torsdag 30. april 2015

Langhelg!

Hurra! No reiser vi snart til Florø for å feire 60-årsdag til pappa/svigerfar/morfar! Vi har ikkje vore i Florø sidan romjula, og gler oss til å sjå alle igjen!
I einsam majestet. 
Dette uhyret er heime aleine. Så det er ingen grunn til å bryte seg inn hos oss. Be aware of the cat!

onsdag 29. april 2015

Stoltzen nok ein gong

I ettermiddag forlot eg mann og barn på fotballtrening i strålande sol og køyrte til Sandviken der det regna, snødde og hagla om kvarandre! Det frista ikkje så veldig å slite seg opp på Stoltzen i det været og med bein og bak støle og såre etter gårsdagens nådelause styrketrening. Men eg gjekk ut av den varme bilen, og ikkje lenge etter var det fine været komt til Sandviksfjellet!

På toppen venta Stoltzenyoga, og i dag klarte eg to øvelser som eg har øvd masse på, mellom anna å stå på hendene! Hjelpes kor gøy! Og turen vart ikkje mindre fantastisk med denne utsikta før eg gjekk ned igjen kl.19!


Trappene hadde tørka opp til eg gjekk ned igjen, så eg slapp å skli nedover på glatte steintrapper. For ein flott avslutning på dagen!

tirsdag 28. april 2015

Jentekveld

Etter ein overraskande solskinnsdag (frå innsida ser det ut som om det er 30 varmegrader, men på utsida viste det seg at det kun var 4) råner eg Nissan Leaf (aka gratis bompassering) til byn saman med eigar av nevnte bil for å vere med på Jentekveld i regi av Sparebanken Sogn og Fjordane. Vi skal høyre på at de snakkar om økonomi, men vi skal også spise mat frå Hanne på høyden og ha ølsmaking. Mmm, kjenner eg blir sulten berre av å tenkje på det!
Scenografi på Pippiforestillinga på Nye Fyllingsdalen Teater

mandag 27. april 2015

Nattevandrer

Klokka 04:42 i natt vokna eg av lydar i stua. Der hadde lillesøster jobba ei stund med tepper og puter i heile sofaen, og hadde alt høyrt lenge på den lydboka eg trur eg liker minst av alle, Gnottene. Slik har ho vore så lenge ho har vore - voken på natta, i rundt to timar. Etter at ho har vokst til står ho berre opp, går på do, leiker, leser, teiknar - kva som helst. Det hender også at vi ikkje vokner, at vi kun ser spor av aktivitet når vi står opp.
Pynter til påske - på dagtid.
Ikkje ein gong når ho var lita trengte no noko voksenkontakt når ho var voken på natta. Ho berre låg der og pludra for seg sjølv. I dag tidleg sov ho tungt da eg vekte ho klokka 07:15. Helt om natta - helt om dagen. Humøret kom seg fort - heldigvis! Og ho sovnar nok utan å knø i kveld!

søndag 26. april 2015

Søndag!

I dag har vi skikkelig søndagsharmoniske alle fem!
 På kjøkkenet står brøddeigen til heving, i stua danser lillesøster til Trond Viggo-musikk og danser i prinsessekostyme, storebror leiker med lego og mannen vasker badet (av eigen fri vilje;)).
Seinare får vi middagsbesøk, men akkurat no skal vi prøve å beholde søndagsroen :)

lørdag 25. april 2015

Festlaurdag!

Medan byen var full av maratonløpere har vi kosa oss i bydelen vekke frå løpsfesten med 2 bursdagsfeiringar, søppelkøyring (og vips; ekstra plass i garasjen) og middag hos gode venner.
No er vi heime igjen og sidan det er mannen sin tur å legge ungane ligger eg på sofaen og klikker "liker" på alle som har sprunget i regnværet og kjenner at kroppen min er glad for at eg ikkje var ein av de. God laurdag :)

fredag 24. april 2015

Ikkje kast mat!

