fredag 31. mai 2013

Blomster og helg!

Med rosebukett frå jobben og fleire små buketter frå hagen (og verdens søtaste sommarfugserviettar) tar vi "helg"! Jobbing og eksamenslesing - men også kald øl, god film og enden på pollensesongen for denne gong:)

GOD HELG!

torsdag 30. mai 2013

Sandkunst og uførutsette hendingar

Farga sand i små beholdere - I love Søstrene Grene!
Eg skulle avslutte arbeidsdagen min med 90 minutters full bodymasasjshsjshsjshj i går før eg skulle heim til glade unger og kose meg før påfølgjande god natts søvn og avspasering i dag. Det vart ikkje heilt slik.

Dette er eit sett frå Søstrene Grene, med klisterark med utskårne felt og farga sand. Ein rask og gøy aktivitet!
Masasjen hadde eg (og det var fantastisk!), men da eg var ferdig og skjekka mobilen min såg eg at barnehagen hadde ringt. Storebror hadde vore litt annleis om morgonen, men eg tenkte at han berre reagerte på at det var så varmt overalt. No hadde han godt over 39 i feber, og mannen min hadde vore og henta han. Da eg kom heim låg han utslått på sofaen. Samtidig kunne mannen fortelje at han var trekt opp i eksamen (han studerer vedsidan av full jobb) og måtte bruke de neste fire dagane på å lese. Bortsett frå i dag da, då MÅTTE han på jobb, så da var det uaktuelt for meg å utsettje avspaseringa til fredag da storerbor mest sannsynleg er frisk igjen.
Massøren hadde hatt vindauget open under heile masasjen, så augene mine var på dette tidspunktet redusert til små sprekker samtidig som nasa var pott tett OG rennande, også var eg ganske så sår i halsen - kort lunte med andre ord. Storebror sov, lillesøster og mannen gjekk ut i sola og eg la meg på senga og sovna. Noko som følgjer til at nattesøvnen blir ødelagt. Så SUR som eg var i går kveld trur eg neppe eg har vore tidlegare. (joda)
Ferdig sandkunst
Så da er vi her i dag. Torsdag. Storebror er slapp, men feberfri. Eg får rydda og vaska slik eg hadde planlagt (og avspaseringstimane ligger enda ubrukte), men trening og ein tur på butikken vart det ingenting av. Ute var det 37 grader i sola klokka 8 i dag, men eg held meg inne så eg slepper meir intens kløing. Heldigvis er det meldt mindre bjørkepollen i morgon (samtidig med dårlegare vær), men eg er irritert fordi eg ikkje kan vere ute i knallværet. I kveld har vi barnevakt, da skal vi på festspelførestilling i byn (sitat mannen i går "eg håper du er i betre humør til vi skal ut"). Eg skal jobbe både laurdag og søndag, store arrangement eg har brukt fleire månadar på å få i stand - veldig spanande!

Det som plagar meg mest (i tillegg til pollen) er at eg skal vere med på eit mosjonsløp i byn neste laurdag, og eg har ikkje fått jogga meg opp! Eg kan ikkje springe ute mens det er så mykje støv i lufta, så dette var ikkje ein del av planen. Eg klarer fint å komme meg igjennom 5 km, men eg hadde håpt eg skulle klare det på god tid. Det kan eg nok berre sjå lang etter.

Sure miner frå meg i dag. I morgon er alt betre!

onsdag 29. mai 2013

Vinter eller vår? Sommar?

JA! Sommar er det! I mellomperioden mellom vinter, vår og sommar ser det ut som om vi har fire unger. Varme jakker, mindre varme jakker, jakker som er litt små, jakker som er litt store, dresser, ulldresser, fleecedresser, regnklær, varme huer, tynnare ullhuer, regnhatter og you name it. No har eg rydda vekk vinterjakkene, ulldressane, vinterhuene og termodressane - vaska alt og lagt vekk/i freetexboksar, så no ser denne delen av gangen betre ut. Den andre sida er ikkje heilt up to date enda - men i morgon skal eg avspasere så da blir det ein ordning der også.

