mandag 25. juli 2016

Pausebilete

Med dette flotte sommarbiletet av lillesøster på ferietur i sogn og fjordane blir det stille her nokon dagar medan vi er opptatt med å nyte de siste sommarferiedagane 😊

lørdag 23. juli 2016

Heimkomst

"Det er greit - men no har eg fått nok av leilighetsferie! Kom heim, hent meg og slepp meg ut i sommaren"
Helsing Puste

torsdag 21. juli 2016

Skogsveg


alle disse dagene
som kom og gikk
ikke visste jeg
at de var
selveste
fellesferien


Trygve Skaug

onsdag 20. juli 2016

Lille syerske

Lillesøster er glad i kreativt arbeid og sidan ho er så interessert når eg syr eller strikker kjøpte eg eit sysett for barn til ho.
Her skal det vere korssting, men etter nokre rekker gjekk vi over til enklare - halve korssting. Og ho er så tolmodig! No er heile grisen ferdig og ho har begynt på det blå rundt. Vi hjelper ho med å feste tråden før og etter, samt finne vegen når det er detaljar som ho skal sy rundt. Vi tenkjer det skal bli ei pute når den er ferdig. Det gler eg meg til å vise! Men det er nok ei stund til. Ho har jobba med dette i rundt 8 mnd. Vi har det absolutt ikkje travalt!
Små, flittige hender!

tirsdag 19. juli 2016

Naturbit

Matkasser kjem i alle fasonger! No kan ein også få mat til kjæledyret sitt levert på døra! Lille Puste har bytta ut halvparten av tørrforet sitt med ferske mus - og rottebabyer; så vi har ingen behov i den retningen. Men eg bestilte ein prøvepakke frå Naturbit som tilbyr mellommåltider.
I boksen var det eit stor utvalg med ulike produkter, granola, graut, bars og nøtteblandinger! Nesten halvparten hadde hasselnøtter eller mander - de to nøttetypane eg ikkje tåler - så de fikk mannen. Resten koser eg med med! Særleg har eg nytt godt av grauten! Rett i koppen - nydleg og sunt!
Havregraut med ingefær og dadler? Skulle tru den var laga berre for meg! På biletet er havregaut med kakao og fiken - nydleg alstå!! Det er fint å ha noko småting liggande for de dagane der eit mellommåltid er på sin plass. Eg spiser ofte yoghurt eller banan da, men forandring fryder veldig! I alle fall når det smaker så godt som dette!

mandag 18. juli 2016

Ryktet Går




Ryktet Går er eit spel som i alle fall i våre omgangskretsar har gått som ein farsott! Eg høyrte om det lenge før eg fikk prøvd det ut på julebord med jobben i 2015. Etter det måtte eg vente i nokre månadar før eg fikk tak i eit eksemplar til meg sjølv - de vart utsolgte på alle butikkar igjen og igjen!
Dette er eit monster. Mannen gjetta troll.
Alle får kvar si blokk som vi annankvar gong teiknar og skriver på. Det er eit utgangspunktsord, og det er jo om å gjøre at det ordet også står igjen til slutt. Men det er ikkje lett. Det er forresten hysterisk morsomt spele med lillesøster! Ho fikk "Det hvite hus" som utgangspunkt; hahaha; det var supergøy! Eller da stoebror fikk "London" og teikna ei rekke med høgblokker. "Jeg har aldri vært i London, men det er jo en stor by."
Dette spelte eg også på bursdagen min, så det fungerer veldig bra som partyspel også!!
Denne er god! Eg hadde "vannfarger" som ord og teikna det. Storebror gjetta av teikninga mi at det var "maleskrin". Lillesøster skulle så teikne det ordet og teikna det som vi lett kan sjå er ein kunstnar med staffeli og palett. Mannen skulle gjette på dette biletet. Og da vart det hustak! Hysterisk!

søndag 17. juli 2016

Bursdagsjente


Store, lille, smarte, lure, snille, omsorgsfulle, tullete, vakre jente! For seks år sidan vokna eg med rier - og etter 12 timer, nesten på minuttet, kom du, akkurat i tide til 18:30-nyhetene. Men ingen nyhet var større enn at akkurat DU var fødd! Eg hugsa eg stod å såg på deg nokre dagar etter at du var fødd og gleda meg til alt det kjekke vi skulle gjøre saman. Etter seks år har vi alt haugevis med gode minner og morsomme opplevelser! Du er eit eventyr kvar dag! Vi elsker deg! Gratulerer med dagen!

lørdag 16. juli 2016

En liste for livet

På Storytel høyrte eg nesten 12 timar lydbok med ei stemme eg ikkje likte å høyre på! Haha; denne boka fikk aldri ein ekte sjanse!
Utgangspunktet var bra. Ei kvinne har mista mor si, og for å få arven må ho fullføre lista ho skreiv som barn over ting ho skulle oppnå her i livet. Få barn. Jobbe som lærar. Oppleve kjærleiken. Slike ting. Ho får eit år på seg til å fullføre lista.