Viste du at 50% av all mat ikkje blir spist? Det er 50% for mykje, og alle MÅ vere med å gjøre sitt for at dette tallet synker! Det er mange enkle ting ein kan gjøre for å unngå mat i søpla, og samtidig spare penger! Grønsaksrester går godt i lasagne, pizza, pai, omelett osv. Rasp det opp og bruk det som det er. Middagsrester er godt i nisteboksen neste dag eller oppvarma til kveldsmat som her i huset.
 Ein anna stad ein kan gjøre enkle grep er på matvarer med datostempling. Her tar produsentane alle forhåndsregler og stempler Best Før i god tid før varen egentlig er dårlig. Lukt på det! Lukter det fint kan du spise det! Til kveldsmat i går lagde eg grove vafler på utgått yoghurt, utgått jordbærsyltetøy (ja - rett i røra. Fungerer så berre det!), utgåtte egg og små mjølrestar som ikkje er nok til noko (anna enn dette og røskihopbrød). Kjempegodt!
Ein kan jo dyrke sin eigen mat også, men det tar tid. Så langt lykkast eg med butikkjøpt basilikum og mynte som vokser seg større mellom kvar gong eg bruker av de. De trenger litt vatn kvar dag, men ellers passer de seg sjølv. Kanskje vi tørr å prøve oss på gulrøtter eller tomater? Storebror har planta paprika og tomater på skulen denne veka, så han er ein ressurs vi kan benytte oss av!

torsdag 23. april 2015

Stoltzen -igjen

I går var det Stoltzenyoga på nytt og eg gjekk opp for å vere med til tross for styrketrening på beina tidlegare om dagen. Det var kanskje ikkje så lurt, det er aldri behagelig å gå opp trappene til Sandvikspilen, men i går var det nesten litt i overkant. Med to korte pauser brukte eg eitt minutt meir enn for to veker sidan da eg gjekk opp uten pause.  Oh well, eg kom meg opp.
 Sjølv om det var masse sol på dagen i går hadde det skya over til eg gjekk opp kl.17.30.
 Regnskyer over byen. Yogaen var nydleg som vanleg, men det vart litt kaldt på slutten så det var godt å begynne å bevege seg nedover igjen. Trappene er ikkje laga for at ein skal gå ned, mange av trinna er smale og heller litt nedover slik at de er gode å gå opp. Eg bruker faktisk meir tid ned enn opp, eg er så redd for å dette. Ein vil ikkje dette ned her:
Eg hadde akkurat komt meg ned da de første dråpane kom. Lukta av regn på varm asfalt er deilig!! Innan eg var heime hølja det ned. Flaks!

tirsdag 21. april 2015

Sesongbytte

Etter gårsdagens sommar overser eg at det har vore overskya og fire varmegrader i dag og har brukt ettermiddagen på å rydde vekk vinteren.

Ei full maskin med huer, votter, halsar, buff, skjerf og hanskar vart vaska i helga og i dag sorterte eg vekk det som var for lite og det som skal vere i par, men som no kun var ein - og la alt på plass i ein kommode vi har i boda. Håper det er leeenge til eg skal nedi det igjen. Og når eg må det er det i alle fall litt hyggelig at det er ryddig, reint og klart til ny vintersesong.
Vinterdressane til ungane er vaska i dag og heng til tørk. Eg vaska de i påska også, men jammen måtte de bli brukt mokre dagar i april også! Snart rydder eg ull nedover i skapene og tynne gensere og sommarklær opp, men eg trur ikkje det er noko vits å gjøre før eit stykke uti mai. Men snaaart er det varm vår, og da!!

mandag 20. april 2015

Kveldsmattur

I dag har vi hatt forsmak på sommaren med knallvarme og strålande sol! Storebror fikk gå på skulen utan ull innerst for første gong i år! Heldigvis hadde vi avtale med klassen hans i ettermiddag,  så vi har virkelig utnytta det gode været!
 Ein gong i månaden gjør vi noko sosialt saman med de andre i klassen med familie. Denne gongen var det min tur å lage aktivitet så da vart det spasertur i skogen til ei lita perle der vi tente bål og grilla kveldsmat. Akkurat her har vi vore mange gonger, det er faktisk tredje turen dit i år, og det er kjekt å vise plassen til andre :)
Vi storkosa oss med glade unger som vassa og pølser på bål. Ein nydleg ettermiddag!

