onsdag 30. april 2014

Sykkelfantomet!

Av oss fikk storebror lovnad om å få ein ny sykkel i 6-årsgåve. Etter mykje framogtilbake i ymse butikkar kjøpte vi ny sykkel på XXL på laurdag.
Det nye gliset vårt! :)
Etter at vi hadde fått sykkelen heim bar det rett ut på sykkeltur i gata. Lillesøster fikk sykkel av mormor og morfar i fjor, og den vart tatt fram til jubelhyl - den falt i smak i år også! Legg merke til at lillesøster hoppa oppi vinterskoa, de bruker ho kvar gong vi berre skal ut å leike litt - enkle å smette inn i. No har eg rydda de vekk, også får vi kjøpe nokon nye småsko som ho kan trakke oppi no om sommaren.
Sykkeltrening! Storebror fann balansen fort, noko vi også hadde trudd at han kom til å gjøre. Vi går mykje i ulendt terreng, og han er glad i å klatre i trær - så han har ein god balanse når han er på beina i alle fall :) På laurdagen øvde vi i 20 minutter, og på søndag øvde vi i 10 minutter før vi slapp lenger enn 5 meter - og der susa han av gårde! "DU KLARER DET!!!!!!" Storebror gliste frå øyre til øyre og var så stolt at han nesten flaug til værs! Han sykla rundt og rundt aleine heilt til han vart både andpusten og varm! Eg jogga ved sidan av han ei stund, men han hadde tilsynelatande full kontroll.

No vil han på sykkeltur kvar ettermiddag - sykkelfantomet vårt!!

tirsdag 29. april 2014

Prinsesser og drakar

Lillesøster anbefaler bok! Prinsesser og drakar har den siste månaden vore fast lesestoff etter tannpuss. Boka er delt opp i 7 vekedagskapittel, og med bonus "Og enda var det ikkje over" på søndagen. Prinsesse Månestråles Måndag, Prinsesse Tindres Tysdag, osv. Alle prinsessene er ulike, tøffe, rare og morsomme - og alle møter på ein type drage; liten, snill, slem, stor eller rar. På laurdag har Prinsesse Lavendel bursdag, og bonuskapittelet handlar om bursdagsfesten. Veldig gøy, akkurat passe lange kapittel og SUPERPOPULÆR!
Storebror lurer på om ho ikkje snart vil lese noko anna, men han liker den nesten like godt trur eg. Når vi leser for ho kjem han og vil høyre han også, og det bruker han ikkje å gjøre.

I går - før tannpuss og prinsessebok - hadde eg min siste sats-trening før halvmaratontreninga mi starter. Eg valgte styrke, og sidan dette var "siste" gong smelte eg til og brukte samme vekter som instruktøren. Tungt som fy, men ÅH så stolt etterpå! Styrketrening er lurt i kombinasjon med løpetrening, så det opplegget eg skal følgje fram til 6.september har ein del styrketrening - heldigvis - eg digger det! Prinsesse Mammas Måndag i går altså ;)

mandag 28. april 2014

Totalbom

Det er ikkje greit med ting ein kjøper sjeldan. Som til dømes kaffefilter. Size 4 såg megastort ut, size 3 hadde de ikkje, så eg kjøpte 2'eren. Altfor liten. To kanner laga vi med denne før vi var leie av kaffegrut overalt i maskina og i kaffekanna og i koppen. No må ungane teikne på 198 små kaffefilter.

Note for next time: Moccamasteren trenger størrelse 4!