Hihi, medan eg skriver dette ler eg av minnene av stemma på lydboka. "Jeg er stolt av deg" HAHAHAH; det vart berre så dumt! Men vi blir vandt med alt. Etter ein 6-7 timer gjekk det betre. Historia er ok. Litt laus og ikkje så veldig godt skrive. Ho leggjer litt vel masse i små ting. Blikk og smil. Det er ikkje så interessant. Men det enda bra, og da det gjorde det vart eg glad - så på ein eller anna måte gjekk historia inn likevel.

fredag 15. juli 2016

Et norsk hus

Vigdis Hjort kan eg sette stor pris på! Ho skriver annleis enn så mange andre; det er litt forfriskande! Denne boka begynte så bra! Så navlebeskuande og fin!
Hovedpersonen er ein kunstner som lever på samme måte som klisjeen av eit kunstnerliv - masse vin og seine netter; ein total underkastelse av kunsten. I huset sitt leiger ho ut ei leilighet som det ganske fort i boka flytter eit ungt, polsk par med baby på veg. Utover desse forutsetningane er det lite som skjer - livet berre går sin gong.
Det er absolutt interessant, og faktisk skjønte eg ikkje boka heilt før ein times tid etter at eg hadde lest den ut. Undervegs var den litt kjedelig, hovedpersonen er ganske usmakleg og gjorde meg irritert. Men den kom seg. Særleg no som eg ikkje leser i den lenger.

torsdag 14. juli 2016

Baby!

Sjå på denne lille erta da! Dette er lillesøster og eg på tur i 2011 medan vi hadde folk i huset som installerte varmepumpe! Sjå de små føttene i de første skoene! Helledussen altså!!

onsdag 13. juli 2016

Kreativ med barna

Hos Kos med kaos kan du bestille månadspakker med kreative oppgåver for heile familien. Vi har ikkje mindre enn 5 skap FULLE av krative krumspringsutstyr; men eg trur at eg aldri får nok - så vi bestilte april - og maiboksen!
Det er jo superspanande med pakke i posten! Og gøyt å få noko anna enn det eg vanlegvis ville kjøpt!
I boksen var det utstyr til nokre aktiviteter. Gjerne tilpassa månaden. I maiboksen fikk vi mellom anna det vi trengte til å lage ein luftballong med nasjonalfargane. Slikt er gøy!
Fine ark med oppskrift på.
Mai månad kom og gjekk utan at eg prioriterte å sette meg ned saman med ungane og jobbe med det som var i boksen. Så kom juniboksen i posten.
Her var det litt meir kjente aktiviteter - perling og ein kvit caps med tilhøyrande tusj til dekorering. Mellom anna. Capsen skribla storebror litt på, også har han brukt den sidan. Eg måtte på H&M og kjøpe caps til lillesøster slik at det ikkje vart "urettferdig". Å perle vannmelon til å ha oppå glasset med sugerør gjennom - var veldig populært! Heldigvis var det nok til to!:)
Supersøte!
No har eg avbestilt dette vidare. Det er nok tida som gjør at det ikkje er så mange kjøkkenbordaktiviteter. Det har vore sommar og sol i vekesvis, så vi er ute heile tida. Det ligger jo der - eskene med innhold - men eg tar vare på de til hausten kjem og vi er meir inne. Da kan eg vere krativ med barna :) Forresten liker eg best at de styrar seg sjølv. Men eg kan godt sette de i gang. Sjølvsagt er det utfordringen med innhold til ein og to barn som vil gjøre det samme. Ei lita nøtt der altså.

tirsdag 12. juli 2016

Barna fra toget

Denne boka fant eg på ein av Storytel sine "mest anbefalte"-lister. På originalspråket heiter den "Orphan train", ein betre tittel synas eg. Kristne institusjonar samla saman barn og babyar frå New York og satte de på toget med retning Midwest. Der vart de adopterte enten som til barnlause par eller som gratis arbeidskraft. Jenta vi følger i boka er 9 år, og historia blir rulla fram gjennom kassene ho har med minner på loftet. Gamle klær, hansker og bøker. Det er ikkje noko hyggleg lesing, men ei fasinerande historie om noko eg ikkje var klar over at har skjedd. Etter siste kapittel er det også informasjon om ordningen og litt om intervjuene som var blitt gjort før boka vart skriven.
Jenta vi følgjer blir tatt med på toget i 1929. I følge wikipedia er dette det siste året de hadde desse togturane i regi av mellom anna Children's Aid Society. I alt 200 000 barn vart "adoptert" på denne måten. Nok ein gong kunne eg ønske meg ei anna stemme som las; ho som las denne boka hadde litt Anne Cath Vestly-aktig stemme som eg ikkje synas at passa. Men slik er det jo med lydbøker - vi blir vandt med det også etter nokre timar!

