lørdag 31. desember 2016

Farvel 2016

Siste dagen i 2016 er her! Eg vil nesten seie omsider. Eg kan ikkje komme på eit år som har herja meir med oss enn akkurat dette. Vi har mange gode minner også, sjølvsagt har vi det, men når eg tenkjer tilbake er der dessverre de tunge minnene som sitter hardt i.

Det er ikkje året sin feil. Det vart berre litt masse samla saman på eitt år. Noko er vår eigen skuld, noko var vi berre på sidelinja til, men gjorde minst like vondt. Vi har lært, men eg skulle ønske at nokon av lærdommane framleis var gråområder. Områder der ein i samtale med andre kan seie "beklager, dette veit eg ingenting om." Men året har gitt oss erfaringar som gjør at vi plutselig veit fordi vi har vore der og kjent på det.

Eg har så trua på 2017! Det vi har lært av situasjonar vi sjølv, med all mogleg positivitet, ønske om forbetring og livsgnist, har satt oss sjølve i - skal vi ta med oss. Vi har snakka så masse om dette i desember, og har laga eit godt nyttårsforsett som vi trur skal gjøre at vi om eit år; siste dagen av 2017; jubler "FOR EIT ÅR!" 2016; du har dratt oss igjennom driten på for mange områder. Vi er klar for noko anna. Vi har lært.
Eit dikt eg har lest fleire gongar i haust, og som eg berre elsker (og som har gitt realitetsorientering i tunge perioder) skal få avslutte dette året her inne.


Men hvem sa at dagene våre
skulle være gratis?
At de skulle snurre rundt
på lykkehjul i hjertet vårt
og hver kveld
stoppe på gevinst.
      Hvem sa det?
      Hvor hadde vi det fra?
Hvem sa at livet vårt
skulle være lett å bygge ferdig?
At mursteinene våre var firkantede ballonger
som føk på plass av seg selv?
     Hvem sa det?
     Hvor hadde vi det fra?
Der var piller for alt: nerver,
vedvarende hoste og anemi.
Men hvem sa at snarveiene
støtt var kjørbare? At fjellovergangene
aldri snødde til? At nettopp vi
skulle slippe å stå fast i tunnelen.
     Ja, hvem sa det?
     Hvor i all verden hadde vi det fra?

                                                        Kolbein Falkeid

fredag 30. desember 2016

Ut og stjæle hester

Dette er vel ein klassiker? Ein moderne klassiker, sidan den vart gitt ut i 2003; men like fult. Denne lånte eg med meg frå kontorbiblioteket vårt - men eg kunne absolutt tenkt meg å ha den i bokhylla heime. Den var så god! Og omsider fikk eg lest ei bok som gav kvilepuls. Den er så nedtona og fin! Perfekt julebok i så måte!

Eg håper den blir laga som kortfilm. Med få replikkar. Snø og vind. Tre over heile tunet og tid aleine.

torsdag 29. desember 2016

Skogstur i SOL

Denne vinteren har eg blitt kjent med mitt (for sesongen) nye personlegheitstrekk - soltilbeder. Så ofte eg kan står eg i direkte sol og tvinger augene til å vere i alle fall litt opne - eg vil tvinge sollyset inn i hjernen slik at det blir solskinn i eit plettfritt sinn! Verken meir eller mindre! Så når vi har hatt dagar med sol - ja, da har det vore lett for meg å prioritere!
Skog og sol!
Etter 10 minutter langs trafikkerte vegar kjem eg til ein skog. Den er stor og vid og vill, men også kjent og trygg og med gode vegar. Det er ikkje alltid eg vil gå på sti. Det er bevist, igjen og igjen, at det som virkar best mot depresjon er fysisk aktivitet. Og det kan vi som ikkje er deprimerte ta med oss også. Fysisk aktivitet øker produksjonen av lykkehormoner; og det kan vi alle ha godt av! Ei undersøkelse eg las om viste at tur langs vegen ikkje hadde samme effekt som tur i naturen. Faktisk vart ikkje de som gjekk langs veg i nærleiken like lykkelege som de som gjekk i naturen! Så det er verdt å prioritere skog, fjell og frisk luft!
Ein liten avstikker vekk frå skogsvegen for å komme ned til vatnet for å beundre noko av det vakraste eg veit - sol og speilblankt vatn.
Dette var enden av turen min akkurat denne dagen. Her bruker vi ofte å brenne bål, men ikkje denne dagen da eg gjekk aleine. Eg gjekk heilt ned til vatnet her også, snudde meg med ryggen til sola og såg desse nydlege grønfargane!
Det er ikkje så aller verst med grøn jul heller! Det er nesten så eg kan kjenne våren (men det er berre i teorien altså)! Når sola skinner frå skyfri himmel er det faktisk ein liten lunk. Vintersola varmer på ein heilt anna måte enn sommarsola. Det er sikkert fordi eg er så uthungra at det kjennes ut som rein medisin!