søndag 19. april 2015

30-årsbursdagskort og solhelg

Dette har vore ei innholdsrik helg, og vi er heilt utslitt! Det er fantastisk vær, så vi har vore masse ute! Etter frukost på laurdag gjekk vi opp Stoltzekleiven til Sandviksfjellet og åt lunch med nydleg utsikt over Bergen!
Vi gjekk ned Skredderdalen før vi kjøpte oss årets første is! På ettermiddagen kom barnevakten, for eg og mannen skulle i 30-årslag til søsteren hans. Eg og ungane hadde laga kort:
 Svigerinna mi kaller seg for 29+1, men sidan vi er så gode i matte her i familien klarte jo vi å rekne saman kva det vart ;) Derfor måtte vi lage eit stort 30-tal! Sjølvsagt!
 Eg var kreativ utanpå, medan storebror skreiv teksten inni og lillesøster teikna tante med store øyredobbar, krøll i panna og bursdagskrone på hovudet! Og ja, krusedullen midt på magen er navlen! :)
Storebror dekorerte baksida, mellom anna med denne sommarfuglen, sidan han synas at klippinga såg ut som sommarfuglvinger.

Sjølv om eg køyrte i går, har vi vore litt slitne i dag. Etter ein roleg førmiddag i sola køyrte vi til venner på "lag din eigen pizza" og lærte at dadler på pizza er nammis! Tre av fire er heilt hodestups forelska i lillebror i den familien og har eigentlig kosa og leika med han i heile ettermiddag. Heilt herleg! Men han står opp kl.05.00, så vi lot han vere igjen ;) Håper energinivået er vanleg i morgon, og at finværet heldt!

fredag 17. april 2015

Arven

De siste dagane har eg skumma igjennom debutboka til Katherine Webb, Arven.
 Eg las "En sang fra fortiden" av samme forfatter i sommar, ei veldig god bok! Denne hadde litt av samme atmosfære, men plottet var klart frå tidleg i boka, og derfor er ikkje denne like god. Men eg las den på tre dagar, så eg likte denne også :)
Eg ser ho har skrive fleire bøker. Dette er reinspikka underholdning, til tross for at omslaget lover at dette er ei historie som kjem til å surre rundt i hovudet mitt lenge etter at eg har lest siste side. Finfin sommarbok, eg leser nok meir av Webb i sommar!

