onsdag 30. september 2015

Austevoll

I går hadde eg ein flott dag i Austevoll saman med kollegaer! Mann og barn henta nyfiksa bil på verkstaden ("sjukehuset"), var på speidaren og fann sjøål og krabber, og hadde det ganske så fint. Men eg har kun bileter frå det eg gjorde :)
Herleg hus i Austevoll! Dette er "hytta" til ein av kollegaene mine, og her åt vi både lunch og middag. Nydleg vær og varm sol på førmiddagen i går!
Når ein bur så nær sjøen har ein sjølvsagt ein eigen sti rett ned der ein kan bade. Vi fabla om å ta eit bad, men det vart det ikkje tid til. Huff så leit!


Vi hadde oss ein tur til Bekkjarvik og såg på gammal og ny bebyggelse der. Så køyrte vi ganske så langt nord i kommunen, til Skansen; siste skanse mot havet.
Vi gjekk Nordsjøløypa utover ein kilometer før vi var komt til havet. Det var litt vind, så vi fikk sjå litt av kreftene oppover berget.
Vi var flinke og passa oss altså!
Vi fikk verkleg sjå oss rundt på Austevoll, ein riktig så fin øykommune! Heile 667 øyer er det her - ein del altså. Vi var kanskje på 10 av de :)
Eg var ikkje heime før nærmare 21 i går, men fekk helse på storebror før han sovna. Ein dagstur vekk er jo nesten som ein ferie! I alle fall når ein er i fine omgivelser og med fine folk!

tirsdag 29. september 2015

Mosypakke nr.2

Eg skreiv om Mosypakke nr.1 i august. Det var julipakken, og eg ville vere med i ein månad til for å sjå kva som var med i augustpakken.
Det er alltid stas å få pakke i posten! Og den som var oppi var flott - sjølvsagt - men det var nok med to pakker, så eg meldte oss ut.
God sjampo,  "lomme"-drage, "snø", ein liten plastlama og ei skei som også er sugerør. Sistnevnte var ein stor hit da vi hadde med oss tomatsuppe på tur! Denne skulle vi hatt to av, for her vart det krangling! Gøyt med litt annleis ting, men eg tar heller desse pengane på Panduro og handler slik at det er nok til begge :)

mandag 28. september 2015

Familiedag i Stoltzen


Både i fjor og året før har eg hatt lyst å ha med familien på familiedag i Stoltzen, familiearrangementet i etterkant av Stoltzen Opp - eit knalltøft motbakkeløp i Bergen. I år fikk eg omsider tatt det med i planane, og når til og med bilen starta på morgonen var det no way back!

Og for eit fantastisk arrangement! Flotte deltakarskjorter, masse musikk oppover heile trappa, gøye postar som tok oss vidare bort mot Skreddardalen, og spanande speideraktiviteter undervegs!
                           

Dette er nok det beste familiearrangementet av denne typen eg har vore med på! Vi gleder oss alt til neste års arrangement! Med så mykje liv og røre i trappa gjekk vegen opp som ein leik. Vi hadde, klok av skade, avtalt kven som skulle gå først og sist i trappa slik at vi unngjekk sure unger. Det hjalp også på at det var musikk og fult av andre barn - det vart liksom ikkje tid til å bli sur fordi ein måtte gå sist!
Vel oppe satte vi oss ved Sandvikspilen og såg utover tåkehavet som låg over byen. Klokka var kun 11:30, og tåka letta ikkje før vi hadde gått innover.
Vi luncha og fikk innimellom sjå glimt av Lyderhorn, Askøy eller Løvstakken. Veldig fasinerande, men særleg storebror synas det var dumt at den fine utsikta ikkje var der.
Ved Storevatnet solgte de ekte speiderkaffe, heimelagde kaker og vaffler. Pølser og saft. Ungane fikk kvart sitt kakestykke - storebror har oppdaga Brownies - du må tru det var stas! Også midt på fjellet da!
Og så flott vær som det var! Solglimt, rundt 15 grader og vindstille! Så flott! Vi hadde ikkje planlagt kven som skulle gå først etter trappene, så i redsel for at storebror skulle komme seg forbi, endte lillesøster opp med å tryne skikkelig heile tre gongar! Neste gong MÅ vi hugse å pakke med plaster! Mannen brukte ein del tid på å informere storebror om fordelane ved å gå bakerst. Det gjekk rett heim, så faktisk fikk lillesøster gå nesten heile vegen tilbake til bilen FREMST, og storebror var happy bakerst. Alt vi skal bruke tid på!
Eg nyter alle slike finværsturar som om det er den siste i år, noko som i september har vore veldig mange gongar med det knallværet vi har hatt! Etter den flotte turen vår i går håpar eg at det blir fleire slike i haust! Etter den søndagen var det skikkelig kjipt å vokne til måndag i dag! Eigentlig vil eg ha fint vær og vere på fjelltur med fine folk kvar dag! Mellom anna! ;)

