tirsdag 2. januar 2024

Desember- juleutgåva

Bergen i vinterlys er noko heilt for seg sjølv!

Tradisjonell bakedag med venner - og i mål med haugevis med julekaker på litt over ein time!
Ei anna tradisjon er å stå og stampe foran Starbucks fordi ein nok eit år har gløymt at den ikkje opnar før kl.08:00. Kaffen var i alle fall god, og (viktig!) i rett, raud julekopp!
Ein svipptur innom byens eldste kinesiske restaurant for å feire utholdenhet. Og for å bytte julegåver. Bonusoppleving da vi skjønte at stilig fiskedam også betydde sur fiskelukt.
Nok eit julemarked-bilete -det går jo nesten ikkje an å få for mange av de (joda, det gjør det!).
Ein tur tilbake til barndommen der ein voksen seier at "bestill det du vil ha, så betaler eg". Eg gjekk for det de fleste anbefalte - churros - og likte det ganske så godt! Dette vart også det siste eg gjorde på jobb i 2023 - for etter litt mat i magen logga eg av og gjekk på KODE.
Der ville eg ha med meg Last Dance - ei oppleving i Tårnsalen (eit av mine favorittlokaler). Idet ei skuleklasse kom inn var eg fornøyd og gjekk heim via biblioteket for å plukke med meg nokre bøker til romjula. Ferien var i gang!
Dagslystur den kortaste dagen i året. Det har vore ganske ok vær denne dagen de siste årene, og det settes stor pris på! No varer lyset lenger, hurra!
Andre juleferiedag var det nydlege perlemorskyer ute! Det har vi aldri sett før, så det var skikkelig stas (og velig flott!)!
Det er stabilt kaldt - slik det har vore i heile vinter - og vi har snø i jula (for første gong sidan 2010 vil nokon ha det til. Medan eg hugsar at det har snødd mellom der, men kanskje bare i dalen hos oss.)
Vakker soloppgang lille julafta! Og lysene på juletreet som speglar seg i vindauget.
Kvelden før kvelden med sjølvimportert pynt på kremen :)
Romjulsmorgon - 
og romjulsturer kvar einaste dag.
Nyttårsafta er denne karen sin aller verste dag. Det positive er at han er kjempekosete heile kvelden og ligger tett inntil; noko han ellers aldri gjør. Neste dag var alt gløymt.
Takk for følget 2023! Du har vore langt over snittet kanonbra!

Velkommen 2024!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...