mandag 11. juli 2016

søndag 10. juli 2016

"Hade barnehagen"

Fredag sist veke hadde lillesøster sin siste dag i barnehagen etter 4,5 år som barnehagebarn. Storebror gjekk eit år i ein anna barnehage, men alle åra han hugser var han i akkurat denne barnehagen. Den har vore så sentral i livene våre; både praktisk som ein del av det vi gjør kvar dag, og emosjonelt som ein stad der ungane våre har mange av vennane sine og skapar barndomsminner.
Lillesøster laga denne flotte teikninga av barnehagen som ho gav til den siste dagen sin. Ho teikna seg sjølv med smil "fordi jeg gleder meg til å begynne på skulen".

Storebror laga også ei fin teikning av barnehagen og skreiv på at han kom til å besøke barnehagen ofte med sine eigne barn. :)

Bakpå eit bilete av ungane våre skreiv eit kort til alle de flotte menneskene som har tatt så godt vare på de medan eg og mannen har vore på jobb! Eg og storebror vart enige om å kjøpe ein boks med sjokoladehjerter som de kunne ha på pauserommet. Det var hyggleg å overrekke kort, teikningar og gåve; samtidig som det vart litt ekstra trist. Heldigvis bur vi i nærleiken, så vi kjem til å sjå de innimellom sjølv om vi ikkje lenger er innomhuset kvar einaste dag.

lørdag 9. juli 2016

Ku uten hode

Denne boka raska lillesøster med seg frå biblioteket - og den viste seg å vere ein litterær skatt!
Ho har lest den sikkert 30 gongar, og vi ler like masse kvar gong! Ekstra morsomt var det at eg i samme periode såg ein oversikt over de mest utlånte bøkene på bydelsbiblioteket; og der var "Ku uten hode"! Haha, det er fleire som har fått med seg denne heim! Knallbra!

fredag 8. juli 2016

Biens historie

Etter å eg ikkje fikk sette meg opp på venteliste på biblioteket på denne boka av Maja Lunde, gjekk eg heller å kjøpte den da den. Dette er ei stor "it"bok som "alle" har lest! Og for ei bok da! Veldig interessant lesing! Det er tre historier, alle frå ei tid i historia - fortid, notid og framtid. Slike bøker går alltid ekstra fort å lese, sidan eg gjerne leser to kapitler ekstra berre for å komme meg til historie ein som plutselig vart spanande. De tre fortellingane er også skrive på ulik måte, noko som gjør at eg ikkje vart lei språket. Særleg falt eg heilt for notid - George og Tom, huff! Denne las eg deler av høgt for mannen min også. Tao i framtid var også spanande, og forferdelig ekkel! Eg kjem ikkje til å drepe ei bie igjen for å seie det slik.
Denne las eg ut på tre dagar - tre kvardagar til og med, denne prioriterte eg. Også hadde eg veldig lyst å grine når den var over. Eg gjorde ikkje det, men den var så huff. Og litt dum. Men mest trist. Denne skal mannen lese i sommar. Ikkje fordi han må, men fordi eg trur han også kjem til å like den veldig godt!

torsdag 7. juli 2016

Haruki Murakami

Haruki Murakami er ein av mine yndlingsforfattere! Etter at eg las "Trekkoppfuglen" da vi reiste jorda rundt i 2005/2006 har eg lest nesten alt han har skrive! 17 av romanane hans er gjeve ut på norsk, og eg har lest 13 av de. To av de eg ikkje har lest står i hylla og venter. De andre to leser eg nok de også :)

No har de to første "miniromanane" han skreiv blitt gitt ut i bokform, men nytt forord frå forfattaren. Her leitar han etter uttykket sitt - og eg må seie at det er ganske så nært det som no i stor grad er hans signatur og det som gjør at eg elsker bøkene hans. Men det er ikkje heilt reint. Ikkje like perfekt.
"Hør vinden synge" er hans første, korte roman. Den likte eg godt! Etterpå kom "Flipperspill, 1973" som er lausare i formen og vanskelig å dukke ned i. Gode deler, men den følas uferdig. Noko den kanskje også var.
Denne las eg da sommarvarmen vart bytta ut med 12 grader og regn i slutten av juni. Derfor var det te og varmt teppe. Det er kosleg med haust midt på sommaren - men bøkene går lettare når eg sitter i sola og leser! Så sjølv om dette var ei kort og oppdelt bok (beståande av to bøker) tok det meg ein del dagar å komme igjennom den.