I dag stod vi opp til nesten 20 varmegrader kl.06.30 - fantastisk!!

tirsdag 28. mai 2013

Våronn i hagen

I dag skal eg kaste vinterskoene som har blitt brukt det siste halve året! No trur eg ikkje at det kjem meir snø! Det er varmt og godt og hagen har tatt seg opp den siste veka. I helga måtte mannen ut å klippe gras, og vi har alt ordna i bedet med god hjelp frå lillesøster. Ripsbuskene har kjempemasse rips-to-be, og den eine blåbærbusken vår har laga barn og er no blitt til to!
Eg og mannen hadde ein flott tur på søndag da vi var med på 4-fjellsturen. Vi brukte 5 timar og 15 minutter frå kl.07.15 om morgonen. Det var tjukk tåke på toppane, så det var null utsikt - men slik er det når vi vil opp så tidleg. Kl.12 hadde tåka letta. På Rundemannen var det iskaldt og skikkelig haust i vinden, brr! I går og i dag er vi fulle av gangsperre i låra. Også litt mindre gangsperre litt sånn overalt. Vi var på bading i går med håp om at det skulle gå litt over ved hjelp av varmt vatten - det hjalp litt. Mest av alt hjalp det ungane til å stupe i seng. Ikkje ille det heller når eg bruker to minutt på stavre meg ned trappa når det er lyd frå eitt av barnerommene etter leggjetid.

Fokus:

Bli kvitt gangsperra slik at eg kan jogge meg opp til I FORM-løpet eg skal vere med på neste laurdag.

Hate alle bjørketrær så intenst at de sluttar å støve i rein redsel.

fredag 24. mai 2013

Helg og 4-fjellstur

Endelig er det helg igjen! Sjølv om dette også har vore ei 4-dagarsveke har den vore meir enn nok! Pollen gjer meg trøtt og utslitt - eg HÅPAR det snart gjer seg!
Mannen har hatt travle dagar på jobb kombinert med lillesøster sin nattevandring (som ikkje vekkjer meg sidan eg meir eller mindre er i koma etter allergipillane som by the way kun verkar søvndryssande) og var i går meir enn klar for nokre dagar fri.
I dag har vi "jobbemenn" i huset, så morgonrutinene vart tatt med besøk og høfleg morgonprat frå kl.07.00. Hygglege karar som skal ha kr.25.000,- for å innstallere vifte i grunnen under huset vårt som skal dra ut radongassen som siger opp i rommene vi oppholder oss i.
På søndag skal eg og mannen opp i gryotta for å komme oss opp på fjellet. Ulrikken, Fløyenfjellet, Rundemannen og Sandviksfjellet - here we come! Heime kosar ungane seg med svigermor - så vi kjem heim til ferdig middag - luksus! Eg håpar bjørka er ferdig å forurense lufta, eventuelt at det ikkje er noko pollen over tregrensa. We'll see. Mannen er meir opptatt av moglege gnagsår. Det er meldt sol og opphold - eg er sikker på at det blir ein fantastisk tur!

God helg!

onsdag 22. mai 2013

Løvstakken Opp og sykkeltur til Gullaksdalen

Det er enorme mengder mat som skal til når fire skal på tur og vi skal spise to brødmåltider medan vi er vekke. Det er laurdag 18.mai og vi skal delta på motbakkeløpet Løvstakken Opp.
Kjeks, rosiner, sjokolade og ein boks med grønsaker er også eit must!

I fin flyt opp "skillingsbollen" i sol, 27 varmegrader og KNALLGULE deltakarskjorter!
Det er motivasjon å sjå toppen. Da vi kom oppover begynte også de første konkuransedeltakarane å komme, så heiagjengen jobba på maks - noko vi tok til oss og flaug opp bakkane vi også!
Fantastisk utsikt og fønvind på toppen av Løvstakken, 477 moh.
Etter mat og ei god pause på toppen begynte nedturen - med fabelaktig utsikt! Vel nede fikk vi bollar (det var drivkrafta for å få storebror til å finne fram alle kreftene sine) også var det rett heim for å avkjøle oss med is!
 1.pinsedag satte vi setene bakpå voksensyklane og sykla til Gullaksdalen. Her hadde vi eit lite hjørne heilt for oss sjølve; det er fordelen med å vere tidleg ute! Lillesøster kasta konglar i vatnet.
Storebror storkosa seg med å klatre på steinane.
Ikkje lenge etter vi hadde komt fram tok vi av oss sko og sokkar for å klatre på steinane og vasse. Her åt vi lunch, vassa enda meir - også sykla vi heim igjen. Vi føler oss så heldige som har så mange naturperler i umiddelbar nærleik!

