torsdag 31. oktober 2013

Heimedag

Te i yndlingskopp og data i fred og ro - deilig!
I dag er eg dronning aleine i eige hus! Eller er eg slave? Samma kan det vere, det er MIN musikk på poppanlegget, det er MINE programmer frå 90-talet på TV med HØG lyd (ingen kan jo bli vekt!) og det er MIN egotripplunch (liten frossen pai)! Eg er lykkleg medan eg vaskar hus og klær, bakar brød og lagar middag, trener og tar ein lang dusj.
Fin-fine Mikkeserviettar må til når ein skal spise både frukost og lunch i sofaen forann TV. Sweet heaven!

onsdag 30. oktober 2013

Morgonidyll

Storebror har begynt å teikne mennesker, og har derfor hoppa over fleire teikneutviklingssteg. Vi håpar lillesøster vil produsere nokon hodefotingar; det er mitt favorittmotiv (nest etter denne flotte prinsen!)
Ungane har sjølvsagt ikkje fått med seg at vi har skrudd klokka. Derfor har dagane begynt kl.06.00, ikkje 07.15 som vanleg (eg veit IKKJE kvar det kvarteret har blitt av!). I dag skulle eg starte dagen med møte i byn kl.09.00, så vi hadde goood tid heime før vi skulle vere i barnehagen til frukost kl.08.30. Eg hadde satt klokka mi på 07.30 - det kunne jo hende eit mirakel ville skje, men nei. Heldigvis hadde vi ein god, om enn litt lang, morgon heime. Begge to bytta på å gjøre meg GAL i går kveld, så det var godt med ein god start på dagen før eg skulle levere de. Vi låg lenge i senga og prata før vi kledde på oss. Ungane sprang på rommet til storebror og leika mor, far og barn medan eg nesten fikk lese ut boka eg har nilest de siste dagane. Ute stod sola opp, og det var fred og glade barnestemmer i huset. Deilig!

I morgon håpar eg de sover litt lenger, eg skal avspasere og har tenkt å slå av vekkerklokka. Here is hoping:)

tirsdag 29. oktober 2013

Marsj avgårde!


Tre flotte folk i haust-Fyllingsdalen!
Mellom muffinsbaking og gjestar på søndag køyrte vi til Fyllingsdalen for å vere med på den historiske Krohnegårdsmarsjen. Vi kunne velgje to løyper, 3 km eller 7 km. Sidan vi skulle heim til Halloweenfest valgte vi den kortaste på 3 km. Det hadde bøtta ned med regn tidlegare på dagen, men da marsjen starta var det opplett og sol - flaks!
Lynghaugtjørna med yrande fugleliv og ein fin turveg rundt. Vi går aldri tur i Fyllingsdalen, så det var veldig kjekt å spasere i eit område vi ofte køyrer! Og ekstra flott var det jo med alle de klare haustfargane og bladene på bakken!

Fyllingsdalen kyrkje (bygd i 1976)
Undervegs svarte vi på spørsmål, i alt 7 spørsmål knytt til Fyllingsdalen. Kva heiter fotballaget? (FK Fyllingsdalen) Når vart Krohnegårdmarsjen gjennomført for første gong? (1955) Kor mange flytta frå Fyllingsdalen til amerika mellom 1880 og 1912? (15) Storebror fylte ut etter tips frå oss de første fem spørsmåla, så kryssa han av slik at det vart mønster etterpå. Det var sikkert like korrekt - vi svarte mykje feil!
Etter ein times vandring kom vi i mål der det venta flotte diplom til alle, gullmedalje til ungane og vafler og saft! Veldig kosleg etter ein kjekk tur (med ein tanke utolmodig og tissetrendt lillesøster). Storebror var så heldig å vinne gåvekort på Oasen kjøpesenter på startnummeret sitt, så det var veldig gøy! Han vant også på startnummeret da vi gjekk Lyderhorn Opp, eit prøvedykk (!) på Nemo Classic Diving! Eg og mannen er ikkje heilt enig om kven av oss to som skal få lov å arve den premien;) Ein liten heldiggris, det er i allefall sikkert!

