torsdag 29. juni 2017

Bursdagsfest for snart 7-åringen vår

Lillesøster som fyller 7 år i Paris i sommar har feira bursdagen sin saman med heile klassen!
Den eine bestevenninna hennes har bursdag dagen etter lillesøster i juli, så de to jentene feira saman. Vi gjorde det superenkelt og inviterte til bursdagesfest på Leos Leikeland!
Der hadde vi booka Diskorommet til alle 19 gjestane! De fikk popcorn, pølser i brød, saft, kake og is. Det heile tok ganske så lang tid, og alle var superutolmodige og ville eigentlig berre ut og leike! Noko eg skjønnar så godt!
Etter 45 minutter innestengt i eit lite rom kunne vi endelig sleppe de ut! Åh som de kosa seg! Mammaene og pappaene kunne spasere rund med ei kaffekopp i handa og prate i godt over ein time. Det var jo litt hektisk med matservering - men alt i alt har eg vel aldri vore meir avslappa etter ein bursdag enn eg var denne dagen. Men det kosta jo. Svindyrt! Sjølv om vi delte på rekninga. Oh, well. Av og til er det berre å hive litt penger på problemene, også sitter lillesøster og heile klassen igjen med gode minner! Eg spurte dagen etter bursdagen om de hadde snakka om festen på skulen? Ja, sa lillesøster. I hele dag! Da er det jo absolutt verdt det!
Ein anna ting som var fint med å feire her var at det ikkje vart tid til å pakke opp gåvene. Nokon av gjestane synas det var dumt, det er jo gøy å sjå at akkurat din gåve blir åpna! Men de aller fleste spurte ikkje om det. Og for lillesøster var det fint å sitte i fred og ro heime i sofaen og åpne ein etter ein med god tid. Det var fint for oss også- for da rakk vi faktisk å sjå kva ho fikk av kven.

mandag 26. juni 2017

Lyderhorn

Med ungane hos venner etter middag midt i veka, og med ein trøtt mann som hadde sofaen som ettermiddagsaktivitet, tok eg nok ein tur opp på Lyderhorn. Dette var to dagar etter 3-fjellsturen der eg hadde gått med tung sekk; noko eg kjente i låra da eg gjekk oppover. Det var fantastisk vær, men ein del vind. Dette er det første eg ser når eg kjem opp: 555 mot sotra.
Det viser ikkje så godt på bileta, men det blåste kvitt! På biletet under er det Fjell til venstre og Askøy til høgre.
På veg ned igjen plukka eg med meg ein bukett som eg kunne pynte med heime. Herleg med slike spontane turar! Særleg når alternativet er å rydde kjøkken eller vaske klær.

torsdag 22. juni 2017

Halvmaratondistanse på ein måndag

Vi er så heldige i jobben at vi ein gong i året får lov å gå Vidden i arbeidstid. Datoen blir bestemt i god tid og da er det berre å krysse fingrane for godt vær! I år var det tjukk tåke til langt nedover Ulriken og regn. MEN det var vindstille og ok temperaturar, så det er da noko.
Eg parkerte på Montana og gjekk opp i tåkeheimen. På vegen møtte eg sherpaer som jobbar med den nye trappa. Arbeidsleiaren bad meg om å snu og gå ned - det er for mykje tåke! Nei, eg skal gå Vidden! Vi er ein gjeng som skal møtast på toppen! Han gjentok "nei", og eg smilte og sa "ha ein fin dag!"