I dag er det opning av Festspillene i Bergen! No er det vår! (og snart ferdig med bjørkepollen!!)

tirsdag 21. mai 2013

Blomstring

På rekkordtid har gras, ripsbusker og trær blitt fulle av klorofyll (rett??) - det er grønt overalt! Storebror har plukka masse buketter, her er den første kvitveisen han kom inn med - plassert i ein liten kaffekopp frå New York. Lillesøster skjønnar konseptet med plukking, men kjem heller inn med hendene fulle av mose og konglar.
Vi har hatt ein fantastisk forsmak på sommarferien - og gler oss enormt til enda fleire fridagar! På laurdag var vi med på motbakkeløpet Løvstakken Opp i rekordvarme. På søndag satte vi barnesetene på syklane og sykla inn i skogen like ved oss og til eit vatn der vi vassa, kasta konglar og spiste lunch. I går var vi på veg til Damsgårdsfjellet da bjørkepollenallergien min satte ein stoppar for det. Etter å ha utfordra luftvegane i ekstrem pollenspreiing i fleire dagar tettna det seg godt til og eg måtte tilbringe dagen innandørs medan mann og barn reiste på stranda og vassa i timesvis. Kjipt - men det går snart over (håpar eg!).

Sove-problematikken er omsider løyst ved å ta femti steg tilbake. No legger vi oss saman med lillesøster i senga, ho piller seg litt i nasa, og etter eit minutt sover ho. Så mykje enklare enn å ta ho tilbake på rommet i ein time. Det har ikkje virka på nattevoken og dobesøk enda, men i alle fall enklare kveldar.

No krysser vi fingrane for regnvær av ei av ei anna verd slik at eg får puste skikkelig!

fredag 17. mai 2013

17.maifeiring

Perla serviettringar.
Hurra for 17.mai!! Også ei hugseliste til neste år - kjøp stæsj med mindre lyd, og tre nye flagg!
Til tross for gode værmeldingar vart det regn i toget, men varmt og godt så det var nesten så det ikkje gjorde noko.
Før vi gjekk i det lokale toget vårt her i bydelen hadde vi middag med gode venner. Rømmegraut og Red Velvet Cupcakes til dessert.
Likevel var det plass til både snopepose og is etter toget. Og enda ein is og popcorn når vi kom heim igjen.
Lillesøster var flott i bunad - og det var storebror også. Hipp, hipp hurra!! I morgon skal vi på fjellet og svette av oss rømmegrauten (og desserten)!

torsdag 16. mai 2013

Klemmeutveksling

Det pågår kontinuerleg klemmeutveksling i barnehagen. Lillesøster har klemmedilla, og har klemmer og strikk i håret kvar dag. Strikket sitter i heile dagen, men av ein eller anna grunn kjem ho ofte heim med andre klemmer enn de ho hadde på seg da ho vart levert.
Av desse har vi kjøpt prinsesseklemma nede til venstre - og thats it. Heldigvis går det begge vegar, ho kjem ikkje heim med fleire klemmer; berre andre. Så derfor har vi ein heil haug med ulike klemmer, noko som jo er kjekt. I følge barnehageansatte er de tre jenter som er ein klikk - som følgjer etter kvarandre, og viser stor omsorg for kvarandre. I dag da eg leverte ungane var det lykkehyl frå både lillesøster og den eine venninna som var komt; klemming og dansing og "vi har sole på i dag begge to!" Ingen av de to vennane hennes bruker klemmer i håret, så eg veit eigentlig ikkje kva som skjer.
Klemmedilla. Av desse har vi også kjøpt ponniklemma til høgre. Og det er det.
Belønningssystemet fungerte IKKJE, men det som fungerte i går (etter ein tur på do) var å snakke med monoton stemme "du er så trøtt i kveld, åj så trøtt du er, no skal du endelig få sove, åh så godt det skal bli, du som er så trøtt, osv" Etter to minutter trudde ho på meg og da eg gjekk ut av rommet var det stille (heilt til ein gong i natt da ho hadde stått opp og gått på do, og satt og leika med bomullpad'sa i kven veit kor mange minutter før mannen høyrte ho)

Ha ei flott pinsehelg!

onsdag 15. mai 2013

Observasjoner og eigne meininger

Storebror inviterer til kappløp på rommet sitt. Først lager han flotte billetter til publikum. Han skriver masse for tida, og smaker på ord "Ffffantorangen sin første lyd er ffffff".
Lillesøster er på mange måter veldig ulik storebror. Men samtidig er ho så lik han slik han var da han nærma seg tre år! Det som slår meg mest er auge for detaljer som begge har. Om dag tidleg kl.07.15 kjem lillesøster snikande opp trappa, ser på meg og seier "mamma pynta seg?", og eg seier "ja, synes du eg har det?" "ja" "åja, takk - eg har vel pynta meg litt". Og medan ho sitter på do kikker ho på neglene mine (som eg lakkerte lilla i går etter at ho hadde sovna) "Åj! Du masse fajge på nælene dine?" "Ja, eg tok på neglelakk i går kveld" "Åj, mamma veldig fin! Lilla" Også ser ho forbi meg og opp på vasken "Ny såpe!"