mandag 28. oktober 2013

Halloweenfest

Vårt førstekjøpte gresskar!
I går hadde vi Halloweenfest for 7 (8) små og 7 store - veldig kjekt!
Vi skulle bake gresskarpai, så derfor hadde eg kjøpt dette gresskaret - det minste eg fann - 3 kg. I følge oppskrifta på tine.no var gresskarene som veigde mellom 2 og 4 kg de beste å bruke i pai. Mannen ville skjære det ut, så her teikar storebror sikksakk rundt toppen med tusj. Sjølve skjæringa er nok voksenarbeid.
Innholdet (i alle fall 400 gr av det) vart hovedingrediens i ein deilig gresskarpai - nydleg!
Gresskarlykta var skikkelig stilig med lys i på kvelden! Denne skar mannen ut på laurdag, og da søndagen kom hadde den begynt å skrumpe inn i taggane. Vi burde kanskje sette den kaldt på natta, men den hadde uansett ikkje lang "ferskhetstid", noko som jo er heilt ok. I dag trur eg vi må kaste den:)
Inspirert av Bakeriet i Lom og våre svenske venner ville vi lage snurrer med kanel, sukker og sjokoladeknapper. Dette viste seg å vere ein god jobb for ungane. Vi brukte den beste deigoppskrifta vi kjenner til, med både H-mjølk, meierismør og egg. Oppskrifta sa to posar med gjær, og sidan vi bakte for gjestar heiv eg oppi to posar, ikkje ein som eg vanlegvis brukar, og bollane heva noko så innmari! Neste gong held det med ein pose - det vart nesten som små bollebrød!

På leikebutikken fann eg ein pose spindelvev for ein billig penge. Den fikk vi dratt ut over stor deler av hust, i trappa, över dører og her - i stuetaket. Pimpa opp med masse plastedderkopper vart dette skikkelig kult! Ungane digga det! Alle utanom ein liten kar på to år som vart kjemperedd alle "eddejoppane"!
Så store vart bollane. Eg pynta med melisglasur i spindelvevmønster. De fine Halloweenserviettane er frå -nille. Sidan vi har ganske små unger lar vi Halloween vere edderkoppar, svarte kattar, hekser og gresskar. Vi lar dødninshodene og vampyrane seile sin eigen sjø.
Slik vart heile kakebordet til slutt! Til middag var det pølse i brød og pizzasnurrar. Til dessert vart det pumkinpai, Red Velvet Cupcakes, fruktfat, popcorn og jordbærkake. Gjestane hadde med noko til mat alle saman, så restar av desse godsakene vart med på jobb i dag. Det blir alltid litt for mykje.
Det var veldig kjekt med besøk av mannen sine søskenbarn med ektefeller og barn! Sjølv om vi bur i Bergen og nabokommuner alle saman er det ikkje ofte vi ser kvarandre. Ungane fann tonen fort og leika kreativt saman heile tida. Heldigvis hjalp de å rydde soverommene til ungane før de reiste - eg trur alt var tatt i bruk på begge rommene! Det vart fortalt mange nyhende - to par hadde kjøpt hus og var i prosessen med å selgje leilighet, eit par hadde kjøpt el-bil (eg og mannen drakk informasjon - vi trenger ein bil nummer to, og da ønskjer vi å kjøpe el-bil) og eit par venta barn nummer tre! Ein flott ettermiddag som vi vart enige om å gjennta om ikkje så lenge!

søndag 27. oktober 2013

Hjerteplaster

Plaster i fin boks - skal ikkje meir til før ein blir lykkleg!
Eg snubla over denne fine tinboksen med plaster i på Bystasjonen for nokre veker sidan. Etter at ungane var hekta på Doc McStuffins har eg sett litt etter hjarteplaster. McStuffins bruker plaster med eit lite raudt hjarte akkurat der vondten er, og det synes eg har vore så søtt!
Boksen var FULL av plaster - og enda betre; ganske så crappy plaster også. Supert for oss som plastrer lillesøster for den minste ting (fordi ho "TJENGEJ PLASTEJJJJ!") og som når plasterene er for gode i limen må lirke det av med hyl og skrik etter ei veke. Desse detter av neste dag - perfekt!
Og så søte!

lørdag 26. oktober 2013

Dyreyatzy

Vanskleg å sjå? To elefantar og eit nasehorn.
For nesten eit år sidan var eg og mannen på julebordtur med jobben hans til København. Like ved Runde Tårn var vi innom ein bokhandel der vi kjøpte (mellom anna) denne dyreyatzy'en. Vi tok den ikkje fram før i haust, og den er den nye spelfavoritten i huset!
Storebror digger å spele, og er bltt knallgod. Vi skriver tallene og han reknar ut. Lillesøster spelar også, men blir lei etter eit par runder. Dette er eit perfekt spel for 4-5 åringar! I Sverige i sommar fann eg samme konseptet, men med prinsesser. Eg kjøpte de to siste settene de hadde på den butikken og har de liggande i gåveboksen i påvente av bursdagsjenter som fyller fire år (til neste år fyller lillesøster og alle de små vennane hennes fire år, så gåver til den aldersgruppa er under hamstring).
God laurdag!