Det var fleire enn han som ikkje anbefalte oss å gå, og fleire kolleger meldte fråfall. Men vi var fem som gjekk - og det gjekk jo heilt fint!
Vi kunne sjå vardene ein etter ein, så slik viste vi at vi var på rett veg. Innimellom var det så tjukk tåke at vi ikkje såg noko, men det er gode stiar så det gjekk fint. Av og til åpna tåka seg og vi kunne sjå både sola og byen! Eller i det minste to-tre varder framover. Fantastisk lys var det også!
Men sjølvsagt. Det var veldig grått og umogleg å forstå kor langt vi var i løypa. Vi trudde vi var rundt halvvegs da vi åt lunch, men det viste seg at vi var langt frå halvvegs; så eg var i alle fall kjempesulten igjen rundt tre timar før turen var over. Det er ikkje første gong eg bommar med matmengden på slike lange turar. At eg aldri skal lære!
Her er vi på veg ned til Isdalen. Dette er det verste partiet med veldig bratt sti og bratte stup på begge sider. Her tok vi oss god tid. Det var også her eg valgte å skli litt på gjørma, men eg landa mjukt (i gjørme) og var ikkje heilt på kanten.
Under tåka var det så irrgrønt! Vi møtte ein turist med eit kjempestort fotoapparat som skulle ut i terrenget og fotografere. Lyset var jo heilt magisk!
Over Rundemanen og via grusvegane til Fløyen. Her nede var det litt lettare og til og med litt sol! Her tok eg farvel med de andre og begynte på vegen tilbake til Montana der bilen stod.
Det tok ein time å gå til bilen. Da eg sjekka GPS'en som hadde vore på heile turen såg eg at eg hadde gått nesten 20 km. Eg mangla kun nokon få (!) hundremetere til å krysse av ein halvmaratondistanse! Derfor (og dette vart berre dummare og dummare etterkvart som eg gjorde det, men det var liksom ein god ide når eg tenkte det) gjekk eg litt oppover mot Ulriken igjen for å nå det eg trudde var distansen, 21.19 km. No viser det seg at den eigentlig er 21.097,5 m, så eg gjekk litt lenger. Ein heil del lengere eigentlig, eg ser på GPS-kartet at den ikkje har fulgt meg heilt rett. Men uansett.
Ulriken sett frå Fløyen.
Slik såg dagen ut på Runkeeperen min. Totalt vart det 913 høgdemeter og 21.19 km. Dagen etter var eg litt støl i beina, men det gjekk fort over. Eg var meir sulten sidan eg hadde spist altfor lite på turen!

mandag 19. juni 2017

Arrangør og førsommarhektiske dagar

I år har juni gått i eitt med to bryllup i nabofylket (hugs å ha reine klær til alle, gåve, kort, underholdning og mat til bilturen og godt humør), innsetting i ny jobb (hugs å rydde kontoret, arkivere alt du har gjort de siste fem åra slik at andre finner det igjen, synleggjøre kva jobben din har gått ut på samt samarbeidspartnere som har vore viktige), speidarleir (hugs å kjøpe liggeunderlag, finne fram sovepose og sekk, merke ALT, mat og drikke, myggspray og speiderskjerf, argumentere rundt kvifor mobil ikkje er på pakkelista og ull i tilfelle kulde), alternative skuledagar (hugs å pakke ekstra matpakke, sitteunderlag og gjerne alternativ sekk, hugs å levere på ny stad om morgonen til fastsatt tid), Festspill (hugs å skaffe barnevakt, og om det ikkje går - høyr om ungane kan vere hos venner og heller vere litt fleksibel med leggetid, hugs billettane, og tid til ein dusj og nye klær!) og sommarfest på jobb (hugs klær, lag minnebok til sjefen, finn alternativ måte å komme deg på jobb). For å nevne noko. Alt har vore kjempegøy! Denne veka er finaleveka i så måte. Når helga har komt har vi nesten tom avtalebok. Det er fint etter ei så hektisk periode! Eg trenger å vaske klær. Ein må nedprioritere og det har eg vore god på denne månaden her. Vi har hatt vaskehjelp og vi har fått middag på døra av Adams Matkasse. Vi har brukt ALLE klæra vi har i skapet. Personleg hygiene må ordnast før klokka 7 på morgonen. Eg har sagt nei til mange fjellturar med venner, og vi har sagt nei til fleire innbydelser frå vennefamilier. Både fordi vi har vore opptatte, men også fordi det kanskje var den eine kvelden der alle var heime.
Vennegruppe for lillesøster.
Denne veka arrangerer eg tre kjekke samlingar - sommarfest for 1.trinn i dag, bursdagsfest for lillesøster på onsdag og sankthansaften i nabolaget på fredag. Den meste er på plass, men eg må avspasere ein del for å få alt i boks. Eg ser fram til meir fleksibel tid i helga. Fjelltur eller berre tid til ein liten joggerunde. Vi er der snart :) Og i mellomtida gler eg meg til å henge med masse fine folk heile denne veka!

torsdag 15. juni 2017

Bryllup nr.1

For nokon veker sidan var vi invitert i bryllup i Florø. Her er vi ved flotte Florø Kyrkje og ventar på at vigsla skal begynne. Denne fontena hugser eg frå da eg var veldig liten; eg synas framleis den er så fin!
Også sjølvsagt fem fine søskenbarn som får tida til å gå.