onsdag 6. juli 2016

Doktor Proktor

De siste månadane har eg og storebror lest Doktor Proktor-bøker. Den første om prompepulveret, denne om tidsbadekaret; og no har vi nett starta på den tredje - verdens undergang. Dette er skikkelig gode bøker! Jo Nesbø leverer som alltid! Eg trur nok storebror er i nederste sjiktet, det er ein del ting han ikkje tar. Særleg "kvinnleg intuisjon" og andre ting som lurker i bakgrunnen. Men det betyr absolutt ingenting, for historiene er utruleg gode - kompliserte, morsomme, underfundige og fantasifulle! Eg koser meg like mykje som han. Noko som titt og ofte fører til at vi leser litt lenger enn klokka seier. Vi må jo lese ferdig kapittelet, ikkje sant?! Vi låner og fornyer på biblioteket. Sidan eg og mannen deler på legging leser vi kanskje annan kvar dag, så vi bruker rundt 6 veker på ei bok. Stekt anbefaling frå storebror og min side!

Mannen som er stor fan av Nesbø og har lest alt han har skrive for voksne er ganske sjalu på at det er eg som leser denne serien. Det kan eg jo forstå! :)

mandag 4. juli 2016

Ferie!!

I dag er vekkerklokka stille. Det er første sommarferiedag for oss og det betyr mellom anna SOVING! Det er i alle fall det i første omgang eg har sett mest fram til, og snakka om!

Måndag sist veke: "God morgon! TENK! Neste måndag kan vi berre ligge å purke oss til langt på dag!!"
Fri som fuglen?
I dag er den måndagen. Og det skal sovast! Gjett om!

søndag 3. juli 2016

Kjøleskapgraut

Kjøleskapsgraut har lenge vore ein hit på nett og i blader, og eg har ved fleire høve klippa ut oppskrifter og tenkt at eg skulle prøve det. Det er ikkje alltid eg får gjort som eg hadde tenkt, men ei helg fikk eg i alle fall prøvd ei oppskrift som eg fant i eit blad. Dette var nok til to personer, altså kveldsmat til meg og mannen.
3 dl store harvregryn
2 dl mjølk (her brukte eg sjokoladesoyamjølk)
1 ts flytande honning
1 dl yoghurt naturell
1 ts chiafrø

Bland saman og la det stå i kjøleskapet i  nokre timar. Her trur eg det var essensielt at eg brukte sjokolademjølk, for ellers trur eg ikkje det hadde smakt så masse. Med sjokolademjølk vart det nesten som mørk sjokoladepudding og DET var godt! Mannen namma seg fleire gongar og bad meg om å ikkje kaste oppskrifta. Sunt og godt!

lørdag 2. juli 2016

Trilogien

Eg er stor Jon Fosse-fan! Eg har lest fleire av hans "samlede skuespill"-bøker og elsker det!! Sjølvsagt har eg opplevd han på teater også, men kjenner samtidig at eg er låst og ganske så bestemt på korleis eg vil at han skal tolkast, så det er lang fallhøgde!

Å lese han derimot er ei glede! Eg jubla da han vann Nordisk Råds Litteraturpris - den fortjener han! Og det er nettopp denne boka han fikk den for. "Trilogien. Andvake. Olavs draumar. Kveldsvævd."
For eit mesterverk! Så bra at eg knapt har ord! Denne bør alle lese! Denne stiller seg, for meg, på lik linje med ein annan klassiker, Hamsund sin "Sult" som eg har lest fleire gonger. Denne boka gjer eg ikkje frå meg, denne skal lesast igjen!

fredag 1. juli 2016

Med ein kamerat på jobb

Storebror har hatt to flotte veker på sfo etter at skulen var ferdig før sommaren. Men i dag er det stengt, og vi har framleis ein dag igjen. Det ordnar vi lett! Han er med meg på jobb til lunch, også leverer eg han til mannen etter lunch. Vi er heldige som har jobbar som kan gjørast med ein assistent på slep, og barnevennlege kollegaer!
Litt småsnacks er viktig!
Lillesøster har den siste dagen i barnehagen i dag - noko sinne - så eg skal hente ho og for siste gong følge ho ut porten. Huff, eg kjenner eit stikk i magen berre ved tanken! Men først skal vi nyte siste arbeidsdag før ferie. Kjøpe god lunch og ha bonustid med storebror!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...