fredag 25. oktober 2013

Forbredelser

Vi kjøpte takke for julegåvepengar vi fikk i fjord. Den er mykje brukt!
Når vi har invitert ein haug med flotte folk på Halloweenparty er det mykje som skal organiserast. Når fruen i huset knapt har vore innanfor døra denne veka på grunn av jobb i alle endar av dagen er det enda meir som må bli gjort. I dag avspaserte eg ei heil (!) time på slutten av arbeidsdagen for å slite meg ut på tredemølle på sats før helga begynte. Det er jobb både i morgon og søndag - og neste veke, men ein del kontortimar forsvinner (på sin plass - i og med at det er helg) og der putter vi inn husrengjøring, klesvask og ikkje minst matlaging!
Sidan eg skal på jobb før Halloweenfesten på søndag (og drar mann og barn med meg) gjør vi det enkelt med pølse i brød til alle. Det er Halloween, og hovedfokuset ligger på søtsakene! Vi skal bake blodige cupcakes (Red Velvet Cupcakes), gresskarpai og tropiske sneglehus (kanelsnurrepepperier med knust smarties).
Vi var innom tanken på sveler, men eg klarer ikkje å finne på noko ekkelt å kalle de!
Små musehjerner (popcorn) og skummelt snop er obligatorisk. Dette blir veldig gøy! Eg gler meg til Halloweenfest - og til å spise opp alle kaloriane eg svetta av meg på sats i dag:)

onsdag 23. oktober 2013

Eventplanleggjing

Storebror kom heim med denne i finfin konvolutt - perla og laga av ein god venn i barnehagen.

På jobb er vi inne i hektiske dagar med masse aktiviteter. Det syder og koker både på kontoret og ute i bydelane! Det kan vere det er det kreative miljøet som gjør at eg også på fritida setter igong mykje aktivitet. I helga er vi 15 til bords da vi har invitert fleire barn og voksne frå mannen sin familie til Halloweenfest. Så langt ingen frafall, og i dag skal mannen på butikken og handle til heile veka og kalas; phuu - i helga blir det baking! Om tre veker planleggjer eg eit nabotreff der eg inviterer mammaer i nabolaget heim til meg. Der er eg heilt på invitasjonsstadiet; så langt verkar det som om folk vil komme, det er kjekt! Eg held det ganske enkelt, men likevel er det ein del planleggjing før folk kjem. No er det planleggjinga eg liker da, også kjem de hygglege menneskene og minnene som ein bonus :)

tirsdag 22. oktober 2013

Mikke Mus Klubbhus

"Velkommen til klubbhuset mitt!"
Mikke Mus Klubbhus var lenge storebror sin favoritt på TV. Det er ei stund sidan no, og lillesøster har eigentlig ikkje vore interessert, men spelet - det er kjekt!

Vi går rundt og rundt med ei Mikkebrikke og leitar etter vennane, Minni, Dolly, Donald og Pluto; som vi finner ved å snu de raude brikkene som vi landar på. Alle har eigne brett med farge på - så det er bakgrunnsfargen som avgjer om det er "dine" vennar eller andre sine vennar du finner. Er det ein anna bakgrunnsfarge lar du brikka ligge med baksida opp, også er det nestemann sin tur. Ein slags blanding av finn to-og-to like og "Jakten på den raude diamant" (som er ein av storebror sine yndlingsspel i barnehagen). I motsettning til bingo er dette eit spel som tar rundt 15 minutter, noko som er perfekt lenge for mor, litt for lenge for lillesøster, og litt for kort for storebror som alltid vil spele eit anna spel når vi har tatt ein runde med dette :) Far i huset da? Han har tolmodighet som gjør at han også kan ta ein runde bingo, så han er ikkje tatt med i vurderinga ;)

mandag 21. oktober 2013

Klargjøring i hagen


Lillesøster sett frå kjøkkenvindauget.
 I går gjennomførte vi vinterklargjering i hagen. Storebror var veldig innvolvert med det samme eg sa at han skulle få ei krone i sparegrisen sin for kvar boss han fann i hagen. Etter utallige sneglejakt i hagen i sommar var hagen full av tomme boksar, små plastdelar og anna søppel. Heile 42 (!) boss fann storebror på ein halv time - og kasta alt i søppelspannet medan han telte høgt. Etterpå tok han "En gul knapp, virre virre vapp, du slapp" på meg og mannen slik at eg slapp unna, og mannen måtte betale ("Eg begynner på pappa eg mamma slik at du slepper å betale med dine penger *wink*"). Det var jo ekstra flott sidan det var min ide, men det viktigste eg at storebror jobba og hjalp til! I dag tidleg da han såg pengane vart han dritsur fordi "jeg ville jo ha flere lapper også mange penger! Dette er jo bare lite!". Haha; ein stad må vi begynne alle saman!