I helga skal vi i nytt bryllup, og denne gongen skal ungane vere brudesvenn og brudepike. Det var fint å få med seg ei vigsle i førkant av denne helga slik at de fikk sjå kva rolle de skal ha.
Vi var inviterte i kake på kvelden. Mange gode og fine kaker! Og den nydlege bryllupskaka!

mandag 12. juni 2017

Bursdagsfest på Lyderhorn

Ei venninne av meg som har tre barn under skulealder fylte år i mai og inviterte med seg ein haug med venner på fjell og kake! Ho sa at det var den einaste muligheten ho hadde til å feire bursdag - vekk frå mann og barn. Og det kjenner vi jo så godt igjen; alle som har barn! Det finnes vel heller ikkje ein betre partybule enn toppen av eit fjell? Vi gjekk i samla tropp opp på Lyderhorn for å nyte utsikta og alt det gode bursdagsbarnet hadde med seg i sekken! Raudvinkake, rullekake, heimebaka brød og brus. HURRA!

Det måtte bli ut-av-døra-fest med huset fult i unger - og det er tipp-topp! Av meg fikk ho teaterdate. Det er min nye go-to-gåve. Meir tid saman. Det er jo det som er tingen!

torsdag 8. juni 2017

Corner, pudd'n og vin

Det er ikkje ofte eg henger i urbane strøk og drikker meir enn eit glass vin, men det gjorde eg altså under Festspillene og det inspirerer til gjentakelse! Det å av og til vere noko anna enn "mammaen til", "ansatt hos" eller "kona til" er befriande! Å diskutere teatervitskap sin fortid og framtid med professor og vegleiar på mastergradsoppgåva mi. Skåle med scenografen som eg kjenner frå studietida da ho satte seg ut til oss for ein liten pause i nedrigg. Prate om vegen fram til ferdig forestilling og den nye utstillinga på Bergen Museum. Ha lange samtalar om meditasjon utan at det føles for alternativt. Berre vere noko anna enn de rollene ein vanlegvis er i. Det er fint.
Det er også fint å oppdage at vi satt rett ved den eit år gamle Småpudden, gang- og sykkelbrua over Damsgårdssundet. Da vinsalget stengte på Cornerteateret gjekk vi over og såg Bergen at night på ein ny måte - alltid ein shlæger!
Puddefjordsbroen
Utsikt mot Ulriken



Ja takk til fleire venninnekvelder. Ja takk til god tid. Og ja takk til meir vin!

tirsdag 6. juni 2017

Sms-korrespondanse

Storebror fikk ny mobil til bursdagen, og først no har eg komt på at eg måtte tømme den gamle for informasjon før vi leverer den inn. Det var stor underholdning å lese sms-korrespondanse mellom to 8-åringer; og eg kan ikkje slette den tråden før eg har foreviga den!
Venn: Gris
Venn: Lol det runde bor i Oslo
Venn: Svar
Storebror: Hei jeg er i arena3 snart i arena4
Venn: Det er bra men jeg er i arena8

Storebror: Hei vil du overnatte hos meg fra fredag til lørdag?
Venn: Ja jeg kan
Venn: Va skal jeg ha?
Storebror: Hei du trenger tolletveske og iped.
Venn: Det er bra
Storebror: Hei og koti kommer du til oss?
Storebror: SVAR!!!!!!!!!!!!!!!!!!
Venn: Jeg går no
Venn: Det er bra

Venn: Tre meldinger med kun ulike bilder og teikn
Storebror: Hei og Unnskyld for at jeg ikke har svart på meldingene dine.
Venn: Takk

Dette er god litteratur! Eg skjønner lite, men eg skjønner at de snakker samme språk!
Bilder frå kveldstur på Lyderhorn

fredag 2. juni 2017

Hus og heim

I to heile år har vi sett på eit nabohus og tenkt "der vil vi bu!". Da ryktet om at de som budde der kom til å flytte om nokon år, før eldstemann vart skulegut, nådde oss; begynte nedtellinga. Og jubelen stod i taket da de som bur der posta på facebook at de hadde kjøpt seg hus i Fana. Frå kjøkkenvindauget vårt såg vi på at de lempa ut møbler og rot før finn-annonsen kom ut på sjølvaste 36-årsdagen min! Dette måtte vere eit teikn!