søndag 27. april 2014

3-fjellstur

2.påskedag pakka vi ein stor sekk med god turmat og tok turen ut og opp på fjellet. Lillesøster hadde ikkje sove så godt på natta, så den lange turen vi hadde planlagt vart mentalt kraftig nedkutta. Vi parkerte ved Mulen og gjekk opp i Fjellveien og bort til Stoltzekleiven. Vi gjekk Stoltzen i fjor, og da gjekk lillesøster halve vegen opp de rundt 800 trappetrinnene som er mellom Fjellveien og Sandviksfjellet (417 moh) før ho ville sitte i bæremeis. Dette var første gong ho skulle gå sjølv.
Etter ein ganske så sutrete tur med litt knall og fall kom vi på toppen; og vi var langt ifrå de einaste! Denne dagen vart det satt rekord i Stoltzen, der kommunen har satt opp eit tellesystem på toppen. Over 3000 mennesker gjekk opp denne dagen, det var kø oppover heile tida! Eg og storebror fikk opp pulsen de siste 100 trappetrinnene, og kom før lillesøster og mannen opp på toppen. Da stod vi å klappa og ropte "HEIA, HEIA!" når lillesøster kom. Ho skein opp som ei sol da ho høyre oss og småsprang de siste meterene; mestringsfølelse de lux!




Nydleg utsikt søraust mot Bergen sentrum. Kvar dag heile sommaren er det dagleg Cruisebåtar inne. Her spiste vi kjeks og drakk masse - det var nesten vindstille og varmt og godt!
Til tross for sutring og lite søvn steig humøret så pass på lillesøster at vi bestemte at vi skulle gjennomføre den lange turen som vi hadde planlagt. No gjekk turen til Rundemanen (568 moh), det siste av Bergen sine "7 fjell" som storebror ikkje har vore på sidan han var baby i vogn. Han snakka om Rundemanen i fjor, men vi kom oss ikkje opp dit. Fjellet ligger litt "bak" de andre - Sandviksfjellet og Fløyen. Det er laga veg heilt opp frå Fløyen, men ungane blir fort utolmodige på veg, så vi ville gå sti. Stien vi gjekk mellom Sandviksfjellet og Rundemanen var så flott! Variert og spanande natur - begge ungane flaug av gårde! Etter kvart gjekk eg og storebror ifrå de to andre og lillesøster fikk sitte litt på skuldrane til mannen.
Mot venstre i biletet ser vi Ulriken med stang på toppen. Der var vi dagen før. Byen er ned mot høgre.
Og opp kom vi! Rundemanen!! Her satt vi og steikte i sola ved ei av hyttene som er der oppe. Det smakte sjeldant godt med nistemat og kvikk lunch, kaffe og kjeks!
Vegen ned frå Rundemanen og til Fløyfjellet (399 moh) er brei og fin - altså møkk kjedelig å gå! Og som alltid mykje lengre enn ein trur. Her gjekk begge ungane igjennom de fleste kjensler, men etter at vi fikk kledd av de litt sprang de av gårde for å komme fram til Trollskogen som ligger like bak Fløyen. På Fløyen hadde de fått nye leikestativer på leikeplassen sidan vi var der sist, og det var heilt tyleg at det var masse energi igjen i de små beina!
Utsikta frå Fløyen er flott som alltid. Vi tok Fløybanen ned i byn og kjøpte oss mat som vi åt i sola.
Fløybanen på veg opp for å hente oss og maaaaaange andre!
Medan mann og barn satt og tok livet med ro gjekk eg raskt ut til Mulen igjen og henta bilen (steikeovnen!) før eg plukka de opp i byn. Vi var heime 6 timar etter at vi reiste om morgonen - ein lang og god tur for ein på seks, ei på treogeithalvt, ein på trettitre og ei på trettitoennsålenge. Vi er kjempestolte over ungane våre etter den turen! Og heile veka har lillesøster spurt "Nåj skal vi på fjellet igjen?" Gode minner! :)

lørdag 26. april 2014

Løpemisunnelse

I dag er det Bergen City Maraton. Det er knallvær (som i fjor) og eg skulle så ønske at eg var med! Eg er så smått i gang med opptreninga til halvmaraton som eg skal springe 6.september; men eg ville så mykje heller ha vore med på Bergen City! For det første er traseen unik, for det andre er det fint vær i dag, og for det tredje - da hadde det vore gjort! Da hadde eg ikkje trengt å trene meg igjennom sommarferien for å ha ein ok form i september!
Kvifor springer eg ikkje i dag? Kvifor er eg på XXL sport og handler ny sykkel til storebror og nye fjellsko til meg? Dumme Bergen City som er midt i tjukkaste bjørkepollensesongen! Det er tøft å jogge 21 km halvmaraton. Og med ekstreme mengder bjørkepollen i lufta blir det ikkje lettare, sjølv med medisinert kropp. Så da må eg trene meg opp eg da; til halvmaraton i september. Dette kunne ha vore dagen! Men nei.

fredag 25. april 2014

Rockekonsert

PUBLIKUM PÅ PLASS!

