane knakk over på sida. Finfint! Eg gler meg til skøytedag med første trinn!


lørdag 18. februar 2017

Morgontur på Lyderhorn

Ein iskald morgon med minus 6 grader satt eg i bilen på veg til eit veldig tidleg møte i byn. Da eg kom fram viste det seg at det møtet ikkje vart noko av, og da satt eg plutselig der med litt ledig tid. Og klokka var 08.05.

Inni bilen var det varmt og fint, og eg såg jo at de som var ute gjekk krokrygga med masse klær på seg. Men da eg svingte oppå Puddefjordsbrua møtte sola meg midt imot, og da bestemte eg meg! Eg skal på morgontur!
Morgonstemning i Bergen Vest
Eg ombestemte meg nesten da eg såg Lyderhorn flekka med snø, men valgte å begynne å gå - og samtidig gje meg sjølv lov til å snu om det vart for glatt eller for kaldt.
Eg gjekk opp frå Kjøkkelvik. Her er det under 1 km frå start til topp, så det er veldig bratt og effektivt. Rundt halvvegs, før fjellklatringsdelen, kom sola! Oh hilldrane du!!
I love you!
Eg begynte å tvile igjen når eg skulle starte på fjelldelen. Der går eg kun på bart fjell. Men det var tørt og fint, og eg kunne lett sjå der det var vått og klink is. Eg møtte ein senior som var på veg ned, og han sa "finare vinterdag finnast ikkje", og da skjønte eg jo kor heldig eg var som fikk gå på fjelltur midt i veka. Eg og de spreke seniorane! Eg kan ikkje vere dårlegare!
På toppen var det vindstille og herleg! Iskaldt - ja - men nydleg! Eg skriev meg inni boka som ligger der. Det bruker eg ikkje å gjøre, men sidan eg no var der så tidleg - men ikkje først! Langt frå først! Men 09:24 var eg der. Det er ein bra dag!

fredag 17. februar 2017

Fin arbeidsdag

Favorittarbeidsdagane mine er de dagane eg ikkje er på kontoret. Eg liker godt kontordelen av jobben min (heldigvis - det er jo det som er jobben min), men eg skal også holde meg informert og oppdatert, og der kjem det inn ekstra gøye ting. Som konferanser! Det elsker eg! Tilbake på skulebenken berre for ein dag. Få inspirasjon, nye tankar og knytte kontakter. For ikkje å gløyme pausematen og den gode lunchen!
Bergen = brostein
I ettermiddag har begge ungan med seg venner heim frå sfo. Mannen skal ta med seg gutane på kino for å sjå den nye Lego Batman-filmen før det skal gå over i overnatting. Fire unger er mindre enn to; så eg tenkjer at eg skal få ein tjuvstart på klesvasken og kanskje til og med få lest litt.

God fredag!

onsdag 15. februar 2017

Raud refleksgarnhue



Etter at eg strikka to huer med -nille sitt refleksgarn i desember har eg vore på utkikk etter raudt refleksgarn sidan det var den fargen storebror ønska seg. Eg klaga litt på fargeutvalget til ei venninne, og da kunne ho fortelje meg at på Sparkjøp hadde de raudt garn! Glede! Eg kunne vist ikkje bruke samme oppskrift, men Sparkjøp hadde gode nettsider med oppskrifter til garnet sitt.


Storebror liker ikkje baggy huer, og det var akkurat det de hadde oppskrift til. Eg hadde også kun raska med meg to nøster, ikkje tre som ein skulle bruke til de store huene, så derfor prøvde eg meg litt fram på lengda slik at hua skulle sitte inntil også midt oppå!


Eg synas ikkje det var heilt tipp-topp. Eg var usikker på kor lang hua ville bli etter påbegynt felling, og begynte tydlegvis å felle litt for tidleg. Hua passar, med den er akkurat passe. Den kunne god ha vore ein cm lenger. Og det hadde eg jo garn til også!

Jaja. Slik går det ofte (alltid) når eg skal tenkje sjølv på strikking. Men så lenge det er til eigne barn er det innafor! Han likte den. Og DET er det viktigste!
Her er det ferdige produktet. Eg tenkte eg skulle ta bilete av den på guten, men no er hus forsvunnet ut av huset, og kven veit om og når den dukkar opp igjen.

tirsdag 14. februar 2017

Miniferie

No i februar fylte mannen 36 år, og eg gjekk lenge å lurte på om eg skulle gje han ein av to ting: middag og teater saman med meg eller penger til ny TV. Eg gjekk for hemmelig alternativ 3: miniferie.
Dette gjorde vi i fjor også. Tok oss ei natt på hotell i eigen by berre fordi det var bursdagsbarn i huset. Her slepper vi jo å hente inn barnevakt - alle skal vere med! Og for nokon glade ansikt på laurdags morgon da eg fortalte at vi skulle sove på hotell til søndag! Det er deilig å pakke til berre ei overnatting. Tannbørste, bøker og noko å sove i - vi er klare!
Vi var på rommet frå kl.16:30 med god tid til å drikke kaffe i hotellsenga, dusje og ligge i hotelldyner og sjå reprise av Norske Talenter i barneTVtid. Men kvar vår snopepose. Luksus!
Rommet var slik at vi kunne sjå TV etter at ungane hadde sova, så vi unngjekk den kjedelige delen av hotelliv med unger - mørkt kl.21. Vi sov godt heile natta, åt lang og nydleg frukost i over ein time, og drakk på ny kaffe i senga.
Dette var skikkelig miniferie for oss! Åh, som vi trengte det! Vekk frå hus og heim - meir skal ikkje til! Eg gler meg alt til neste ferie!

mandag 13. februar 2017

Sjukemånader

Januar, februar og mars er sjukemånader. Eg veit det, derfor er det ingen stress når eg faktisk er sjuk i denne perioden. Stort sett er eg frisk resten av året. No er eg inne i forkjølelse nummer to. Eg hadde ein frisk dag mellom denne og den forrige. Det betyr at eg faktisk har vore sjuk i 5 veker! Men i dag er første dagen eg er heime.
Når eg må spise nistematen min heime. Kul nisteboks, hæ?!
Første omgang var hals og lunger. Denne er snott i heile hovudet og hals. Og mykje host. Forandring fryder, men denne er litt verre altså. Men no - ein dag på sofaen; så er eg nok betre i morgon!

søndag 12. februar 2017

Blåbærmuffins


I ein desperat kombinasjon av draumen om sommar og ønsket å rense huset litt, snubla eg over ein isboks med blåbærrestar frå da mannen og lillesøster plukka blåbær nokon dagar før skulestart i august. Lillesøster er søtare enn sukker, noko også myggane synas, så ho kom heim med ansiktet fult av stikk - noko som dessverre ikkje gjekk upåakta hen hos de nye skulekameratane hennes.
Oh, well. La oss ikkje dvele ved fortida, og heller lage nokon blåbærmuffins. Denne oppskrifta var ganske så sunn, noko som nesten alltid betyr at ungene ikkje liker det - og eg og mannen får kose oss med maten i fred.
Oppskrifta eg brukte er frå tine.no. De var skikkelig gode altså! Ikkje tru på ungane!
Og sidan det kun var to som skulle spise 12 muffins hadde vi dessert i fleire dagar! Nam!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...