søndag 27. september 2015

Lappskatteland

Dette er andre gong eg har prøvd meg på "Lappskatteland. En familiesaga" av svenske Annica Wennstrøm. Sist kom eg til side 30, så vart den liggande urørt i to månadar før eg satte den inn i bokhylla igjen.
I utgangspunktet er dette ein poppisklassiker - fire generasjoner kvinner og ein familiehemmelighet. Høyres ut som halvparten av de bøkene som ligger på "Best selger"-listene. Så utgangspunktet er bra. Men eg kom liksom ikkje inn i den.
Den er litt treig. Uinteressant til tider. Men så har den gode deler som gjør at sidene (nesten) flyr. Denne gongen hadde eg bestemt at eg skulle lese den ut, og det gjorde eg. Men ut av huset med den! Bra utgangspunkt, treig bok. MEN i forhold til utviklinga samiske kvinner har gått igjennom de siste generasjonane er den veldig fin, og eg synas den skildra generasjonsproblemer på ein fin og ikkje-dømmande måte!

lørdag 26. september 2015

Premiere!

I dag er ein stor dag! Lillesøster skal ha forestilling på teaterskulen som ho har gått på i nokre veker. Ho skal vere Rødhette, og vi gler oss veldig til å sjå det lille teaterstykket som de har lært inn! Ho er i alle fall veldig god når ho øver heime. No er det spørs om nervane er i sjakk og konsentrasjonen er på plass! Men stas blir det uansett!
I hu og hast susar vi vidare på eit lesearrangement for skulebarn - av og til er det opphoping av arrangement som vi vil vere med på, og denne helga er det nettopp det! Ein stor dag for begge våre to!

fredag 25. september 2015

Fredag!

Hurra, det er fredag! Veka har alt vore innholdsrik, og no er vi klare for helg igjen! I kveld skal eg og storebror på teater saman - berre vi to! Det gler eg meg til! Vi kombinerer det med skokjøp. Det er ikkje like lett å holde kontrollen på skuleutstyret når han går til og frå skulen aleine. Da forsvinner meir enn før.
Etter teateret er det heim og sjå Norske Talenter. Storebror er blitt så stor no at han får sjå TV fram til leggetid i helgene. Da kan vi ikkje lenger sjå filmar, men vi må gjennoppdage familieunderholdninga. Slik er det blitt :)

God fredag!

torsdag 24. september 2015

Kjeder meg-krukke

Ideen og malen til Kjeder meg-krukken fann eg på bloggen smabarnsforeldre.no. Eg henta rett og slett ut malen og lagde vår eigen som vi har heime. Vakkert tapa fast på ei syltetøykrukke.
På nettsida var det også forslag til aktiviteter. De har eg klipt opp og lagt oppi. Når ungane er rotlause (og eg kjem på at eg har denne ståande) får de trekke kvar sin lapp. Avtalen er at de MÅ gjøre det som står der!
Denne fikk lillesøster. Ho ropte ut "Ja! Da vil jeg tegne noe til mormor og morfar!" Også gjorde ho det. Håpet er jo - og dette fungerte da vi brukte denne krukka sist helg - at den eine aktiviteten blir utvida slik at de ikkje lenger er så rotlause. Vi gjekk vidare til å teikne teikning til oldemødrene også:
Eit juletre, lillesøster, storebror og oldebesta.
Storebror fikk "Lag ei hinderløype" - noko som er ein perfekt oppgåve til han! I over ein time lagde han kart, oppgåver, premier og systematiserte hinderløpye med fleire postar i hagen. Vi organiserte to lag og gjennomførte løypa; den var kjempeartig!

