mandag 19. juni 2017

Arrangør og førsommarhektiske dagar

I år har juni gått i eitt med to bryllup i nabofylket (hugs å ha reine klær til alle, gåve, kort, underholdning og mat til bilturen og godt humør), innsetting i ny jobb (hugs å rydde kontoret, arkivere alt du har gjort de siste fem åra slik at andre finner det igjen, synleggjøre kva jobben din har gått ut på samt samarbeidspartnere som har vore viktige), speidarleir (hugs å kjøpe liggeunderlag, finne fram sovepose og sekk, merke ALT, mat og drikke, myggspray og speiderskjerf, argumentere rundt kvifor mobil ikkje er på pakkelista og ull i tilfelle kulde), alternative skuledagar (hugs å pakke ekstra matpakke, sitteunderlag og gjerne alternativ sekk, hugs å levere på ny stad om morgonen til fastsatt tid), Festspill (hugs å skaffe barnevakt, og om det ikkje går - høyr om ungane kan vere hos venner og heller vere litt fleksibel med leggetid, hugs billettane, og tid til ein dusj og nye klær!) og sommarfest på jobb (hugs klær, lag minnebok til sjefen, finn alternativ måte å komme deg på jobb). For å nevne noko. Alt har vore kjempegøy! Denne veka er finaleveka i så måte. Når helga har komt har vi nesten tom avtalebok. Det er fint etter ei så hektisk periode! Eg trenger å vaske klær. Ein må nedprioritere og det har eg vore god på denne månaden her. Vi har hatt vaskehjelp og vi har fått middag på døra av Adams Matkasse. Vi har brukt ALLE klæra vi har i skapet. Personleg hygiene må ordnast før klokka 7 på morgonen. Eg har sagt nei til mange fjellturar med venner, og vi har sagt nei til fleire innbydelser frå vennefamilier. Både fordi vi har vore opptatte, men også fordi det kanskje var den eine kvelden der alle var heime.
Vennegruppe for lillesøster.
Denne veka arrangerer eg tre kjekke samlingar - sommarfest for 1.trinn i dag, bursdagsfest for lillesøster på onsdag og sankthansaften i nabolaget på fredag. Den meste er på plass, men eg må avspasere ein del for å få alt i boks. Eg ser fram til meir fleksibel tid i helga. Fjelltur eller berre tid til ein liten joggerunde. Vi er der snart :) Og i mellomtida gler eg meg til å henge med masse fine folk heile denne veka!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...