Det er nok alderen - eg ser at de andre på samme alder i barnehagen har like mykje detaljkunnskap - og det fasinerar meg! Det er utruleg kva de hugsar og lærer og reflekterar over!

Ei anna side av lillesøster som utvikla seg for tida er dårlege kveldrutiner. Vi var vande med ein unge som la seg kl.19.00 kvar kveld og sov til kl.08.30 neste morgon, eller til ho vart vekt. Etter at ho slutta med smukken i påska har ho knapt nok lagt seg til ein einaste gong - ho berre tuller og bråker og VIL IKKJE! Ho kjem opp og skal tisse eit par gongar, ho skal ha vatn, ho har slått eine tåa si i sengehesten, ho ligger på Eddi og finner han ikkje igjen, ho er meir tørst, ho mister kosen på gulvet og ho VIL IKKJEEEEEEEE!! Ho held på i ein liten time kvar kveld - og vi er seriøst skikkelig leie! Storebror var akkurat på denne måten - meir eller mindre frå han slutta med amming da han var eitt år var det eit prosjek utan sidestykke å få han til å sovne på kvelden (og sove natt igjennom). Så stakkas lillesøster, vi er eigentlig framleis leie etter storebror sine år med tulling - men dette er noko av det kjedligste vi veit. Så er vi strenge på kvar vår kant "Nei, du får ikkje gå på do - du har nett vore" - noko som fører til hyling på "PAPPAAAAAAAA!" Også kjem han "Nei, no er det nok vatn, du kan umogleg vere meir tørst" "MAMMAAAAAA!" Min tur igjen "Legg deg ned, så pakker eg deg godt inn i dyna" "PAPPAAAAAA!" Pappa kjem "Slå av lyset!" "MAMMAAAAA"

Og nei - det hjelper ikkje å overhøyre - ho skriker og skriker og skriker. Mens dette pågår sitter storebror og koser seg med spel på lego.no - ein premie for at han la seg fint til kvelden før (eit etterheng frå eit år tilbake, no leggjer han seg utan protester kvar kveld). I dag begynner vi med belønningssystem for lillesøster også. Ho får eit klistermerke kvar kveld ho har lagt seg i ro og fred - det er nok belønning for ho. Håper det får umiddelbar virkning! Ho vokner også på kvelden (rundt midnatt), men det håper vi også gjer seg når ho bestemmer seg for å ta ein roleg kveld.

Så kjem morgonen og ho er verdens vakraste lille jente med rufsetufsehår og eit stort smil!

tirsdag 14. mai 2013

Søndagstur - strand og hav

Sist søndag tok vi turen til Askøy og Kollevåg for å kjenne på sjølukt og grave i sanden. Da vi kom var det kanokurs inne i vika, det var veldig spanande å sjå på. Vi fikk også sjå ein som var superflink å fly med drage i vinden - eg vart særs imponert!
Vi fann oss ein sving utan så masse vind og storkosa oss med ubegrensa mengder vatn og sand! Vi fikk til og med oppleve tidevatten på kroppen da den eine spaden nesten forsvann utover etter at vi hadde lagt den litt for nære vannkanten før middag.
Vi var der saman med gode venner - åt middag og dessert, kaffi og kakao. Og ungane leika seg våte og gode. Ein perfekt søndags ettermiddag!

mandag 13. mai 2013

Jentekort - og bursdagsbarn

Heimelaga kort til ei nyfødd lita jente
I dag er det 32 år sidan eg var nyfødd. Yes indeed. Eg har ikkje fått eit einaste kort, men sidan ungane ikkje klarer å holde tett veit eg at det ventar måleri og kort når vi ser kvarandre igjen i ettermiddag. I helga bakte de browniescupcakes med espressofrosting (MINST like godt som det høyres ut!), så feiringa er alt unnagjort - sånn matmessig.

I dag ventar bretting av klær og intervalltime på sats. Sjefen lurte på om eg vart vekt med kaffe på senga i dag - men nei - i dag vart eg vekt av ei trøtt og sur lillesøster før storebror kom trampande opp trappa fem minutter etterpå og vart superhissig da han såg at han var sistemann voken (igjen). Alt dette rundt 30 minutter før klokka mi skulle ringe. Kvardag - rett og slett.