Kjeder meg-krykke er genialt altså! Og ungane synas det er kjempestas når de får trekkje ein lapp, så de blir i godt humør før de har sett kva de skal gjøre! Eit godt utgangspunkt for det meste!

onsdag 23. september 2015

Sargasso

Atle Hansen si første bok skriven for voksne "Saragasso" fann eg i ein salgsboks for rundt eit år sidan. Den er ikkje så lang, så den har blitt valg vekk fleire gongar før eg no omsider bestemte meg for å lese den. Den er lagt til ei svunnen tid, men mennesker er no ein gong mennesker - og kjærleiken er tidslaus.
Den er veldig fin - særleg er han som er "han"-personen i boka ein flott fyr. Korleis han opptrer bør vere til inspirasjon for mange, i alle fall for meg. Boka fikk meg til å humre, og sjølv om det absolutt ikkje var spanande var den likevel leseverdig og lun. Vemodig.

Halvvegs i boka lurte eg så masse på om Saragasso var noko, eller om det kun var eit ord. Men det viste seg at det var eit hav i Atlanterhavet. Eit hav i havet. Ganske så kult.

Bra bok! :)

tirsdag 22. september 2015

Teddy på arbeid

Yndlingsbamsen til storebror, Teddy, skulle vere med på fjellet i helga og har blitt gjengløymt i bilen etterpå. I dag var det kalde 6 grader da vi satte oss i bilen og storebror forbarma seg over stakkars iskalde Teddy. Han fikk sitte inni jakka saman med den varme guten til skulen, og da var han litt bekymra for Teddy sin kroppsvarme utover dagen. Eg var rask og foreslo at han kunne vere med meg inn på jobb - der var det varmt.
Sitte i ein orkide og sjå på bilane.
Så medan dataen min starta i dag tidleg hadde eg eit lite fotoprosjekt med Teddy som storebror får sjå når han kjem heim frå sfo i dag. Teddy sin dag på arbeid!
Ringe de andre bamsane og fortelje at han er med på jobb.
Får smake litt jobb-snop.
Sender ein mail.
Og tar seg ein lur.
Etter dette var det nesten litt trist å leggje han i veska mi igjen, men eg måtte jo hugse å få han med meg heim igjen etter arbeidsdagen!

mandag 21. september 2015

4x læring

Etter ei helg da mykje vart annleis enn vi hadde trudd er det endelig måndag og show must go on. Vi har lært masse i helga, alle fire!

Eg har lært at eg fint kan ringe pappa eller lillebroren min når bilen ikkje vil starte, og eg får korrekt hjelp rett på øyret. No må eg berre krysse fingrane for at bilen starter i ei veke til før vi skal ha den på verksted. Eg lærte også at bilen har ein startmotor. Det lærte eg vekk til kollegaene mine i dag. Jadda - må spre kunnskapen! Eg har hammar i bilen den neste veka, så dette går bra (fordi eg har også lært meg kvar startmotoren ligger!).

Mannen har lært at han må ta med seg nøkkel til huset når han går på byn for å drikke øl med kompiser. Kona blir ikkje mykje happy av å bli vekt av dunking på vindauget kl.02:42 natt til laurdag.


Storebror har lært at det er kjempegøy å vere på overnatting hos kamerater, og at det finnas heimar der ein får laurdagssnoprestar etter søndagsfrukosten :)

Lillesøster har lært seg å sykle utan støttehjul!

søndag 20. september 2015

Søndag!

I dag kjører vi klassisk søndag med fjelltur og venner på middag! Det er ein flott og mild haustdag, så den skal utnyttast!
Liten olje- og eddik-sak som eg stjal på Danskebåten i sommar
Vi lagar skikkelig haustmat etter at vi har komt heim frå fjellet, komler! Mmmm! Kanskje litt rart å spise når det er så fint ute, men vi har rett og slett ikkje spist det på veldig lenge - så det er på sin plass i dag!
Kveldsmat ute ein varm seinsommarkveld i august.
Dette er liksom innvielsemiddagen på det nye kjøkkenet vårt! Vi har hatt folk på besøk medan vi har pussa opp, men dette er første gong vi har ein heil familie der etter at alt var ferdig sist helg. No må vi berre vere litt strenge på at ungane ikkje får klisse på de nye stolane våre! ;)