onsdag 28. desember 2016

Heimelaga tacokrydder

Overlat på nettet finner du oppskrift på heimelaga tacokrydder. Vi spiser sjeldan taco, men ungane liker det veldig godt - og eg likte ideen med å lage blandinga sjølv! Eg fann ei oppskrift eg ville bruke, og kjørte til nærmaste innvandrerbutikk for å kjøpe ingrediensane. Der fant eg denne:
Eg kunne vel like gjerne kjøpt den og helt det på fine glass så det såg heimelaga ut, men det gjordet eg altså ikkje! Derimot kom eg heim med dette lille lageret!
Eg dobla oppskrifta og fylte i tre små glasskrukker frå ikea.

Den første gjekk til ei venninne som hadde bursdag. De to andre gav eg vekk til lillesøstrene til mannen min, og eg veit køyrer fredagstaco religiøst. Bakpå lappane skreiv eg oppskrifta. Vi smakte ei runde her heime før eg gav vekk, og de smakar mykje meir (og meir chilli) enn den ein får kjøpt. Den inneheld også mykje mindre salt en ferdigblandingane. Eg likte det, ungane merka ikkje forskjell; så eg håper svigerinnene mine synas det smakar godt også!

tirsdag 27. desember 2016

Pepperkakestabbur

Eg burde jo ha ein eigen pepperkakeetiket her, men det har eg ikkje. Pepperkakestabbur har vi laga før! Vi hadde formane liggande sidan da - og sidan vi stod her; fem dagar før julafta utan noko pepperkakehus i stua - fikk vi ungane med på ideen. Først måtte de faktisk forklarast kva eit stabbur var. Vestlendinger!
Vi bruker eigen pepperkakedeig som er velegna for pepperkakehus. Den skal i alle fall vere det! Her er lillesøster i god gang med å skjære ut formene.
Med to unger var det fint at alt skulle ha to deler. Ikkje ein einaste gong høyrte vi "urettferdig!",og det blir satt pris på! NonStop har vore på priskrig, men vi hadde litt igjen etter at vi pynta bidraget vårt til Pepperkakebyen.   Vi pynta også med snumjuletrær og ymse smågodt.

Nytt av året var å ha melisglasuren i ein liten ziplock-pose og klippe av det eine hjørnet. Det fungerte som berre rakkern - no kunne ein jo kontrollere melisten litt!

Etter at lillesøster var i seng og storebror var opptatt med nettbrettet sitt kunne vi slå på litt Klem FM Julekanalen og lime saman stabburet med smelta sukker. Det gjekk bra til tross for enorme mengdar snop!
Til slut - ei trapp opp.
Her er det endelige resultatet! Dette kjem til å smake godt når vi har knust det på nyttårsafta!




mandag 26. desember 2016

Julegåvebøker

I år har eg gitt vekk bøker eller gåvekort på teater til venninner. Det vart Jon Fosse til de som fikk bøker. Triologien og morgon og kveld. Fantastiske bøker som eg elsker og som eg trur og håper at passar godt til mottakarane også! Gode bøker må delast!

søndag 25. desember 2016

Faddergåver

I år bestilte eg faddergåver hos ungane som eg synas var både lure og fine og nyttige; men som vart blitt bestillingsverk - og ein del masing frå mi side før de vart ferdige.
Eg kjøpte inn store fyrstikkesker og nokon telys. Frå nettet printa eg ut to ulike kunstverk i hamaperler. "Eg vil ha to av kvar. Vær så god." Lillesøster perla sine to etter oppskrifta. Ho berre skifta ut nokon farger.
Individualisten vår brukte malen, men lagde eigne design. Kjempeflotte!! Eg limte de på eskene - og ho-ho-ho; julegåvene var klare! Ungane bruker å lage julegåver til faddarane sine, og dette var det de fikk i år.

Det er berre tre på biletet; den fjerde leverte vi til tante og onkel i Florø da vi var der i haustferien-

lørdag 24. desember 2016

God jul!