Men hurra for meg (eg likar kvardag eg)!

fredag 10. mai 2013

Barnehagebursdagsrutiner

Det året de fyller fire år begynner ungane i barnehagen å invitere til barnehagebursdag. Nokon foreldre inviterer på sms i god tid - medan andre er litt treigare. Likevel kjennes det som om vi uansett ville hatt problemer med å kjøpe gåve. Å ta med storebror på leikebutikken kvar gong han skal i bursdag er uaktuelt - vi hadde glatt brukt ein time (og masse frustrasjon) på å finne noko til rett pris og som er gøyt nok. Derfor har eg ei eske med gåver i kjellaren. Her er det bøker i fleng, men også ulike teike- og målesaker, teikneark, plastelina og sleipe edderkopper (det er jo gutar på 5 år som inviterer til bursdag for tida). Eg snakker med storebror om kva bursdagsbarnet liker å leike med i barnehagen - også vel vi ut gåver. Det går stort sett greit, men det er ikkje alltid storebror er heilt enig - men det får berre vere.
I denne gamle mappa frå min tid i speidaren har eg masse kort - både heimelaga og kjøpte. Her får storebror ha fri tilgang til å velgje det kortet han vil gje. Like ofte vil han teikne ei teikning til de - noko som jo er mykje hygglegare!
Og vips - så er vi klare til bursdagsfest. Eg har også ruller med gåvepapir (kjøpt i 100 m. på staples) slik at bursdagsforbredelsane ikkje medfører stress og køyring og irriterte foreldre. I helga skal storebror i bursdagsfest igjen - og til neste år fyller lillesøster 4 år - så da blir det fort dobbelt så mange bursdager. Og da er det nok ekstra greit å ha rutiner!

Ha ei riktig god helg!

onsdag 8. mai 2013

tirsdag 7. mai 2013

4-fjellstur

I 32-årsgåve fikk mannen ei vannflaske og krav om å svette seg over fire fjell med meg som turkamerat.

4-fjellsturen er den lettare varianten av den årlege 7-fjellsturen som kvart år går over Bergens 7 fjell. Søndag 26. mai 2013 er det igjen klart for 7- fjellsturen og 4-fjellsturen. Turen vart første gang arrangert i 1948 og er det største enkeltarrangementet i DNT. Vi skal gå opp og ned Ulriken, Fløyen, Rundemannen også Sandviksfjellet før vi går ned i byn og ender opp med ei ny t-skjorte og slitne bein. Eg gler meg skikkelig! Eg trur mannen gleder seg litt mindre, men shit au - dette får han klare!

mandag 6. mai 2013

MoonDough

Eg rasker meir enn gjerne med meg hobbyrelaterte ting frå leikebutikken. Sist vi var på Toys r' us fann eg desse langt nedi ei ekse. Knallbillig - ja takk!
Vi viste ikkje kva det var - men som det falt i smak! For den nett sum av 60 kroner har vi sitte i timesvis å leika med dette merklege sandaktige greiene. Vi presser det ned i former og gjennom hus slik at det kjem ut som hund, hamburger, kjøttbein eller french fries - eller noko anna.
Når vi har pressa det i former er det ganske så solid - så ungane kan leike med det før vi lett kan smuldre det opp og lage noko anna. Dette er billig morro!
Grisete? Ja, men det er ikkje klissete så det er lett å koste opp igjen.

Anbefales!

fredag 3. mai 2013

Bananmuffins

Meir eller mindre kvar veke lager vi noko med overmodne bananer i. Sist veke var det bananmuffins etter oppskrift eg hadde funnet på nett. Begge ungane elsker å hjelpe til; denne gongen var det storebror som fikk vere med.
Hørselsvern må til!
Oppskrift:

2 modne bananer
2 egg
1 ss sukker
i dl mjøl
1 ts kardemomme

I muffinsformer i ovnen i 15-20 minutter på 220 grader.
Vi bytta ut ein neste 20 år gammal ovn i påska, og eg er enda imponert over kor JAMNT den nye ovnen steiker!
Sunne og gode muffins til kveldsmat! Denne veka laga vi bananis - mosa bananer og biola som vi fryser ned i isformer. Ungane får spise is til dessert kvar dag når vi har slikt i frysaren. I dag vokna vi til snøvær deluxe, men kjenner eg ungane rett blir det nok bananis til dessert i dag også :)

I helga hadde vi planer om å komme oss ut på tur både laurdag og søndag. Men no får vi berre vente og sjå om det blir utevær i det heile tatt.                                                      God helg!!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...