lørdag 19. september 2015

Joggetankar

Det stod ein artikkel i Dagens Næringsliv denne veka som eg mora meg stort over! Eg prøvde å finne den på nettet, noko eg ikkje klarte, men eg skal gjenngje de gøye poenga her! Artikkelen var i DN 17.09.15, side 29 og hette " Kjære gnagsår, du som er i himmelen". Det er gjort ein undersøkelse på kva folk som springer langt faktisk tenkjer på når de springer! Alle har vel høyrt klassikaren "Det er når eg er ute på tur at eg får tenkt kreativt og kontruktivt". No springer ikkje eg langt lengre, men eg har fleire turar iløpet av veka på 30-40 minuttar kvar, og eg rekkjer å tenkje ein del. Innimellom prøver eg å tenkje på noko som opptar meg på jobb eller privat, men eg kjenner fort at det gidder eg ikkje å bruke energi på akkurat der. Og det er kanskje det som er med på å gjøre trening så bra! For meg :)
I følge artikkelen I DN tenkjer distanseløpere på følgande:

40% av tida tenkjer de på hastighet og distanse. Eg trur ikkje dette stemmer heilt på mine turar, men eg tenkje masse på det - "No er eg der asfalten er så ujamn, ikkje vrikk foten her no. Her kjem oppoverbakken, eg trur eg joggar i grøfta i dag så eg får avlaste asfaltdunkinga litt" osv.
Kvar tredje tanke handlar om smerte og ubehag. Det stiller eg meg bak! "Framleis litt sliten i musklane etter sist tur, lurer på om eg bør la det gå litt lengre neste gong. Åj, der fikk eg litt vondt i hofta - kjenne etter - nei der gjekk det over. Eg må strekke godt når eg kjem heim. Det gler eg meg til. Korleis er skuldrane? Slapp av der. No er det berre 10 minutter igjen, og det er kort. Kom igjen."
27% av tankane handlar om kva ein ser og opplever på løpeturen. Åja! "Åh, så fint det er her! Skal eg stoppe å ta bilete? Nei, da blir tida mi for dårleg. Ein anna gong. Kven kjem der? Ånei, eg trudde det var ein eg kjente. Åja, du har hund ja." Resten av tida høyrer eg på musikken, synger med inni meg. Og der trur eg vi har ein ganske vanleg joggetur. Det er jo det, ikkje sant, avkobling frå alle de tankane som vanlegvis er der. Pause frå slik det er når eg ikkje trenar. Det er jo flest av de timane.

Lykke til alle som springer lang i Oslo Maraton i helga! Heia heia!

fredag 18. september 2015

Riktig utstyr er halve jobben

Sidan det var så bra vær i går - eller i alle fall opplett og nesten 20 grader; hadde eg gleda meg heile dagen til å jogge på ettermiddagen. Men da eg kom heim møtte eg to sure unger, og etter ein time med sutring i stereo tenkte eg at NO! No stikker eg! Eg skifta til og med klær, og stod i fult treningsutstyr med RunKeeper klar, og eit glass med vatn var plassert på baksida av huset slik at eg kunne drikke medan eg strakk ut der.
Kveldsmat, yoghurt naturell med norske blåbær og mynte; mmm!
Men så måtte eg hjelpe lillesøster med å vaske håret i dusjen fordi pappaen plutselig ikkje var bra nok og da var det gjort. Av og til er det berre som om heile kroppen seier NEI, og eg jobber med å vere flink å høyre etter. På veg ut av badet raska eg med meg ein gammal ullcardigan som eg tok på meg på veg inn i stua. Mannen kaster eit blikk på meg og seier "Skal du... åja. Nei." Eg la meg på sofaen og sov gjennom heile barneTV. Så masse for den joggeturen! Så da gjekk eg med reine treningsklær resten av kvelden. Ingen skal seie at eg ikkje prøvde! Men eg har trua på i dag da :)