... og dansere...
Vi er klare for




ROCKEKONSERT!
Skikkelig forsterker med lys og lyd!
Storebror er lego-fan, og det har han vore i fleire år. Han har mengder av lego, sjølvsagt, det er jo det han har ønska seg kvar bursdag og kvar jul de siste tre åra. Så da vi var på leikebutikk etter bursdagen hans i mars prøvde vi å finne noko anna enn enda meir lego. Etter ein del runder falt han pladask for eit sett med el-gitar, forsterker og mikrofon med stativ. No skulle det bli konsert!
Gitarrockestilen sitter som støypt - publikum var heilt med! Dette var knallgøy!

Rock on!

torsdag 24. april 2014

Dikt for barn

Denne veka er det litteraturfestival for barn i Bergen "Alfa & Omega". I går var eg med på delar av seminar på Bergen Bibliotek "Veier inn i språket" der eg fikk mange gode tankar rundt barn og poesi.

Eg er ikkje så flink å lese dikt for ungane, og det er eigentlig rart. Vi leser masse, og de liker ekstra godt bøker med rytme i teksten, som "Gruffalo"-bøkene. Med den umiddelbare interessen for den type språklege verkemiddel burde eg jo ha kjøpt fleire diktbøker enn eg har gjort. Eg har ikkje kjøpt, eller lånt, ei einase ei. Fy skam seg! Her er det skjerpings -  vi har jo Inger Hagrup sin bok "Så rart", men har knapt bladd i den.

Eg avslutter denne "smekk-på-fingeren-for-å-ikkje-gje-ungane-det-beste-utgangspunktet-for-ein-rik-språkforståelse" med mitt yndlingsdikt frå da eg var barn, skrive av Sigbjørn Obstfelder:

Regn

En er en, og to er to-
vi hopper i vann,
vi triller i sand.
Sikk, sakk,
vi drypper på tak,
tikk, takk,
det regner i dag.
Regn, regn, regn, regn,
øsende regn,
pøsende regn,
regn, regn, regn, regn,
deilig og vått,
deilig og rått!
En er en, og to er to-
vi hopper i vann,
vi triller i sand.
Sikke, sakk,
vi drypper på tak,
tikk, takk,
det regner i dag.

onsdag 23. april 2014

Ulriken 643moh

Ulriken - her kjem vi! Vi går frå Montana sidan det er der vi finner parkering. Ellers er det fleire gode vegar opp til Bergens høgaste fjell. Denne gongen valgte vi ei bratt løype opp. Kun litt over ein kilometer lang, men mange høgdemeter på kort tid. Ein ser tårnet nesten heile vegen, og det er god motivasjon! Da eg gjekk aleine her i haust gjekk eg opp på 10 minutter. Men unger tar det ein del meir tid. Lillesøster synast det var litt hardt, og sakna bæremeisen sin. Dette er det andre fjellet vi har ho med på etter at vi solgte meisen i vinter, så det skjønnar vi. Storebror ville prøve ut alle andre vegar enn stien, noko som fikk meg både redd og ilsint! Men opp kom vi - de siste høgdemeterene med lillesøster fremst; da var ho glad.
Bratt - og ganske så hjarte-i-halsen med to små unger. Folkevandring deluxe, og ungane hausta mange godord frå forbipasserande!
Etter velfortjent lunch i solveggen gjekk vi ut på det fine platået de har laga på toppen for å nyte utsikta.
Her der ein tydleg Store Lungårdsvann, Puddefjorden og Askøy. Vågen med Bryggen er det lille blå til høgre.
Her er bilete andre vegen - Vidden. Her skal storebror gå seinare i sommar. Det er ein lang tur, men ganske flatt.
Knallsol! Ungane spiste is før de tok Ulriksbanen ned igjen saman med mannen. Eg gjekk ned ei ny løype eg ikkje hadde prøvd før, og jogga grusvegen ned til Montana. Mann og barn vant kapløpet med to minutter:)

tirsdag 22. april 2014

Noko så inni gampen med påskeferie!