onsdag 15. april 2015

Oppussing av yttergang

Ein ting er de romma vi vil pusse opp. Som soverommet og badet.
 Ein heilt anna ting er de romma ein må pusse opp fordi regnvatn plutselig begynner å renne inn.
Plutselig og plutselig fru Blom. Eg har sett render nedover tapet og murvegg lenge, kanskje i over eit år. Men eg har berre tørka de vekk og ikkje tenkt noko meir over de. Det var først når det begynte å sjå slik ut at eg (etter at mannen hadde kommentert det) reagerte:
Dette var i oktober/november. Vi fikk befaring av forsikringsseleskapet vårt, og de konkluderte med at dette var "normal slitasje" av det som nok er eit billig påbygg. Utført av fagfolk (vi ringte forige eigar og spurte), men like fult billige materialer. Dette dekka ikkje forsikringa. Vi tok ein anbudsrunde og fikk stor sprik i prisane. Det billigste var Fana Blikk, og vi slo til på deires tilbod i november/desember. Også begynte det å blåse. Det blåste og regna så masse at vår jobb vart flytta bak i køa hos Fana Blikk igjen og igjen. Igjen og igjen sa de at de skulle komme neste veke. Vi hadde på dette tidspunktet presenning på verandaen som også er taket til tilbygget, så det rant ikkje så mykje meir inn, men det var ikkje så koselig - heller ikkje heilt tett. Mannen hadde tatt ned vegg- og takplater etter at forsikringsseleskapet hadde vore her, så yttergangen såg veldig halvvegs ut i månadsvis.
Fana Blikk somla seg hit først i februar. Da hadde det gått heile fire månader sidan vi såg at her var det noko som måtte bli gjort. Eg var så glad da de ringte på at eg kunne ha klemt de i stykker! På fire dagar satte de opp stilas, reiv og kasta gammal byggmasse og laga til nytt. Ferdig på null komma niks - knallfornøyd når de først kom!
No kjøpte vi oss avfukter av kjøpeutbytte på Coop som fikk stå og gå i gangen nokre dagar. Da fuktindikatoren sa at alt var tørt tok det enda litt tid før noko vart gjort. Det høyrer også med til historia at ytterdøra slo seg heilt og var nærmast umogleg å bruke på fleire veker! Det var som om den satt fast i veggen!
Nye veggplater på den eine veggen. Resten var tørt. Ny isolasjon i tak og veggar, og sidan no taket var nede valgte vi å gå for spottar.
Her kan ein sjå stygge fuktmerker på de gamle tverrliggarane med nye plater som Fana Blikk la over. Alt var tørt her (og det tok tid å pusse opp, så det var god tid til å tørke skikkelig) før vi la tak.
Boksar til spottar er på plass. Mannen kan gjøre dette sjølv, så vi slapp å få inn elektrikker. Eg ville ha tapet i gangen, og kjøpte dyr og fancy tapet på Bergen Malingsfabrikk som mannen klistra opp ein ettermiddag. Den er eg så fornøyd med! Alle de gamle listene var blitt tatt vare på, og var blitt måla med tre strøk kvitmaling.
Her begynner vi å nærme oss ein slutt. Det er april og taket, spottane og listene er på plass. No manglar kun oppheng til klær. Her brukte vi det samme som vi hadde. Ungane fikk seg ei skohylle, og det gamle svarte nøkkelskapet passa ikkje lenger inn.
Voksenside og barneside. Før hadde vi ein stol her også - den har vi tatt vekk, og fikk meir plass. Til neste vinter (kanskje før) skal skotørkaren komme inn igjen. Den henger der lillesøster sine støvler står. Ikkje spesielt fin, men spesielt viktig!
Eg har enda ikkje funne noko nøkkelskap som eg likar og som passar inn i gangen, så vi brukar dette stativet som er kjøpt på Indiska for nokre år sidan.
Tapetet er lys rosa og med sommarfuglar - og er litt "loddent" som ei mamma sa da ho var innom :) Det går ann å tørke av - det er viktig.
Her hang det eit speil før også, men vi måtte ha eit nytt som passa inn. Dette nydlege speilet fann eg på Bohus. Det er veldig stort og heilt nydleg!!

Til tross for at dette var eit rom vi ikkje hadde trengt å ta er eg veldig fornøyd med jobben som er blitt gjort når den først måtte bli gjort! Mannen er kjempeflink - eg har kun valgt fargar og interiør - han har gjort all jobben! Det tok mahahahahange månader før vi vart ferdige, men det var jo verdt å vente på :)


tirsdag 14. april 2015

Speiderkniv!

Noko av det flottaste storebror fikk til 7-årsdagen sin var ein speiderkniv! Han tok den fram fleire gongar og pussa den så den virkelig skinte! Ein dag i påska gjekk vi ein tur i skogen for å tenne bål og grille pølser på spidd. Speiderkniven var sjølvsagt med, og fungerte finfint!
Han vart nøye instruert i knivvett, men legg merke til noko på biletet som vi ikkje såg: han held kniven i venstre hand, og storebror er høgrehendt. Kanskje det var grunnen til at han skar seg skikkelig i tommelen på høgre hand da han etter middag spikka i veg på ein pinne. Ikkje hadde vi tatt med plaster heller (er det mogleg!!), og han skreik av lungers fulle kraft: eg vil ha plasteeeer! Eg vil heeeeiiiim!

Heldigvis hadde vi Kvikk Lunch i sekken. Ein bit i munnen, og våtserviett med Kvikk Lunch-papir oppå på tommelen, festa med hårstrikk. Fungerte som berre det! Men neste gong! PLASTER!!

mandag 13. april 2015

Måndag!

Dette er første måndagen på tre veker at det faktisk er måndag, og ikkje "nok ein herleg fridag". Etter hotellhelg og barnevakthelg har det blitt skikkelige snopedagar, og da er det ekstra godt å starte veka med skikkelig mat som kroppen trenger!
Jamie Oliver-salat! Nam! For å ikkje gje kroppen heilt sjokk avsluttar vi med restar av kake som vart laga i helga. Ein roleg oveegang altså :)