torsdag 17. september 2015

Kjøkkenoppussing

Kanskje er det ikkje oppussing vi har gjort, kanskje er det oppgradering. Oppdatering. Eg veit ikkje, men bra er det blitt!
Vi har eit ganske stort kjøkken med innredning frå midt på 90-tallet i heiltre. Vi har nok skapplass, og alt var egentlig i orden. Men det var begynt å bli slitt i lakken. Fleire av de dørene vi opnar og lukkar fleire gongar dagleg hang litt på hengslene.
Halve kjøkkenet er kjøkkenarbeidsplass og andre halve er spiseplass. Spisedelen var før eit soverom som de tidlegare eigarane opna opp og tok i bruk som del av kjøkkenet da de pussa opp i 1996. På biletet under her har vi ein klaff i bordet vårt. Da er det 220 langt, så her er det god plass! Da vi flytta inn for snart 6 år sidan satte vi opp IKEA-hyller med skuffer i blått der vi oppbevarte alt av teikneutstyr, maling, klistring, perling etc. Lett tilgjengelig for ungane som kunne hente det de trengte der. Veldig praktisk, men ikkje så fin.
På eine veggen i spisedelen hadde vi to magnettavler som såg slik ut nesten heile tida. Masse teikningar på veggen, bileter, kort, informasjon, billetter, diplomar - alt! Sjølv om eg innimellom rydda her såg det fort slik ut igjen.
Vi starta ei helg i begynnelsen av juni. Veggen med oppbevaring vart rydda, vaska, grunna og malt med to strøk av fargen som vi har på soverommet vårt, sandstein. Dette var mest for å dekke over de stygge hola som var i veggen etter skuffene. Den originale veggfargen var litt kvit/gul; eigentlig heilt ok.
Eg var heime aleine, så eg tok enkelte grep sjølv :) Haha, dette gjekk heilt fint altså! Vi var på IKEA og kjøpte skap som eigentlig er til stue. De er grunnare, slik at de ikkje kjem så langt ut i rommet. Vi hang de høgt oppe på den nyoppussa veggen slik at de ikkje skal dunke folk i hovudet når de sitter ved bordet under. Det er veldig høgt, eg må strekke meg veldig; men det går fint.
Her har vi perler, srikk, lim, maling, tape, stempel - alt av kreativ interesse. Ark og blyantar har vi liggande i kjøkkenskapa no slik at ungane kan teikne utan at vi må tilrettelegge for de. Men eg ser at de klatrer oppå bordet og henter det de vil ha i skapene som henger der, så det har ordna seg!
Vi valgte å sende alle skapdørene til ein kjøkkenlakkerar. Vi vurderte å bytte ut alt, men da hadde vi komt ut på andre sida med eit billigare kjøkken enn det vi har no; men dyrare for oss. Sidan vi var fornøyde med plass og ok fornøyd med plassering av alt valgte vi å pusse opp det vi hadde istadenfor å ta den store og dyre jobben det er å bytte ut alt. Kjøkkenlakkerar er ikkje gratis, men hjelpes kor mykje jobb vi sparte på det! Vi trengte ikkje ein gong å vaske de; vi berre leverte nedfetta, gamle, brune skapdører og fikk kvite og fine dører tilbake! Sjølv om vi ikkje hadde skapdører kunne vi fint bruke kjøkkenet, og mannen monterte no opp skap oppå de skapene vi alt hadde slik at vi får utnytta plassen heilt opp til taket. Her var vi heldige og fann restedører i Billigkroken på IKEA, så det kosta slikk og ingenting. Mannen kutta alt slik at det passa inn hos oss - flink!
Det var så stas å få tilbake skapdørene! Vi kjøpte nye handtak på Clas Ohlson, og fikk faktisk gitt vekk de originale dørhandtakene på finn. Ganske så fint, og ganske så annleis! Her ser du også skapene som er oppå de originale kjøkkenskapa. Mannen hadde også malt alt som ikkje var skapdører kvitt slik at det ikkje var trefarga lister her og der.
For å kunne bygge opp skap til taket måtte vi ta vekk nokre pyntelister som var på toppen av kjøkkenskapene. De var ikkje blitt tatt vekk når de malte kjøkkenet sist, så her kom det fram ein gøyal grønaktig farge. Veggane var meir eller mindre fulle av spikerhol, samt ein del uhellhol som kom da vi pussa opp badet som er rett på andre sida av denne veggen.