Med bilete av finfin julenisseteikning som lillesøster har laga, samt litt av ønskelista som storebror har jobba med de siste månadane - ønskjer eg alle som er innom ei riktig god jul!

fredag 23. desember 2016

Lille julafta

I dag er tre av oss heime og har tatt juleferie, medan mannen held samfunnet i gang på jobb ein dag meir. Det er fint å tenkje på at det er julafta alt i morgon. Eller, alt og alt fru Blom. Det har vore ein lang desember om ein tenkjer på at det er nummeret før vi burde ha kjøpt inn eit femte adventslys til 1.juledag! Noko som er like sikkert som penger i banken (hahaha, digger det ordtaket!) er at desember er ein travel månad å vere barn i. Det er jo så lenge å vente!! Eg hugsa det godt frå da eg sjølv var barn, og i år har vi hatt to i hus som har venta intenst i snart fem veker. Vi viste at storebror kom til å vere ei tolmodighetsprøve i eigen person i desember, men i år vart lillesøster med på laget - og ein pluss ein har vore tihundremillionar (storebror sitt yndlingstall). De har egla så masse på kvarandre at eg fleire gongar har innført forbun mot å nærme seg søskenet sitt meir enn ein meter. Innført snakkeforbod med mindre det er noko hyggleg. Eg har også markert ulike soner i stua fleire gonger. Og eg har sendt de på kvar sitt rom med beskjed om at "om eg ikkje høyrer eller ser dykk i stua før klokka 17:30, skal de få spele nettbrett fram til Snøfall."
Erfaring tilseier at når 1.juledag kjem senker det seg ein ro over huset. Gåvene er opna. Pinnekjøttet er spist, og snopen er tilgjengelig. Det er som om lufta går ut av ballongen som i heile adventstida har trua med å sprekke. Det er nice.
Tre julekakesorter i år: pepperkaker, kakemenn og sjakkruter.
I dag kjem også finfint besøk frå Florø! Mormor og morfar skal feire jul saman med oss, noko som har vore nok ein ting å glede seg til! Vi spiser julegraut i dag og vi pynter treet - og med det er jula i gang!
Ja, også Reinsdyrbæsj og julebrød - sjølvsagt

torsdag 22. desember 2016

Første dagen på plussida!

I går var årets kortaste dag, og i dag er vi alt på plussida! No går det berre ein veg, og det er mot lysare tider! Hausten har vore lang og mørk, og eg har hatt fokus på å få mest mogleg dagslys, samt å trene mjukare enn vanleg. Det har vore eit fint fokus som eg har lært masse av.

På tysdag denne veka avspaserte eg ein time mellom to møter på to ulike stader, og kjørte til Kanadaskogen og gjekk ei turløype der som vi gjekk masse på mens vi hadde barnevognbarn.
No som vi har større barn som ikkje er så glade i veg, går vi mykje meir på sti. Men det var kjekt å gå denne vegen igjen etter gammalt! Klokka var 11, men det var jo ikkje så veldig lyst, dagen før den kortaste dagen i året. Det hjelper ikkje på at vi har tjukke skyer og masse vind i Bergen for tida heller.
Dagslysjakt? Dette er det du får.
Ved Tennebekk var det kraftig vindt midt mot! Her bruker vi å bade om sommaren, da er det fult av folk her. No var det folketomt og ukoselig. Likevel minner det om varme og lyse tider. Alt i februar merkar ein det jo!!

onsdag 21. desember 2016

Opplæring i ironi

Mannen, lillesøster og eg køyrte bil til lillesøster si dansetrening ein dag i haust. Vi bruker å gå, men denne dagen måtte eg og mannen eit (av millioner) oppussingsærend medan ho var på dans.

Lillesøster: Denne veien liker ikke mamma å kjøre.
Mannen: Kvifor ikkje?
Lillesøster: Fordi dette er veien bussen kjører. Og mamma liker IKKE å treffe på bussen her som det er så dårlig plass i veien. Når ho møter bussen blir ho irritert.
Eg: Det stemmer det. Eg liker best å kjøre den andre vegen. Korleis merkar du at eg blir irritert?
Lillsøster: Når du møter på en buss sier du slik: ÅÅÅÅJAAA! Så her kommer DU! Det er jo KJEMPEFLOTT! (sagt med dryppande ironi i stemma)
Lillesøster si leselekse i haust
Hahahaha, det er ikkje nokon fare for at våre unger ikkje skjønnar ironi! Ironi er jo 90-talsungdommen sin favoritt; og eg er absolutt ikkje noko unntak! Og det er jo så sant! Når eg blir irritert i trafikken seier eg berre hyggelige ting. Eg gjør jo det! :)

tirsdag 20. desember 2016

Julehelg

Denne boka av Amalie Skram har stått i bokhylla i nesten eit heilt år og berre venta på jula 2016! Derfor vart eg litt skuffa da den verken handla om jul eller hadde handling som var lagt til juletider.
Eg leser ei "julebok" kvar jul, og dette var årets. Den var veldig kort, og veldig god, så det gjekk fort å lese. Sånn sett kunne eg ha funnet ei anna julebok også, men det blir berre enda ein ting å gjøre før jul, så det vel eg vekk. Sjølv om den ikkje var julete (i det heile tatt!), var det som sagt veldig god! Amalie Skram altså. Skal ikkje kjimse.