Annonsa var dritlekker, men vi måtte vente i åtte lange dagar før det var visning. På den veka ordna vi oss lån i banken og begynte å klargjøre huset vårt til salg. Vi såg at naboar delte hus-til-salgs-linken, og tenkte at det var heilt unødvendig - DET huset skulle vi ha!

På visningsdagen trappa vi opp 10 minutter etter visningsstart for å "ikkje virke for interesserte". Vi møtte fullt hus og ein stressa meglar. Og vi møtte realiteten i "drømmehuset". Eg trur ikkje ein gong eg gidder å skrive ned alt som var galt, men det kan oppsummerast i "heimemekka". Alt! Til og med badene. De hadde brukt gode filter på bileta vi hadde forelska oss i og de hadde brukt vidvinkel ganger to tusen! Nei, tuuuuusen takk!

Vi gjekk heim til vårt eige hus og kjente på lettelsen av å ha store rom og eit oppussa hus. Fagfolk og investeringer.

Det viste seg at nabohuset gjekk for heile 600.000 over takst! Og det i eit husmarknad som er ganske stille og roleg. Den dagen vi fikk vite det bestilte vi takst på vårt hus. Når det huset går til den prisen er vi veldig interesserte i kva vårt hus er verdt! Ikkje for å selje, men for å presse banken.

Ei veke seinare hadde vi ein meglar på besøk. Og idet vi gjekk igjennom huset og fortalte kva som var blitt gjort, slo det oss. Vi har pussa opp heile huset. Frå tak til under grunnmur.

2010: Flytte inn
2011: Installere varmepumpe
2012: Skifte isolasjon mellom 1. og 2.etg. Delvis pusse opp begge soverommene i 1.etg. Bytte til automatsikringar. Innstallere radonutsug
2013: Pusse opp badet i 2.etg. Bytte alle rør til rør-i-rør
2014: Bytte tak, bytte kledning på sørveggen, male huset, pusse opp soverommet i 2.etg
2015: Bytte tak på tilbygg, pusse opp yttergang, pusse opp kjøkkenet
2016: Pusse opp og utvide hallen og bygge nytt bad i 1.etg

Utover dette har vi malt tak, veggar og lister i nesten alle rom.

Meglaren brukte ord som velholdt, nytt og moderne og lurte på om vi hadde gjort noko anna enn å pusse opp sidan vi flytta inn. Ehh, ja. Vil vi da selje det? Ehh, nei.

Eg var på byn med ei venninne etter den misslykka husvisninga, og etter at eg fortalte konklusjonen "eg trur ikkje vi flytter sånn heilt med det samme" sa ho "kanskje de berre skal innsjå at de faktisk bur VELDIG bra?". Kanskje vi skal innsjå det.
Den dagen meglar kom hadde vi bestilt husvask! Det var tilfeldig at det var den dagen han kom, men det gjorde nok litt til at førsteinntrykket var bra. Å komme heim frå jobb til nyvaska hus? Herleg! Det var som å komme på hotell - berre heime! Ho hadde skifta på alle sengene og dandert bamser så fint! Ho hadde vaske rullesteinsdusjen og heile kjøkkenet var nedvaska! Så reint trur eg ikkje det har vore sidan det var nytt!
Stas med helsing og litt snop på ein måndag! Det kosta litt å få huset vaska, men mmmmm det var verdt det! Og vi sparte jo ein del millioner da vi ikkje kjøpte nabohuset, ikkje sant?
Meglaren gav oss ein veldig god meglertakst på huset vi bur i, så da nyter vi den økonomiske friheten det er i å bu i eit hus som er verdt ein heil del meir enn lånet vi har på det. Fordi det har vore stor stigning i husprisane i Bergen, men også fordi vi har pussa opp alt. Men eg synas jo at det er rart at ein tomannsbustad er verdt SÅ masse! Likevel er det i vår fordel og da kan eg stå her i kjøkkenvindauget mitt og sjå bort på nabohuset og tenkje at der må de pusse opp. Heile huset må de pusse opp! Medan vi? Vi kan bruke pengar på husvask, feriar og det hjarte måtte begjære. DET er luksus! Så får eg heller lære å leve med kun ei stue.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...