Mannen bestemte at han ville male heile kjøkkenet (ser du kor det balla på seg?) og eg stakk på maleforetning og ville ha grå. Vi vurderte å lakke kjøkkenskapa grå, så det var liksom alt ein tanke. Sidan den eine veggen alt var malt var det også greit å ha ein farge som passa til den.
Grått viste seg på veggen til nesten å vere blått. Ei stund såg eg kun blått og var litt irritert fordi det er så vanskelig å sjå ein farge når ein kun får sjå ein liten lapp med farge på. Men vi såg at når sola skein inn var den grå, ikkje blå - så da måtte vi jo ha nye og betre lyskjelder på kjøkkenet!
Slik såg det ut på mannen sin side av senga de månadane han pussa opp kjøkkenet! ROT! Vi brukte jo kjøkkenet like masse som før, så da måtte andre rom fungere som avlastningsrom for verktøy og utstyr!
Før vi bestemte at vi måtte male heile kjøkkenet hadde vi fått kappa opp nokre tynne plater som skulle dekke over de styggaste hola på den eine veggen ved kjøkkenbordet. Sjølv om vi no hadde sparkla og malt alt ville vi ha opp desse to. Mannen malte de med magnetmaling - heile 6 strøk måtte vi ha for at magnetane klarte å holde oppe eit ark eller to! Denne malinga er langt frå billig, men vi hadde jo ein plan, og da måtte vi køyre på med to boksar. Kan ikkje stoppe halvvegs! Eit strøk med siste sleik av soverommsfargen på toppen, sjølv om eg synas det var kult at de var så pass mørkegrå som de var. Ein må avslutte med eit strøk vanleg maling når ein bruker magnetmaling. Mannen malte også alle listene mellom tak og vegg. Listene som er ved golvet (som no ikkje passar med noko, men shit au) lar vi vere som de er.
Etter tre månadar er oppussinga ferdig! Her ser du tydleg de nye hobbyskapene som kun er halvvegs brukt; så her er det framleis mykje plass! De to magnettavlene til høgre med eigen klype til kvar av ungane, samt nokon til :) Betre plass og meir ryddig! Reinare!
Ny lampe i taket. Her var det ein stygg ring etter det gamle lyset, men når det nye lyset er på viser ikkje fargeforskjellen. Ungane bruker framleis stokkestolane sine. Og vi har tenkt å la to av de nye stolane vere ein anna stad når vi berre er fire for å ha betre plass ved bordet.
Samme som før, men det ser heil annleis ut! Her har mannen malt krydderhytta, medan du ser at den nederste lista er som før.
Større og betre lyspunkt på kjøkkenet! Finfine skap heilt opp til taket. Eg klarer å opne de (det er slik trykk-open-sak), men klarer ikkje å få tak i noko som er der utan å bruke ein stol. Vi har ikkje heilt tatt i bruk desse enda, men her kan vi oppbevare sesongutstyr (bortsett frå at det har vi i kjellaren, men vi har i alle fall mulighet!). Slik er det jo når vi ikkje trengte meir plass, men lagde det likevel.
Mellom kjøkkendelen og bordet har vi satt opp tre knaggar der vi henger frå oss sekk og veske etter endt skule-, barnehage- og arbeidsdag. Mannen deler med lillesøster, det er ikkje sikkert at han trenger knagg på sikt :)
For ei veke sidan henta vi de nye stolane våre! Vi solgte de gamle på finn. De var blitt ganske utbrukte og slitt; så det var godt å få god støtte under rumpa igjen! Og sjølvsagt er de nye stolane grå de også, og så gode å sitte i!
Nytt skjærebrett og større knivmagnet! Og nye, kvite stikkontakter! Ny saks kjøpte vi også, her skal det ikkje sparast på noko! ;)

Eg er så fornøyd med det nye kjøkkenet vårt! Eg har heile tida likt det veldig godt, og nettopp kjøkkenet var noko av grunnen til at eg ville ha nettopp dette huset! No som det er meir i min stil, er det jo berre enda betre!

Vi ser jo at lakkering ikkje er eit varig resultat. Nokre stader har det skalla litt av. Om vi blir buande her de neste 20 åra kjem vi til å pusse skikkelig opp og bytte ut. Men for de neste åra er dette heilt supert! Ein forholdsvis rimleg oppussing med veldig store resultater!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...