De må tru vi har tatt påskeferien med den aller største seriøsitet i år! Eg har ikkje ofra kvardagslivet sine utfordringar med ein tanke - berre susa rundt!

Tre knalldager i Kongsberg med gode venner til alle fire; mengder av god mat, påskesnop og god drikke slik at det berre vart umogleg å leggje seg å sove! Ungane la seg forsåvidt i normal tid (om ein tenkjer at halvanna time slingringsmonn er "normalt"), men lillesøster var voken og klar for ny dag før klokka var 6 KVAR EINASTE DAG! Det er ein dårleg kombinasjon når vi over 18 hadde tumla oss i seng seinare enn vi har gjort det siste året. Men vi utnytta dagane skikkelig; og det er av og til viktigare enn søvn!

Vel heime i solbyen Bergen hadde vi nydlege fjellturar (med kun litt og av og til ein del sutring frå lillesøster og/eller meg) både 1. og 2. påskedag. Vi hadde med oss det gamle kompaktkameraet på tur, i staden for å drasse med oss speilreflekskameraet, så mange turbileter er på veg :)

Da vi skulle starte på nytt med jobb, skule og barnehage i dag var ingenting klart. Det heile toppa seg da eg skulle logge med på dataen på jobb, og hadde heilt gløymt passordet! Litt flaut å ringe IKT helpdesk og mumle noko om påskeferie, sjokolade og gløymte passord. Eg får tru eg ikkje var den einaste. Også tenkjer eg at når eg klarer å gløyme passordet på seks dagar har eg verkleg kobla av - og det trengte eg nok.

Håper også din første dag i "the real world" er/blir god! No skal vi nyte det som er igjen av sola før kvelden kjem :)

mandag 21. april 2014

Fvonk

På vidaregåande skule las vi ein del av Erlend Loe. Eg likte han ikkje så veldig, men så tenkte eg at eg skulle gje han ei ny sjanse ved å lese "Fvonk". De første femti sidene var litt "åja, det var slik det var ja, det var derfor eg ikkje likar han, men ok, eg må da klare å lese meg igjennom boka, den er jo på under tohundre sider." (i lett Loe skrivestil der ;)) Men så kom den seg. Eg begynte å sjå humoren og driven i boka. Enkelte av tingene som Jens Stoltenberg seier i boka er nydlege, fantastisk morsomme og rett på sak! Eg er ikkje statsminister, heller ikkje sjef over ein haug med folk, men eg kan kjenne meg igjen i mange av tankane han sitter med. Denne har eg lest høgt frå på laurdagsfrukosten etterfulgt av lange latterkick frå oss over skulealder. Bra, kort bok som er verdt å lese! :)
"Vi må hjem, sier en av rådgiverne. Det skal være rødgrønt planleggingsmøte i kveld.
Helvete heller, sier Jens.
Det har stått på timeplanen i ukevis.
Men vi vet jo nøyaktig hva de kommer til å si, sier Jens.
Rådgiverne ser på hverandre.
Dette har vi snakket om mange ganger, sier en av dem.
Jabb, jabb, sjøkabel i Hardanger, sier Jens, og hermer den ene regjeringspartnerens dialekt, jabb, jabb, oljesand, jabb, jabb, Lofoten og Vesterålen og Datalagringsdirektiv og Afghanistan og asylpolitikk og terror og fanden og hans oldemor, kan det virkelig være nødvendig, jeg vil ha flertall, JEG VIL HA RENT FLERTALL, jeg er så lei av å snakke med de damene, jeg kaster opp, JEG KASTER OPP, STANS BILEN SÅ JEG KAN KASTE OPP!"

søndag 20. april 2014

Fjelltur i vårluft!