søndag 12. april 2015

Togtur og bibliotekbok

Vi toga oss veg til og frå Gol i påska for å flotte oss på Pers Hotell, og vere saman med gode venner som kom austfrå. Å ta toget gjennom vinterlandet er heilt fantastisk! Sjå kor mykje snø:
Vi hadde lyst å hoppe av fleire gongar! På Gol var det knapt snø, så den store baggen vi hadde med oss med varme klær vart aldri opna. Oh well.
Spor 1 på Gol stasjon
Gommokaku på toget!
Toget var forsinka frå Oslo da vi skulle heim igjen, så vi hadde nokre timar å slå ihjel på togstasjonen. Der hadde Gol bibliotek satt opp ein del bøker med lapp der det stod at vi kunne låne bøkene og levere de inn hos vårt lokale bibliotek. Eg las "Snømannen" av Jo Nesbø denne påska, men vart likevel inspirert til å låne med meg ei tynn bok, "Feit - mitt liv som tjukkas".
Først trudde eg det var ei morsom bok og det var det, men det er faktisk ei sann historie. Og den var god! Da eg hadde lest den ut nokre dagar seinare (eg kunne ikkje lese "Snømannen" på sengekanten; du skjønnar nok kvifor) måtte eg innpå nettet for å sjå forfattaren Kristian Fjellanger og lese meir om boka. Eg har ikkje levert den inn her i Bergen enda, men eg håpar det går bra. Takk for lånet Gol!
Solnedgang på veg vestover i påskeveka. Så flott! Eg las masse av "Snømannen" på veg heim denne kvelden, og det er den perfekte staden å lese påskekrim! På toget medan vi susar igjennom vinterlandskap i skumring, medan vinden blåser snøen opp og enslige hytter kjem fram hist og her. Dette er andre påska vi togar oss - det kan godt bli ei vane :)

lørdag 11. april 2015

Miniferie!

I går kveld kom broren min og svigerinna mi på besøk og skal henge saman med ungane, for i dag stikker eg og mannen avgårde på ein miniferie!

I jul - og bursdagspresang fikk mannen tur på hotell saman med meg - med treretters middag på kvelden og masse tid til å berre vere saman. Det blir godt!
Dette hotellrommet er det vi låg på da vi var i Gol. Vi hadde bestilt STORT rom, så her står eg på hemsen og tar bilete ned. På hemsen var det fire senger, og der låg ungane. Heilt supert, og storebror sitt "yndlingshotellrom"! Rommet vi har i dag er ikkje like stort, men no har jo ikkje vi med oss masse leiker og maur i rompa heller ;)

Det er badeanlegg på hotellet, og eg skal imponere med crawlteknikken min. Hahahah : D

fredag 10. april 2015

Skøytetur

De siste åra har kommunen satt opp ei kunstisbane på Laksevåg. Denne låg før i sentrum, så eg prøvde den (på vanlege sko, men dog) da, men har ikkje rota meg til å prøve den medan den ligger i Laksevågparken.
Men her ein fin ettermiddag satte vi oss i bilen og køyrte dit. Storebror har arva skøyter frå nokon på jobben til mannen og har vore på Iskanten to gongar med skulen og øvd seg. Han likar å gå på skøyter, men seier at det er litt vanskelig og at isen er hard å dette på! Kunstisen er ikkje fult så hard, det opplevast nesten som å gå på skøyter på isopor. Det tar nok litt tid å bli vandt med - ein glir ikkje like lett som på is.
Lillesøster har ikkje skøyter, så ho gjekk litt med meg for å hjelpe meg :) Mine skøyter er frå ein gong på 90-talet, ei julegåve ein gong, men føttene mine har ikkje vokst sidan da så de er heilt supre framleis. Trenger kanskje litt sliping ;)
Her er vi i full mundur. Det var kun eg og storebror som gjekk på skøyter. Mannen har også skøyter, men ville ikkje prøve de sidan de også var uslipte. Oh well - det var veldig gøyt - og vi skal absolutt ta oss ein tur på Iskanten. Der kan de slipe skøytene våre, og lillesøster kan leige eit par så alle får prøve.
Medan vi først var der spaserte vi litt rundt i området. Her er lokalmuseet saman med den nye elva som de nett har henta fram igjen, veldig fint!

Det gamle kommunehuset på Laksevåg frå då Laksevåg var ein eigen kommune. Ein finfin bydel i stor utvikling; det er spanande å sjå korleis byen forandrar seg.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...