mandag 19. desember 2016

Mens vi venter på det fjerde lys

Sist søndag var det så fint vær, og vi satt ved frukostbordet og snakka om at vi skulle ta turen opp på Fløyen for å sjå når de tente det tredje adventslyset. Storebror var uenig i at det var dagen, han ville heller vere der da de tente det fjerde lyset. Vi vart enige om å utsette det ei veke, og da skulle vi gå UANSETT vær!
I går var det 4 varmegrader, vind, regn og tåke - men vi var på plass ved Skansen kl.10 saman med nokon venner for å vere på toppen i god tid før kl.11 og lystenning. Det var godt å komme seg ut til tross for drittværet, og oppover bakkane vart vi både varme og vokne. Men da vi kom opp var det jo ingen andre der! Klokka tikka mot 11, men vi var heilt aleine.
Vi satte oss under tak. I posten har vi fått ei herleg førjulsgåve av tante D i Ålesund! Koppevott! Perfekt til kalde turar! Tusen takk - som du ser har vi alt tatt de i bruk!
Sidan det var så glissent med folk sjekka vi nettet ein gong til - og da såg vi at lystenninga var kl.13:15! Altså godt over to timar unna! Vinden blåste på, og byen forsvant i tåka. Vi gjekk inn og kjøpte is (som storebror sa; is og kulde passer fint sammen) før vi gjekk ned igjen.
Jaja, så da fikk vi ikkje sjå lystenning i år heller, men vi var der. Vi gjekk ein tur på ein dag og eit tidspunkt (og i eit vær) vi vanlegvis hadde holdt oss inne. Mannen hadde bært med seg lunch og kakao både opp og ned. Vel heime kosa vi oss med nistemat og kakao på termos (med litt krem) medan vi såg "Polarekspressen". Vi kan ikkje kalle det for noko anna enn ein suksess!

søndag 18. desember 2016

Ny kunde hos tannfeen

Lillesøster har hatt ein del lause tenner i haust, men det har gått sakte. Når de ikkje er for lause blir de liksom ikkje lausare heller. I alle fall ikkje på lenge. Men denne veka, nærmare bestemt på måndag 12.desember kl.18:15, drog ho ut tann nummer ein!
Da hadde ho hatt så vondt heile helga at ho nesten ikkje hadde klart å spise noko. Det var godt å få den ut! Ho var så gledesstrålande og stolt og glad som berre ein 6-åring med sin første mista tann i handa kan vere! Vi la den i eit glass med det samme, og iløpet av natta kom tannfeen med sin "Gratulere som ny kunde"-premie på 20kr. Resten av tennene får ho 10kr for. Knallbra tann! Knallbra premie! No er det berre de to andre tennene som er lause - og det kan jo ta tid før de er ute!

lørdag 17. desember 2016

Arsenikktårnet

Tidlegare i år las eg Anne B.Ragde si bok "Jeg har et teppe i tusen farger" og vart bestemt på at eg skulle lese Arsenikktårnet av samme forfatter sidan den boka vart referert til så mange gonger igjennom boka. Da eg snakka med mamma ikkje lenge etter at eg hadde lest den ut sa ho at den boka hadde ho i sine bokhyller; så den kunne eg låne der.
Da eg var i Florø i haustferien lånte eg med meg mellom anna denne heim igjen. Her om dagen var eg klar for å lese den, og da eg slo opp på første side så stod det at den boka - ja, den tilhørte meg! Hahaha! Da har eg altså les den før og synas at den har vore så god at eg har lånt den til mamma. No er den heime igjen, og eg har lest den på nytt. Ikkje det at eg kan hugse noko frå den altså! Men eg likte den så godt. Den er så trist. Huff altså!

Kva er det med denne hausten? Eg synas eg berre har lest triste bøker!

fredag 16. desember 2016

Glimt frå eit hotelliv

Åh, kor eg har kosa meg! Solstrand er fantastisk!


Det et framleis morgon, så eg skal utav hotellsenga og ta meg eit bad ute før frukost. For ein start på dagen!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...