Mannen og storebror på Lyderhorn med utsikt mot vest.
I dag er vi tilbake i Bergen etter flotte dagar i Kongsberg, og det er sol og fantastisk vårvær (nesten sommarvær), så vi utnytter dagen med å gå på fjellet! I år er det første året lillesøster er med utan at vi har ein bæremeis som ho kan settje seg i når ho blir sliten. Vi gjekk på Lyderhorn 30.mars som storebror sin første fjelltur som 6-åring, og det gjekk så flott! Lillesøster er god på å gå i ulendt terreng, og gjekk både opp og ned utan å seie at ho var sliten ein einaste gong!
Etter ei god pause på toppen begynner turen ned igjen. Storebror liker best å springe; hjelp!
I dag går vi på Ulriken. Bergen sitt høgaste fjell, men også eit fjell som har isutsal på toppen :)

Håper du også har gode planer for dagen! :)

fredag 18. april 2014

Stikkelsbærbusk!

Hugsar de dette innlegget frå i fjor? Stikkelbærbuskavlinga har stått i gangen utanfor vaskerommet i heile vinter. Eg har innimellom skjekka om jorda framleis var fuktig - nokon den var heile vinteren takket vere posen eg hadde over dei første månadane - men ellers har den stått i fred. No som våren begynte å komme tok vi den ut slik at den kunne sjølvvatne seg. Etter nokre veker ute såg eg litt på den; for det er jo umogleg å sjå på ein vintertørr busk om det er noko liv; og der var det jo nokre små blader!
HURRA! IT'S ALIVE!
To av tre avlingar hadde overlevd! Eg og mannen saga vekk to ripsbusker i mars, og de to nye bærbuskene har fått plass der de stod. Framleis ser de fine og friske ut! Dette er jo så stas! Også kollegaen min som gav de til meg vart glad og overraska - tenk at kun nokre greiner kan lage røtter og nye busker! Det er ikkje vanskelig å glede oss! :)

torsdag 17. april 2014

Påskekrim: Barneselskapet

Det er mange år sidan eg las ei krimbok! Medan eg var mastergradsstudent las eg ein del krim - og elska det - heilt til eg las ein artikkel om korleis krimforfattere bygger opp boka si. Viste du at du nesten kan telje deg fram til kven mordaren er etter når karakterane blir presenterte i boka? Etter at eg lærte korleis bøkene vart bygd opp for å få lesarane til å tru at dei veit kven mordaren er (og det stemmer jo ikkje), og korleis dei framstillar mordaren slik at lesaren ikkje i det heile tatt vurderar at det er den som har gjort det - sa eg at nok er nok - no vil eg lese noko anna.

Dette var i 2004/2005; og eg har ikkje lest krim sidan. Men i år prøver eg meg altså på ein påskekrim; og har da gått for klassikaren "Barneselskapet" av Agatha Christie frå 1968. Ei tynn lita bok som eg så langt liker ganske godt. Stay tuned! :)

- og vi teller ned!

I dag er det berre ein månad til vi flyr vår kos for å badebadebade i ei heil veke! Hjelpes kor offisielle ungane vart da de fikk pass! Enkelte av familiemedlemmane har pass frå 2005; og da var det LOV å smile på biletet. De tre andre ser sure ut - men heioghå kor vi gler oss! hæsjtæg ingensureminerherigården :)

onsdag 16. april 2014

Ferietid!

I dag begynner påskeferien vår! Vi tøffer i skrivande stund austover for å besøke gode venner i Kongsberg. Med oss i bagasjen har vi påskeegg, vin, champagne, solbriller og gåver. Kosetur!
I helga pynta vi huset til påske; og eg liker så godt å ta inn nokre greiner som vi pynter med påskeegg i plast. Kanskje eg tørr å la de prøve "ekte" egg neste år?
I vindaugskarmen står ei samling med finfine påskekyllingar som har blitt produsert i barnehagen de siste åra. Storebror har laga tre av dem og lillesøster den eine - ho begynte på avdelinga der de lagar slike ting i fjor haust. Det er SÅ KJEKT med pynt som ungane har laga - de er så fulle i personlighet! - både ungane og pynten!
Da mannen kom heim frå jobb etter at vi hadde pynta på laurdag ser han raskt bort på pynten og seier "Jasså? Bjørk?" Keep your friends close and your enemies closer, men kanskje ikkje når det gjeld bjørk. Synd den var så fin. Men no har eg altså kasta den ut og dett var dett. Neste år må mannen ut på jakt; eg klarer berre ikkje å sjå forskjell!

tirsdag 15. april 2014

Todagersveke!