Lillesøster var uheldig å feste glidlåsen oppi haka da vi var på veg ut i hagen i går, så ho grein og grein og grein og skulle IKKJE ha kos i 15 minutter. Så fann ho sykkelen sin som ho satte seg på og grein in nye 15 minutter fordi ho ville på sykkeltur. Ho har ikkje hatt ein bra søndag, ho hadde seg ei skikkelig trassperiode som varte meir eller mindre heile dagen (fram til 1 minutt før sengetid - da var ho i strålande tullehumør!)

Men no er hagen klar for vinteren! :)

...og lillesøster fikk seg ein lang sykkeltur før middag slik at dagen hennes vart litt betre.

søndag 20. oktober 2013

Kveldsmatpannekaker

Nam!
Eit egg, ei overmoden og most banan og litt havregryn. Miks ihop og steik på middels varme. Raskt og kjempegodt. I fjord haust hadde vi dilla på sukkerfrie bananmuffins som fikk de overmodne bananene våre til å få føtter å gå på. I år er det pannekaker som er i skuddet.
Eg las i veka at graut er den nye it-maten. Så banangraut blir vel Hausthit 2014. Høyres jo unektleg godt ut:)

lørdag 19. oktober 2013

Bingo!


Storebror fikk Bingo i gåve av mormor og morfar. Med eige tall-snurre-maskin og tusenmillioner små biter er dette MAX KJEKT for både storebror og lillesøster!



Ikkje fult like gøyt for de voksne når ungane finner ut at de vil spele bingo 10 minutter før leggetid. Dette spelet tar tid og krever tolmodighet. Derfor må eg vere så ærleg (her) at eg har lagt Bingo'en i ei anna hylle enn alle de andre spelene våre slik at vi voksne kan bestemme når det skal bli tatt fram.


Tre tal er trukket ut, og ungane har alt jobba i 12 minutter.

Steg 1: God tid
Steg 2: Spel bingo!

fredag 18. oktober 2013

Snop frå the big U S og A

Reeses pieces og Hershey Kisses - heaven!
De har god mat i USA, og ikkje minst god snop! Det er 12 år sidan eg budde der, og no har de fått mykje til Noreg - både Starbucks, Subways og TGI Fridays. Men det smakar likevel ikkje slik det gjorde i USA. Derfor er det stas når kollega skal til statane og lover å handle med seg litt snop tilbake!
Akkurat Reese's Pieces har de på enkelte butikkar i Bergen (og Ben&Jerrys is - NAM!), men det kostar da gjerne 25,- for to "cups". Eg liker best minitures, ein perfekt munnfull! (Og i USA kostar denne posen rundt 15 kr) Derfor var det minicups og ein pose med Hershey Kisses som var på ønskelista mi.
Hershey er sjokoladefabrikken som ligger i staten eg budde i, Pennsylvania. Eg var ikkje på fabrikken, men likevel er den litt "heime". Faktisk så liker eg ikkje smaken så veldig heller - det er meir innpakkningen som eg synes er supersøt!
Også var det Reeses Pieces da - min og mannens absolutte favoritt! Vi tel bitane slik at begge får like mange - dette er knallgodt! Salt peanøttfyll og søt sjokolade - perfekt kombinasjon. Dette er fredagssnopen vår i kveld, for siste gong. Vi har delt de godt utover i fleire veker, men no er det altså siste rest som skal nytast i store drag. Og ja - vi planleggjer tur til amerika for å kjøpe meir, men det blir ikkje sånn heilt med det første.
God fredagskveld folkens :)

torsdag 17. oktober 2013

Pynta bord - nye serviettringer og fokuspunkt

Det er haust i Bergen by. I dag har ungane med seg vinterdressar i barnehagen for første gong. Ikkje det at avisene bryr seg om det (for det ville de vanligvis ha gjort. Ikkje om ungane, men om været) - i dag er bergensarane overveldande krye fordi vi (de) for første gong på 76 år har ein bergensar som statsminister i Noreg.

