søndag 19. april 2015

30-årsbursdagskort og solhelg

Dette har vore ei innholdsrik helg, og vi er heilt utslitt! Det er fantastisk vær, så vi har vore masse ute! Etter frukost på laurdag gjekk vi opp Stoltzekleiven til Sandviksfjellet og åt lunch med nydleg utsikt over Bergen!
Vi gjekk ned Skredderdalen før vi kjøpte oss årets første is! På ettermiddagen kom barnevakten, for eg og mannen skulle i 30-årslag til søsteren hans. Eg og ungane hadde laga kort:
 Svigerinna mi kaller seg for 29+1, men sidan vi er så gode i matte her i familien klarte jo vi å rekne saman kva det vart ;) Derfor måtte vi lage eit stort 30-tal! Sjølvsagt!
 Eg var kreativ utanpå, medan storebror skreiv teksten inni og lillesøster teikna tante med store øyredobbar, krøll i panna og bursdagskrone på hovudet! Og ja, krusedullen midt på magen er navlen! :)
Storebror dekorerte baksida, mellom anna med denne sommarfuglen, sidan han synas at klippinga såg ut som sommarfuglvinger.

Sjølv om eg køyrte i går, har vi vore litt slitne i dag. Etter ein roleg førmiddag i sola køyrte vi til venner på "lag din eigen pizza" og lærte at dadler på pizza er nammis! Tre av fire er heilt hodestups forelska i lillebror i den familien og har eigentlig kosa og leika med han i heile ettermiddag. Heilt herleg! Men han står opp kl.05.00, så vi lot han vere igjen ;) Håper energinivået er vanleg i morgon, og at finværet heldt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...