Vi har jobba desse to dagane i påska, og eg nyter stille kontor (og fråværsmelding som svar på ALLE mailane eg sender ut - ikkje akkurat nyting der;)), vegar utan rushtrafikk og det faktum at det er iskaldt ute; så derfor kan ein like gjerne vere på jobb. Ungane har brukt vinterdressar i bhg i dag: brr!!

Men når veka kun har to dagar må dei utnyttast maksimalt! Gjøre ferdig alle arbeidsoppgåver, og trene! I kveld er det alt vekas andre trening, eg har kun to veker igjen av sats-medlemskapet mitt og det skal utnyttast. Alt må inn måndag og tysdag; for i morgon reiser vi på påskeferie!

I dag har vi middagsbesøk også, og vi må pakke til ferien. Ingen tid å miste - her må eg hive meg rundt!

mandag 14. april 2014

Påskeverkstad med minimale forbredelser

Ofte er det flott med aktiviteter som det ikkje tar ein heil kveld å forbrede. Som denne enkle påskeverkstaden vi hadde på laurdag. Vi steikte eggerøre til frukost, og tok vare på eggeskallene som vi kunne putte våt bomull oppi og plante karsefrø i.
No, to dagar seinare, er det alt begynt å spire oppi der - det er jo det som er så fint med karse! Storebror følgte nøye med det første døgnet; og da er det jo ok at noko skjer :)
Plastegg er genialt når ein har små unger som fort knuser ekte eggeskal. Desse vart malt på med hobbymaling, og tre av fire unger ville drysse glitter på også. Eg henger de opp med tape under hobbyhylla vår på kjøkkenet slik at de tørker skikkelig.
https://epla.no/blogg/2012/god-morgen-norge4/ fann eg fine påskeegg som eg skreiv ut til de som ville klippe ut. Desse utklipte egga kan ein lime på store ark, eller lime saman to og to med litt hyssing i toppen slik at ein kan hengje de opp.
Å skrive ut gratis påskebileter til fargelegging frå nettet er også enkelt og greit :)

Googler ein "påskeverksted for barn" kjem det opp mange gode tips! Særleg likte eg denne sida som eg har lagt som favoritter - her var det mange enkle og fine prosjekter!

søndag 13. april 2014

Sjøblomst og den hemmelige vifte

Det er ei stund sidan eg las ut denne boka, men eg tenkjer framleis på den. For nokre år sidan var eg heilt hekta på bøker skrive at kinesiske, og gjerne kvinnlege, forfattere. Så hekta at eg til slutt fikk nok. Men denne boka er litt annleis og går inn på deler av samfunnet eg ikkje har lest så mykje om tidlegare. Den beveger seg fint framover med mange uforutsette tvistar. Eg lurer jo på om det er sant - at kvinner hadde eit eige skriftsspråk som mennene tilsynelatande ikkje kjente til.
Slutten, eit kritisk punkt i alle bøker, eg sjeldan god. Ei perle av ei bok - anbefalast særleg om du er litt over gjennomsnittleg interessert i Kina sin historie.

lørdag 12. april 2014

Laurdag og påskeverkstad

Mannen lunta surt ut døra i dag også for å jobbe. Ingen happy ektemann, men happy kone og kidz - vi skal ha besøk av venner! Eg har gjort klart nokon små påskeverkstadaktiviteter. Innlegg med bilete kjem etterkvart :) Ellers er det heimelaga pizza på menyen, og is til dessert. Ein god laurdag! :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...