Sjølv benytta eg deler av gårsdagen til å få 90 minutters masasje - noko som resulterte i kunnskap om at hovudpinen eg har hatt de siste vekene stammar frå spenningar i nakken, noko som igjen er typisk "stresshovudpine". Gjett om eg vart stressa av å høyre det?!?
Det er godt å la de store tingene vere i fred - og fokusere på de små hygglege. Som at ettermiddagssola framleis er varm når ein er inne og lar den skine gjennom kjøkkendøra. Som at vi har middagsbesøk og høve til å pynte bordet litt med nye serviettringar. Som at etter foreldremøtet i barnehagen i går var eg så glad og stolt over å vere foreldre i ein barnehage som ikkje berre har flotte barn og ansatte, men som også har flotte foreldre som snakkar i munnen på kvarandre av engasjement og vil vere med i samarbeidsutvalget som eg er leiar i. Det blir godt å ha fleire å dra lasset saman med. Som at lillesøster endelig har sove ei heil natt, og var så utkvilt i dag tidleg at ho hoppa rundt som ein sprettball av rein glede for at det var morgon. Som at eg skal på Powerstep på sats i kveld og berre fokusere på å bli mest mogleg svett. Og som at det i morgon alt er fredag - og vi har ingen ettermiddagsplaner.

Og som at eg faktisk nesten veit at eg er gift med verdens snillaste mann :)

onsdag 16. oktober 2013

Lesehest


Her skal det liksom vere plass til ein femåring.
 Storebror er ein lesehest. Han leser masse, både i barnehagen og heime på ettermiddagen. Vi leser ei bok for han etter kveldsstellet, og ellers iløpet av ettermiddagen om han spør om det. Oftast leser han aleine. Rundt kl.20.00 følgjer vi han i seng og dette skjer ALLTID:

Voksen:  God natt!
Storebror: God natt. Eg leser litt eg.
Voksen: ok.
Også ser det slik ut neste morgon. Da har han tatt de fleste bøkene frå bokhylla han har på rommet og lest de før han stablar de i fotenden av senga. Nok gongar har han litt vekt av å ligge på eit hardt bokhjørne; så dette har han smertelig erfart sjølv - at bøkene bør ligge eit stykke unna puta. Han er heilt stille heile kvelden. Mannen studerer og eg strikker foran TV-skjermen. Og det er så stille på begge barnerommene! Men titter vi inn rundt 21:17 så sitter han der. Med lyset på og nasa i ei bok. Eit lite B-menneske. Og ein stor lesehest.

tirsdag 15. oktober 2013

Miss Dahls sjokoladekake

Eg er glad i matlagingsprogram. Av og til hender det at eg skriver ned oppskrifter som eg prøver sjølv. Denne sjokoladekakeoppskrifta kjem frå Miss Dahl, ein engelsk kokk, og barnebarnet til ein av mine favorittforfattarar Roald Dahl (og derfor er ho pittelittegranne norsk om det betyr noko).

Kaka lagde eg til ei 15 år gammal bursdagsjente som elsker sjokoladekaker. Mannen min liker ikkje sjokoladekaker, men denne digga han, og vi har alt bestemt når vi skal bake den neste gong!

Oppskrift:

300 gr. mørk sjokolade
225 gr. brunt sukker

Køyr i hakkemaskina (eg brukte den vi nyttar til smoothie) slik at alt blir ein fin miks. Rør i 6 eggeplommer, 225 gr. smør i små biter (legg i ein og ein og la det blande seg), 1 ts instant coffepulver, 2 ts vaniljeekstrakt (her brukte eg heimelaga vaniljesukker) og litt kokande vatn ( ca.1/2 dl).

Visp de 6 eggekvitene slik at de blir luftige - vend dette forsiktig inn i sjokoladerøra. Hell i rund springform, smurt etter alle kunstens reglar. Steik på 180 grader i 45 minutter. Når kaka er avkjølt lar du den stå i kjøleskapet til neste dag. Det er her den er litt genial - akkurat som blautkake blir den betre dagen etter, og sikkert dagen etter det også, men den vart oppspist med ein gong så det har vi ikkje skjekka ut.

Miss Dahl pynta med creme fraiche og masse friske bær - eg gjekk for ein anna variant. Vår favorittsjokoladekrem!

Glasur (verdens beste):

100 gr smør
100 gr Philadelphia kremost naturell
1 ss mørk kakao
1.5 ss sterk espresso
1 ts vaniljesukker
Melis til passlig konsistens

Ungane pynta og NAM NAM!

Dette innlegget er på sin plass på ein vanleg tysdag midt i oktober. Vatn-i-munnen-innlegg:)

Ha ein strålande tysdag!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...